Gå til innhold
Arkivverket

Ole Johannesson Kveum og Pauline Olsdotter - utvandra frå Lom i 1869 - ein merkeleg huslyd? - kven var borni deira? - kven var dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

FT1865 for garden Kveum søndre i Lom syner denne huslyden: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1865&knr=0514&kenr=003&bnr=0019&lnr=00

 

  Ole Johannesen hf g Gaardbruger og Selveier 1818 Lom  
  Pauline Olsdatter Hans Kone g   1817 Ringeboe  
  Johannes Olsen Deres Søn ug Hjælper Faderen 1841 Lom  
  Carl Petter Olsen Deres Søn ug   1852 Lom  
  Anne Olsdatter Deres Datter ug   1843 Lom

 

Ser me på utvandringslista frå Lom, finn me i 1869 denne huslyden: https://media.digitalarkivet.no/view/6072/278

 

Ole Joh. Kveom 51

Pauline hustru 52

Kari dotter 23 1/2

Mali dotter 20 1/2

Carl Peter son 17

 

Utvandra i 1866: https://media.digitalarkivet.no/view/6072/273

 

Johannes O. Kveum 25

Anna O. Kveum 23

 

FT1870 for Nelson township, Buffalo Co., WI syner denne huslyden:

 

Johnson, John 29  farmer NOR

Johnson, Ole 62 at home NOR

Johnson, Pauline 53 keeping house NOR

Johnson, Peter 18 at home NOR

Johnson, Torson 27 at home NOR

Johnson, Reinold (male) 22 at home NOR

Johnson, Chifsel (female) 20 at home NOR

 

Eg finn fem born døypte av desse foreldri i Lom:

 

* Johannes, fødd 28.5.1841, døypt 27.6.1841: https://media.digitalarkivet.no/view/8915/33

* Anna, fødd 23.7.1843, døypt 13.8.1843: https://media.digitalarkivet.no/view/8915/51

* Kari, fødd 30.11.1845, døypt 1.2.1846: https://media.digitalarkivet.no/view/8915/77

* Mali, fødd 22.12.1848, døypt 14.1.1849: https://media.digitalarkivet.no/view/8915/114

* Carl Peter, fødd 2.3.1852, døypt 11.4.1852: https://media.digitalarkivet.no/view/8915/159

 

Ser me på FT1870, ser det ut til å vera eit par born til i denne huslyden som ikkje er døypte i Lom, eller kanskje dei ikkje høyrer til denne huslyden i det heile?

 

Men kven var eigentleg foreldri?  Her er vigsli deira i Lom 21.10.1941: https://media.digitalarkivet.no/view/8916/13

Ole Johannesson Gougstad, 23  p: Johannes Hansson

Pouline Olsdotter Gougstad, 24 p: Ole Knutson

Kvar var dei fødde og oppvaksne?

 

Kan nokon med lokal kunnskap hjelpa meg:

 

** Identifisera borni frå FT1870 (dei tre siste nemnde over)?

 

** Frå kva gard/plass hadde Ole Johannesson opphavet sitt?

 

** Frå kva gard/plass hadde Pauline Olsdotter opphavet sitt?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

 

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På Find A Grave står det også 28.3.1818 som fødselsdato på Ole J. Kveum:  https://www.findagrave.com/memorial/183538600

 

Pauline står med fødselsdato 16.7.1817:  https://www.findagrave.com/memorial/183538601/pauline-kveum

 

Jeg finner ingen Pauline som er født i Ringebu på den datoen. Det nærmeste jeg kommer er Pauline Olsdatter født 10.6.1816:  https://www.digitalarkivet.no/kb20070603580282

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars W. for nye interessante innlegg om denne huslyden.

 

Det kan vel ikkje vera særleg tvil om at det er Ole Johannesson Svene fødd 1818 som «gøymer» seg attom Ole Johannesson Kveum, men her treng me nok bistand frå bygdeboki for Lom.  Ole er tydeleg fødd som gardbrukarson på Stamstad i Lom, men på eitt eller anna tidspunkt flytte kan henda foreldri hans til Svene?

 

Eg vil tru at bygdeboki òg kan hjelpa oss finna svar på dei andre spørsmåli om denne huslyden, både om opphavet til Pauline, som eg òg trur du har rett i, Lars (jmf. oppkallingi av dotteri Kari), og borni deira. 

 

Dessutan har eg vanskar med å finna sjølve garden Kveum søndre?  Ifølgje FT1800 var Kveum søndre gnr. 33, bnr. 6 i Lom, som syneste vera ein «parsell» under gnr. 33, Haugum i Lom!  Var bruket kan henda utskilt derifrå kring 1850 då Ole først er nemnd som sjølveigar?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er informasjonen om familien som er med i Lom bygdebok, band 2, side 463 under Søre Kveom. Det går elles fram at bruket vart delt frå Nordgard Stamstad i 1847.

