Jump to content
Arkivverket
Sign in to follow this  
Lars E. Øyane

Johannes Johannesson Raaum - fødd 1832 - flytte til Nordland i 1849 og vart etterlyst av styresmaktene i 1854 - dukka opp att i Luster i 1872 - lagnaden hans? - ei kjempeutfordring!

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Mellom det unge mannskapet som i 1854 vart etterlyst i samband med militærteneste i Luster og Hafslo i 1854 finn me mellom anna denne karen:

 

Johannes Johannesson Raaum med oppgjeven fødselsdato 5.1.1832:

 

image.png.a9b207106685cd8c87da74acdd2f1f18.png

 

No finst det ingen med denne fødselsdatoen korkje i Luster eller i Hafslo - i båe bygdene har me gardsnamnet Raaum!

 

Derimot finn me denne «uekte» dåpen i Hafslo for Johannes Johannesson, fødd 24.3.1832 der barnemori Kirsti Jensdotter var frå Raaum i Luster:

https://media.digitalarkivet.no/view/11456/73

 

Johannes Johannesson Raaum vart konfirmert i Luster i 1847 - utan oppgjeven fødselsdato: https://media.digitalarkivet.no/view/8400/106

 

Her finn me Johannes Johannesson Raaum som utflytt til Bergen i 1849: https://media.digitalarkivet.no/view/8401/207

 

Frå ei anna kjelde (passprotokoll?) finn eg at Johannes i 1849 var middels høg, hadde blondt hår og blå auge

 

Og her er han nemnd som flytt til Nordland i 1851: https://media.digitalarkivet.no/view/8401/213

 

Då det i 1869 vart halde skifte i Luster etter mori Kirsti Jensdotter, vert det sagt at ein ikkje hadde høyrt gjete Johannes etter at han reiste frå bygdi, men eit anna notat som eg har gjort for 40 år sidan seier at han kom attende til Luster i 1872 og at denne merknaden skal stamma frå flyttemeldingi i 1849 - ved utflytte i kyrkjeboki står det ikkje noko meir - truleg er det passprotokollen som er kjelda...???

 

Men dersom han var i live i 1872, må han jo ha butt ein eller annan stad, og eg ville setja kjempestor pris på å finna ut litt meir om dette!

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

Siden han er nevnt flyttet til Nordland i 1851, tenkte jeg denne kunne passe:

 

Dåp nummer 12

 

Nordland fylke, Hadsel i Hadsel, Ministerialbok nr. 888A07 (1849-1869), Fødte og døpte 1853, Side 27
Permanent bilde-ID: kb20050419030029
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050419030029
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050419030029.jpg
 

 

Her er Johannes tydeligvis i live ved datterens vielse i 1873: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000226479

 

Nummer 2

 

Sogn og Fjordane fylke, Hafslo, Solvorn, Joranger, Fet, Urnes i Hafslo, Ministerialbok nr. A 13 (1854-1879), Viede 1873, Side 40
Permanent bilde-ID: kb20070112310042
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070112310042
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070112310042.jpg
 

Edited by Sven Hjortland

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

Vielse nummer 3 viser at dette ikke er den Johannes Johannesen Raaum du ser etter, da farens navn ikke stemmer - heller ikke alderen til Johannes.....

 

Nordland fylke, Hadsel i Hadsel, Ministerialbok nr. 888A07 (1849-1869), Viede 1853, Side 246
Permanent bilde-ID: kb20050419030244
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050419030244
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050419030244.jpg
 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven for gode freistnadar på å løysa denne utfordringi.

 

Men som du òg har slege fast, har me å gjera med to mannspersonar med same namn frå Hafslo, som båe flytte til Nordland og som båe kom heim att, om ikkje anna berre for ein «snøggvisitt».

 

Det er i det heile merkeleg kor «anonym» «vår» Johannes Johanneson Raaum skal vera, men ein eller annan stad må jo ogso han dukka opp!?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa dette forsvinningsmysteriet!

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

Sign in to follow this  

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.