Gå til innhold
Arkivverket

Folketeljingane USA 1880 og eventuelt andre - identifikasjon av emigrantane - eit dugnadsprosjekt som alle med interesse for utvandring vil ha felles nytte av?

Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Gerhard B. Naeseth (1913-1994) i Madison, WI, den vel umomstridne største eksperten på utvandring frå Noreg til Amerika, børja kring 1970 å skriva av for hand alle dei norske innførslene i amerikanske folketeljingar, først og fremst 1850, 1860 og 1880.  Særleg har eg vore oppteken av FT1880, og Gerhard sendte meg i si tid kopiar av alle desse avskriftene som han gjorde.  I utgongspunktet hadde han alt identifisert ganske mange av dei personane som var innførte før listene kom til meg, medan eg såg det som mi oppgåve å identifisera so mange som mogeleg av dei tusener av emigrantar som var komne frå indre Sogn.  Sidan er ogso eit stort tal hallingar vortne identifiserte av lokal ekspertise.

Desse avskriftene danna i si tid grunnlaget for databasane som no ligg ute i Digitalarkivet av norske i Amerika 1880, men listene ville vore so mykje meir spennande og interessante dersom me kunne få lagt inn dei mange tusen identifikasjonane som er påskrivne kopiane, og dessutan ville det vore ønskjeleg å få sett i gong arbeidet med å freista identifisera fleire av dei uidentifiserte emigrantane som dukkar opp i desse listene, som ofte vil vera emigrantar frå andre kantar av landet!  Eg ser for meg at me på eitt eller anna tidspunkt kan enda opp med eit «Norgeskart» over Amerika...

Eg trur ikkje det er relevant å påleggja arkivverket ansvaret for ei slik oppgåve, men listene bør jo leggjast ut for publikum.  Eg meiner å vita at NAHA har stor interesse av eit slikt prosjekt, og eg reknar med at DIS-Noreg òg vil ha interesse av dette?  Kanskje ogso NSF?  Men når det gjeld sjølve identifikasjonearbeidet, er me naturleg nok avhengige av ekspertise frå heile landet - eit felles løft til ein felles base som alle vil ha nytte av!

Eg sit på desse listene i dag, men er òpen for innspel for korleis dette kan gjennomførast!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars !

Tanken om å gjera noko med FT 1880, Amerika, er god, Lars !

Den hadde TRULIG vore betre i 2008, og enno betre i 1998 !

I 2018 er vi nordmenn ikkje så ivrig på nokon dugnads-prosjekter, diverre !! 

Dessutan har vi FT 1920 snart.  Og vil vi ha FT 1920, så må vi gjera mykje sjølve !

Ellers så får vi bla i den skanna versjonen.

Difor trur eg du vil få tilbakemeldingar her, Lars ! Diverre ! Nordmenn vil mogelig (eg håpar JA) til å væra med på FT 1920.

Difor så kjem dette dugnadsarbeidet, FT 1880, Amerika, som nedprioritert. Trur eg.

Sjølv har eg spurt om FT 1875, Balestrand på Fasabokji til Balestrand Sogelag. Då Balestrand er ein av få kommunar utan Transkibert 

FT 1875. Men ikkje ein «knyst» fyrebils !

Du får teinkja på saka, Lars !

Og når du har gitt ut siste bokji i serien Luster Ættabøkjer, skal då reisa til Syden og liggja leeeeenge i ei hengekøye å sjå opp på himmelen ??

God helg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Jon for attendemelding!

Eg fryktar nok for at du kan ha rett med omsyn til folks lyst til å vera med på dugnadsinnsats av dette slaget, men det kjem vel òg litt an på interessen.  For fleire år sidan prøvde eg å setja i gong ein dugnad for registrering av gravferder i Lærdal fram til 1752, og eg sat mange timer med avskriving og registrering av kyrkjebøker, men eg fekk ingen med meg på den dugnaden!  So eg forstår skepsisen din, Jon!

