Gå til innhold
Arkivverket

Johannes Erikson (1798-1984) . gift to gongar - frå Luster i 1838 til Oksegrov og sidan til Hatle i Fræna - kvar vart det av denne vidstrakte ætti - kan lokal ekspertise eller bygdebøker hjelpa meg vidare?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Hjarteleg takk til Lars W. for nye spennande innlegg!

 

Det er ikkje so lett å halda tinga heilt beint når ein har å gjera med so mange huslydar og ulike bustadar, men eg tykkjer du Lars greier dette på eit kjempefint vis!  Me lyt vel kanskje òg leggja litt skyld på geografien i Fræna.  Fleire bustadar synest ha ulike namn til ulike tider...

 

Uansett, eg har oppdatert manuskriptet frå innlegg #47 og no erstatta det med dette:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Erikson Hatle, frå Notasva 1 under Hauge, vart døypt i Sogndal 7.8.1798 og gifte seg første gongen 25.6.1822 med Synneva Ellefsdotter, likeins frå Notasva 1 under Hauge.  Ho vart døypt 10.3.1793, men d. som husmannskone på Hauge alt 29.5.1831.  Johannes gifte seg so 21.6.1832 att med Kari Jensdotter frå Teigen under Dalsøyri, døypt 3.1.1807.  Det ser ut til at Johannes fekk plass på Ørevoldskogen alt kring 1823, men nokon festesetel fekk han ikkje før 19.10.1833.  Men det var nok ikkje plass til tre husmenn på Skogen, so Johannes slutta med plassen sin alt i 1838.  Då vart plassen nedlagd, og plassjordi vart nok lagd til ein av naboplassane på Skogen.

Johannes Erikson og andre kona Kari flytte i 1838 til Fræna i Romsdalen.  Der finn me dei først att som gardbrukarar på Oksegrov, men sidan vart dei gardbrukarar på Hatle i Fræna der dei budde levetidi ut.  Kari d. som kårkone på Hatle 3.12.1874, medan Johannes d. som kårmann same staden 7.12.1874, berre nokre dagar etter kona si.

Johannes og første kona Synneva fekk tre born i lag, alle fødde og dels oppvaksne her under Hauge:

 1. Ingeborg Johannesdotter, f. 21.8.1822,

Ingeborg Johannesdotter flytte med faren og stemori til Fræna i 1838, men gifte seg i Bud 8.7.1855 med Anders Olaus Oliverson frå Hustad i Bud.  Han var son av gardbrukar Oliver Olson på Hustad i Bud og kona Guri Andersdotter frå Farstad og f. i Bud 15.9.1832.  Ingeborg og Anders tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Hustad i Bud og vart buande der levetidi ut.  Ingeborg d. som kårkone på Hustad 23.5.1895, medan Anders d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1913! – truleg etter 1919!?)

 

Dei fekk fem born i lag:

 

##### (sjekka at alle borni deira er medkomne!?)

 

a. Gurianna Andersdotter, f. i Bud 19.4.1855, d. som strandsitjarkone på Myren nedre i Bud 28.8.1890.  Ho gifte seg i Hustad, Bud 24.8.1879 med Nils Ludvig Larsson frå Myren under Karlsvik ytre i Bud og f. i Bud 2.1.1853.  Nils var fiskar, og han og Gurianna budde som strandsitjarar på Myren nedre under Karlsvik ytre i Bud,

 

     ##### (var dette heimeplassen hans?)

 

     men som enkjemann utvandra Nils i 1892 til Amerika, og me finn han att under namnet Nels Larson der han 24.2.1897 gifte seg att i Kittson Co., Minn. med Sirianna Knutsdotter frå Hol i Fræna, i Amerika kjend som Serianna Knutson.  Ho var dotter av gardbrukar Knut Andersson på Hol, opphavleg frå

 

     ##### (fødd Fræna 1823)

 

     og kona Torina Tollefsdotter frå

 

     ##### (fødd Bud 1820)

 

     og f. i Fræna 8.2.1845, men utvandra òg til Amerika i 1892. 

 

     ##### (sjekka utvandringsåret hennar?)

 

     Nels og Serianna Larson slo seg ned som farmarar i Teien township, Kittson Co., Minn. der Sereanna d. 8.10.1921.  Nels Larson d.

 

     ##### (place of his death? – Pembina Co., ND!)

 

     26.5.1938.  Nels fekk i alt seks born, som alle var frå første ekteskapet med Gurianna, men Sereanna hadde òg eitt barn får før. 

