Jump to content
Arkivverket

Karl Johan Olson (1857-1892) utvandra til Walsh Co., ND - var han frå Fjære i Aust-Agder? - kven var foreldri hans? - utvandringsåret?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Dette er ein emigrant som ifølgje etterkomarar i Amerika skal ha utvandra frå Fjære i Aust-Agder, men som eg ikkje har greidd å identifisera 100%.  Kanskje er det mogeleg  få lite vetta hjelp fråm lokale krefter?

 

Problemstillingi kjem fram av følgjande manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Christi Christophersdotter Rønnei, f. {i Luster} 17.1.1863,

Kristi C. Ronnei utvandra til Amerika i 1882 og gifte seg første gongen

 

##### (date and place of her 1st marriage? - about 1887?)

 

med Karl Johan Olson frå

 

##### (opphavet hans frå Noreg? - skal ha vore frå Fjære i Aust-Agder)

 

i Amerika kjend som Karl J. Olson.  Han var son av

 

##### (fulle namn på foreldri hans med yrke, bustad og opphav?)

 

og f.

 

##### (dato og stad cfor fødslib hans? - Fjære kring 1857?)

 

men utvandra til Amerika i

 

##### (utvandringsåret hans?)

 

Karl og Kristi Olson slo seg ned på ein farm i Dundee township, Walsh Co., N.D. der Karl d. alt 5.11.1892.  Kristi gifte seg so att i Grafton, N.D. 11.11.1899 med enkjemannen Ole Evenson, opphavleg  frå Askildsrud i Norderhov, i Amerika kjend som Ole Evenson.  Han var son av husmann og tømmermann Even Trulsson på Jobæk under Askildsrud og kona Inger Sophie, kjend som Sophia Olsdotter frå

 

##### (ein plass, men kva for ein?)

 

under Skaug og f. i Norderhov 8.2.1854, men utvandra til Amerika i 1876.  Ole hadde før vore gift med Marie Marifjeren (1857-1898), dotter av strandsitjarsonen Johannes Johannesson frå ein plass i Marifjøra almenning i Hafslo (1819-1902) (s.d.).  Ole Evenson farma i Lampton township, Walsh Co., N.D. der Kristi d. 8.1.1918.  Ole Evenson d. i Edinburg, N.D. 24.11.1934.  Kristi fekk i alt sju born, tre frå første ekteskapet og fire frå det siste:

