Gå til innhold
Arkivverket

Nils Johannesson (1807-1888) flytte på 1850-talet med huslyden sin til Øksnes i Nordland - stesonen Hermund Jørgenson, fødd 1832 - etterlyst av styresmaktene i 1854 - ei kjempeutfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

I 1854 gjekk det ut ei etterlysning etter Rasmus Jørgenson, fødd i Hafslo 1832 i samband med avtening av verneplikt.

 

Eg har ikkje finne Hermund konfirmert, og det har til no ikkje vore mogeleg å finna att denne guten nokon stad, men mori gifte seg med Nils Johannesson, og dei flytte på 1850-talet til Øksnes i Nordland.  Kanskje flytte ogso Hermund dit?

 

Eg står elles «bom fast» på fleire andre detaljar om denne huslyden og ville sett stor pris på om nokon kan greia fylla ut nokre av «hòli» mine.

 

Manuskriptet mitt ser i dag slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye innkomne opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av et nytt i innlegg #3 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Ingebrigt Larsson på Øyen og Anna Olsdotter frå Øyen og f. på Hitra 4.5.1836.  Anna Oline flytte til Øksnes i ung alder og gifte seg første gongen i Langenes sokn 24.10.1858 med Hans Andreas Gunderson frå Gisløy i Langenes.  Han var son av

 

##### (yrkestitel?)

 

Gunder Gabriel Paulsen på Gisløy, oppøhavleg frå

 

##### (opphavet hans?)

 

og kona Helena Katrine Johannesdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f.

 

##### (dato og stad for fødsli hans?)

 

Dåpen til Hans Andreas:  https://www.digitalarkivet.no/kb20071108630484

 

641479540_Skjermbilde2018-11-02kl_14_20_59.png.8660543dedeb700759d230c605f3d39a.png

520894460_Skjermbilde2018-11-02kl_14_21_22.png.a7e81fc975bcac34abd4a212e7df076c.png

667873360_Skjermbilde2018-11-02kl_14_21_31.png.f3e73ccd29c95d89ffcbde306dec99e7.png

 

1374206609_Skjermbilde2018-11-02kl_14_22_21.png.a82f09cbd51ad5bdf5ea8d430f3c8865.png

2061210841_Skjermbilde2018-11-02kl_14_22_40.png.a48eb727f544c87d922f067dc57d60c1.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for eit interessant innlegg og likens takk til Johan Borgos for direkte melding.  Eg har litt vanskar med å identifisera desse bustadane i Dverberg og kva gardar som høyrer til kva prestegjeld/kommune, og det gjer det jo ikkje alltid so mykje enklare når ein nyttar gardsnummer i staden for gardsnamn.

 

Diverre ser heller ikkje Johan noko til Hermund Jørgenson der oppe, so kvar Hermund er vorten av, er eit skikkeleg mysterium!

 

Men eg trur eg har fått med meg det aller meste av innkomne opplysningar og har oppdatart manuskriptet mitt slik, til erstatning ror manuskriptet i innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Nils Johannesson Krogen, frå ein plass i Marifjøra i Hafslo, vart døypt i Luster 14.2.1807 og gifte seg første gongen i Luster 4.5.1835 med enkja Ragnhild Jacobsdotter, opphavleg frå Stein under Skagen.  Ho vart døypt i Vågå 25.4.­1797 og hadde før vore gift med husmann Torkild Ingebrigtson på Yttreland under Hæri (1797-1834).  Men Ragnhild d. som husmanns­kone på Kroken alt 18.5.1837, og 26.7.1840 gifte Nils seg att i Hafslo med Anna Hermundsdotter frå Bruheim under Sønnesyn i Hafslo, døypt i Hafslo 15.4.1802.  Det ser ut til at Nils og første kona sette i gang med å rydda denne plassen på Sjøberget kring 1835, men formell festesetel på plassen fekk ikkje Nils før 20.11.1841.  Kor lenge han og andre kona Anna sidan vart buande her, er uvisst; dotteri deira vart døypt i Hafslo i 1847, men foreldri nytta framleis namnet Kroken på den tidi, så me lyt tru at dei framleis budde på Sjøberget den gongen.  Truleg vart dei buande her til kring 1854.