 

     ##### (sjekka dette? – son eller dotter?)

 

b. Karen Serine Andersdotter, f. i Bud 8.2.1858, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1910)

 

     Karen gifte seg i Hustad, Bud 1.11.1886 med Knut Larsson frå Venås i Bud, f. i Bud 20.6.1857.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1910!)

 

     Knut og Karen var gardbrukarar på Venås i Bud,

 

     ##### (var dette heimebruket hans? – budde der 1910 – kva sidan?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Laura Beste, f. Bud 1887 – n- 1900

            * Ingeborg Augusta, f. Bud 21.6.1889 – n. 1900/1910

            * Lars, f. Bud 7.5.1895 – n. 1900/1910

            * Anders, f. gdb. Venaas, Bud 4.12.1900 – n. 1910)

 

c. Ole Andersson, f. i Bud 7.8.1860, d.

 

    ##### (dato og stad for dødsfallet hans? – e. 1910!)

 

     Han gifte seg første gongen i Hustad, Bud 21.6.1886 med Elen Anna Eriksdotter frå Malefeten i Hustad, Bud, f. i Bud 28.9.1866.  Men ho d. som gardbrukarkone på Hustad 29.12.1902, og Ole gidte seg 16.7.1905 att i Hustad, Bud med Gjertine Martine Pedersdotter frå Farstad i Hustad, Bud, f. i Bud 30.3.1876.  Ho d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hennar? – e. 1910)

 

     Ole Andersson var fiskar, og tok over som gardbrukar på heimebruket på Hustad, Bud. 

 

     ##### (budde framleis der 1910 – sjekka at dette var heimebruket?)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Ingeborg Augusta, f. Bud 1887 – n. 1900 – gift Molde 3.11.1913 med Sivert Lasseson Hatlen, f. Bolsøy 1878

            * Edvard Anton, f. Bud 18.2.1890 – n 1900/1910

            * Anders, f. Bud 29.8.1892 – n. 1900/1910

            * Gunhild Lovise, f. gdb. Hustad, Bud 2.8.1900 – n. 1900/1910

            * Erik Andreas, f. Buc 14.1.1907 – n. 1910)

 

d. Johan Andersson, kjend som John A. Hustad, f. i Bud 20.11.1862, utvandra til Amerika i 1886 og gifte seg

 

     ##### (date and place of his marriage – Day Co., SD 1888?)

 

     med søskenbarnet Hanna Christiansdotter frå Oxegrov i Fræna, i Amerika kjend som Hanna C. Haaseth, ei dotter av mosteri hans Synneva Johannesdotter frå Hatle i Fræna (1833-1914) (sjå nedanfor).   Hanna var f. i Fræna 24.4.1855, men utvandra til Amerika i 1885.  John og Hanna farma ein del år i Raritan township, Day Co., S.D., men flytte sidan til Roslyn, Day Co., S.D. der John livnærte seg som skomakar («shoe maker»).  John d. i Roslyn, S.D. 12.3.1939, medan Hanna Hustad d. same staden 25.4.1941.

 

     ##### (verify places of their deaths?)

 

     Dei fekk fire born i lag.

e. Anders Andersson, f. i Bud 14.7.1864, d. på Hustad i Bud 12.3.1865.

 2. Erik Johannesson, f. 6.4.1825,

Erik Johannesson flytte òg med faren og stemori til Fræna i 1838 der han 5.11.1854 gifte seg med Maria Knutsdotter frå Bjørnsund søndre i Fræna.  Ho var dotter av strandsitjar Knut Syverson på

 

##### (ein plass, men kva for ein?)

 

under Bjørnsund søndre, opphavleg frå Bjørnsund søndre, og kona Johanna Steffensdotter frå Husøy, Sandøy i Aukra og f. i Fræna 20.5.1830.  Erik og Maria var ei tid gardbrukarar på Oksegrov i Fræna, men flytte kring 1858 til eit bruk på Hatle i Fræna og kring 1862 vidare som plassfolk til Uren under Eidem i Fræna.  Sidan var dei ei tid innerstfolk på Oksegrov og likeins hjå halvbroren hans på Levran, men siste åri budde dei hjhå sonen Edvard på Sørvåg under Bjørnsund søndre i Fræna der Erik d. 4.2.1897.  Som enkje budde Maria Knutsdotter ei tid hjå dotteri Erika i Bergen, men d. på Bjørnsund søndre i Fræna 9.3.1913.  Dei fekk åtte born i lag:

a. Karen Johanne Eriksdotter, f. i Fræna 19.2.1855, d. som enkje på Morsund i Sandøy, Aukra 3.11.1909.  Karen gifte seg i Sandøy, Aukra 7.7.1878 med Knut Elias Carlson frå Ruskegjerdet under Eidsvik i Vatne, Skodje, f. i Skodje 4.5.1851.  Han d. som husmann på Morsund i Sandøy, Aukra 30.5.1906. 

