Jump to content
Arkivverket

George H. Cook - fødd i Danmark 10.9.1849 - utvandra i 1870(?) og vart farmar i Emerson, NE - kven i all verdi var denne dansken?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Lars E. Øyane

George H. Cook, oppgjeven fødd i Danmark 10.9.1849 skal ifølgje FT1900, 1910 og 1920 ha utvandra til Amerika i 1870, medan det i FT1930 er oppgjeve 1967 som utvandringsår-  Han gifte seg i Lincoln Co., SD 29.10.1881 med Anna Marie Olson, fødd i Luster 10.7.1860 og utvandra i 1862 med mor si til Wisconsin.

 

Dei busette seg i Emerson, Dakota Co., NE der George Cook døydde anten 28.3.1935 eller 28.3.1939 (båe datoar har vore oppgjevne!)

 

Er det mogeleg ut ifrå desse opplysningane å identifisera denne dansken?

 

** Dato og stad for fødsli hans?

 

** Utvandringsåret?

 

** Kven var foreldri hans, yrke,bustad og opphav?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to post
Share on other sites
  • 1 year later...
Sven Hjortland

Dette kan kanskje være en kandidat?

Kan den finnes igjen i fødselsbøkene bøkene noe sted,  evt. folketellinger?

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QLDZ-JBDX

 

Name: Heinerich Jurgen Petersen • Edit
Event Type: Census
Event Date: 1860 • Edit
Event Place: Åbenrå, Åbenrå, Danmark • Edit
Event Place (Original): Rieseby, Åbenrå, Denmark
Age: 11
Marital Status: Single
Birth Year (Estimated): 1849
Relationship to Head of Household: Child

 

Household                                                           Role    Sex    Age    Birthplace
Eliese Christine Petersen Kock                                               37    
Heinerich Jurgen Petersen                               Child              11    
Magdalena Petersen                                         Child                8    
Carl Henr Dahl                                                                           26    
Christ Carl Mohl                                                                        17    
Cathrina Mary Thih                                                                   20    
Sophia Joh Thih                                                                        16

 

 

 

Link to post
Share on other sites
Frank Marton Pedersen

Her ser ut til at George H. Cook døde i 1939. Hvor har du 29.03.1935 fra?

 

 

 

Capture.JPG.e32f201df4439fb3a46fa99d1953e0b7.JPG

Edited by Frank Marton Pedersen
Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv=1&dbid=60722&h=788810&tid=&pid=&usePUB=true&_phsrc=ITW2782&_phstart=successSource

 

Vielsen

 

Name: Georg Cook
Gender: Male
Record Type: Marriage
Birth Place: Denmark
Marriage Date: 29 Oct 1881
Marriage Place: Canton, South Dakota, USA
Father: Hans Christian
Mother: Elisabet Christian
Spouse: Anne Maria Larsen Haege
Church Name: Canton Lutheran Church
Church Location: Canton, South Dakota

 

Edited by Sven Hjortland
Link to post
Share on other sites
Anton Hagelee

1880 US Census

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M8YH-T7X

 

Var ugift 1880 og giftet seg med Anna i 1990. Ifølge slektstræ heter Anna Marie Thomas (?).

 

1900 FT

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M3B5-P6H

 

1910 FT

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:ML4M-CHV

 

1920 FT 

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MCV6-M4B

 

 

Edited by Anton Hagelee
Link to post
Share on other sites
Anton Hagelee

Kanskje kone til Georg Cook. 

 

Annie M. Johnson

 in the 1880 United States Federal Census

Name:Annie M. Johnson

Age:19

Birth Date:Abt 1861

Birthplace:Norway

Home in 1880:Omadi, Dakota, Nebraska, USA

Dwelling Number:88

Race:White

Gender:Female

Relation to Head of House:Stepdaughter

Marital status:Single

Father's Birthplace:Norway

Mother's name:Annie Johnson

Mother's Birthplace:Norway

Neighbors:View others on page

Household Members:

NameAge

Nils Johnson45

Annie Johnson54

Annie M. Johnson19

 

På side 10. George Cook er på side 9.

