Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Peder Johan Eibogt - fødd i Meløy 1.1.1880 - til Amerika i 1904 - vidare til MN og North Dakota - 1927 til Saskatchewan - lagnaden hans?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Knut Sjurson alias Knut Sivertson (1827-1911), fødd på Ottum i Luster var gift og budde som gardbrukar på Øibukt i Meløy.  Han og kona Nicoline fekk i alt ni born, som alle budde i Meløy med unntak av ein son:

 

Peder Johan Hagen Knutson, fødd i Meløy 1.1.1880: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000004321090

 

Peder utvandra i 1904 med reisemålet Nelson, Buffalo Co., WI og på same tid skifte han namn til Peder Eibogt eller Eibugt!

 

Alt i 1905 er han farm laborer i Granite Falls, Chippewa Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:9Q97-YSYS-7T4

 

og i 1910 er han farm laborer i Sparta township, Chippewa Co., MN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RNT-Y14

 

So har me WW1 draftet frå 1918 som syner han då var i McGregor, Williams Co., ND, men han er registrert under Burke Co., ND(!)): https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-L1WS-DJR

 

Han er ogso nemnd fleire gongar i tilknytting til både naturalization og land records i Burke Co., ND

 

Men i 1927 flytta han frå Columbus, Burke Co., ND til Paddockwood, SK.  Av same dokument kjem det fram at næraste slektning i USA var tanta Mrs. Marthe Oleson i Nelson, WI: https://www.ancestry.com/interactive/1344/30928_2000913130-00497?pid=2671599&treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx15198&_phstart=successSource

 

Fasteri Martha Sjursdotter Ottum frå Luster (1834-1936) var gift med Christen Olson og budde i Nelson, WI!

 

Peder tok homestead i Saskatchewan same år: https://www.ancestry.com/interactive/9209/42589_83024005549_1105-00179?pid=535523&treeid=&personid=&rc=&usePUB=true&_phsrc=Nzx15199&_phstart=successSource

 

Er det nokon som kan hjelpa meg finna opplysningar om den seinare lagnaden til denne guten frå Meløy?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.