Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Manglande vigsler i Bergen 1853 - avvik mellom kyrkjebok og klokkarbok

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ved eit reint tilfelle har eg i dag oppdaga at ei heil rekke vigsler som er innførde i klokkarboki for Domkyrkja i Bergen i 1853 - i perioden frå mai til juli - ikkje finst i kyrkjeboki, i alle fall ikkje der dei skulle vera, og soleis heller ikkje i dei transkriberte vigselsregisteri for Bergen!

 

Sjå denne sida av klokkarboki der berre den aller siste vigsli på høgre side synest vera inført ogso i kyrkjeboki: https://media.digitalarkivet.no/view/8649/91

 

Her er kyrkjeboki som syner den siste vigsli frå klokkarboki: https://media.digitalarkivet.no/view/8332/95

 

På denne sidan i kyrkjeboki skulle vigslene frå juni normalt ha vore: https://media.digitalarkivet.no/view/8332/92

 

Kva kan gjerast for å rydda opp i dette?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Forresten finst det klokkarbøker også for vigslene og ikkje berre trulovingane:

 

Domkirken Sokneprestembete

Ministerialbok
Ministerialbok nr. D 1 Domkirken prgj. Domkirken sokn 1841 - 1853 vi, ns Første side Innhold
 
Ministerialbok nr. D 2 Domkirken prgj. Domkirken sokn 1853 - 1874 vi, ns Første side Innhold
 
Klokkerbok
Klokkerbok nr. A 3 Domkirken prgj. Domkirken sokn 1820 - 1853 dp, ub, vi Første side Innhold
 
Klokkerbok nr. D 1 Domkirken prgj. Domkirken sokn 1839 - 1857 vi, fl Første side Innhold
Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn

Nei, no vart det mykje rot frå mi side.

 

Men for meg ser det ut som om alle trulovingane bortsett frå Andreas Madsen (nest sist på høgre side):

https://media.digitalarkivet.no/view/8649/91

finst som vigsler og er søkbare i den gamle databasen over vigde i Bergen 1816-1911:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=vigd1816

Og også i den nye.

 

F. eks. finn eg Johan Martinus Iversen her:

https://www.digitalarkivet.no/view/325/hv00000000376098

 

Har du andre eksempel på trulovingar som ikkje finst som vigsler?

Endret av Torbjørn Igelkjøn

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Renathe-Johanne Wågenes - DA

Hei

Når du skriver kirkeboken, så regner jeg med at du mener ministerialboken.

 

Når man transkriberer en kilde, så transkribere man kilden slik den er. F.eks hvis en klokkerbok inneholder mer informasjon enn ministerialboken og man transkriberer ministerialboken, så kommer ikke informasjonen fra klokkerboken med. Skal informasjonen fra klokkerboken kommer med, da må klokkerboken transkriberes. 

 

Jeg bladde igjennom de sidene fra ministerialboken du viser til. Hvis du ser på sidetallene så stemmer disse. Det samme gjør løpenr i ministerialboken. Det er ingenting som tyder på at det er sider som ikke er skannet. Dersom presten har glemt å føre inn informasjon, kan vi ikke gjøre noe med dette. 

Dersom personer finnes i klokkerboken, men ikke i ministerialboken, må klokkerboken transkriberes. Klokkerboken må ta transkriberes i sin helhelt (altså alle vigde) og ikke kun evt. personer som mangler i ministerialboken. Arkivverket har ingen planer om å transkribere vigde for Bergen. 

 

Håper at dette var det du lurte på.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Torbjørn og Renathe-Johanne for kommentarar i denne saki.

 

Eg ser no at den første referansa mi i innlegg #1 er vorti feil.  Det skulle ha vore neste side: https://media.digitalarkivet.no/view/8649/92

 

der me finn som nest siste innførsle på høgre side:

 

Askild Jacobson Øgaard og Mette Marie Johnsdotter.  Dette er den vigsli som eg ikkje finn i ministerialboki,

 

Samstundes oppdagar eg no at det står «trolovede» oppe på biletsida, og ved nærare sjekking ser det ut til at dei fleste av dei pari som er førte på denne sida, òg dukkar opp i vigselsregisteret i ministerialboki, men på seinare datoar!

 

Konklusjonen må då verta at Askild og Mette Marie aldri vart gifte, og dette forklarar òg at Mette Marie er skrivi som «ugift» eller «pige»

 

* FT1865: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038249019683

 

* FT1875: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052295025352

 

* Dødsfallet 1885: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000256062

 

Eg forstår at det ville vera svært ressurskrevande å transkribera klokkarbøkene i tillegg til ministerialbøkene, og det ville ikkje vera so mykje å «vinna» på det.

 

Då ville det vera meir meiningsfyllt å transkribera trulovingsprotokollane i tillegg til vigselsprotokollane, for å «fanga opp» dei pari som av ein eller annan grunn likevel ikkje vart vigde, men ogso dette er ressurskrevande, so i slike tilfelle er det faktisk ein fordel at FamilySearch har transkribert og databaseregistrert trulovingane, men kvifor har dei nytta klokkarbøkene for denne transkriberingi.  Då har eg eit spørsmål:

 

** Finst det ikkje trulovingsprotokollar i serien av ministerialbøker for Domkyrkja på 1850-talet?

 

Som ein parentes:  Då eg i si tid registrerte kyrkjebøkene for Hafslo på 1700-talet, var desse førte med eigen kolonne for trulovingar, og eg gjekk systematisk gjennom både vigde og trulova for å «fanga opp» alle «vigselskandidatane», men hovudòrsaki den gongen var at par som påviseleg var gifte stundom mangla i den eine eller andre kolonna!)

 

Eg takkar på ny for merksemdi!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Torbjørn Igelkjøn
4 timer siden, Renathe-Johanne Wågenes - DA skrev:

Hei

Det finnes Forlovelseserklæringer for Domkirken i denne perioden

https://media.digitalarkivet.no/kb/contents/4563

 

 

Men desse sluttar i 1852, her er det snakk om 1853.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Renathe-Johanne Wågenes - DA
1 time siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

 

Men desse sluttar i 1852, her er det snakk om 1853.

Hei

Jeg svarte på Lars sitt spørsmål som var:

 

** Finst det ikkje trulovingsprotokollar i serien av ministerialbøker for Domkyrkja på 1850-talet?

 

Ellers må jeg henvise til at kirkebøkene for Bergen er skannet, slik at man må finne de fram på enten Finn kilde eller skanna arkiver. 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.