Jump to content
Arkivverket

Johannes Larsson (1806-1840) og kona Synne Johannesdotter (1808-??) - frå Harseim og Mallaug i Skjåk - til Hesjevoil i Jostedalen - attende til Skjåk og som enkje vidare til Nordland - kvar vart det av ho og borni hennar?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Denne huslyden med opphav i Skjåk jobba eg ein god del med for om lag 25 år sidan, men eg vart ståande fast på mange stadar.  Eg har no fått ein del nye opplysningar og har leitt meg fram til nokre andre, men no kjem eg ikkje lenger, og eg vonar på lite vetta hjelp i Brukarforum.

 

Særleg er det eit «mysterium» kvar det vart av dei to eldste sønene, Lars og Johannes, som båe rekte å verta konfirmerte i Skjåk i 1849 før mori fór til Nordland.

 

Manuskriptet mitt ser i dag slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter mange interessante innlegg er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #15 under

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

53 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

 

Synne flytte truleg kring 1841 som enkje attende til Skjåk og budde visstnok ei tid på Harseim, men sumaren 1850 flytte ho med dei to yngste borni sine til Skjerstad i Nordland der ho då busette seg på garden Rødås.  I 1865 budde ho som enkje hjå dotteri Ragnhild på Aspenes i Sørfold,

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Nummer 8:

 

Nordland fylke, Folda (Rørstad), Sørfold, Nordfold, Kjerringøy i Folda, Ministerialbok nr. 853A11 (1881-1900), Døde og begravede 1882, Side 242
Permanent bilde-ID: kb20070827700003
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070827700003
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070827700003.jpg
 

Link to comment
Share on other sites

59 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

 

 1. Lars Johannesson, f. i Skjåk 24.9.1831, flytte truleg til Jostedalen med foreldri sine kring 1837.

Lars Johannesson flytte truleg med mori attende til Skjåk kring 1841,

 

##### (konfirmert i Skjåk 1849 – seinare lagnad?)

 

Nummer 18

 

Møre og Romsdal fylke, Ålesund i Ålesund, Klokkerbok nr. 529C07 (1907-1917), Døde og begravede 1912, Side 303
Permanent bilde-ID: kb20070328650645
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070328650645
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070328650645.jpg
 

Link to comment
Share on other sites

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

 2. Johannes Johannesson, f. i Skjåk 20.5.1834, flytte nok òg med foreldri til Jostedalen kring 1837.

Johannes Johannesson flytte sikkert òg attende til Skjåk med mori kring 1841,

 

##### (konfirmert i Skjåk 1849 – seinare lagnad?) 

 

 

?? Nummer 17

 

Møre og Romsdal fylke, Ålesund i Ålesund, Klokkerbok nr. 529C07 (1907-1917), Døde og begravede 1917, Side 339
Permanent bilde-ID: kb20070328650682
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070328650682
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070328650682.jpg
 

Link to comment
Share on other sites

Vielsen nummer 10

 

Møre og Romsdal fylke, Borgund i Borgund, Ministerialbok nr. 528A10 (1864-1879), Viede 1865, Side 199
Permanent bilde-ID: kb20070308640226
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070308640226
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070308640226.jpg
 

Link to comment
Share on other sites

Vielse nummer 3

 

Møre og Romsdal fylke, Ålesund i Ålesund, Ministerialbok nr. 529A02 (1864-1871), Viede 1864, Side 102
Permanent bilde-ID: kb20050727010258
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050727010258
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050727010258.jpg
 

Link to comment
Share on other sites

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

 

c. Sofie Kristine Olsdotter, f. i Lavangen 16.9.1885, d. i Harstad 28.12.1956.  Sofie gifte seg i Tromsøysund 5.9.1916 med Kristian Erling

 

     ##### (farsnamnet?)

 

 

Nummer 4 Kristian Erling

 

Nordland fylke, Bø i Bø, Klokkerbok nr. 891C04 (1886-1893), Fødte og døpte 1890, Side 43
Permanent bilde-ID: kb20070827670045
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070827670045
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070827670045.jpg
 

Link to comment
Share on other sites

Konfirmant nummer 8

 