DB6A5738-8081-4993-B1F3-85103436CD1A.jpeg

Endret av Per S. Nestande
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Om opphavet til Ola: Det går fram av Bygdaboka for Lom (band 2, Øvre Sveine side 254) at foreldra var Johannes Hansson fødd på Sygard Stamstad og Anne Steinarsdotter fødd på Nigard Sulheim og at dei makeskifta Sygard Samstad mot Øvre Sveine i 1820. Dei dreiv den garden til dei selde i 1833.

 

Endret av Per S. Nestande
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Per for nye interessante innlegg om denne huslyden!

 

Då er bustaden Kveom søndre «plassert» og likeins opphavet til Ole Johannesson.

 

Men framleis har eg vanskar med å plassera dei borni som budde hjå dei i 1870 og som ser ut som dei høyrde til denne huslyden!  Kanskje var dei bror- eller søsterborn av ein av dei?

 

Når det gjeld Pauline Olsdotter, finst det ei bygdebok for Ringebu som eventuelt har ein omtale av foreldri hennar under Braadstad?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å «reinska opp» i denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Lars. 

 

Eg tenkte også på om det kunne vere syster- eller brorborn mellom ungane i 1870-tellinga. Så vidt eg kan sjå høver ingen av borna til brørne til Ola sjølv om fleire av dei utvandra til USA. 

 

Syster til Ola, Mali,  var gift med Hans Larson på Nedre Krøkje og hadde mellom andre born dottera Torø fødd 1843 som det ikkje er ytterlegare informasjon om i bygdaboka for Lom (band 3, side 596). Eg lurte på om ho kunne vere «Torson» med same alder i 1870. Men, Torson var kanskje ein mann? Og Torø kan ha døydd som born sidan foreldra har ei yngre dotter Torø fødd 1852. 

 

Kanskje Pauline har sysken med born som utvandra? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Når det gjeld Pauline Olsdotter, finst det ei bygdebok for Ringebu som eventuelt har ein omtale av foreldri hennar under Braadstad?

Pauline og hennes foreldre og søsken er omtalt i en bok som heter "Omkring Røine", av Henrik Ouren (1926), på side 15. Kari Pedersdtr. født 1780 på Balke, gift med Ole Knudsen Braastad (1773 - 1849, død på Braastad). De hadde 8 barn. Ingen av Paulines søsken er notert som utvandret, om Pauline står det bare at hun var gift i Lom, og utvandret.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Slektstre på ancestry

https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/16806023/person/479875680/facts

 

Ole J Kveum og mrs. Ole J.Kveum bor hos dattera Anne og svigersønn Erick C. Hustad i Modena, Wisconsin ved tellinga i 1905.

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?viewrecord=1&r=an&db=WIstatecen&indiv=try&h=838236

Lenke til kommentar
Del på andre sider

14 timer siden, Per S. Nestande skrev:

Syster til Ola, Mali,  var gift med Hans Larson på Nedre Krøkje og hadde mellom andre born dottera Torø fødd 1843 som det ikkje er ytterlegare informasjon om i bygdaboka for Lom (band 3, side 596). Eg lurte på om ho kunne vere «Torson» med same alder i 1870. Men, Torson var kanskje ein mann? Og Torø kan ha døydd som born sidan foreldra har ei yngre dotter Torø fødd 1852. 

 

Mali er enke i 1865:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038058001563

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

14 timer siden, Åsbjørg Susort skrev:

Slektstre på ancestry

https://www.ancestry.com/family-tree/person/tree/16806023/person/479875680/facts

 

Ole J Kveum og mrs. Ole J.Kveum bor hos dattera Anne og svigersønn Erick C. Hustad i Modena, Wisconsin ved tellinga i 1905.

https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?viewrecord=1&r=an&db=WIstatecen&indiv=try&h=838236

 

Samme på FS:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:MMSX-5SM

 

Ole J Kveum

Wisconsin State Census, 1905
Name Ole J Kveum
Residence Place Modena, Buffalo, Wisconsin
Age 87y
Birth Year (Estimated) Abt 1818
Birthplace Norway
Relationship to Head of Household (Original Language) Husband
Race White
Gender Male
Marital Status Married
Parent 1 Birthplace Norway
Parent 2 Birthplace Norway
Household
Role
Sex
Age
Birthplace
Erick C Hustad Head M 58y Norway
Erick C Hustad Wife F 61y Norway
Paulina Hustad Daughter F 25y Wisconsin
Emma Hustad Daughter F 21y Wisconsin
Martin Hustad Son M 19y Wisconsin
Ole J Kveum Husband M 87y Norway
Ole J Kveum Wife F 88y Norway
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Per, Lars J., Åsbjørg og Grethe for nye interessante og avklarande innlegg!

