Gå til innhold
Arkivverket

Atrå eller Attraa i sokn-feltet i Augustus?


Anfinn Bernaas
 Del

Recommended Posts

Etter eit lengre opphald i transkribering av konfirmantane i Tinn 1857–1877 ser eg no som alle er på plass i Augustus, at eg før opphaldet har skrive soknenamnet "Atrå" på moderne vis (463 stk.), men under innspurten dei siste vekene "Attraa" på embetsmannsdansk vis (288 stk.). 

 

I kjelda står "Attraa Hovedkirke" som konfirmasjonsstad for konfirmantane frå Atrå sokn den 1. oktober 1877. Sjå døme under:

 

SAKO, Tinn kirkebøker, F/Fa/L0006: Ministerialbok nr. I 6, 1857-1878, s. 195
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20061128350200

 

Kva er det rette å gjera her? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei, Anfinn!

 

Denne løsningen krever en liten smule datakunnskap og tilgang til databaseprogramet Access. Følg steppene:

 

I Augustus: Trykk på verktøy - sikkerhetsmodus. (Legg merke til hvor sikkerhetskopien legger seg) Gjør dette 2 ganger!

 

Finn frem til den ene kopien, og åpne den i Access

 

Bla deg ned til rette access-objektet. I ditt tilfelle er det antakelig en tabell for konfirmasjon. Åpne denne tabellen. Øverst i tabellen vil du antakelig ha en kolonne som heter "kirke". Bla deg ned til du kommer til de postene du ønsker å forandre. Skriv inn det du vil ha. Benytt gjerne kopier/lim inn, siden du hadde mange. Lagre det du har gjort når du er ferdig.

 

Gå til verktøy - sikkerhetskopi. Trykk på "Erstatt nåværende base...." Vær sikker på at du bruker den kopien du har rettet opp i Access.

 

Voila!

 

Sikkert flere muligheter, men det er hva jeg pleier å gjøre. Og skulle det gå galt, så har du alltid den andre sikkerhetskopien å lene deg på. Legger du inn denne, er du tilbake til det moderne Atrå.

 

Lykke til,

Kjell

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for oppskrift, men eg torer nok ikkje å gå laus på dette. PC er for meg ei mare som eg må lide med på grunn av Augustus. Eg brukar den berre til det. Men på Mac er eg ein racer!

 

Må eg rette alle til anten "Atrå" eller "Attraa", trur eg nok det enklaste for meg er å ta den tunge vegen og rette post for post. 

 

Eg ventar framleis på svar frå Arkivverket om kva som er tilrådd i Augustus i slike tilfelle: Normalisert namneform eller bokstavrett frå kjelda. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Når du har avgjort hva som er rett, så kan du bare maile fila til meg.

 

Jeg bruker gjerne 15 min på å bistå samvittighetsfulle Augustus-brukere. Da kan du bruke din verdifulle tid på å transkribere videre, og ikke på repetitivt og dønn kjedelig jobb som vi alle burde få slippe :)

 

Selv om det høres skummelt ut, så lover jeg å ikke tukle i stykker det viktige arbeidet ditt.

 

Mail: kjello@ebnett.no

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 6 måneder senere...
På 3.12.2018 den 20.05, Anfinn Bernaas skrev:

Eg ventar framleis på svar frå Arkivverket om kva som er tilrådd i Augustus i slike tilfelle: Normalisert namneform eller bokstavrett frå kjelda. 

 

Det kom aldri noka tilråding frå kjelderegistreringseininga i Arkivverket på denne forespørsla mi om skrivemåte i sokn-feltet i Augustus. Men eg hellar i retning av å normalisere skrivemåten av soknenamnet til vår tids rettskriving og ha eins skriveform gjennom heile materialet på soknenamnet. Kyrkjebøkene har jo av Arkivverket fått normaliserte  geografiske namn frå "moderne" tid og soknenamna er vel ikkje noko unntak sjølv om ein går ned på postnivå. Eg er heldig med soknenamna Mæl og Dal. Dei varierer ikkje i dei skrivne kjeldene. (Æ-en i Mæl er ikkje ein rest frå dansk skrivemåte, han blir tydeleg uttala i lokal nedarva uttale.) Ikkje eingong ein -h- i Dal dukkar opp. Men så har eg Atrå og Hovin som valdar problem.

 

I kyrkjebokpostane er Atrå sokn oftast skrive berre som A., men kan i andre samanhengar (løpande tekst) i same bok eller liste stå som både Attraa og Attraae. Det same gjeld for soknenamnet Hovin, oftast berre nemnt som H., men kan også forekoma som Hovin, Hofvin og Hofvind. 

Desse variantane er praktisk vanskeleg å gjennomføre da skrivemåten for soknenamnet har endra seg avhengig av tidsperiode og kyrkjebokskrivar. Jamvel innafor same kyrkjebok og liste kan det variere. Ut frå ein einsleg A. eller H. må eg da vera tankelesar og gjette på kva skrivemåte skrivaren ville ha bruka. Og slik kan ein jo ikkje halde på. 

 

Til slutt: Skal ein søkje på sokn blir det vanskeleg om skrivemåten ikkje er eins. 

Endret av Anfinn Bernaas
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.