Jump to content
Arkivverket

Haagen Andersson - fødd i Luster 1743 - busett i Vik 1764 - men kvar vart det av denne guten?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Haagen Andersson vart døypt i Luster 16.11.1743 som son av Anders Olson (1713-1763) og første kona Britha Andersdotter (1709-1752), husmannsfolk i Lunden under Rønnei i Gaupne, Luster.  Eg finn ikkje Haagen konfirmert i Luster (NB: konfirmantlistene våre har eit «hòl» kring 1760!), men me har ei fråsegn frå 1764 som seier at Haagen då hadde opphaldet sitt i Vik i Sogn!

 

Haagen hadde òg ein yngre bror Anders Andersson, døypt i Luster 8.6.1750.  Han vart konfirmert i Luster i 1768, men forsvinn deretter òg frå heimbygdi, kan henda til Vik?

 

Då det i 1797 vart halde eit større utskifte i Luster, er ingen av desse gutane nemnde, so dei han vera avlidne før den tid, men me har talrike døme på at ervingar «forsvinn» utan at skifteretten greidde å finna dei att...!?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips om lagnadane til Haagen og Anders!

Link to post
Share on other sites

Ikkje nokon som byrjar på H på fornavnet korkje i Vikøyri eller Vetleøyri i Ættabokji frå 2008 frå Vik, Lars !

 

Har du derimot sett på Kaupanger, Sogndal, død: 15.10.1815:  Henrik Anderss. Hagen, f 1742, ekkjemann. 

Kjelde: GDA, nr 72.516.

Link to post
Share on other sites

Den 23.9.1764 vært det døypt eit uekte barn i Vik, iflg Gamle DA:

 

 fglass.gif
17318 1417 23/9 1764 D k Boel Haagend. u Haagen Anderss. Førde   Brithe Siurd.

Faren frå Luster. Tvil om kjønn. fglass.gif

____________________________

https://www.digitalarkivet.no/kb20070523640354

du må leita "omkring her" for event å finna denne dåpen i desse kråketærna !

 

 

 

 

  • Like 2
Link to post
Share on other sites
  • 2 years later...
Lars E. Øyane

Innlegg #5:

 

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Jon og Sven for spennande og interessante innlegg!  Desse innleggi kom like før eg vart so alvorleg sjuk, og manglande form på det tidspunktet lyt ta ein del av skuldi for forseinkingi!

 

Eg har forundra meg svært mykje over den barnedåpen som Jon fann i det gamle Digitalarkivet - Boel, døypt i Vik 23.9.1764 av Haagen Andersson frå Luster og Britha Sjursdotter.  Eg har leitt høgt og lågt i alle tre kyrkjesoknene som hadde eigne protokollar på den tidi, men utan resultat, heller ikkje dei nærliggjade åri, so ein lyt lura på kvar denne opplysningi kjem ifrå.  Kanskje nokon har betre auge enn eg?

 

Men uansett, at Haagen Andersson heldt seg i «nabolaget», syner denne dåpen frå Torvund i Lavik (Gulen) 3.12.1768:

 

Hans av foreldre Haagen Andersson og Anna Arnesdotter Torvund: https://media.digitalarkivet.no/view/11443/134

 