 

     ##### (yrke og bustad? – 1878 bus. Morsund , Sandøy – 1880/1900 strandsitjar og fiskar Brunsvold i Sandøy, men er kalla Morsund i 1900! – kva er plass under kva??)

 

     ##### (tal på søner og døtrer? – inkl.:

            * Berent Elias, f. uekte Sandøy, Aukra 25.6.1877 – n. 1900

            * Karl Johan, f. ind. og fisk.b. Morsund, Sandøy, Aukra 21.2.1879

            * Nils Andreas, f. strs og fiskb. Brunvold, Sandøy, Aukra 30.9.1880 – n. 1900/1910 folkehøgskuleelev i Volda

            * Ingvald Marius, f. strs og fiskarb. Brunvold, Sandøy, Aukra 9.1.1883 – n. 1900

            * Johan Edvard, f. strsb. Brunvold, Sandøy, Aukra  25.5.1889 – n. 1900/1910 (losjerande fiskar «Morsund» Bergset i Bud

            * Karen Anna, f. strsb. Morsund, Sandøy, Aukra 27.5.1891 – n. 1900

            * Kristian Konrad, f. strsb. Brunvold, Sandøy, Aukra 1893 – n. 1900/1910 (losjerande fiskar «Morsund» Bergset i Bud)

 

b. Sirianna Eriksdotter, f. i Fræna 31.1.1857, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfalllet hennar?)

 

     Sirianna gifte seg i Gildeskål 23.11.1885 med Torsten Bertinus Sandberg Sørenson frå

 

     ##### (ein plass, men kva for ein?)

 

     under Hustad i Gildeskål, f. i Gildeskål 9.2.1858.  Hans d. på Hustad i Gildeskål 8.11.1919. 

 

     ##### (yrke og bustad? – 1900/1910 husmann og fiskar på Nesjarhaugen under Hustad, men kalla gardbrukar Hustad ved dødsfallet 1919!)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – inkl.:

            * Hanna Severine Sofie, f. indb. Hustad, Gildeskål 5.4.1886  - konf. 1900 – d. Bergen 18.6.1986

            * Edvarda Maria, f. indb. Hustad, Gildeskål 9.7.1889 – n. 1900 Marie – konf. 1904

            * Thora Seriane, f. indb. Hustad, Gildeskål 29.7.1891 – n. 1900 Tora – konf. 1906

            * Konstance Jentine Mathilde, f. indb. Hustad, Gildeskål 13.7.1893 – n. 1900 Konstance – konf. 1908

            * Inga Laurine Flod, f. hdb. Hustad, Gildeskål 30.8.1895 – n. 1900 – g. Pedersen – d. Bergen 2.9.1979

            * Agnes Elise, f. hdb. Hustad, Gildeskål 27.9.1897 – n. 1900 Agnes Lovise – gift Johansen - d. Bergen 4.3.1882)

 

c. Kari Eriksdotter, f. i Fræna 10.8.1859, d. i Fræna 23.8.1859.

d. Johan Erikson, f. i Fræna 30.6.1860, var fiskar og budde på Bjørnsund nordre i Fræna men miste livet på sjøen 30.4.1887, ugift.

e. Edvard Erikson, f. i Fræna 7.6.1863, d. som strandsitjar på Bjørnsund søndre i Fræna 26.12.1904.  Han gifte seg i Ytre Fræna 15.5.1887 med enkja Paulina Arnesdotter, opphavleg frå Røsok i Sandøy, f. på Sandøy i Aukra 8.11.1856.  Ho d. som enkje i Fræna 17.12.1922.  Paulina gifte seg første gongen i Sandøy, Aukra 4.11.1883 med enkjemannen Knut Magnus Simonson, opphavleg frå Monken under Lyngvær i Sandøy sokn, Aukra, f. i Sandøy, Aukra 1.3.1848.  Han d. som strandsitjar på Bjørnsund søndre 12.12.1885.  Både Knut og Edvard var fiskararar, og med båe menni budde Paulina på Sørvåg under Bjørnsund søndre i Fræna.  Ho fekk i alt tre born, som alle var frå andre ekteskapet med Edvard.

