Jump to content
Arkivverket

Ole Østenson Bolstad (1889-1945) - steinarbeidar i Bergen - gift tre gongar med jenter frå Tysnes - huslyden hans?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Dette er ein huslyd som heilt er forsvunnen frå Luster, men der det skal finnast etterkomarar i Bergen.

 

Er det mogeleg å få litt hjelp til å kartleggja denne huslyden, til dømes gjennom ymse kommunale manntal, kyrkjegardar eller liknande?  Kanskje finst det ei dødmelding på Tysnes for første kona?

 

Her følgjer siste versjon av manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Østenson Bolstad, f. {i Luster} 1.9.1889,

 

Ole Østenson Bolstad flytte til Bergen der han gifte seg første gongen 3.1.1923 med Anna Sofie Hansdotter Bærevaag frå Tysnes.  Ho var dotter av gardbrukar Hans Sjurson på Bærevaag og kona Marta Gunnarsdotter

 

##### (opphavi deira?)

 

og f. på Tysnes 23.9.1891.  Men Anna d. på Tysnes

 

##### (dato og stad for dødsfsallet hennar? – 1927!?)

 

og Ole gifte seg att i Bergen 6.10.1928 med enkja Bertha Marie Olsdotter Gjetlesen, opphavleg òg frå Tysnes.  Ho var dotter av husmann Ole Engelson på Skjelevik og Marta Christophersdotter frå Nesthus

 

##### (sjekka opphavi deira?)

 

og f. på Tysnes 28.2.1882.  Men Bertha d. i Bergen 2.6.1931, og Ole gifte seg tredje gongen i Bergen 4.1.1932 med Elise Alette Amundsdotter Vermedal frå Tysnes.  Ho var dotter av gardbrukar Amund Erikson Vermedal og Hansina Nilsdotter frå Brekke

 

##### (sjekka opphavi deira?)

 

og f. på Tysnes 22.5.1895.  Ole Bolstad livnærte seg som steinarbeidar og budde levetidi ut i Bergen der han d. 25.10.1945.  Siste k0na Elise Bolstad d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

Ole Bolstad let etter seg to søner, ein frå første ekteskapet og ein frǻ det siste:

 

##### (opplysningar om desse gutane?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

Mon tru om ikkje stadnamnet 'Bærevaag' eigentleg er garden Færevaag/Færavåg ved Uggdalseidet på Tysnes? Eg for min del trur no det -. Namna Skjelevik/Skjelavik og Vermedal på Tysnes er lette å kjenna att.

Edited by Terje Hatvik
Link to comment
Share on other sites

5 timer siden, Terje Hatvik skrev:

Mon tru om ikkje stadnamnet 'Bærevaag' eigentleg er garden Færevaag/Færavåg ved Uggdalseidet på Tysnes? Eg for min del trur no det -. Namna Skjelevik/Skjelavik og Vermedal på Tysnes er lette å kjenna att.

 

Det stemmer, Terje! I 1910 finner jeg Hans Sjursen Færevaag og kona Martha Færevaag på Færevaag:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036670001754

 

Anna Sofie, f. 23.09.1891

Hordaland fylke, Uggdal (Opdal) i Tysnes, Ministerialbok nr. D 1 (1887-1904), Fødte og døpte 1891, Side 24
https://media.digitalarkivet.no/view/4534/25

 

 

Link to comment
Share on other sites

Ole Bolstad med kone nr. 3 i valgmanntallet 1934:

https://www.digitalarkivet.no/view/108/pc00000000448287

 

Legger for ordens skyld inn dødsfallet til Ole Øisteinsen Bolstad i 1945:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000001132916

 

6 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Siste k0na Elise Bolstad d.

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

4911799 Elisa Alette  Bolstad    2205  1895  1506  1986  2306  1986  K10  28  Takk for alt  Vis  Solheim Bergen

 

 

Link to comment
Share on other sites

Legger for ordens skyld inn dødsfallet til kone nr. 2 - nevnt i #1: 

 

Bergen Arbeiderblad 09.06.1931 - anmeldte dødsfall (avisen kan ikke leses digitalt): 

Stenarbeiders hustru Bertha Marie Bolstad, 48. 