 

So vidt eg kan sjå, er no alle detaljane om denne huslyden komne på plass, ogso opphavet til Pauline, bortsett ifrå at me framleis har vanskar med å identifisera dei tre borni i FT1870.  To av borni til Ole og Pauline gifte seg i Amerika med emigrantar med røter frå Luster, Johannes og Anna, so det var tydeleg nær kontakt mellom desse ætene, i alle fall etter at dei var komne til Amerika!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

I Gardar og slekter i Ringebu (Einar Hovdhaugen) står det bare at "Ole Knudsen kjøpte Bråstad i 1813 av Ole Henriksen Wiborg for 916 rd".

 

Dåpen til Pauline finnes her, foreldre Ole Knudsen Bråstad og Kari Pedersdatter (Ministerialbok 5/Ringebu):

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=0520daap&gardpostnr=11070&merk=11070#ovre

 

På sidene til Onshus er det nevt flere generasjoner bakover, men dette må nødvendigvis sjekkes mot andre kilder

Endret av Trond Myrstad
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Kan familien fra 1870 være feil familie?

Det kan se ut som at Anne og John som reiste først brukte Olsen/Olsdatter eller også "Olsdtr. Quem"...

 

Finner en enke Pauline Johnson med en sønn Petter i Dwight, Richland, North Dakota Cenus 1900

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M9VG-W9G

Det er kanskje deler av familien fra Buffalo Wisconsin 1870...?

Endret av Åsbjørg Susort
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Trond og Åsbjørg for nye supplerande innlegg om denne huslyden.

 

For mitt føremål treng eg ikkje følgja desse ættene langer attende i tid, men det er godt å vita at opplysningar finst tilgjengelege.

 

Eg er elles ikkje i tvil om at dette må vera den «rette» huslyden frå FT1870.  Det er diverre slik at dei som tok opp desse teljingane, jo lenger attende, jo verre, ikkje alltid var so nøye med namni og stavemåten av dei.  Difor er det ein kjempestor fordel at me mange stadar har lokale kyrkjebøker å halda oss til.  Mange av dei som budde nettopp i Nelson township, Buffalo Co., WI var medlemmar av Lyster Lutheran church, og derifrå ligg det føre ganske so fullstendige kyrkjebokregistreringar frå langt attende.  Eg er spesielt interessert i dette området og har planar om å foreta ein grundig analyse av desse kjeldene, når tidi tillet dette...

 

Elles kan det sjå ut som om Pauline har forlete Buffalo Co., WI, i alle fall mellombels, for i 1900 å bu hjå yngste sonen i Richland Co., ND.  Noko dødsfall har eg ikkje registrert på ho...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å samla fullstendiuge opplysningar om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

14 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Elles kan det sjå ut som om Pauline har forlete Buffalo Co., WI, i alle fall mellombels, for i 1900 å bu hjå yngste sonen i Richland Co., ND.  Noko dødsfall har eg ikkje registrert på ho...

 

På 1.12.2018 den 22.15, Lars Waaltorp skrev:

På Find A Grave står det også 28.3.1818 som fødselsdato på Ole J. Kveum:  https://www.findagrave.com/memorial/183538600

 

Pauline står med fødselsdato 16.7.1817:  https://www.findagrave.com/memorial/183538601/pauline-kveum

Det står vel 1906 på gravsteinen til Pauline...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Åsbjørg for siste innlegget.

 

Dødsfallet til Pauline er tydeleg ikkje registrert i Wisconsin.  Truleg er det vel so at ho vart send attende til Lyster for å verta gravlagd der(?)

 

Ifølgje gravferdslista døydde ho 20.9.1906, men dødsstaden er ikkje oppgjeven...:

 

https://www.ancestry.com/interactive/60722/41742_314994-00700?pid=3098250&backurl=https://search.ancestry.com/cgi-bin/sse.dll?indiv%3D1%26dbid%3D60722%26h%3D3098250%26tid%3D%26pid%3D%26usePUB%3Dtrue%26_phsrc%3DNzx15365%26_phstart%3DsuccessSource&treeid=&personid=&hintid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx15365&_phstart=successSource&usePUBJs=true#?imageId=41742_314994-00719

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Ifølgje gravferdslista døydde ho 20.9.1906, men dødsstaden er ikkje oppgjeven...:

Det står vel at dødsdato 17. sept., jordfestet 20.sept. 1906

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.