Nils og Anna flytte frå Luster kring 1854, og kort tid etter finn me dei att som husmannsfolk i Åsen under Steinland i Øksnes der dei sidan budde levetidi ut.  Anna d. som husmannskone i Åsen 2.2.1873, medan Nils Johannesson d. som enkjemann same staden 12.3.1888.

Nils Johannesson fekk ikkje born med første kona si, men derimot hadde han og Anna to born i lag.  Dessutan hadde andre kona Anna ein son frå før, medan Nils hadde to andre born som vart oppalne hjå far deira, ei dotter før han gifte seg første gongen, og ein son medan han var enkjemann:

 1. Maria Nilsdotter, dotter av Nils og husmannsdotteri Eli Pedersdotter frå Veberg under Kroken i Hafslo (1809-1831), var f. i Hafslo 3.11.1830 og voks opp hjå far sin her på Sjøberget.

Maria Nilsdotter flytte i ung alder til Vesterålen og tente mellom anna på Storvik i Hadsel og gifte seg i Hadsel 29.9.1872 med Elias Jensson frå Ugelfoden (Olfoten) i Herøy, Alstahaug i Nordland, kjend som Elias Jensen.  Elias var son av gardbrukar Jens Erikson på Ugelfoden og kona Anna Johanne Danielsdotter, truleg frå Titternes i Næsna,

 

##### (sjekka om dette opphavet stemmer?)

 

og f. i Herøy, Alstahaug 22.8.1820.  Elias var fiskar og sidan garnbindar.  Han og Maria budde mellom anna på Ingelsfjord i Hadsel, men hamna til sist på plassen Brænna under Frøskeland i Hadsel der Jens d. som innerst og legdelem 8.10.1901.  Maria d. som innerstenkje same staden 10.1.1911. 

 

##### (fekk Maria born? – opplysningar om dei?)

 

 2. Hermund Jørgenson, son av Anna og husmann Jørgen Johannesson i Bakken under Lad i Joranger sokn, Hafslo (1805-1881), var f. i Hafslo 8.10.1832,

 

     ##### (lagnaden hans? – ikkje funnen konfirmert i Hafslo! – finn ikkje FT1865! – vart etterlyst av militæret 1854! – reiste han kan henda òg til Nordland??)

 

 3. Rasmus Nilsson, son av Nils og husmannsenkja Gjertrud Eriksdotter i Botnen under Urnes i Hafslo (1801-1884), var f. i Luster 12.5.1839 og voks opp hjå far sin her på Sjøberget.

Rasmus Nilsson flytte med far sin til Øksnes og gifte seg på Langenes i Øksnes 11.9.1882 med enkja Anna Oline Ingebrigtsdotter, opphavleg frå Øyen på Hitra.  Ho var dotter av

 

##### (gardbrukar? - barnet uægte født, faren d. ca. 1836!)

 

Ingebrigt Larsson på Øyen og Anna Olsdotter frå Øyen og f. på Hitra 4.5.1836.  Anna Oline flytte til Øksnes i ung alder og gifte seg første gongen i Langenes sokn 24.10.1858 med Hans Andreas Gunderson frå Gisløy i Langenes.  Han var son av gardbrukar Gunder Gabriel Paulsen på Solbakken, Gisløy, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? – Bjørnskinn – f. 1798 av Paul Halvorson og Berit Halvorsdotter – 1801 er Berit enkje på Medby, Dverberg!)

 

og kona Helena Katrine Johannesdotter frå Spjutviken i Sortland og f. i Øksnes 6.1.1831.  Hans var fiskar, og han og Anna Oline busette seg som gardbrukarar på Instøya i Øksnes.  Men Hans vart sjuk og d. på Reitgjerdet ved Trondheim 21.8.1876.  Rasmus Nilsson var likeins fiskar og tok over som gardbrukarar på Instøya i Øksnes der Rasmus d. 5.3.1907.  Anna Oline d. som enkje same staden 28.3.1909.  Dei var barnlause, men Anna Oline hadde to søner frå første ekteskapet sitt.