Nordland fylke, Kjerringøy, Folda (Rørstad) i Folda, Ministerialbok nr. 853A10 (1870-1881), Konfirmerte 1881, Side 185
Permanent bilde-ID: kb20070212630666
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070212630666
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070212630666.jpg
 

Link to comment
Share on other sites

Nummer 57

 

Sør-Trøndelag fylke, Domkirken i Trondheim, Ministerialbok nr. 601A15 (1831-1839), Fødte og døpte 1833, Side 31
Permanent bilde-ID: kb20050613020224
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050613020224
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050613020224.jpg
 

Link to comment
Share on other sites

Det var ikke overflod av Klæboe folk i Harstad.

 

Min inngifta tante Kirsten K. var en av dem ,født ca.1943-1999 , gift Jørgensen

 

Det må være far eller bestefar til tante som hadde butikk.

 

Han planta sei fremfor huset , det fungere med potet så ......

 

Karusell hesta som han fora med høy hver dag.

 

Skal se nærmere på dette i morgen

Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Sven og Odd for mange interessante innlegg.  Eg er skikkeleg imponert over alt som du Sven har greidd å grava fram om denne huslytden på so kort tid.  Og du fann att båe dei to eldste sønene, i Ålesund - dette er forsking på høgt nivå!

 

Eg har storkost meg med å leggja inn alle dei velkomne opplysningane og har ogso leitt fram nokre fleire, og slik ser manuskriptet mitt ut no i kveld, til erstatning for manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Larsson Hesjevold, son av husmann Lars Johannesson i Harseimlia under Harseim i Skjåk (1774-1850), som opphavleg var husmannsson frå Rønneisøyri under Rønnei i Luster, vart døypt i Jostedalen 28.10.1806, men gifte seg i Skjåk 31.5.1831 med Synne Johannesdotter frå Mallaug i Skjåk.  Synne var dotter av gardbrukar Johannes Johnson på Mallaug, opphavleg frå

 

     ##### (kvar fødd og oppvaksen?)

 

     og kona Rønnaug Olsdotter frå

 

     ##### (kvar fødd og oppvaksi?)

 

     og f. i Skjåk 5.1.1808.

Johannes flytte alt i 1807 med foreldri sine til Harseimlia under Harseim i Skjåk og voks opp der.  Etter at han og Synne vart gifte i 1831, budde dei nokre år som husmannsfolk på

 

##### (ein plass, men kva for ein?)

 

under Forberg.

Men kring 1837 flytte Johannes og Synne (her kalt Synneva) hit til Hesjevollen under Bakken i Jostedalen.  Dei var innerstfolk på Hesjevollen, truleg hjå sjølveigaren som då hadde busett seg på plassen (sjå Hesjevoll, Bakken, bnr. 2), og her d. Johannes som innerst ?.11.1840.

Synne flytte truleg kring 1841 som enkje attende til Skjåk og budde visstnok ei tid på Harseim, men sumaren 1850 flytte ho med dei to yngste borni sine til Skjerstad i Nordland der ho då busette seg på garden Rødås.  Ho flytte sidan med dotteri Ragnhild til Aspenes i Sørfold der ho d. som enkje 14.5.1882.

Johannes og Synne(va) fekk fire born i lag:

 1. Lars Johannesson, f. i Skjåk 24.9.1831, flytte til Jostedalen med foreldri sine kring 1837.

Lars Johannesson Harsem flytte med mori attende til Skjåk kring 1841 og vart konfirmert der i 1849, men flytte snart etter til Ålesund der han gfte seg første gongen 2.1.1859 med Elen Paulsdotter frå Hen i Grytten.  Ho var dotter av

 

##### (foreldri med yrkestitel og opphav? – far: Paul Trondson Hen)

 

og f. i Grytten

 

##### (fødsels- eller dåpsdato?)

 

1814.  Men ho d. som kone i Ålesund 21.2.1863,  So gifte han seg att i Ålesund 21.1.1864 med Gjertrud Petrine, kjend som Petrine Olsdotter frå

 

##### (kvar var ho oppvaksi?  Ho var dotter av

 

##### (Ole Sivertson frå Vaksvik og jenta Ane Pedersdotter frå Vestre)

 

og f. i Ørskog 4.12.1820.  Lars Harsem var steinarbeidar og sidan kòlbærar og budde i Ålesund levetidi ut.  Petrine d. på gamleheimen i Ålesund 2.4.1908, medan Lars Harsem d. i Ålesund 24.4.1912. 