f. Syvert, kjend som Sivert Erikson, f. i Fræna 22.7.1865, d. som fiskar på Bjørnsund søndre 7.9.1929.  Han gifte seg i Sandøy, Aukra 23.11.1890 med Nille Jonasdotter frå Sandøy i Sandøy, Aukra, f. i Aukra 24.2.1852.  Ho d. som fiskarkone på Bjørnsund søndre i Fræna 28.3.1918, og Sivert gifte seg 28.11.1919 att i Molde med Karoline Karlsdotter Lindset frå Bjørnsund søndre i Fræna, f. i Bud 7.10.1876.  Ho d.

 

     ##### (dødsstaden hennar? – gravlagd Vågøy i Fræna)

 

     16.3.1953. 

 

     ##### (yrke og bustad? – 1891: fiskar og strands. Bjørnsund søndre – 1910: fiskar Eidem i Fræna)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? – 1910 nemner berre ein fosterson Johan Nøst, f. i Bergen 29.7.1897, som var son til søsteri Erika! – men hadde minst ein son i lag:

            * Jonas, f. uekte Sandøy 20.4.1890, d. 23.9.1891)

 

g. Erika Eriksdotter, f. i Fræna 17.8.1868, d. i Bergen 30.5.1944.  Erika flytte til Bergen der ho 9.2.1903 gifte seg med Martinus Johannesson Fossdal frå

 

     ##### (ein plass, men kva for ein?)

 

     under Fossdal i Bruvik, f. i Bruvik 23.11.1870.  Han d. i Bergen 4.7.1945.  Martinus var steinarbeidar, og han og Erika budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk ikkje born i lag, men tok til seg ei pleiedotter, medan ein son som Erika hadde frå før, voks opp som pleieson hjå broren Sivert i Fræna.

h. Martha Eriksdotter, kjend som Martha Erickson, f. i Fræna 4.9.1872, flytte i ung alder til Bergen og utvandra derifrå som strikkerske til Amerika i 1902

 

     ##### (lagnaden hennar? – siglde til Boston, MA! – hadde ei dotter i Fræna som d. kort etter fødsli!)

 

 3. Ellef Johannesson, f. 1.2.1829,

Ellef Johannesson flytte likeins til Fræna med faren og stemori i 1838, men d. ugift på Oksegrov i Fræna 11.8.1848.

Dette var altso dei tre born som Johannes Erikson fekk med første kona Synneva i Luster.

Men Johannes Erikson fekk òg fire born i andre ekteskapet med Kari:

d. Synneva Johannesdotter, f. i Luster 14.10.1833, flytte med foreldri til Fræna i 1838 og gifte seg i Fræna 11.6.1854 med Christian Hansson frå Oksegrov i Fræna, f. i Fræna 17.7.1824.  Christian og Synneva tok over som gardbrukarar på heimebruket hans på Oksegrov i Fræna, der dei vart buande til dei i 1882 utvandra til Amerika.  Under namni Christian og Sonnove Haaseth finn me dei att som farmarar i Nutley township, Day Co., S.D. der Crostian d. 26.8.1903.  Sonnove Haaseth d. same staden 7.9.1914.  Dei fekk seks born i lag, mellom anna denne dotteri:

- Hanna C. Haaseth (1855-1941), utvandra til Amerika i 1885 og vart der borte gift med søskenbarnet Johan Andersson frå Hustad, kjend som John A. Hustad (1862-1939) (sjå over).

e. Jens Johannesson, f. i Luster 1.4.1837, flytte òg til Fræna med foreldri i 1838 og gifte seg i Bud 23.10.1859 med Erika Marie Trondsdotter frå Hustad i Bud, f. i Bud 17.9.1834.  Jens og Erika tok over som gardbrukarar etter foreldri hans på Hatle i Fræna og budde der til dei i 1887 utvandra til Amerika.  Under namni Jens og Erika Hatle finn me dei att som farmarar i Nutley township, Day Co., S.D. der Jens d. 9.3.1922.  Erika Hatle d. same staden 13.1.1931. 