Eg vil tru at mange av dei som verkeleg er interesserte i utvandringsforsking sikkert godt kan tenkja seg å delta, men for meg ville det klart vera ein stor fordel om ein større organisasjon stod for denne dugnaden.  Som du veit, bur eg i Tyskland, og eg har dessutan helsemessige innskrenkingar som gjer det vanskeleg for meg å administrera protokollar etc. herifrå.  Difor er alle protokollane samla i Hallingdal, so dei skal vera lett tilgjengelege.

Eg trur me skal venta litt og sjå kva som skjer vidare.  Kanskje kjem det brått ei løysing på bordet som alle kan nyta godt av...  Men skulle dette ikkje skje, er det jo ikkje verre enn at eg får syta for å henta protokollane til Tyskland og gjera grunnarbeidet (databaseoppdateringi) sjølv, for er opplysningane først inntasta, er det jo so mykje enklare...  Men dette vil ikkje skje før bygdebøkene for Luster er ferdige.  Og eg kan forsikra deg om at noki hengekøye med solbrillar vert ikkje kjøpte på denne kanten so lenge eg er i stand til å bruka hovudet til noko vettugt!  Eg kan fortelja deg, Jon, at sidan eg tok til med ættegransking for 50 år sidan har eg aldri hatt høve til å kjeda meg!

Uansett, eg er den fødde optimist, og eg vonar framleis på positive attendemeldingar!

  • Liker 5
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Tor for siste innlegget!

Eg er ikkje heilt sikker på om eg har forstått spørsmålet ditt rett.  Avskriftene er gjort for hand, og sjølve skrifti er godt leseleg.  Ogso dei identifikasjonane som er førte på, sklulle vera godt leselege, ein person pr. linje gjennom heile materialet.

Dei originale avskiftene er jo transkriberte frå før, nokre av underteikna, men dei langt fleste av Yngve Nedrebø, og dei ligg jo ute hjå Arkivverket.  Det er dei identiserande merknadane som må leggjast inn, og det burde vel i prinsippet vera mogeleg å skanna desse ut ifrå dei handskrivne listene og leggja desse inn på rekneark, til dømes i Excel, men for å vera trygg på resultatet, bør ein nok gå igjennom listene for å korrekturlesa dei...

Eg er diverre ingen ekspert på datateknologi.  Er du kanskje interessert i å gjera ein test?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 17.11.2018 den 17.45, Jon Sværen skrev:

Lars !

Tanken om å gjera noko med FT 1880, Amerika, er god, Lars !

Den hadde TRULIG vore betre i 2008, og enno betre i 1998 !

I 2018 er vi nordmenn ikkje så ivrig på nokon dugnads-prosjekter, diverre !! 

Dessutan har vi FT 1920 snart.  Og vil vi ha FT 1920, så må vi gjera mykje sjølve !

Ellers så får vi bla i den skanna versjonen.

Difor trur eg du vil få tilbakemeldingar her, Lars ! Diverre ! Nordmenn vil mogelig (eg håpar JA) til å væra med på FT 1920.

Difor så kjem dette dugnadsarbeidet, FT 1880, Amerika, som nedprioritert. Trur eg.

Sjølv har eg spurt om FT 1875, Balestrand på Fasabokji til Balestrand Sogelag. Då Balestrand er ein av få kommunar utan Transkibert 

FT 1875. Men ikkje ein «knyst» fyrebils !

Du får teinkja på saka, Lars !

Og når du har gitt ut siste bokji i serien Luster Ættabøkjer, skal då reisa til Syden og liggja leeeeenge i ei hengekøye å sjå opp på himmelen ??

God helg

Vedrørende 1875-tellingen

https://www.digitalarkivet.no/content/436/dugnadsprosjektet-transkribering-av-1875-tellingen-er-nå-fullført

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er kjekt å sjå at du Renathe-Johanne kjem på bana her.  Det er kjempebra at FT1875 no er ferdig.  Eg gler meg til alt vert søkbart på nettet!