 

##### (ved dødsfallet kalla gift arbeidar – var han attgift??)

 

Lars fekk to søner, som var frå andre ekteskapet:

 

a. Johan Edvard Larsson Harsem, tvilling, f. i Ålesund 7.2.1864,

 

     ##### (n. 1875 – lagnaden hans?)

 

b. Andreas Larsson Harsem, likeins tvilling, f. i Ålesund 7.2.1864, d.

 

     ##### (kort etter fødsli?)

 

 2. Johannes Johannesson, f. i Skjåk 20.5.1834, flytte òg med foreldri til Jostedalen kring 1837.

Johannes Johannesson Harsem flytte òg attende til Skjåk med mori kring 1841 og vart konfirmert der i 1849, men flytte snart vidare til Ålesund.  Han gifte seg i Borgund 5.3.1865 med Berit, kjend som Berit Anna Haagensdotter frå Malme i Fræna.  Ho var dotter av gardbrukar Haagen Ingebrigtson på Malme, opphavleg frå

 

##### (kvar fødd og oppvaksen?)

 

og kona Anna Marie Pedersdotter frå

 

##### (kvar fødd og oppvaksi?)

 

og f. i Vågøy, Fræna 20.2.1819.  Johannes Harsem var steinarbeidar og sidan kòlbærar og vedmålar, og han og Berit Anna budde òg i Ålesund der Berit Anna d. 1.6.1913.  Johannes Harsem d. som enkjemann og vedmålar i Ålesund 21.3.1917.  Dei fekk ein son i lag:

a. Johan Albert, kjend som Albert Johannesson Harsem, f. på Buholmstranda i Borgund 19.5.1865, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1910!)

 

     Han gifte seg

 

     ##### (dato og stad for vigsli hans?)

 

     med Anna Petrine

 

     ##### (fullt namn og opphav?)

 

     Tilseth frå

 

     ##### (kvar fødd og oppvaksi?)

 

     f. i Volda 14.6.1878.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

     Johan Harsem var salmakarmeistar, og han og Anna budde i Ålesund.

 

     ##### (inkl. 1910 – sidan?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * John, f. Ålesund 31.5.1908 – n. 1910)

 

 3. Ragnhild Johannesdotter, f. i Skjåk 3.12.1836, flytte med foreldri sine til Jostedalen kring 1837.

Ragnhild Johannesdotter flytte kring 1841 attende til Skjåk med mori, og i 1850 flytte ho vidare med mori til Skjerstad i Nordland der ho 16.10.1862 gifte seg med morbroren Ole Johannesson frå Mallaug i Skjåk.  Han var son av gardbrukar Johannes Johnson på Mallaug, opphavleg frå

 

##### (kvar fødd og oppvaksen?)

 

og andre kona Ragnhild Olsdotter frå

 

#### (kvar fødd og oppvaksi?)

 

og f. i Skjåk 11.9.1825.  Ole og Ragnhild flytte i 1863 til Folda der dei slo seg som plassfolk på Aspenes indre under Aspenes nordre i Sørfold.  Ole d. på Aspenes 14.5.1897, medan Ragnhild d. på Storeidet i Sørfold 16.2.1921.  Dei fekk seks born i lag:

a. Anna Sofie Olsdotter, f. i Skjerstad 23.5.1863, d. som enkje på Kalvik i Sørfold 1.1.1934.  Anna gifte seg i Sørfold 9.11.1891 med Arnt Nilsen frå

 

     ##### (kvar fødd og oppvaksen?)

 

     f. i Sørfold 6.6.1849.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1934!)

