Gå til innhold
Arkivverket

Robert P. Payne - fødd i Georgia 1852 - Harriet Ellen Heth - fødd i Harrison Co., IN 1844 - Edward L. Jackson born in Fairfield Co., SD 1851 - kjempeutfordringar - slekti til Hermund Johannesson Jordanger frå Hafslo (1829-1910)?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er eit tema som er meint å utdjupa ein par kjempeutfordingar som alt var medtekne i følgjande tema frå april i år, men der eg framleis står «bom fast»:

https://forum.arkivverket.no/topic/221262-herman-johannes-hermansen-eller-johannessenjohnson-fødd-i-bergen-1861-seglmakardreng-og-sjømann-lagnaden-hans/

 

For å rekapitulera dei punkti det gjeld:

 

Hermund Johannesson JORDANGER, alias Herman JOHNSON, fødd i Hafslo 15.4.1829, var skreddar i Bergen, men stakk i 1861 av til Amerika og let i Bergen etter seg ei kone med tre små born og eit fjerde ufødt barn.  Tanken var sikkeret nok at kona skulle komma etter, men framkomen til Milwaukee, WI var borgarkrigen broten ut, og Hermund verva seg som same hausten som soldat.  I staden for å senda etter kona og borni sine gifte han seg på ny i Floyd Co., IN 23.6.1863 med:

 

Harriet Ellen HETH, fødd i Harrison Co., IN, truleg i januar 1844.  Herman heldt fram som skreddar, og han og Harriet budde først i Taylorsville, Spencer Co., KY, men flytte kring 1874 vidare til Clarksville, Montgomery Co., TN og hausten 1880 til Memphis, Shelby Co., TN.  I 1887 var Herman ein tur heim til Noreg for å vitja slekt på Hafslo, men han fór straks bort att.  Ikkje lenge etter flytte han og Harriet frå kvarandre, og dei vart sidan skilde.  Herman flytte inn på ein soldatheim i Dayton, OH der han døydde 4.5.1910.  Harriet gifte seg att i Memphis, TN 14.11.1906 med:

 

Robert P. PAYNE, fødd i Georgia kring 1852.  Det er ikkje stort me veit om han anna enn at han var komen til Memphis som jarnbanefunksjonær, og han døydde i Memphis, TN alt 9.10.1909.  Harriet Payne døydde same staden 15.4.1921.

 

Harriet og Herman fekk åtte boprn i lag, og me vil her kort nemna eldste dotter Anna Nelia Johnson, fødd i Indiana i april 1864.  Ho døydde i Memphis, TN 26.3.1923 etter at ho 14.9.1898 gifte seg i Memphis, TN med

 

Edward L. JACKSON, fødd i Gairfield Co., SC i desember 1851.  Han var bomullshandlar og snikkar i Memphis, TN der han døydde 29.4.1902.

 

Me manglar nøyaktige fødselsdatoar på alle borni etter Herman og Harriet Johnson, og eg veit ikkje mi arme råd å få tak i dei..., men dette emnet gjeld i føste rekke hjelp il å finna fleire detaljar om Harriet Heth, Robert Payne og Edward Jackson, og eg ville vorte kjempeglad for sjølv den minste detaljopplysning som eventuelt måtte dukka opp!

 

Harriet Heth:

* Det som manglar om ho, er ein nøyaktig fødselsdato?

 

Her er Harriet i FT1850 med foreldre og søsken: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-62BQ-NFR

 

Her er Harriet då kalla Ellen i FT1860 med foreldre og søsken: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBB-9GM2

 

Her er vigsli hennar med Herman Johnson i 1863; https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939Z-BF9N-4K

 

Det finst fleire family trees for dette Heth-ærtti på ancestry.com, mellom anna dette:

https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/50826942/person/120148238633/facts?_phsrc=Nzx15205&_phstart=successSource

men ingen av dei syner ein nøyaktig fødselsdato for Harriet.

 

Kunne me endå finna ut kven denne Rev. J. E. Noyes var som vigde dei i 1863...?  Kyrkjebøker kunne fortalt so mangt...  Kanskje òg ein fødselsdato for eldste dotteri, Anna Nelia?

