Jump to content
Arkivverket

LØYST: Marit Estensdotter, fødd i Melhus 1834 - oppvaksi i Skogn og gift i Øksnes


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Utgongspunktet for denne utfordringi er følgjande vigsle i Øksnes 13.11.1855: https://media.digitalarkivet.no/view/2648/176

 

Johannes Arneson Bogen, 25, fødd i Luster - far Arne Andersson med

Marit Estensdotter, 22, fødd i Skogn - far Esten Vold

 

Johannes Arnerson var fødd på garden Kvalsvik i Luster 23.6.1830 - har eg kontroll på opphavet til

 

Eg finn ingen Marit Estensdotter fødd i Skogn kring 1833, men eg finn som konfirmert i Sjogn i 1849: https://media.digitalarkivet.no/view/2469/345

 

Marit Estensdotter Julsæth, fødd i Melhus 18.4.1834 som dotter av Esten Knutson og Ingeborg Iversdotter

 

Ifølgje FamilySearch er ho fødd i Melhus 18.4. og døypt 12.5.1834, men eg må vera blind, for eg finn ikkje denne dåpen:

 

Name Marit Estensdatter
Gender Female
Birth Date 18 Apr 1834
Christening Date 12 May 1834
Christening Place MELHUS, SOR TRONDELAG, NORWAY
Father's Name Esten Knudsen
Mother's Name Ingeborg Iversdr

 

Men eg har eit notat som seier at ho var fødd på Lodgård i Melhus...

 

Foreldri Esten Knutson (32) og Ingeborg Iversdotter (23) (båe med uleselege gardsnamn!) gifte seg i Melhus 9.7.1821: https://media.digitalarkivet.no/view/16249/159

 

Eg gjer rekning med at eg har finne den «rette» Marit Estensdotter, men eg har følgjande utfordringar, som eg vonar nokon med lokal kunnskap kan hjelpa meg løysa:

 

** Kvar kjem namnet Vold frå? - Er det ein gard i Skogn der Esten og Ingeborg sidan busette seg?

 

** Eller kva gard/plass vart den endelege bustaden til Esten Knutson og Ingeborg Iversdotter?

 

** På Kvar gard/plass var Esten Knutson fødd og oppvaksen?

 

** På kva gard/plass var Ingeborg Iversdotter fødd og oppvaksi?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Simon for interessante innlegg!

 

Jau, eg er samd med deg i at kyrkjeboki var ein del lettare å tyda enn klokkarboki.  So dei var båe frå austre eller nordre Hedmarken, men FT1801 har ingen Esten Knutson i høveleg alder i Hedmark fylke.  Med omsyn til Ingeborg Iversdotter er nok det eit namn som vert ei større utfordring å leita etter...

 

Kanskje er me heldige og finn ei bygdebok frå Melhus eller frå Skogn som kan hjelpa oss vidare?

 

Elles ser eg at Esten og Ingeborg hadde fleire born i Melhus:

 

* Knut - fødd 17.5.1821: https://media.digitalarkivet.no/view/16249/34

 

* Anders - fødd 8.2.1826: https://media.digitalarkivet.no/view/16249/56

 

* Ole - fødd 5.6.1829: https://media.digitalarkivet.no/view/16249/74

 

* Anders - fødd 8.11.1830: https://media.digitalarkivet.no/view/16249/87

 

Men no tykkjer eg vitterleg det står «Østerdalsvold» som bustad ved fleire av desse barnedåpane, for den siste er det heilt tydeleg!  Kan det vera eit stadnamn i Melhus??

 

På Leirlien i Melhus har me òg ein Esten Knutson ved FT1801, som i alle fall eg tykkjer høver godt: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058447001859

 

Han er døypt i Melhus 24.6.1787.  FT1801 syner at mori heitte Marit Andersdotter - oppkalling??

 

Eg ser òg fleire Ingeborg Iversdotter både i dåpsprokollen og i FT for Melhus i 1801 som kan høva på mori - kanskje me likevel burde freista eit oppslag i ei bygdebok for Melhus, om det finst ei slik?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå freistnadar til å kartleggja opphavet til denne ætti!

Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Leif for eit fantastisk og godt innlegg!

 

Dette avsnittet frå bygdeboki for Melhus gjev meg svar på alle spørsmåli mine!  Det ser ut for meg som om Østerdalsvold er vorte «avstutta» i folkemålet til «Vold».  Det er i alle fall einaste forklaringi eg kan sjå!

 

Uansett, med eitt er dette problemet heilt løyst, og eg er kjempenøgd!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand!

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.