So, ein eller annan stad i ytre Sogn synest Haagen å «gøyma» seg, og kanskje finn me òg opplysningar om dei to yngre søskeni hans?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Anders Olson Lunden, frå (ukjent), var f. kring 1713 og vart gravlagd frå Lunden 6.3.1763.  Han gifte seg første gongen 21.10.1739 med enkja Britha Andersdotter, opphavleg frå Hengesteg.  Ho var f. kring 1709, og hadde før vore gift med husmann Haagen Andersson i Krossviki under Nes (1696-1737).  Men Britha d. i Lunden kring 1752, og 4.12.1757 gifte Anders seg att i Hafslo med Gjertrud Larsdotter, frå sMelheim i Hafslo.  Ho var f. i Hafslo kring 1717 og tente på Lunde i Hafslo då ho i 1757 vart gift hit til Lunden.  Ho vart gravlagd frå Lunden 26.2.1763, berre ei veke før mann sin.  Britha Andersdotter flytte visstnok alt kring 1738 inn på Rønneisøyri 2 under Rønnei, og der vart ho og Anders buande til dei i 1748 flytte hit til Lunden, truleg på grunn av at plassen deira vart øydelagd etter storflaumen som i 1748 endra faret til Jostedalselvi.  Dei fekk då truleg ta over plassen her i Lunden 5 som var ledig, og her vart huslyden buande til både Anders og andre kona hans fall ifrå i 1763.  Anders i Lunden fekk i alt fem born, fire frå første ekteskapet og eitt frå det andre:

 1. Synneva Andersdotter (1740-1791), vart gift med husmann Jens Sjurson på Tadlagjerdet under Heltne i Dale (1740-1800).

 2. Haagen Andersson, døypt 16.11.1743,

Haagen Andersson flytte kring 1763 til Vik i Sogn

 

##### (levde der i 1764 – 1768 på Torvund i Lavik – seinare lagnad? – ikkje nemnd i skifte 1797

       * Boel, døypt i Vik 23.9.1764 – mor Britha Sjursdotter – finn ikkje i kyrkjeboki!

       * Hans, døypt Lavik, Gulen 31.12.1768 – mor Anna Arnesdotter Torvund indre 1750-1778 – gift med Anders Haldorson Stenset i Fjaler - https://media.digitalarkivet.no/view/11443/134

 

 3. Britha Andersdotter (1746-1748)

 4. Anders Andersson, døypt 8.6.1750, vart konfirmert i Luster i 1768.

Anders Andersson må vera faren frå heimbygdi kring 1770,

 

##### (lagnaden hans? – ogso til Vik/ytre Sogn?)

 

 5. Britha Andersdotter, f. kring 1760, levde som legdelem i Gaupne fram til 1773.

Kring 1773 ser det så ut til at også Britha Andersdotter må vera reist frå Luster. 

 

##### (lagnaden hennar? – ogso til Vik/ytre Sogn?)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland
47 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Boel, døypt i Vik 23.9.1764 – mor Britha Sjursdotter – finn ikkje i kyrkjeboki!

På venstre side, litt over midten

 

Sogn og Fjordane fylke, Kyrkjebø i Vik, Ministerialbok nr. A 3 /3 (1755-1771), Kronologisk liste 1765, Side 114
Permanent bilde-ID: kb20070523640435
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070523640435
Permanent bildelenke: https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070523640435.jpg
 

Edited by Sven Hjortland
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #7:

 

Hjarteleg takk til Sven for eit skikkeleg spennande og utfordrande innlegg!

 

Denne innførsli i kyrkjeboki for Kyrkjebø sokn gjev oss fleire spennande opplysningar:

 

Mori Britha Sjursdotter har ættenamnet Førde, og det står òg at barnet var «frå Førde».  Dette namnet kjem òg på to av fadrane, Torsten Førde og Ingeborg Hansdotter Førde.  Ein annan fadder er Sølfest Endreson på Føsund (1736-1822).  Denne karen var frå Luster og gifte seg på Kyrkjebø i 1762 med ei Anna Sjursdotter, som eg so langt ikkje har greidd finna opphavet til.

 

To postar foran har dessutan ei vigsle mellom Hans Johnson Sæbøe(?) og Ragnhild Sjursdotter Førde!