 

     ##### (to be verified they died at the home farm?)

 

     Dei fekk ni born i lag, som alle var f. på Hatle i Fræna.

f. Johannes Johannesson, f. i Fræna 24.3.1842, d. som kårmann på Levran i Fræna 7.4.1921.  Johannes gifte seg i Fræna 17.9.1871 med Gjertina Eriksdotter frå Levran i Fræna, f. i Fræna 21.4.1848.  Ho d. som enkje på Levran 16.4.1937.  Johannes og Gjertine tok over etter foreldri hennar som gardbrukarar på Levran i Fræna og fekk seks born i lag.

g. Syvert Johannesson, kjend som Sivert J. Hatle, f. i Fræna 19.4.1846, var ei tid skreddar på Hatle, men utvandra til Amerika i 1870 og gifte seg

 

     ##### (date and place of his marriage? – 1877?)

 

     med Anna J. Sollien

 

     ##### (exact place of her birth? - IA)

 

     17.2.1859.  Sivert Hatle var ei tid lærar («school teacher»), og han og Anna budde White Bear Lake township, Pope Co., Minn., men flytte kring 1890 til ein farm i Silvana precinct Showhomish Co., Wash.  Sivert miste livet då han 17.6.1914 vart påkøyrd av eit tog nær Stanwood, Wash., medan Anna Hatle d. i Arlington, Wash. 1.11.1937.  Dei fekk elleve born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 1.12.2018 den 22.29, Lars E. Øyane skrev:

2. Erik Johannesson, f. 6.4.1825,

 

Erik Johannesson flytte òg med faren og stemori til Fræna i 1838 der han 5.11.1854 gifte seg med Maria Knutsdotter frå Bjørnsund søndre i Fræna.  Ho var dotter av strandsitjar Knut Syverson på

 

##### (ein plass, men kva for ein?)

 

under Bjørnsund søndre, opphavleg frå Bjørnsund søndre, og kona Johanna Steffensdotter frå Husøy, Sandøy i Aukra og f. i Fræna 20.5.1830.  Erik og Maria var ei tid

 

Knut Sivertsen er omtalt som bruker på Midtgaard under Bjørnsund søndre:

 

1839603063_Skjermbilde2018-12-08kl_16_03_19.png.ecc126133f57b06952e1667e9699a276.png

1460908551_Skjermbilde2018-12-08kl_16_03_44.png.034fac7036248c1ca16b6057316741fd.png

240900457_Skjermbilde2018-12-08kl_16_04_41.png.657771241c411fbda78cd80bac9ffb67.png

 

Endret av Lars Waaltorp
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 1.12.2018 den 22.29, Lars E. Øyane skrev:

f. Syvert, kjend som Sivert Erikson, f. i Fræna 22.7.1865, d. som fiskar på Bjørnsund søndre 7.9.1929.  Han gifte seg i Sandøy, Aukra 23.11.1890 med Nille Jonasdotter frå Sandøy i Sandøy, Aukra, f. i Aukra 24.2.1852.  Ho d. som fiskarkone på Bjørnsund søndre i Fræna 28.3.1918, og Sivert gifte seg 28.11.1919 att i Molde med Karoline Karlsdotter Lindset frå Bjørnsund søndre i Fræna, f. i Bud 7.10.1876.  Ho d.

 

     ##### (dødsstaden hennar? – gravlagd Vågøy i Fræna)

 

     16.3.1953. 

 

     ##### (yrke og bustad? – 1891: fiskar og strands. Bjørnsund søndre – 1910: fiskar Eidem i Fræna)

 

Sivert Eriksen er omtalt som bruker på Eidem under Bjørnsund søndre:

 

1655098509_Skjermbilde2018-12-08kl_16_04_57.png.736fe53cc8de090b7dad80fee2ced856.png

1250508260_Skjermbilde2018-12-08kl_16_05_14.png.ae4b384637a248f1966959204f099eeb.png

1569729008_Skjermbilde2018-12-08kl_16_05_33.png.400a81622a711ef388390ac4245497f2.png

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 1.12.2018 den 19.51, Lars Waaltorp skrev:

Jeg skal se etter om Erik Johannesen også er omtalt under Bjørnsund neste gang jeg er innom biblioteket.

 

Jeg kunne ikke finne noe mer om Erik Johannesen under Bjørnsund.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 år senere...

Gusta Martine Eidem, datter av Sivert Eriksen Eidem. Var min Oldemor. Hennes mor het Anne Marie Gundersdatter Eidem. Anne Marie giftet seg med Kristian Skei fra Overhalla, og flyttet til Namsos. Der giftet Gusta Martine seg med Gotfred Rødhammer og fikk en sønn, Otto Rødhammer før hun døde av tuberkulose da sønnen var et par år. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.