Jump to content
Arkivverket

Nels Johnson (fødd i Noreg kring 1831) - frå 1870-åri busett i Omadi precinct, Dakota Co., NE - var han verkeleg frå By i Skogn - informasjonskonflikt!?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Dette emnet er ein ny presentasjon av problemstillingi frå dette emnet frå i fjor vår som eg aldri fekk noko svar oå::
https://forum.arkivverket.no/topic/207695-nels-johnson-fødd-i-noreg-kring-1830-1835-farmar-i-dakota-co-ne-er-det-mogeleg-å-identifisera-denne-mannen-var-han-frå-skogn-i-nord-trøndelag/?tab=comments#comment-1748217

 

I samarbeid med ein etterkomar etter Anna Arnesdotter frå Kvalsvik i Luster, fødd 1827, samla eg for om lag 35 år sidan desse biografiske opplysningane:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Anna Arnesdotter {Qualsvig}, f. {i Luster} 29.6.1827,

Annie Arneson utvandra til Amerika i 1862 og gifte seg

 

##### (date and place of her marriage? – WI about 1865?)

 

med Nils Johnson frå

 

##### (kvarifrå i Noreg?)

 

i Amerika kjend som Nels Johnson.  Han var son av

 

##### (foreldri?)

 

og f.

 

##### (dato og stad for fødsli? – kring 1831?)

 

men utvandra til Amerika i

 

##### (utvandringsåret?)

 

Anna og Nels budde visstnok ei kort tid i Sun Prairie, Dane Co., Wis., men flytte kring 1867 til ein farm i Omadi precinct, Dakota Co., Nebr. der dei sidan budde levetidi ut.  Nels d. i Dakota Co., Nebr. 7.11.1905, medan Annie Johnson d. same staden 20.4.1906. Dei fekk ikkje born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Anna hadde to born i Noreg som utvandra i lag med ho i 1862:

 

* Else Margrethe Thesen, fødd 29.9.1849

 

* Anna Marie Olsdotter, fødd 10.7.1860

 

Eg finn ikkje mori Anna med nokon mann i FT1870, men eg finn denne huslyden i Madison: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-6WL9-DTK

 

* Elsey W. Thompson 20 Nor  housekeeper

* Andrew Thopson  1 WI

* Mariah Olson 14 Nor at school

 

Dette ser ut som om det kan vera Else Margrethe med ein son og (halv-)søsteri Anna Marie....?

 

FT1880 for Omadi precinct, Dakota Co., NE syner so denne huslyden:https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBH-7W8

 

* Nils Johnson, 45 Nor  Nor  Nor  farmer

* Annie Johnson, 54 Nor  Nor  Nor  wife

* Annie M. Johnson, 19 Nor  Nor  Nor  stepdaughter

 

FT1900 for Emerson village, Dakota Co., NE syner so denne huslyden: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DTN9-ZVQ

 

* Nels Johnson  Mar. 1830 Nor  Nor  Nor  em. 1863 - landlord

* Annie Johnson  June 1821  Nor  Nor  Nor - wife

 

Og på kyrkjegarden i Emerson, Dakota Co., NE finn me desse gravane attåt einannan:

 

Nels Johnson 1831 - Nov. 1, 1905

Anna Johnson June 24, 1827 - Apr. 20, 1906

 

Manuskriptet mitt skreiv eg i si tid utifrå dei opplysningane som er nemnde foran, men med tre store «utfordringar»:

 

** Kven var Nels Johnson?

 

** Dato og stad for vigsli deira?

 

** Kvar budde dette parfolket i FT1870?

 

Når eg so går inn på ancestry.com, oppdagar eg at der finst eit family tree for denne huslyden der  Nils Johnson vert knytt til gardden By i Skogn:

 

https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/104608898/person/200041076537/facts?_phsrc=Nzx14918&_phstart=successSource

 

men dette familetreet har òg ein annan identifikasjon på Anna Arnesdotter:

 

* Anna M. Jørgensdotter, fødd 24.6.1827

 

og treet som nemnet Anna M. Olson som ei dotter, har òg med ein son:

 

* George Ludvig Johnson, fødd på Rustad i Hurdal 30.7.1857

 

For meg høyrest det ut som om dette ancestry famnilietreet er «heilt på jordet», men det kan jo sjølvsagt òg vera eg som er på «bærtur» her!?

 

Uansett, det som eg ønskjer å finna svar på, er dei tre utdfordringane som er anførte over, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips som kan bidra til å klara opp i denne «floken»!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.