Gå til innhold
Arkivverket

Kart i forbindelse med jordskifte


Tor Kvien
 Del

Recommended Posts

Jeg holder på med avskrifter av utskiftninger fra pantebøkene i tidligere Davik kommune i Sogn og Fjordane på midten av 1800 tallet. Der angis navngitte teiger der navna for en stor del har gått i glemmeboka. Finnes det kartverk fra denne tiden med angivelse av teignavn o.a. ?   Hvis de finnes ved et jordskiftekontor, hva er i så fall adressen?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jordskiftekarta er skanna, og finst både hos domstol.no og Digitalarkivet.

 

Men desse karta byrjar vel ikkje før etter midten av 1800-talet.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, Tor.

Eg har arbeidd ein del med dette, men har aldri sett jordskiftekart med stadnamn, slik som namn på teigar.
Heller ikkje i boniteringslistene har eg sett stadnamn.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

14 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Jordskiftekarta er skanna, og finst både hos domstol.no og Digitalarkivet.

 

Men desse karta byrjar vel ikkje før etter midten av 1800-talet.

 

Har du lenker til disse?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

3 timer siden, Anfinn Bernaas skrev:

Teigane på kartet har bokstav- og nummerkode som du finn att i dokumenta med teignamn.

Har de bokstaver rekker det langt på vei. Bokstav og navn på teigen står som du sier i skiftedokumentet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk. Jeg fant det, men rakk ikke å slette spørsmålet.  Men det blir ikke helt enkelt å finne fram, skjønner, jeg. Men hvis det bare er tidsintervallet som ligger i oversikten, begynner de 10-15 år for sent for meg.

Så da er spørsmålet om det finns noe før 1850?

 

Endret av Tor Kvien
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Som nemnt i den andre tråden kan ein bla i saksarkivet til jordskiftedomstolane, som er sortert etter kommunenummer og gards- og bruksnummer, og finne kartnummera der. Så kan ein velje mellom å få dei tilsendt på epost frå jordskiftedomstolen eller å gå rett inn på kartnummeret i lista over dei skanna karta hos Digitalarkivet. (Her er oppløysinga eit lite hakk dårlegare enn i epostvedlegga frå domstol.no). Dermed er det ikkje så vanskeleg å finne fram likevel. Men det stemmer at desse karta ikkje byrjar før litt ut i siste halvdel av 1800-talet, så eg håpar at nokon i Arkivverket kan svare på tusenkronespørsmålet når dei kjem på jobb om nokre timar: Finst det eldre jordskiftekart, og kvar kan ein evt. finne desse.

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Frå Wikipedia: Etter at «utskiftingslova» av 1857 vart sett i verk i 1859 vart det fart i kartlegginga av eigedomsgrenser. Utskiftingslova vart innført for å rydde opp i svært innfløkte eigedomsforhold på landet, der gammal «teigblanding» var eit viktig element. I perioden 1860–1885 vart det utført svært mange «jordskiftesaker», som resulterte i truverdige og gode kart i målestokk 1:2000 og 1:4000.

 

https://nn.wikipedia.org/wiki/Landmåling

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Da omformulerer jeg spørsmålet: Finnes, og i tilfelle hvor, utskiftningskart fra før 1860?

Områdene jeg er interessert i er nåværende Eid og Bremanger kommuner, tidligere Davik tinglag.

Endret av Tor Kvien
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

 I tida 1821-1859 kunne kven som helst stå for ei utskifting. Men det vart i lita grad laga kart i desse høva.  I arkivet etter Amtskonduktøren, i dette tilfelle for Nordre Bergenhus, skal det finnast nokre få kart, hovedsakleg frå Florø-området.

 

Norsk lokalhistorisk institutt lagde i si tid ein bokserie "Gamle norske kart" der dei registrerte u-trykte kart frå heile landet. Det har vore denne serien vi har brukt på statsarkivet i Bergen for å orientere oss om kva som fins av eldre jordskiftekart, men det kan sjølvsagt finnast kart rundt om i arkivet eller hjå private som ikkje er registrert der. Du får tilgang til bokserien på sidene til Nasjonalbiblioteket. Lenke til boka som dekker Sogn og Fjordane:

https://www.nb.no/items/ca0f7f47bc32cb5db83d8a1aa31074c6?page=0&searchText="gamle norske kart"

 

Då du held på med avskrifter av eldre utskiftingar frå pantebøkene, nyttar eg høve til å gjere merksam på at statsarkiva har eigne avskriftssamlingar der ein har teke vare på dei avskriftene som ein har fått bestilling på oppgjennom tidene. Så langt har iallfall statsarkiva i Oslo og Kongsberg lagt sine avskrifter ut i Digitalarkivet. Hos dei øvrige statsarkiva er desse tilgjengelege via lesesal, eller ein kan bestille kopi over nett(kopipris 6,- kr pr side).

Når det gjeld området du spør etter er vi diverre ikkje starta med å få dette digitalisert enno.

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.