Knut Skorpen Posted December 6, 2018 Share Posted December 6, 2018 På gnr. 113/2 i Vefsn vart det 7.8.1934 tinglyst ein forpaktningskontrakt som eg gjerne skulle sett. Kontrakten vart sletta 19.9.1947, med kommentar "Tida utløpet". (Øvst t.h. her: https://www.digitalarkivet.no/tl20080130610857 ) Kontrakten har arkivreferanse Pantebog nr. 44 / s. 296 / 63, men det er bok nr, 41 som dekker det aktuelle tidsrommet, og her er dokumenta sortert etter tingslysningsdato. Likevel finn eg ikkje dokumentet. Ut frå tidlegare svar på tilsvarande spørsmål går eg ut frå at sletta dokument frå denne perioden er kassert. Men med eit lite håp om at slik kassering var unntaket og ikkje regelen, spør eg om det likevel kan vere mogleg å finne denne kontrakten i Statsarkivet. Link to comment https://forum.arkivverket.no/topic/228122-tinglyst-men-manglande-kontrakt-fr%C3%A5-vefsn-1934/ Share on other sites More sharing options...
Arkivverket - Anita Riise Posted December 6, 2018 Share Posted December 6, 2018 Eg har heller ikke funne det unntatt referanse i pantebok 34 under Søndre Helgeland, som viser at det ER dokument 63 under tinglysingsdato 07.08.1934. Her blir det vist til pantebok 44 pag. 299 https://www.digitalarkivet.no/tl20080103631282 . Det kan vere at pantebøkene(med sletta dokument) enten er kassert eller ikkje er blitt digitalisert. Du kan spørje Statsarkivet i Trondheim om dei har noko meir om dokumentet via skjema: https://www.arkivverket.no/tjenester/bestill-en-enkeltopplysning Link to comment https://forum.arkivverket.no/topic/228122-tinglyst-men-manglande-kontrakt-fr%C3%A5-vefsn-1934/#findComment-1944092 Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Please sign in to comment
You will be able to leave a comment after signing in
Sign In Now