 

~~~~~~~~~~~~

 

Dg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to comment
Share on other sites

En mulig kandidat? - nr. 92:

 

Aust-Agder fylke, Fjære, Grimstad i Fjære, Klokkerbok nr. B 8 (1854-1867), Fødte og døpte 1858, Side 92
https://media.digitalarkivet.no/view/9461/93

 

Det er antakelig faren Ole Olsen Nord jeg finner her i folketellingen 1875:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052200002193

 

Familien i 1865:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038164001625

 

 

Link to comment
Share on other sites

På 6.12.2018 den 0.47, Lars E. Øyane skrev:

kona Inger Sophie, kjend som Sophia Olsdotter frå

##### (ein plass, men kva for ein?)

 

Finner ikke ut av hvilken plass Inger Sofie kommer fra. Står jo bare Skougseie og Hvalseie overalt.

 

Regner med at du har disse:

 

Foreldrene til Inger Sofie gifter seg i 1815.

Ole Olsen og Kari Eriksdatter, nr. 24 her  

SAKO, Norderhov kirkebøker, F/Fa/L0008: Ministerialbok nr. 8, 1814-1833, s. 382-383
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070313670063

 

Dåpen til Inger Sofie, 1817, nr. 2 her:

SAKO, Norderhov kirkebøker, F/Fa/L0008: Ministerialbok nr. 8, 1814-1833, s. 154-155
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070313660680

 

Dåpen til Inger Sofie, 1817, nr. 2 her:

SAKO, Norderhov kirkebøker, G/Ga/L0002: Klokkerbok nr. I 2, 1814-1867, s. 96-97
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070313670304

 

Konfirmasjonen til Inger Sofie, 1832, nr. 8 her:

SAKO, Norderhov kirkebøker, F/Fa/L0009: Ministerialbok nr. 9, 1819-1837, s. 816-817
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070314630048


 


 

 

 

Edited by Trude Nilsen
Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Grethe, Carsten og Trude for interessante innlegg!

 

Eg tykte «kandidaten» til Grethe såg ganske so spennande ut, men eg er glad for at Carsten kunne «eliminera» denne karen før eg var komen lenger med nærare undersøkjingar.  Soleis er det framleis eit ganske so òpe spørsmål kven han kan ha vore...

 

Hadde me berre greidd å finna vigsli hans med Kristi?  Eller hadde me hatt ein fødselsdato?

 

Elles trur eg me er nøydde til å satsa på lokal ekspertise når det å gjeld å identifisera husmannsplassen under Skau der inger Sophie Olsdotter var fødd og oppvaksi.  Der lyt ein verkeleg kjenna geografien på garden og sitja med komplett oversyn over kven som budde på dei uklike plassane.  Arbeidsrutinen kjenner eg frå Luster...

 

Eg veit elles ikkje noko meir å fortelja om Karl Johan Olson.  Det er mange år (30 år....) sidan eg vart fortald at han skulle vera frå Fjære, men kjelda har eg ikkje notert.  Eg trur ganske sikkert det var anten eit barnebarn eller Olive Brandvold, som eg hadde kontakt med då eg var i Amerika i 1987...

 

Her følgjer ein ny versjon av manuskriptet for denne huslyden, der eg òg har teke med borni henna Kristi, utan å vita om det kan vera til hjelp...

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter at opphavet til Karl Johan Olson no er kome for dagen, har eg oppdatert dette manuskriptet med ein ny versjon i innlegg #12 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takkl til Anne for kjempeflotte innlegg!

 

Du fann vigsli deira, og eg er skikkeleg imponert!  Vigsli var løysingi på floken...

 

Her fann eg no vigsli til foreldri (enkjemann) Ole Clausson Bjørnø og Christianna Jacobsdotter Stilholt i Brunlanes 24.6.1857: https://media.digitalarkivet.no/view/1239/255

 

Kan sjå ut som dei var gardfolk... - kanskje ei bygdebok for Brunlanes kan avklara dette?

 

Men greier du Anne å lesa frå vigsli kvar Carl Johan vart konfirmert?  Står det Kylleng?

 

Kanskje vil utvandringi hans avklara for oss kvar han voks opp...?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Men greier du Anne å lesa frå vigsli kvar Carl Johan vart konfirmert?  Står det Kylleng?

 

 

I #8 legger Anne inn lenke til folketellingen 1865 - da bodde familien i Tjølling:

 