 

Anna Maria Olsen

 in the Norway, Select Baptisms, 1634-1927

Name:Anna Maria Olsen

Gender:Female

Birth Date:10 jul 1860

Baptism Date:5 aug 1860

Baptism Place:Luster,Sogn Og Fjordane,Norway

Father:Ole Larsen

Mother:Anna Arnesdr 

FHL Film Number:278146

 

Uægte Nr. 93

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20070305670161

 

Anna Johnson

 in the U.S., Find A Grave Index, 1600s-Current

Name:Anna Johnson

Birth Date:24 Jun 1827

Death Date:20 Apr 1906

Cemetery:Jopp Cemetery

Burial or Cremation Place:Dakota County, Nebraska, United States of America

Has Bio?:N

Spouse:Nels Johnson

 

Anna Arnesen

 in the Norway, Select Baptisms, 1634-1927

Name:Anna Arnesen

Gender:Female

Birth Date:29 jun 1827

Baptism Date:1 jul 1827

Baptism Place:Luster,Sogn Og Fjordane,Norway

Father:Arne Andersen

Mother:Margrete Johannesdr

FHL Film Number:126463

 

Nr. 65

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20070514610259

 

Anne Arnesdatter Qvalsvig 35 og datter Anna Marie Olsen 1 /3/4 reise til Amerika i 1862.

 

Nr.100

 

https://www.digitalarkivet.no/kb20070305670373

 

 

 

 

 

 

 

 

Edited by Anton Hagelee
Link to post
Share on other sites
Lars Waaltorp
På 5.4.2020 den 17.54, Sven Hjortland skrev:

Dette kan kanskje være en kandidat?

Kan den finnes igjen i fødselsbøkene bøkene noe sted,  evt. folketellinger?

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:QLDZ-JBDX

 

Name: Heinerich Jurgen Petersen • Edit
Event Type: Census
Event Date: 1860 • Edit
Event Place: Åbenrå, Åbenrå, Danmark • Edit
Event Place (Original): Rieseby, Åbenrå, Denmark
Age: 11
Marital Status: Single
Birth Year (Estimated): 1849
Relationship to Head of Household: Child

 

Household                                                           Role    Sex    Age    Birthplace
Eliese Christine Petersen Kock                                               37    
Heinerich Jurgen Petersen                               Child              11    
Magdalena Petersen                                         Child                8    
Carl Henr Dahl                                                                           26    
Christ Carl Mohl                                                                        17    
Cathrina Mary Thih                                                                   20    
Sophia Joh Thih                                                                        16

 

Her har jeg har funnet igjen den samme familien i folketellingen for Rieseby for 1855. Jeg klarer ikke å tyde mellomnavnet til faren. Hvis det skal stemme med navnet som er oppgitt ved Georges vielse (Hans Christian), burde det være Kristian eller noe lignende. Jeg får imidlertid ikke første bokstav til å være en K (jf. K-en i Kock):  https://www.sa.dk/ao-soegesider/billedviser?bsid=121600#121600,17501103

 

43792397_Skjermbilde2020-04-08kl_22_08_20.png.c778d94c925e9c5f331a28a4fb2a0fb0.png

  • Like 1
Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland
14 minutter siden, Lars Waaltorp skrev:

Jeg får imidlertid ikke første bokstav til å være en K (jf. K-en i Kock):

 

Enig med deg.   Jeg tror vi må se etter andre kandidater...

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven, Frank Marton, Anton og Lars W. for spennande og inspirerande innlegg om denne huslyden.

 

Eg har slite i mange år for å finna ut kven George Cook kan ha vore, men eg tvilar på om det er mannen frå Rieseby (Åbenrå), om me skal tru vigselsattesten frå Canton, SD...  Namni på foreldri hans høver dårleg...

 

Elles vil eg gjerne, for å rydda bort eventuelle misforståingar om kona hans og huslyden hennar, gjerne få leggja inn dette manuskriptutdraget frå garden Kvalsvik i Luster, der eg i tillegg til opphavet hans George Cook òg manglar ein del andre detaljar...:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Anna Arnesdotter {Qualsvig}, f. {i Luster} 29.6.1827,

Annie Arneson tente truleg ei tid i Flakstad, men kom attende til Luster og utvandra herifrå til Amerika i 1862.  Ho gifte seg

 

##### (date and place of her marriage? – WI about 1865?)

 

med

 

##### (norsk namn?)

 

##### (kvarifrå i Noreg?)

 

i Amerika kjend som Nels Johnson.  Han var son av

 

##### (foreldri?)

 

og f.