Der har eg leitt etter mange personar gjennom fleire år...  Då vert det kanskje mogeleg å komma på sporet etter fleire bortkomne sogningar land og strand rundt...

Men for å koma attende til den amerikanske 1880-taljingi.  Den vart jo i si tid dbaseregistrert av Yngve Nedrfebø (og ein mindre del av underteikna).  For å sleppa å måtta registrera desse avskriftene på ny, er det vel mogeleg å få ut ein kopi av Digitalarkivet sin base som so kan nyttast til suppleringar av dei føreliggjande identifikasjonsopplysningane?  Eg snakka med Yngve om dette for ei tid attende, og han meinte jo ogso det måtte vera mogeleg å tilretteleggja basen for slik bruk, men teknologien er no komen so langt at både han og eg er hamna på eit «teknisk sidespor», so me treng hjelp av andre til å få dette til...  Dbase er vel ei saga blott...

Hjarteleg takk for alle tips frå Arkivverket (og andre)!

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Dbase er nok ikke i bruk lengre nei

Dersom du ønsker å ha ut en database fra Digitalarkivet, må du sende en forespørsel pr epost

digitalarkivet@arkivverket.no

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

8 timer siden, Renathe-Johanne Wågenes - DA skrev:

Det kan også nemnast at medan ein ventar på at dette skal bli lagt ut i Digitalarkivet er det meste av materialet alt søkbart på rhd sine sider.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Renathe-Johanne og Torbjørn for nye innlegg!

E-post er send vedrørande den amerikanske 1880-teljingi.

Elles er tydeleg prestegjeldi i Sogn mellom dei som let venta på seg i 1875-teljingi, ogso hjå RHD.  Det er mykje arbeid å bla seg igjennom til dømes Luster...

Ein ny kjempetakk for innspel.  Eg gler meg til endeleg å få «styr» på 1880-taljingi frå USA!

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk til Renathe ang ditt svar om FT 1875 i # 6 !

Lars: Eg villa ha vorte svææææært overaska om du hadde valgt heingekøyen etter arbeidet m/ Lustra-bøkene.

———

Ting og tang som KUNNE ha vore lettare: 

Før i tida, då Fylkesarkivet (FA) i SF virka «som det skulle», fekk vi sjå Skifte i Indre Sogn fram til ca 1850.

No er dette borte vekk frå nettet og ein må senda ein e-post vil FA, for å sjå kva som står, det som ein kunne finna sjølv.

Annmeldte dødsfall vil ein i Oslo sjå frå 1.5.2006 og fram til og med oktober 2018.

Så vidt eg veit er det KUN Oslo som har dette tilbudet.

https://www.domstol.no/no/Enkelt-domstol/oslo-byfogdembete/arv-og-skifte/om-arv-og-skifte/Anmeldte-dodsfall/

Hadde heile landet vore so godt dekka som Oslo, ville det ha vore lettare å vita når ein skulle på Bibloteket å sjå etter dødsannonsen.

Den aller beste løysinga ville vi sjølvsagt få frå Datatilsynet, då synet deira på adopsjon vart mjuka opp !

I dag er Kyrkjebokji steingt for fødte etter 1930, pga dette Top Secret ang adopsjon. 

Og sjømenn må væra 100 år: 15 år + 85 år, før vi kan sjå Skanna materialer! Kvifor spyr du om ? Ein sjømann kunne ha fått gonoré eller liknande, og det må difor skjulast !!!

Ser ikkje bort i frå at her må vi ha ein EU domstol med oss, før nokon vil «ta til vitet» !

For oss som stemte NJET både i 72 og i 94, hadde ein Positivt avgjer i EU-domstolen gjort godt !

  • Haha 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

16 timer siden, Jon Sværen skrev:

Adopsjon: Det er fortsatt 100 år sperring på adopsjonssaker. Det som er endret er at f.eks barn av den som ble adoptert kan få innsyn i saken før det har gått 100 år. Dette hadde de ikke tidligere. Vi andre som ønsker å se en adopsjon, må vente til det har gått 100 år.