Nr. 27

Vestfold fylke, Tjølling i Tjølling, Ministerialbok nr. 7 (1860-1876), Konfirmerte 1872, Side 149
https://media.digitalarkivet.no/view/1275/194

 

http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=0725&kenr=007&bnr=0026&lnr=00

  • Tellingsår: 1875
  • Kommune: Tjølling
  • Kommunenummer: 0725
  • Navn på bosted: Tindvig ødegaard

Antall personer registrert på bostedet: 6. Trykk på tidslinje.gif for å se på tidslinjen for personen.


  Navn Familie-stilling Sivil-stand Yrke Fødselsår Fødested Etnisitet
  Ole Klausen Husfader g Inderst Fisker Jordeier 1825 Tjose Sogn Brunlanæs  
  Kristiane Jakobsdatter Kone g   1834 Tjose Sogn Brunlanæs  
  Hans J Olsen Søn ug Matros 1858 Tjose Sogn Brunlanæs  
  Karen Kristine Olsdatter Datter ug   1863 Tjødling  
  Anders Olsen Søn ug   1867 Tjødling  
  Hanna Marie Olsdatter Datter ug   1871 Tjødling
Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Anne og Grethe for dei siste innleggi om denne huslyden med nye spennande opplysningar!

 

Det ser ut til at Ole Clausson og Christianna gjekk frå å vera gardbrukarar til å verta innerstfolk og fiskarar, men kva som vart siste bustaden deira, ser eg ikkje noko meir om..  Eg finn ingen av dei i FT1900 for Tjølling.  Kanskje dei òg utvandra til Amerika?

 

Eg finn forresten heller ikkje utvandringi til Carl/Karl Johan Olson frå Tjølling, korkje i kyrkjebøkene for Tjølling eller i passasjerlistene over Christiania..., merkeleg!

 

Eg har no oppdatert manuskriptet mitt med dei nye opplysningane, og dette manuskriptet erstattar manuskriptet frå innlegg #5 over:

 

~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye flotte innlegg frå Anne er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #15 under:

 

Eg vonar det let seg gjera finna nokre av dei detaljane som framleis manglar, men kanskje lyt me ha hjelp av bygdebøker?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bustand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Anne for avklarande innlegg med utdrag frå dei aktuelle bygdebøkene for Tjølling og Brunlanes.

 

Desse opplysningane gjev oss svar på so å seia alt som manglar om Karl Johan Olson.  Det einaste som no står att, er utvandringi hans til Amerika, og den har tydelegvis heller ikkje bygdebokskrivaren for Tjølling greidd å finna (?)...

 

Manuskriptet frå innlegg #12 over kan etter dette erstattast med følgjande:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Christi Christophersdotter Rønnei, f. {i Luster} 17.1.1863,

Kristi C. Ronnei utvandra til Amerika i 1882 og gifte seg første gongen i Walsh Co., N.D. 11.12.1886 med Carl Johan Olson frå Klåstad nedre i Tjølling, i Amerika kjend som Karl J. Olson.  Han var son av gardbrukar Ola Clausson på Klåstad nedre, opphavleg frå Bjørnø i Brunlanes, og andre kona Christianna Jacobsdotter frå Sletholt i Brunlanes og f. på Bjørnø i Brunlanes 16.4.1857, men utvandra til Amerika i

 

##### (utvandringsåret til Carl Johan?)

 

Karl og Kristi Olson slo seg ned på ein farm i Dundee township, Walsh Co., N.D. der Karl d. alt 5.11.1892.  Kristi gifte seg so att i Grafton, N.D. 11.11.1899 med enkjemannen Ole Evenson, opphavleg  frå Askildsrud i Norderhov, i Amerika kjend som Ole Evenson.  Han var son av husmann og tømmermann Even Trulsson på Jobæk under Askildsrud og kona Inger Sophie, kjend som Sophia Olsdotter frå

 

##### (ein plass, men kva for ein?)

 

under Skaug og f. i Norderhov 8.2.1854, men utvandra til Amerika i 1876.  Ole hadde før vore gift med Marie Marifjeren (1857-1898), dotter av strandsitjarsonen Johannes Johannesson frå ein plass i Marifjøra almenning i Hafslo (1819-1902) (s.d.).  Ole Evenson farma i Lampton township, Walsh Co., N.D. der Kristi d. 8.1.1918.  Ole Evenson d. i Edinburg, N.D. 24.11.1934.  Kristi fekk i alt sju born, tre frå første ekteskapet og fire frå det siste:

a. Ole Christian Olson, f. i Walsh Co., N.D. 12.1.1889, d. ugift i Denver, Colo. 9.12.1970.  Ole var ei tid farmarbeidar («farm laborer») i Walsh Co., N.D., men vart sidan sjukepassar («orderly») i Denver, Colo.