 

Bergen fylke, Bergen, Dødsfallsprotokoll nr. 16 (1929-1931), Dødsfallsprotokollside, Side 335 
https://media.digitalarkivet.no/view/27866/340

Edited by Grethe Flood
Link to comment
Share on other sites

På 23.11.2018 den 1.21, Lars E. Øyane skrev:

og f. på Tysnes 23.9.1891.  Men Anna d. på Tysnes

 

##### (dato og stad for dødsfsallet hennar? – 1927!?)

 

Anna Sofie Hansdatter Færevåg døde 3.7.1927 (døde på sykehus i Bergen):  https://www.digitalarkivet.no/kb20050729011010

Dødsfallsprotokollen for Bergen (nr. 591):  https://www.digitalarkivet.no/sk20090611350012

Link to comment
Share on other sites

På 23.11.2018 den 1.21, Lars E. Øyane skrev:

og f. på Tysnes 22.5.1895.  Ole Bolstad livnærte seg som steinarbeidar og budde levetidi ut i Bergen der han d. 25.10.1945.  Siste k0na Elise Bolstad d.

 

##### (dato og stad for dødsfallet hennar?)

 

1050809646_Skjermbilde2018-11-24kl_11_59_01.png.2bb9bd9adef9301409febb303b5b2502.png

Link to comment
Share on other sites

På 23.11.2018 den 1.21, Lars E. Øyane skrev:

Ole Bolstad let etter seg to søner, ein frå første ekteskapet og ein frǻ det siste:

 

 

 

##### (opplysningar om desse gutane?)

http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=4915775

Olav Bolstad døde 15.10.1966 iflg dødsannonse i Bergens Tidende 18.10.1966. Ifølge notis i samme avis 17.10. døde han ved en drukningsulykke.

Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Terje, Grethe, Ivar, Lars W. og Lars J. for kjempespennande innlegg!

 

Diverre er eg vorten sjuk med 39 i feber og infeksjon i eine foten, so eg lyt halda sengi, og må difor komma attende til fleire kommentarar når helsa på ny speler på lag.

Link to comment
Share on other sites

Riktig god betring til Lars frå ein lett hostande og harkande Terje her i Os. Velkomen tilbake i godt slag Lars!

Eg har ikkje så mykje vétigt å koma med her bortsett i frå at stadnamnet Færevaag/ Færavåg har samme opphavet som Færstad/ Ferstad mange andre stader langs kysten, altså staden der ein fèr i frå - fergestaden, og altså ikkje saueplassar som Færøy, Færøyane, Færøyvik eller Fårholmen som alle saman har med det ullkledde dyret får (sau) å gjera.

Edited by Terje Hatvik
Link to comment
Share on other sites

  • 1 year later...

Dette var spanande å sjå. Oldemor Kari Bolstad i Luster var kusine til Ole Øisteinsen Bolstad. Me og slekti i USA har lurt på om det er nålevande slekt i Bergensområdet etter Ole. 

Link to comment
Share on other sites

Innlegg #17:

 

Ein sein, men like hjarteleg takk til Terje for innlegget frå 2018 og ein takk til Birger for å henta fram att dette emnet som eg heilt har oversett.

 

Men i dag har eg oppdatert manuskriptet mitt med alle dei fine opplysningane som kom i 2018, og eg har grave fram nokre fleire detaljar, som no har følgjande oppdaterte manuskript som resultat:

 

~~~~~~~~~~~~~~ Etter mange spennande innlegg frå Kristian, her eg no oppdatert manuskriptet i innlegg #30!

 

Framleis manglar det ein del detaljar om borni i denne huslyden, men kanskje kan nokon hjelpa oss skaffa dødsannonser for Øystein og Sofie Bolstad, samt for Ingvald Færevåg?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.