 

     Anna og Arnt busette seg som husmannsfolk på Kalvik

 

     ##### (kva heite plassen? – kva heitte garden?)

 

     og fekk fem born i lag.

b. Johannes Samuel Olson, f. i Sørfold 21.5.1865,

 

     ##### (n. 1875 – konfirmert 1881 – lagnaden hans? – døydde han kan henda i ung alder?)

 

c. Johanna Bergitte Olsdotter, f. i Sørfold 17.12.1867, d. på Aspenes i Sørfold 26.9.1961.  Johanna gifte seg i Sørfold 6.11.1893 med Johan Knut Østenson Rudi, f. i Nesseby i Finnmark 14.9.1861.  Han d. på Aspenes 10.4.1953.  Johanna og Johan Rudi tok over heimeplassen hennar på Aspenes indre under Aspenes nordre i Sørfold og budde der levetidi ut.  Dei fekk åtte born i lag.

d. Udøypt Olson, f. i Sørfold 20.6.1871, d. på veg til kyrkja i Sørfold 6.8.1871.

e. Lovisa Kristine Olsdotter, f. i Sørfold 2.10.1872, d. på Storeidet i Sørfold 11.5.1956.  Lovisa gifte seg i Sørfold 30.6.1901 med Lars Berteus Pedersen frå Salhus i Sørfold.  Han var f. i Sørfold 25.12.1870 og d. på Storeidet 6.5.1938.  Lovisa og Lars busette seg på Storeidet i Sørfold der Lars var gardbrukar.  Dei fekk fem born i lag.

f. Olina Marie Olsdotter, f. i Sørfold 21.5.1877, d. ugift på Aspenes 19.8.1952.  Olina var tenestejente og budde stort sett på Aspenes i Sørfold.  Ho var ugift.

 4. Ole Johannesson, f. i Jostedalen 28.12.1839,

Ole Johannessen flytte med mori til Skjåk kring 1841 og var òg med då mori i 1850 flytte vidare til Skjerstad i Nordland.  Han gifte seg første gongen i Sørfjord i Lyngen 6.8.1871 med Maren Johanne Cathrine Hansdotter frå Skognes i Lyngen.  Ho var dotter av gardbrukar Hans Juul Hansson på Skognes, opphavleg frå

 

##### (kvar fødd og oppvaksen?)

 

og kona Else Marie Hansdotter frå

 

##### (kvar fødd og oppvaksi?)

 

og f. i Karlsøy, Lyngen 2.4.1844.  Ole og Maren busette seg på plassen Sandnes under Lotternes i Lavangen der Maren d. i barselseng 17.3.1873.  Ole gifte seg so 15.7.1883 att i Trondheim med Rosa Nikoline Marie, kjend som Nikoline Aagesdotter Vangberg frå Trondheim.  Ho var dotter av blokkmakar Aage Otteson Vangberg i Trondheim, opphavleg frå Frosta, og kona Christine Ottilie Larsdotter Solberg frå Trondheim og f. i Trondheim 30.6.1860.  Men Nikoline d. på Sandnes i Lavangen 22.3.1894, og Ole gifte seg tredje gongen i Tromsø 15.4.1896 med Hanna Mathea Fredriksdotter frå Rød i Lavangen.  Ho var dotter av gardbrukar Fredrik Hansson på Rød, opphavleg frå

 

##### (kvar fødd og oppvaksen?)

 

og kona Christianna Jensine Sørensdotter frå

 

##### (kvar fødd og oppvaksi?)

 

og f. i Lavangen 25.3.1868, men d. på Røkenes i Lavangen alt 31.1.1898.  Ole gifte seg so fjerde gongen i Tromsø 28.5.1900 med Simonette Kristine Hansdotter frå Hesjevik i Lavangen.  Ho var dotter av gardbrukar Hans Elias Mikkelson på Hesjevik, opphavleg frå

 

##### (kvar fødd og oppvaksen?)

 

og kona Ingeborg Christine Johannesdotter frå

 