Sjømenn: Litt usikker om hvor du har det med 100 år der. Du kan f.eks i dag se i de skannede sjømannsrullene som går opp til 1948. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

14 timer siden, Jon Sværen skrev:

Renathe !

Takk for svar !

Sjømenn er sperra etter mønstra 16.5.1934, Bergen. Så vidt eg hugsar var Kristian i Oslo inne i bilete ang sperring. Her er siste sida vi kan sjå:

http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-ru10611707110069.jpg

Neste sida er sperra. 

Hei

Prøv denne. Kommer du inn her? Denne går fram til 1948

https://media.digitalarkivet.no/view/78979/534?indexing=

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Sjømannsrullene er en type protokollet som går fram til 1948, og som er fritt tilgjengelige for bruk på lesesal. (De var antakelig omfattet av 60 års taushetsplikt etter Forvaltningsloven, men samtlige er altså minst 70 år gamle.)

På Internett, og dermed også i Digitalarkivet, må vi være varsomme med hva vi gjør fritt tilgjengelig. I tillegg til at vi selvfølgelig ikke kan legge ut taushetsbelagte opplysninger, er det flere ting å passe på. Dette er beskrevet her: https://www.digitalarkivet.no/content/99/sperret-innhold-i-digitalarkivet

Sjømannsrullene er sperret for bruk i Digitalarkivet i de tilfeller hvor det kan forekomme sensitive opplysninger, og hvor vi ikke har hatt kapasitet til å lese gjennom alle opplysningene. Det betyr at sperren slår inn til ulike tidspunkt, avhengig av i hvilken grad vi har sett gjennom protokollene. Generelt vil sperren slå inn f.o.m. 1934, ettersom vi tar høyde for at sjømenn som fikk utstedt sine patenter i 1934 eller senere, ennå kan være i live, men i noen tilfeller - f.eks. i protokollen som Renathe-Johanne Wågenes har lenket til i forrige innlegg - har vi forsikret oss om at sensitive opplysninger ikke forekommer.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Renathe:  Eg kom inn på lekkja du nevnte i # 14. 

Tusen takk !

———

Kristian: Eg kunne gjerne ha lyst å få lov til å helsa på sjøfolk som fekk sine «patenter» i 1935 - 1940 !

Eg må sjølvsagt akseptera at det som er er «lov» i DA,  som du nevnt i # 15, men det virkar som ein skrivebords-regel for meg !

Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 timer siden, Jon Sværen skrev:

Kristian: Eg kunne gjerne ha lyst å få lov til å helsa på sjøfolk som fekk sine «patenter» i 1935 - 1940 !

Eg må sjølvsagt akseptera at det som er er «lov» i DA,  som du nevnt i # 15, men det virkar som ein skrivebords-regel for meg !

Lov og forskrift er ganske klare på hva slags opplysninger som ikke kan legges fritt tilgjengelige på Internett. Arkivverket må forholde seg til dette og finne rutiner som gjør at opplysninger som ikke kan ligge fritt tilgjengelig på Internett, blir fritt tilgjengelige. Så lenge vi ikke har kapasitet til å finlese alle dokumenter i arkivene, innebærer det i praksis at vi sperrer mye som kunne vært fritt tilgjengelig. Det er naturligvis ikke mange sjømenn som fikk sine patenter før 1940 som fremdeles er i live, men det kan være noen, og det kan stå noe sensitivt om disse. For oss er det bedre å sperre for mye enn for lite.