 

##### (dato og stad for fødsli? – kring 1831?)

 

men utvandra til Amerika i

 

##### (utvandringsåret?)

 

Anna og Nels budde visstnok ei kort tid i Sun Prairie, Dane Co., Wis., men flytte kring 1867 til ein farm i Omadi precinct, Dakota Co., Nebr. der dei sidan budde levetidi ut.  Nels d. i Dakota Co., Nebr. 7.11.1905, medan Annie Johnson d. same staden 20.4.1906. Dei fekk ikkje born i lag.

Men Anna Arnesdotter fekk to døtrer her i Luster før ho for til Amerika:

a. Elsa Margrethe Rasmusdotter, dotter av Anna og gjestgjevarsonen Rasmus Eliasson Thesen frå Reine i Flakstad (1828-1856), var f. i Luster 29.9.1849.

Elsie M. Thompson(!) utvandra med mor si til Amerika i 1862 og vart buande i Stoughton, Dane Co., Wis. til kring 1870.  

 

##### (1870 census Madis0n, Dane Co., WI Elsie W. Thompson – housekeeper with son Andrew 1 year?

 

Då flytte ho til Sioux City, Woodbury Co., la., og der gifte ho seg 23.3.1872 med John Olson fra Skorem nedste i Oppdal, i Amerika kjend som John O. Skorheim.  Han var son av gardbrukar Ole Thoreson på Skorem nedste, opphavleg frå Kongsvoll, og kona Brit Johnsdotter frå Skorem nedste og f. i Oppdal 14.12.1834.  John dreiv heimebruket på Skorem nedste til han i 1869 utvandra til Amerika.  John og Elsie flytte etter vigsli til ein farm i Norway township, Lincoln Co., S.D. der John d. 20.11.1910.  Elsie flytte sidan inn til byen Canton, Lincoln Co., S.D., og der d. ho 15.10.1928.  Dei fekk elleve born i lag, og dessutan hadde Elsie ein son frå før:

a. Andrew Thompson,

 

     ##### (1 year old - listed Madison, WI 1870! - must have died young)

 

b. Andrine Betsine, kjend som Betsine Skorheim, f. i Woodbury Co., Ia. 27.12.1872, d. i Lincoln Co., S.D. 25.7.1879.

c. Ole Skorheim, f. i Lincoln Co., S.D. 4.7.1874, d. i Platte, S.D. 20.7.1941.  Ole gifte seg i Lincoln Co., S.D. ?.6.1896 med Karen Andersdotter Myhre frå Gryteselv i Hattfjelldal, i Amerika kjend som Carrie Myhre.  Ho var dotter av skogbrukar Anders Pederson Myhre på Gryteselv, opphavleg frå Myran nedre  i Opdal, og kona Ingeborg Anna Cathrine Petersdotter frå

 

     ##### (kva gard/plass? – f. 1842)

 

     i Beitstaden og f. i Vefsn 22.3.1871, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1880.  Ho d. i Platte, S.D. 2.11.1934.  Ole Skorheim var først slaktar og sidan smed («butcher and blacksmith»), og dei budde i Platte, Charles Mix Co., S.D.  Dei fekk seks born i lag.

d. Johan Richard Skorheim, f. i Lincoln Co., S.D. 5.9.1876, d. i Lincoln Co., S.D. 21.4.1879.

e. Else Maria Skorheim, f. i Lincoln Co., S.D. 4.1.1879, d. i Lincoln Co., S.D. 2.3.1879.

f. Johan Richard Skorheim, f. i Lincoln Co., S.D. 30.3.1880, d. i Lincoln Co., S.D. 26.9.1882.

g. Andrew Theodore Skorheim, f. i Lincoln Co., S.D. 2.3.1882, d. i Lincoln Co., S.D. 26.9.1882.