##### (kvar fødd og oppvaksi?)

 

og f. i Lavangen 31.8.1862.  Ole Johannessen var skulelærar i mange år og budde då som husmann på Sandnes under Lotternes i Lavangen, men flytte sist i 1890-åri til Røkenes og kring 1900 vidare til Soløy i Lavangen der han tok til som landhandlar.  Ole d. på Soløy 20.11.1915, medan fjerde kona Simonette d. på Hesjevik i Lavangen 12.12.1924.  Ole Johannessen fekk i alt ni born, eitt frå første ekteskapet, seks frå det andre og to frå det tredje:

a. Hans Laurits Olson, f. i Lavangen 17.3.1873, d. i Lavangen 1.4.1873.

b. Johan Alfred, kjend som Alfred Olson, f. i Lavangen 21.5.1884, var ei tid handelsbetjent hjå far sin på Soløy i Lavangen, men utvandra til Amerika i 1905 med reisemål Boston, Mass.  Han kom sidan attende, men utvandra på ny i 1913, då til Vancouver, B.C.   

 

     ##### (lagnad i Amerika? – naturalized Seattle, WA som Alfred Johannessen 1917 – WW1 draft Seattle, WA 1918 Johan Alfred Johanson– fisherman – nearest relative uncle August Swanberg  in Sioux City, IA )

 

c. Sofie Kristine Olsdotter, f. i Lavangen 16.9.1885, d. i Harstad 28.12.1956.  Sofie gifte seg i Tromsøysund 5.9.1916 med Kristian Erling Johanson Klæboe frå Søberg i Bø, f. i Bø 15.9.1889.  Han d. i Harstad 25.2.1954.   

 

     ##### (yrke og bustad? – handelsmann på Kistrand i Magerøy – sidan kjøpmann i Harstad!)

 

     Dei fekk tre born i lag.

d. Emil Laurits Olson, f. i Lavangen 3.2.1887, utvandra til Amerika i lag med broren Alfred i 1905 med reisemål Boston, Mass.,

 

     ##### (lagnad i Amerika? – d. Vancouver, BC 7.1.1913?)

 

e. Sverre Fridtjof Olson, f. i Lavangen 5.10.1888, d. i Lavangen 13.9.1897.

f. Olav Ragnvald Olson, f. i Lavangen 10.1.1891, d. i Lavangen 6.1.1892.

g. Olav Ragnvald Olson, f. i Lavangen 17.12.1892, d. i Lavangen 11.1.1907.

h. Aagot Olsdotter, f. i Lavangen 18.2.1896, d. i Lavangen 16.7.1896.

i. Kristian Fredrik Olson, f. i Lavangen 4.6.1897, d. i Lavangen 15.10.1897.

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

https://www.geni.com/people/Anna-Petrine-Harsem/6000000020331208299

 

Nummer 21

 

Møre og Romsdal fylke, Volda i Volda, Ministerialbok nr. 511A07 (1851-1878), Fødte og døpte 1878, Side 240
Permanent bilde-ID: kb20070327660001
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070327660001
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070327660001.jpg
 

Edited by Sven Hjortland
Link to comment
Share on other sites

8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Anna gifte seg i Sørfold 9.11.1891 med Arnt Nilsen frå

     ##### (kvar fødd og oppvaksen?)

     f. i Sørfold 6.6.1849.  Han d.

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – før 1934!)

 

I vielsen i 1891 det at brudgommen heter Arnt Johan Nilsen, sønn av gårdbruker Nils Olsen Lerfjordgård. Lerlfjordgård er brudgommens fødested: 

Nordland fylke, Sørfold i Folda, Ministerialbok nr. 854A01 /1 (1883-1891), Viede 1891, Side 124
https://media.digitalarkivet.no/view/6664/98

 

Nr. 40

Nordland fylke, Folda (Rørstad), Kjerringøy i Folda, Ministerialbok nr. 853A08 (1836-1856), Fødte og døpte 1849, Side 58
https://media.digitalarkivet.no/view/2615/61

 

Leirfjordgård er gnr. 12 i Sørfold. Det står at Nils Olsen kjøpte bruk III i 1842. 