Tilsvarende praksis er i "alle år" blitt brukt med hensyn til klausulering av arkivmateriale pga taushetsbelagte opplysninger. Ofte blir det lagt en generell klausul på en hel serie arkivstykker eller et helt arkiv, og først når det kommer en innsynsforespørsel på konkret arkivstykke, blir arkivstykket nøye gjennomgått. En slik gjennomgang kan medføre påvisning av konkrete taushetsbelagte opplysninger, som medfører at klausuleringa opprettholdes på hele eller deler av arkivstykket, eller den kan medføre at klausulen fjernes for hele arkivstykket, fordi det viser seg at det ikke er taushetsbelagte opplysninger i akkurat det arkivstykket.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

14 timer siden, Kristian Hunskaar (Arkivverket) skrev:

ettersom vi tar høyde for at sjømenn som fikk utstedt sine patenter i 1934 eller senere, ennå kan være i live,

Vert denne grensa flytta eit år fram ved kvart årsskifte?

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

7 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Vert denne grensa flytta eit år fram ved kvart årsskifte?

Ikke uten videre. Siden bildene ikke er indeksert med årstall (for patentutstedelse), kan vi ikke gjøre noe maskinelt. Jeg åpnet opp 3-4000 bilder tidligere i høst, etter en gjennomgang av alle sjømannsrullene i Digitalarkivet, og da hadde sperringene vært uendrede siden de respektive rullene var blitt publisert, de fleste i 2014 og 2015. Ved den anledningen ok jeg meg som regel tid til å bla meg utover i protokollene helt til jeg fant sjømenn født i 1919 eller senere, slik at det mange tilfeller ble åpnet til både 1935 og 1936.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...
On 11/17/2018 at 5:45 PM, Jon Sværen said:

Lars !

Tanken om å gjera noko med FT 1880, Amerika, er god, Lars !

Den hadde TRULIG vore betre i 2008, og enno betre i 1998 !

I 2018 er vi nordmenn ikkje så ivrig på nokon dugnads-prosjekter, diverre !! 

Dessutan har vi FT 1920 snart.  Og vil vi ha FT 1920, så må vi gjera mykje sjølve !

Ellers så får vi bla i den skanna versjonen.

Difor trur eg du vil få tilbakemeldingar her, Lars ! Diverre ! Nordmenn vil mogelig (eg håpar JA) til å væra med på FT 1920.

Difor så kjem dette dugnadsarbeidet, FT 1880, Amerika, som nedprioritert. Trur eg.

Sjølv har eg spurt om FT 1875, Balestrand på Fasabokji til Balestrand Sogelag. Då Balestrand er ein av få kommunar utan Transkibert 

FT 1875. Men ikkje ein «knyst» fyrebils !

Du får teinkja på saka, Lars !

Og når du har gitt ut siste bokji i serien Luster Ættabøkjer, skal då reisa til Syden og liggja leeeeenge i ei hengekøye å sjå opp på himmelen ??

God helg

Hei Jon Sværen! Eg er blitt kjent med etterkomarar av Kristi (Anfindsdatter?)Sværen som utvandra i 1873 med Vaklyrien frå Bergen. Gifta seg med Johan Jørgensen Sater. Sater var eit navn dei tok for å skille seg frå andre Jørgensen. Spørsmål: veit du om ho kom frå Sværen? Og er der slekt igjen der?

etterkomarsne eg er blitt kjent med bor i Oregon.

mvh Berit Haugen 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Berit !

Kristi Arnfinsdtr Sværen, nr 7 av Anfinn og Anna sine ongar, f 6.12.1853 og utv i 1873 kom frå Sværen i Balestrand.

Christi vart gift 14.6.1876 i hennar foreldres heim m/ ekkjemann Johan Jorgenson Sather f 26.4.1839 i Rødenes, Østfold.

Dette har eg oversatt frå ei bok utg i 1986 i USA av Barbara Barsness Swedenburg: The Ulvestad Family, side 327.

Arnfinn (1819-1906) er halvbror same far, mødrene var syster til Ingeborg (1826-1906). Ingeborg er mi Tipp-oldemor.

Du spyr om det er slekt i Balestrand (Sogndal Kommune): JA !  Men då snakkar vi ikkje om syskjen-bodn !

Då snakkar vi om 5 eller 6 meninger !

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.