h. Bernhard, kjend som Bennie Skorheim, f. i Lincoln Co., S.D. 11.7.1883, d. i Kimberley, B.C. 24.5.1948. Han gifte seg i Platte, Charles Mix Co., S.D. 27.6.1909 med Bessie Cecelia, kjend som Celia Sanders. Ho var f. i Lincoln Co., S.D. 21.11.1878 og d. i Kimberley, B.C. 26.5.1963. Bennie Skorheim var smed («blacksmith»). Han og Celia budde først i Geddes, Charles Mix Co., S.D., men flytte kring 1920 til Kimberley, B.C.  Dei fekk to born i lag.

i. Edgar Marvin, kjend som Marvin Skorheim, f. i Lincoln Co., S.D. 3.9.1885, d. i Breckenridge, Minn. 2.4.1956.  Marvin gifte seg i Sioux Falls, S.D. 25.11.1914 med Paula Kornelia Paulsdotter Kleppe frå Kleppe i Herøy på Sunnmøre, i Amerika kjend som Paula C. Kleppe.  Ho var dotter av hamnearbeidar og fiskar Paul Gustav Kornelius Enokson Kleppe på Kleppe og kona Olina Andrea Larsdotter Olsen frå Sandvik i Lenvik og f. i Herøy 13.12.1894.  Ho utvandra til Amerika til Amerika med mor si i 1897 og d. i Minneapolis, Minn. 1.5.1976.  Marvin Skorheim var jarnbanearbeidar («railroad worker»). Dei budde i Breckenridge, Wilkin Co., Minn. og fekk fem born i lag.

j. Anton Christian Skorheim, f. i Lincoln Co., S.D. 6.9.1887, d. i St. Louis Park, Minn. 25.1.1970.  Han gifte seg i Lincoln Co., S.D. 18.5.1911 med Emma Christine Anderson, f.  i Cherokee Co., Ia. 15.12.1885.  Ho d. i St. Louis Park, Minn. 19.4.1984.  Anton var industriarbeidar («sheetmetal man for a refrigeration and heating company»).  Dei budde først i Canton, Lincoln Co., S.D. og sidan i Sleepy Eye, Brown Co., Minn. før dei busette seg i St. Louis Park, Hennepin Co., Minn.  Dei fekk tre born i lag.

k. Albert John, kjend som Al Skorheim, f. i Lincoln Co., S.D. 5.6.1889, d. i Pacoima, Cal. 17.11.1959.  Han gifte seg første gongen i Sioux Falls, S.D. 18.3.1914 med Clara Alma Anderson, f. i Lincoln Co., S.D. 26.1.1893.  Men ho d. i barselseng i Sioux Falls, S.D. 29.3.1915, og Al gifte seg att i Camp Dodge nær Des Moines, la. 27.7.1918 med Lorna Doone Parsons. Ho var f. i Whitley Co., Ind. 13.11.1898 og d. i Pacific Grove, Cal. 24.9.2000.  Al Skorheim var handelsmann («retail mechant»), først i Canton, Lincoln Co., S.D., sidan i Hastings, Adams Co., Neb. og til sist i Pacoima, Los Angeles Co., Cal.  Han fekk to born, eitt fra kvart av ekteskapi.

l. Inga Moline Skorheim, f. i Lincoln Co., S.D. 9.5.1892, d. i Hartley, Ia. 9.1.1963.  Ho gifte seg i Canton, S.D. 13.5.1911 med Newton Simms Pippinger, f. i Shelby Co., Mo. 23.1.1882.  Han d. i Hartley, Ia. 7.11.1966.  Newton Pippinger var jarnbanearbeidar («railroad worker»), og huslyden budde i Sanborn, O'Brien Co., Ia.  Dei fekk fire døtrer i lag.

b. Anna Marie Olsdotter, dotter av Anna og husmannssonen Ole Larsson frå Meljane under Hauge (1829-1903), var f. 10.7.1860.

Anna Marie Olson utvandra med mori til Amerika i 1862 og flytte med mori og stefaren til Dakota Co., Nebr. kring 1867. Ho gifte seg i Lincoln Co., S.D. 29.10.1881 med George H. Cook som var f. i Danmark 10.9.1849.