b. Josephine, kjend som Phina Olson, f. i Walsh Co., N.D. 8.10.1890, d. i Plentywood, Mont. 21.2.1984.  Phina gifte seg i Langdon, N.D. 12.1.1912 med Albert George Peterson.  Han var f. i Eau Claire Co., Wis. 5.1.1887 og d. i Plentywood, Mont. 31.8.1967.  Albert og Phina Peterson farmed i Dooley nær Plentywood, Sheridan Co., Mont., men var barnlause.

c. Clara Christine Olson, f. i Walsh Co., N.D. 24.12.1892, d. i Baldwin Park, Cal. 10.10.1987.  Clara gifte seg i Grafton, N.D. 29.6.1915 med Morris Bernard Folson, f. i Walsh Co., N.D. 22.2.1888.  Han d. i Walsh Co., N.D. 11.9.1954.  Morris og Clara fekk ta over heimefarmen hennar i Dundee township, Walsh Co., N.D. og fekk to døtrer i lag.

d. Maurice Evenson, f. i Walsh Co., N.D. 13.6.1900, d. i Casper, Wyo. 26.4.1970.  Maurice gifte seg i Casper, Wyo. 15.9.1931 med Lois Elizabeth, kjend som Betty Smith.  Ho var f. i Osawatomie, Ks. 16.3.1910 og d.

 

     ##### (exact date and place of her death? - Casper, WY!?)

 

     1997.  Maurice Evenson var postmeistar og hadde dessutan bensinstasjon og kolonialforretning («postmaster and gas station and grocery store owner and operator») nær Casper, Wyo.  Han og Betty fekk ei dotter i lag.

e. Eveline Sophia Evenson, f. i Walsh Co., N.D. 2.12.1901, d. i Casper, Wyo. 1.12.1984.  Eveline gifte seg i Morden, Sask. 5.7.1920 med Werner Reese, f. i Walsh Co., N.D. 22.7.1900.  Han d. i Casper, Wyo. 31.3.1977.  Werner Reese var slakteriarbeidar («meat cutter»), og han og Eveline budde først i Van Hook, Mountrail Co., N.D., men flytte sidan til Casper, Wyo.  Dei fekk fem born i lag.

f. Olive Evenson, f. i Walsh Co., N.D. 8.11.1903, d.

 

     ##### (place of her death? - Walsh Co., ND!)

 

     29.11.1995.  Ho gifte seg i Walsh Co., N.D. 30.6.1926 med Ole Elmer Brandvold, f. i Crow Wing Co., Minn. 14.9.1899.  Han d. i Grand Forks, N.D. 21.2.1977.  Olive og Ole Brandvold farma i Lampton township, Walsh Co., N.D. og fekk to søner i lag.

g. Albert Oliver Evenson, f. i Walsh Co., N.D. 24.3.1907, d. i Park River, N.D. 29.6.1936.  Albert gifte seg i Park River, N.D. 6.7.1926 med Jennie Alvilda Larson.  Ho var f. i Walsh Co., N.D. 3.5.1905 og d. i Grafton, N.D. ?.6.1978. 

 

     ##### (exact date of her death?)

 

     Albert var mekanikar («mechanic»), men farma elles i lag med far sin i Lampton township, Walsh Co., N.D.  Han og Jennie fekk to born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

Karl Johan nr 964 i annotasjonsrulle

SAKO, Larvik innrulleringskontor, F/Fb/L0004: Annotasjonsrulle, 1870-1882, s. 195
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ru20090423700195

 

Karl Johan i hovedrulle patent nr 2335. Rømt i Baltimor 1881 mener jeg det står

SAKO, Larvik innrulleringskontor, F/Fc/L0006: Hovedrulle, 1871, s. 332
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/ru20090423730332

 

Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Anne for siste innlegget!

 

Då ser me at Carl Johan Olson reiste ut som sjømann, men eg er svært i stuss på korleis denne innførsli skal tolkast.

 

** På andre linja etter at det vert sagt at han avmønstra i desember 1879, står dette med rømmingi i Baltimore og eit journalnummer 1614 frå 1881

 

** Men på tredje linja står han som påmønstra att i New York(?) 26.5.1881, med avmønstring i Arendal 23.6.1881!

 

Eg tykkjer det heile ser noko merkeleg ut.  Kanskje me skulle freista finna denne journalen frå 1881?  Kvar kan den vera, mon tru?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bustand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Gunnar for siste innlegget!

 

Eg veit ikkje nett kva du er ute etter av opplysningar.  Om du tenker på bustadar etc. etter dei utvandra og fram til vigsli i 1886, kan eg diverre ikkje svara på det.

 

Er du kan henda av same ætt som Karl Johan?

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.