 4. Johannes Nilsson, f. 19.6.1841,

Johannes Nilsson flytte i 1858 til Øksnes og gifte seg der 6.10.1870 med Ingeborg Elea Christensdotter frå Buksnesfjord i Dverberg.  Ho var dotter av gardbrukar og fiskar Christen Andreas Larsson på Buksnesfjord og kona Pernilla Andrea Johannesdotter frå

 

##### (opphavet hennar? – f. 1810 Lødingen)

 

og f. i Dverberg 12.2.1842.  Johannes og Ingeborg vart gardbrukarar i Åsen, Steinland i Øksnes der dei vart buande levetidi ut.  Ingeborg d. som kårkone i Åsen 4.2.1927, medan Johannes d. som kårmann same staden 16.2.1930.  Dei fekk seks born i lag:

a. Adolf Kristian Hartvig Johannessen, f. i Øksnes 20.5.1870, d. i Øksnes 25.10.1873.

b. Ida Eline Hedvig Johannessen, f. i Øksnes 22.2.1872, d. på Sørsand i Øksnes 7.2.1942.  Ida gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hennar? – 1901 – ikkje i Øksnes!)

 

     1901 med Ove Kristian Aronsen, f. i Sørvågen, Langenes i Øksnes 1.6.1865.  Han d. i Sørsand 11.1.1940.  Ove var fiskar, og han og Ida var gardbrukarar på Sørsand i Øksnes der Ove òg dreiv fiskemottak.  Dei fekk ei dotter i lag.

c. Adolf Kristian Hartvig Johannessen, f. i Øksnes 8.3.1874, d. i Kavåsen i Øksnes 25.11.1957.  Han gifte seg i Sortland 22.12.1900 med Ragna Aurora Pedersen, f. på Hjellsand i Øksnes 8.9.1880.  Ho d. i Kavåsen 15.11.1954.  Adolf og Ragna budde nokre år i Åsen, Steinland i Øksnes, men flytte snart til Kavåsen i Øksnes der Adolf var handelsmann.  Dei fekk fem born i løag.

d. Tina Regine Amanda Johannessen, f. i Øksnes 25.6.1876, miste livet på sjøen 10.5.1903.  Tina var ugift og tente heime i Åsen.

e. Hilda Augusta Emilie Johannessen, f. i Øksnes 19.9.1878, d. i Åsen i Øksnes 2.1.1953.  Hilda gifte seg i Øksnes 22.9.1901 med Edvard Martin Abelsen, f. på Tua, Gullvika i Øksnes 11.5.1868.  Han d. i Åsen 8.6.1944.  Hilda og Edvard tok over heimebruket hennar i Åsen og budde der levetidi ut.  Dei fekk seks born i lag.

f. Ludvig Augustin Edvin Johannessen, f. i Øksnes 9.4.1881, d. i Åsen 24.10.1897.

g. Petra Karlotte Jensine Johannessen, f. i Øksnes 15.5.1885, d. på Tunstad i Øksnes 31.10.1979.  Petra gifte seg i Øksnes 28.12.1910 med Karl Georg Albert Joakimson Renø, f. på Tua, Gullvika i Øksnes 8.8.1870.  Han d. på Tunstad 7.6.1963.  Parfolket busette seg først på Sørsand i Øksnes der Karl dreiv fiskemottak, men dei flytte sidan til Tunstad i Øksnes der Karl heldt fram med fiskemottak og samstundes dreiv landhandel.  Karl var ei tid heradskasserar og sidan ordførar i Øksnes.  Dei fekk to søner i lag.

 5. Ingeborg Marie (ved dødsfallet kalla Gjertrud Marie!) Nilsdotter (1847-1847), f. og d. i Hafslo.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1. Teksten i svaret fra Lars Waaltorp er fra bind 4 av "Gård og slekt i Øksnes". Det er tjue år siden jeg skrev det bindet, så nye opplysninger kan ha kommet til.

2. Dverberg prestegjeld (som også omfatta Andenes sokn og Bjørnskinn sokn) blei til Dverberg herred, som igjen er lik dagens Andøy kommune. Dette har jeg forklart tidligere.

3. Gårdsnumrene følger 1907-matrikkelen, de er mer presise enn gårdsnavnene, som i mange tilfeller har fått ny skrivemåte.

 

Johan

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.