 

Robert Payne:

* Det som manglar her er fullt namn og nøyaktig dato og stad for fødsli hans?

 

Eg har saumfare census records ram og attende, men eg finn ingen som høver med denne.  Mori skal ha vore fødd i SC, og det høver bra på ein Robert som i 1870 var jarnbanearbeidar i Lumkin Co., HA, men family trees avslører han som ein annan person!  So her står eg retteleg «bom fast»!

 

Edward Jackson:

* Det som manglar her er eit mellomnamn og nøyaktig fødselsdato?

 

Her er Ed L. Jackson med kona i FT1900 i Memphis, TN: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6723-XKV

 

Dette trur eg er Edward L. Jackson i FT1860 med foreldri Samuel og Lucinda Jackson : https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9BSC-F51

 

og her er eit family tree på ancestry: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/3166174/person/25564843358/facts?_phsrc=Nzx15213&_phstart=successSource

 

Men meir enn dette finn eg ikkje om han heller...

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om dese personane og held fingrer og tær krossa!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar for interessant kommentar!

 

Eg veit det ligg fleire sokalla «family trees» ute på nettet hjå ancestry.com som gjeld denne Heth-ætti, og Applegate er nok eitt av dei.  Denne konkrete tavla ser eg fører ætti attende til England kring 1600, so dette er folk som har vore lenge i Amerika.  Men det er påfallande liten kunnskap dei har om Harriet og huslyden hennar.  Likevel, det kan ikkje skada å ta kontakt med dei for å høyra om dei kanskje kan sitja på fleire detaljar eller om dei ønskjer å jobba vidare med denne greini...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand for å kartleggja denne ætti!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 9.11.2018 den 15.08, Lars E. Øyane skrev:

Robert Payne:

* Det som manglar her er fullt namn og nøyaktig dato og stad for fødsli hans?

 

Eg har saumfare census records ram og attende, men eg finn ingen som høver med denne.  Mori skal ha vore fødd i SC, og det høver bra på ein Robert som i 1870 var jarnbanearbeidar i Lumkin Co., HA, men family trees avslører han som ein annan person!  So her står eg retteleg «bom fast»!

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6723-H2C?i=20&cc=1325221

? Census 1900 - denne har du kanskje?

Name: Robert P Payne
Event Type: Census
Event Year: 1900
Event Place: Memphis city Ward 6, Shelby, Tennessee, United States
Gender: Male
Marital Status: Single
Race: White
Race: w
Relationship to Head of Household: Boarder
Relationship to Head of Household: Boarder
Birthplace: Georgia
Father's Birthplace: Georgia
Mother's Birthplace: South Carolina
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for siste innlegget!

 

Jau, det er nettopp denne innførsli frå FT1900 eg støttar meg til når det gjeld Robert P. Payne.  Han er oppgjeven vera 48 år og fødd i GA.

 

Han er elles omskriven som R. P. Payne, som her ved vigsi i 1906: https://register.shelby.tn.us/imgView.php?imgtype=pdf&id=000a-1000161

 

Her er dødsattesten hans frå 1909: https://register.shelby.tn.us/imgView.php?imgtype=pdf&id=177381909100962

 

Eg ser no at alderen ved dødsfallet er oppgjeven til 62 år, so kanskje han var fødd nokre år tidlegare enn eg har trutt?

 

Då har me faktisk ein ganske so god «kandidat» her i FT1860 i Floyd Co., GA der far Samuel Payne er fødd i GA og mor Elizabeth er fødd i SC (som det òg vert sagt i FT1900!):

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GYBF-9PY5

 

Men går me litt nærare inn på denne huslyden, forslår ancestry.com at Robert P. Payne er identisk med Robert P. Richardson of Floyd Co., GA 1850, og her ser me at mori er den same Elizabeth og med mannen John Richardson har ho òg to døtrer Sarah og Anna som er litt eldre enn Robert, som tilfellet var for Robert Payne i 1860: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6WS9-YX5