 

Nils Olsen .jpg

Edited by Grethe Flood
Link to comment
Share on other sites

Her er vel Arnt i folketellingen 1865 for Folda - fostersønn hos onkelen Kristen Olsen: 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038372001414

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=1845&kenr=004&bnr=0015&lnr=00

  • Tellingsår: 1865
  • Kommune: Sørfolden
  • Kommunenummer: 1845
  • Navn på bosted: Lerfjordgaard

Antall personer registrert på bostedet: 11. 


  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
  Kresten Olsen hf g Gaardb. Fisker Leilending 1826 Folden  
  Oline Rasmusdatter Hans Kone g   1833 Folden  
  Peder Krestensen Deres Søn ug   1857 Folden  
  Len Krestensdatter Deres Datter ug   1859 Folden  
  Bækka Krestensdatter Deres Datter ug   1860 Folden  
  Ane Krestensdatter Deres Datter ug   1862 Folden  
  Ole Krestensen Deres Søn ug   1864 Folden  
  Ingbor Krestensdatter Deres Fostdatter ug   1855 Folden  
  Arent Nielsen Fostsøn ug   1850 Folden  
  Niels Olsen   g Føderaadsmand 1802 Folden  
  Ane Paulsdatter Hans Kone g   1805 Folden  
 
I 1875 var Arnt Johan tjenestegutt og fisker på Leirfjordgård og moren var bosatt samme sted, som enke: 
  • Tellingsår: 1875
  • Kommune: Sørfolden
  • Kommunenummer: 1845
  • Navn på bosted: Lerfjordgaard
Antall personer registrert på bostedet: 10. .
  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
  Morten Johan Pedersen hf g Gaardbr., Leilending, Fisker 1806 Rørstad, Folden n n
  Johanne Olina Nilsdatter Hans Kone g   1833 Rørstad, Folden n n
  Albert Nekolai Mortensen Deres Søn ug Forsørges af Forældrene 1867 Rørstad, Folden n n
  Mikal Johan Mortensen Deres Søn ug Forsørges af Forældrene 1872 Rørstad, Folden n n
  Arnt Johan Nilsen Tjenestegut ug Tjener Fisker 1849 Rørstad, Folden n n
  Lars Mekal Bredessen Tjenestegut ug Tjener Fisker 1837 Rørstad, Folden n n
  Ingeborg Andrina Andersdatter Tjenestepige ug Kokkepige 1860 Rørstad, Folden l l
  Krestianna Henriette Pedersdatter Tjenestepige ug Kokkepige 1861 Rørstad, Folden n n
  Kjerstin Maline Mortensdatter Husfaderens Datter ug Budeie 1833 Rørstad, Folden n n
  Ane Kjerstine Paulsdatter Husmoderens Moder e Forsørges af Husfaderen 1807 Rørstad, Folden n n
 
Edited by Grethe Flood
Link to comment
Share on other sites

Giftermålet til Arnt Johans foreldre i 1833

Nordland fylke, Folda (Rørstad), Kjerringøy i Folda, Ministerialbok nr. 853A07 (1821-1836), Viede 1833, Side 386-387
https://media.digitalarkivet.no/view/16650/120

 

Lurer på om dette er dåpen til NIls Olsen 

https://media.digitalarkivet.no/view/16650/120

 

Dåpen til Ane Kirstine i 1807:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000012032233

 

Dødsfallet til Anne Kristina Paulsdatter i 1885:

Nordland fylke, Sørfold i Folda, Ministerialbok nr. 854A01 /1 (1883-1891), Døde og begravede 1885, Side 143
https://media.digitalarkivet.no/view/6664/103

Link to comment
Share on other sites

10 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

3. Ragnhild Johannesdotter, f. i Skjåk 3.12.1836, flytte med foreldri sine til Jostedalen kring 1837.

Ragnhild Johannesdotter flytte kring 1841 attende til Skjåk med mori, og i 1850 flytte ho vidare med mori til Skjerstad i Nordland der ho 16.10.1862 gifte seg med morbroren Ole Johannesson frå Mallaug i Skjåk.  Han var son av gardbrukar Johannes Johnson på Mallaug, opphavleg frå

##### (kvar fødd og oppvaksen?)

og andre kona Ragnhild Olsdotter frå

#### (kvar fødd og oppvaksi?)

og f. i Skjåk 11.9.1825.

