Gå til innhold
Arkivverket

Otto Leonhards musikkforretning i Bergen - opplysningar?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Eg finn denne "musikalie-handelsmannen" i 1910 - https://www.digitalarkivet.no/nn/census/apartment/lf01036708061022 og lurer på om nokon kjenner til forretninga hans - kor lenge ho eksisterte, f.eks.

 

Grunnen til at eg spør, er at eg har kome over ein gammal harpeleik som har denne forretninga sitt merke på seg, og det gjer meg nysgjerrig.

 

Innlegget var fyrst kome i feil forum; det var hit eg skulle.

 

 

otto.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

14. juni 1914 var  det melding om konkursvarsel i Bergens Tidende for handelsborgar Otto Leonhardt.
Musikkhandlar Otto Leonhardt hadde hatt mange annonser i Bergens Tidende våren 1914.
Ein kan lesa fleire av dei på Nasjonalbiblioteket sine sider for digitaliserte aviser.
https://www.nb.no/search?mediatype=aviser

Dette er aviser som er tilgjengelege for alle.

image.png.a6eba5557d2e41f17f24d63d7f6ff437.png

Med helsing
Eli Randmo

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjerteleg takk, dette var interessant! Eg kan vel kanskje då gå ut frå at den aktuelle harpeleiken er kjøpt der seinast 1914.

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fantastisk, tusen takk! Tre gongar gratis stemming var eit godt salstriks, men den som ikkje stemmer sjølv, sluttar ofte fort å spele 😞

Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 minutter siden, Jostein Stokke skrev:

Musikk-Magazinet lever i beste velgåande -  der kan du sikkert få stemt harpeleiken din!  Adressa er Engen 2 - like ved tetaeret.

http://www.mus-mag.no/

Takk for tipset, men eg stemmer nok harpeleikane mine sjølv fleire gonger i veka 🙂  - og harpeleiken frå Otto sin butikk var dessverre ikkje muleg å stemme pga sprekker og tørt treverk.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

2 minutes ago, Aase R Sæther - Gloppen said:

og harpeleiken frå Otto sin butikk var dessverre ikkje muleg å stemme pga sprekker og tørt treverk.

Nei og nei - då må du reklamera på han - eg kan ikkje skjøna anna 🙂

 

  • Liker 1
  • Haha 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, du har gjerne eit poeng der - 110 år i vekslande klima utan å bli brukt dei siste 70 åra, er no det minste eit kvalitetsinstrument bør tole... Men spøk til sides: prosjektet mitt for tida er å finne ut meir om kor utbreidd instrumentet har vore i bygda vår, og gjerne finne det eldste spelbare instrumentet. Dette var ein god kandidat, heilt til eg begynte å stramme skruane... (Det som eg trakterer på videoen ovanfor, er berre frå ca 1980).

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.