 

Og her er Samuel Payne med sin «første» familie i 1850: https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-6WS9-B6L

 

Her er vigsli til Samuel Payne med Elizabeth Richards i Floyd Co., GA 23.1.1860: https://www.ancestry.com/interactive/4766/40660_303154-00226?pid=1019807&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?db%3D4766%26h%3D1019807%26indiv%3Dtry%26o_vc%3DRecord:OtherRecord%26rhSource%3D7667&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&usePUBJs=true

 

For meg ser det ut som om «vår» Robert P. Payne i røyndi heitte Robert P. Richardson og vart «adoptert» av Samuel Payne?

 

Og her kjem eit ancestry family tree som stadfester min teori(!): https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/43081722/person/12614378012/facts

 

Me manglar nøyaktig fødselsdato for Robert og mellomnamnet hans, men no veit me i det minste kvar han kom frå, og det er kjempebra!

 

Eg har forresten i dag òg fått kontakt med etterkomarar etter Applegate-ætti, og dei er svært interesserte i å følgja opp huslyden til Harriet Heth, so kanskje er det ogso der etter kvart «von i hangande snøre»!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 9.11.2018 den 15.08, Lars E. Øyane skrev:

Harriet Heth:

* Det som manglar om ho, er ein nøyaktig fødselsdato?

Dødsattesten hennes oppgir alder til 71 år, fødselsår 1850. Her er det et sprik på ca. 6 år fra de basene du har hentet fødselsår 1844 fra.

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HY-DBG3-JSH?i=1595&cc=1417505

 

? Samme H E Payne i 1910 https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MGNC-2CT

1920 https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9RFW-XHK?i=1&cc=1488411

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for fleire nye meldingar!

 

Eg har òg merka meg at Harriet opptrer med ulike aldrar i ulike samanhangar, men eg har tru på FT1850 og FT1860 som dei mest nøyaktige.  Difor trur eg 1844 må vera svært so nær...

 

Når det gjeld borni elles, har dei vore drøfta i hovudemnet som er synt til i innlegg #1 over, men for ordens skyld følgjer her ei liste over dei sju kjende borni etter Herman Johnson og Harriet:

 

~~~~~~~~~~~~

 

* Anna Nelia Johnson, f.

 

     ##### (exact date and place of birth? – IN!)

 

     .4.1864, d. i Memphis, Tenn. 26.3.1923.  Anna gifte seg i Memphis, Tenn. 14.9.1898 med Edward L.

 

     ##### (middle name?)

 

     kjend som Ed L. Jackson, f. i Fairfield Co., S.C.

 

     ##### (exact date of his birth?)

 

     .12.1851,  Han d. i Memphis, Tenn. 29.4.1902.  Ed Jackson var bomullshandlar og snikkar («cotton merchant and carpenter»), og han og Anna budde i Memphis, Shelby Co., Tenn.  Dei var barnlause.

* William Albert Johnson, f. i Spencer Co., Ky.

 

     ##### (exact date of his birth? – 1867)

 

     d. i El Paso, Tx. 30.11.1903. 

 

     ##### (died from consumption in El Paso, TX after 2 weeks’ stay – buried in Memphis! – further info? – possibly he was married? – was a mason – bricklayer in Memphis, TN!)

 

* James H.

 

     ##### (middle name?)

 

     Johnson, f. i Spencer Co., Ky.

 

     ##### (exact date of his birth? – 1869)

 

     ##### (listed 1870 – probably died prior to 1880!?)

 

* Lillie Pearl Johnson, f. i Spencer Co., Ky.

 

     ##### (exact date of her birth? – 1872)

 

     d. i Memphis, Tenn. 14.2.1881.

* Lula Nora Johnson, f. i Montgomery Co., Tenn.

 

     ##### (exact date of her birth?)

 

     .12.1875, d. i Memphis, Tenn. 23.8.1928.  Ho gifte seg i Memphis, Tenn. 3.1.1894 med Christopher Henry Hottum, f.

 

     ##### (sjekka fødestad? - Obernheim, Baden-Württemberg(?), Tyskland – utv. 1881? – par: Leonard Hottum and Helena Leid)

 

     31.1.1869.  Han d. i Memphis, Tenn. 22.9.1959.  Dei vart skilde kring 1903, og Christopher gifte seg 4.4.1906 att i Memphis, Tenn. med Grace Lillian Richardson, f. i Plymouth Co., Mass. 29.11.1883.  Ho d. i Memphis, Tenn. 4.5.1970.   Christopher var utdanna kjemikar («chemist»), men var i mange år bar- og spelehalleigar («saloon and pool hall owner and operator») og sidan bakeri- og kaféeigar («bakery and café owner and operator»).  Han budde levetidi ut i Memphis, Shelby Co., Tenn. og fekk i alt fire born; av dei var ei dotter frå første ekteskapet med Lula.

 

     ##### (daughter:

            * Jessie Helen Hottum, born Apr. 5, 1896, died June 30, 1934 – married Henry O. King of Memphis, TN)

 

* Jessie H.

 

     ##### (middle name?)

 

     Johnson, f. i Montgomery Co., Tenn.

 

     ##### (exact date of her birth? – Feb. 1878 or 1879?)

 

     d. i Memphis, Tenn. 17.3.1923.  Ho gifte seg i Memphis, Tenn. 15.9.1898 med Joseph Peter Stanton, f. i Shelby Co., Tenn. 12.12.1874.  Han d. i Memphis, Tenn. 10.4.1938.  Joseph Stanton var maskiningeniør («machinist»), og han og Jessie budde i Memphis, Shelby Co., Tenn.  Dei var barnlause.

* T. H.

 

     ##### (full name? – a son!)

 

     Johnson, f. i Shelby Co., Tenn. 28.12.1880, d. i Memphis, Tenn. 21.8.1886.

 

Det åttande og siste barnet er førebels ukjent.

 