 

Oppland fylke, Lom, Garmo, Skjåk i Lom, Ministerialbok nr. 3 (1801-1825), Fødte og døpte 1825, Side 82
https://media.digitalarkivet.no/view/9242/86

 

Storebror Johannes ble døpt i 1819

Oppland fylke, Lom, Garmo, Skjåk i Lom, Ministerialbok nr. 4 (1815-1825), Fødte og døpte 1819, Side 44
https://media.digitalarkivet.no/view/9244/44

 

Har ennå ikke klart å finne giftermålet til Johannes og Ragnhild. 

Edited by Grethe Flood
Link to comment
Share on other sites

Vielsen mellom Johannes og Ragnhild

 

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001983016

 

Hedmark, Oppland fylke, Dovre, Lesjaskog, Lesja, Øvre Folldal i Lesja, Ministerialbok nr. 3 (1777-1819), Kronologisk liste 1817, Side 872-873
Permanent bilde-ID: kb20070603480172
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070603480172
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070603480172.jpg
 

Edited by Sven Hjortland
  • Thanks 1
Link to comment
Share on other sites

Kan dette være Ragnhild Olsdatter i 1801 - Lesjaskog:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058250000016

 

Datter av Ole Christensen og Guri Paulsdatter. 

 

Johannes og Ragnhilds eldste datter het Rønnaug, høyst sannsynlig oppkalt etter den første kona til Johannes. To år etter, i 1824, hadde de datteren Gurie til dåpen, og hun er antakelig oppkalt etter Guri Paulsdatter...? https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:VWGF-YFS

 

 

Edited by Grethe Flood
  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

13 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Ole gifte seg tredje gongen i Tromsø 15.4.1896 med Hanna Mathea Fredriksdotter frå Rød i Lavangen.  Ho var dotter av gardbrukar Fredrik Hansson på Rød, opphavleg frå

##### (kvar fødd og oppvaksen?)

og kona Christianna Jensine Sørensdotter frå

##### (kvar fødd og oppvaksi?)

og f. i Lavangen 25.3.1868,

 

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=1917&kenr=004&bnr=0034&lnr=00

  • Tellingsår: 1875
  • Kommune: Ibestad
  • Kommunenummer: 1917
  • Navn på bosted: Rød

Antall personer registrert på bostedet: 10. 


  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
  Fredrik Hansen hf g Gaardb.selveier og fisker 1829 Balaja Sogn og Prgj. i Sverige k k
  Kristianna Sørensdatter Hans kone g   1834 Ibestads Sogn og Prgj. n
  Hans J. Fredriksen s ug Hjælper forældrene 1859 Ibestads Sogn og Prgj. k k
  Elev O. Fredriksen s ug Hjælper forældrene 1860 Ibestads Sogn og Prgj. k k
  Johan Fredriksen s     1870 Ibestads Sogn og Prgj. n k
  Karoline Fredriksdatter d ug   1864 Ibestads Sogn og Prgj. n k
  Maren Anne Fredriksdatter d ug   1866 Ibestads Sogn og Prgj. n k
  Hanna Fredriksdatter d ug   1868 Ibestads Sogn og Prgj. n k
  Sofie Fredriksdatter d     1870 Ibestads Sogn og Prgj. n k
  Anna P. Fredriksdatter       1874 Ibestads Sogn og Prgj. n k
 
 
  • Tellingsår: 1865
  • Kommune: Ibestad
  • Kommunenummer: 1917
  • Navn på bosted: 
Antall personer registrert på bostedet: 6. Trykk på tidslinje.gif for å se på tidslinjen for personen.
  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
  Fredrik Hansen hf g Gaardbruger og selveier 1835 Sverige  
  Kristianna Sørensdatter Hans kone g   1833 Ibestad  
  Hans J. Fredriksen Hans søn ug   1859 Ibestad  
  Ellev O. Fredriksen Hans søn ug   1860 Ibestad  
  Karolina Fredriksdatter Deres datter ug   1864 Ibestad  
  Ingbor S. Nikolaisdatter   ug Tjenestepige 1850 Ibestad
 
 
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.