 

##### (detaljar om opphavet hans?)

 

Anna og George slo seg ned på ein farm i Emerson township, Dakota Co., Neb., men flytte sidan inn til byen Emerson, òg i Dakota Co., Neb., der dei var fruktdyrkarar («fruit farmers»).  Anna d. i Emerson, Neb. 23.6.1934, medan George Cook d. same staden 28.3.1939.  Dei fekk fire born i lag:

a. George Frederick, kjend som Fred G. Cook, f. i Dakota Co., Neb. 12.9.1882, d. i Wessington Springs, S.D. 7.12.1967.  Han gifte seg i Emerson, Neb. 6.12.1905 med Josephine Amy Carper, f. i Cass Co., Neb. 2.2.1883.  Ho d. i Yankton, S.D. 19.2.1967.  Fred og Josephine farma i Pleasant township, Jerauld Co., S.D. og fekk to born i lag.

b. Anna Elizabeth, kjend som Elizabreth A. Cook, f. i Dakota Co., Neb. 29.2.1884, d. i Leeds, la. 10.12.1928.  Ho gifte seg

 

     ##### (date and place of her marriage? – about 1902)

 

     med Fred Madison Trafton.  Han var f. i Greene Co., Ia. 21.6.1877 og d. i Portland, Ore. 26.2.1960.  So enkjemann gifte han seg att

 

     ##### (1931?)

 

     med enkja Lillian Kee, f. Morgan, f. i Monona Co., Ia. 17.10.1891.  Ho d. i Portland, Ore. 4.10.1975. 

 

     ##### (married 1st time Mapleton, IA 14.5.1918 med Walter Francis Kee, born IA 1890 – two children)

 

     Fred og Elizabeth farma først ei tid  Emerson township, Dixon Co., Neb., men Fred var murar («mason and bricklayer»), og han og Elizabeth budde sidan i Sioux City, Woodbury Co., la.  Med andre kona Lillian flytte Fred sist på 1930-talet til Portland, Multnomah Co., Ore.  Fred fekk tre born, som alle var frå førdste ektesklapet med Elizabeth i lag.

c. Clarence Hiram Cook, f. i Dakota Co., Neb. 15.12.1885, d. i Emerson, Neb. 8.7.1954.  Han gifte seg første gongen i Emerson, Neb. 28.2.1906 med Esther E.

 

     ##### (middle name?)

 

     Renaudo,

 

     ##### (place of her birth? – NE! – Swedish parents)

 

     12.9.1884,  Men ho d. i Jerauld Co., S.. 12.12.1918.  So gifte Clarence seg att

 

     ##### (date and place of his 2nd marriage? – about 1932)

 

     med Sylvia M.

 

     #### (middle name? – Cigear?)

 

     Geiger, f.

 

     ##### (date and place of her birth? – NE 1890)

 

     ##### (date and place of her death?)

 

     Clarence og Esther farma i Pleasant township, Jerauld Co., S.D., men som enkjemann flyte Clarence attende til Emerson, Dakota Co., Neb. der han sidan livnærte seg som køyrekar og vegarbeidar («driver and road construction worker»).  Han fekk i alt fem born, fire frå første ekteskapet og eitt frå det siste.

d. Isabel Mary Cook, f. i Dakota Co., Neb. 2.7.1887, d. i Pender, Neb. 17.2.1978.  Ho gifte seg i Emerson, Neb. 30.1.1907 med Adolph Albert Lamp. Han var f. i Dorpet, Estland 12.8.1880

 

     ##### (details about his origin?)

 

     og d. i Omaha, Neb. 9.6.1971.  Adolph og Isabel farma først nær Emerson, Dakota Co., Nebr., men flytte sidan inn til sjølve Emerson der Adolph livnærte seg som målar («house painter»).  Dei fekk fire born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar på ny for framifrå bistand med å komplettera denne biografien og vonar at dette kan verta ei god «påskenøtt»!?

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Karsten Damén

Lige for en god ordens skyld:

 

Rieseby Sogn ligger i Sydslesvig (Eckernförde Amt / Schwansen Godsdistrikt)  og må ikke forveksles med Riese/Rise ved Åbenrå.

Dermed er der ikke direkte adgang til opslag i kirkebøger, men måske kan du få nogen på det danske DIS forum til at gøre et opslag i Rieseby Sogn for datoen 10. Sep. 1849 ?

 

mvh Karsten

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.