~~~~~~~~~~~~

 

Hadde me berre hatt tilgjenge til kyrkjebøker der desse borni vart døypte...  Då hadde alt vore so mykje enklare...

 

Om det kan vera til hjelp å spora opp nolevande etterkomarar etter einaste kjende barnebarnet Jessie Hottum King?  Mann hennar var Henry Otha King, fødd i Fowlkes Co., TN 18.11.1891.  Han døydde i Memphis, TN 30.3.1950.  Eit family tree på ancestry.com nemner denne huslyden: https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/59016579/person/48184164331/facts

 

** Helen Ann King, fødd i Memphis, TN 10.8.1920, døydde i Sun City West, AZ 7.11.1993 - gift med Charles Henry Steinbrecher, fødd i Detroit, MI 18.6.1918, døydde i Sun City West, AZ 26.5.2011 - Kanskje obituaries kan finnast? - dei ser ut til å ha butt i Detroit, MI før dei flytte til Arizona - Frå eit anna online tre; http://freepages.rootsweb.com/~steinie/genealogy/

les eg at dette parfolket fekk ein son Alan King Steinbrecher, fødd 13.4.1946 gift med Susan og  busette i San Morino, CA

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

21 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

** Helen Ann King, fødd i Memphis, TN 10.8.1920, døydde i Sun City West, AZ 7.11.1993 - gift med Charles Henry Steinbrecher, fødd i Detroit, MI 18.6.1918, døydde i Sun City West, AZ 26.5.2011 - Kanskje obituaries kan finnast?

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-L9J2-S87W?i=20629&cc=2289078

Obituary etter Helen K. Steinbrecher sier at "Mrs. Steinbrecher is survived by her husband, Charles; a son, Alan; and three grandchildren."

 

Mer om Alan og hans familie i denne artikkelen http://sanmarinotribune.com/alans-big-moment-was-all-for-naught/

 

Endret av Lars Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. for siste innlegget!

 

Dette var kjempebra!  Eg har i mellomtidi greidd å få tak i både e-postaddresse og telefonnummer til Alan og har alt sendt ein mail, so får me halda fingri vel krossa for at han er interessert nok i slekti si til å svara meg!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne ætti!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.