 

Under garden Vatne i Gulen har Ivar Kleiva skrive om gardbrukar Hans Johnson på Vatne med kona Ragnhild Trulsdotter - her har nok den godeste Ivar «snubla» i farsnamnet, for like nedanfor er ho nemnd Sjursdotter då ho gifte seg andre gongen med Ole Pederson... - jmf. FT1801: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058391001843

 

Han påstår vidare at Britha (1735) og Ragnhild (1744) er søstrer og døtrer til ein Sjur som «må ha butt» på Vatne før 1750!  Her er dødsfallet til Britha: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000769978

Ho er kalla «kone» ved dødsfallet: https://media.digitalarkivet.no/view/11446/204

Kanskje var ho gift med ein eller annan...?

 

Eg har ein sterk mistanke om at Britha og Ragnhild (og kanskje ogso Anna) Sjursdøtrer godt kan ha vore frå Førde, men er det mogeleg å finna dei att der?

 

Eg ser ei Ragnhild Sjursdotter døypt frå Hjelle i Førde 16.8.1746: https://media.digitalarkivet.no/view/11403/150

 

Eg finn ikkje andre Sjursborn fødde på Hjelle i Førde, so kanskje dette har vore «mobile» folk?

 

Dette vert ein «innvikla» huslyd, men eg vonar likevel det let seg gjera finna:

 

** Lagnaden til Haagen Andersson og dei yngre søskeni hans?

 

** Opphavi til dei to (eller tre) Sjursdøtrene?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å løysa denne floka!

Link to post
Share on other sites
Jon Sværen

Innlegg # 8:

 

Lars !

 

Det er ein Inderst Anders Anderson, 51 år i 1801 = født 1750 år, Indre Farnes, Balestrand v/ FT 1801.

Gift ein gang m/ Giertrud Hansdtr, 48 år v/ FT 1801.

2 søner:  024 Anders Andersen - 0013 Farness Indre - 005 - Tellingskretsoversikt - Folketelling 1801 for 1419P Leikanger prestegjeld - Digitalarkivet

 

TRULIG er dette dåpen til son nr 2, på Menes, Balestrand.

 https://www.digitalarkivet.no/kb20070511630229

eller.  https://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070511630229.jpg

Vær merksam på at mor her er: Erichsdtr, IKKJE Hansdtr som v/ FT 1801.

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #10:

 

Hjerteleg takk til Jon for siste innleggi!

 

Leitingi etter ein Anders Andersson, fødd kring 1750, er ikkje noki enkel sak...

 

Eg ser at Anders Andersson Hatlelien og Gjertrud Hansdotter Qvale gifte seg i Tjugum 22.4.1784: https://media.digitalarkivet.no/view/11567/49

 

og her er trulovingi deira same stad 31.3.1784: https://media.digitalarkivet.no/view/11567/48

 

Hatlelien er vel ein gard i Lavik, og me skal ikkje sjå bort ifrå at dette godt KAN vera «vår» Anders...?

 

Berre to Anders Andersson vart døypte i Sogn 1750 i.h.t. FamilySearch - attåt «vår» Anders frå Lunden under Rønnei, var det ein på Henjum i Leikanger, døypt 12.4.1750: https://media.digitalarkivet.no/view/11565/105

 

Men årstalet KAN jo sjølvsagt vera unøyaktig...

 

Når det gjeld Boel Haagensdotter, ser eg at ho alt i 1815 var husmannskone på Fesund i Lavik: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051096002124

 

Men kven er Haagen Andersson på Sannes lille i Aure 1801, 56 år: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058432000599

 

Alderen høver i alle fall svært so bra...  Han er der framleis i 1825: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01051103000723

 

NB: Retting: denne Haagen høyrer ikje til «vår» huslyd!

 

Elles vonar eg at nokon kan greia nøsta opp i utfordringi med Førde?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Innlegg #12:

 

Hjarteleg takk til Jon for siste innlegget!

 

Då kan me lata Anders Andersson Farnes «sigla sin eigen sjø»....  Og eg har òg i kveld fått greie på at Haagen Andersson i Aure på Nordmøre høyrer til ei anna ætt.

 

So, me er attende til start....

 

Men eg har store forventingar når det gjeld Sjur-sporet til Førde...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.