Gå til innhold
Arkivverket

Jørgen Jonasson frå Øye i Lærdal (1775-1833) - gift fire gongar i Bergen - første kone var frå Hafslo, men kven var dei tre andre konene hans?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Kenneth Bratland har i dag gjort meg merksam på eit skifte i Bergen frå 1806 der avlidne Gjertrud Olsdotter syner seg å ha vore frå garden Yngsdalen i Hafslo og ei som eg aldri hadde greidd å finna att utan dette innspelet frå Kenneth!  Hjarteleg takk, Kenneth!  Slike innspel er gull verd!  https://www.digitalarkivet.no/sk20081117630138

 

Gjertrud let ikkje etter seg born, men Jørgen gifte seg att tre gongar og fekk i alle fall ein son frå det andre ekteskapet sitt.  Den største utfordringi no er likevel å identifisera dei btrte siste konene hans, lg der vonar eg få lite veta eksperthjelp i Brukarforum.

 

Eg har sett opp følgjande manuskript:

 

~~~~~~~~~

 

Gjertrud Olsdotter {Yngsdal}, døypt {i Hafslo} 19.11.1769,

Gjertrud Olsdotter flytte i ung alder til Bergen, kan henda i lag med broren Johannes, og ho gifte seg i Domkyrkja i Bergen 1.12.1805 med Jørgen Jonasson frå Øye i Lærdal

 

 

##### (sjekka at han voks opp der?)

 

 

i Bergen kjend som Jørgen Jonassen.  Han var son av

 

 

##### (Jonas Jørgenson og Martha Lassesdotter - vigde i Lærdal 4.4.1768)

 

 

og f. i Lærdal 9.6.1775, men flytte til Bergen i 1801.  Jørgen og Gjertrud busette seg på Store Sandviken i Bergen, men Gjertrud vart gravlagd frå derifrå alt 11.2.1806, og Jørgen gifte seg 11.7.1806 att i Krosskyrkja i Bergen med Bertha Andersdotter

 

 

##### (kven var ho? - d. før 1811!)

 

 

So gifte Jørgen seg tredje gongen 16.6.1811 i Krosskyrkja i Bergen med Christine Hansdotter Sandvig

 

 

##### (kven var ho? - f. 1783!?)

 

 

Ho d. i Bergen 28.2.1818, og Jørgen gifte seg so fjerde gongen i Domkyrkja i Bergen 22.8.1830 med enkja Elisabeth Paulsdotter, opphavleg frå Bergen,

 

 

##### (fødd KK 1781 - far Paul Paulsen - ved dødsfallet kalla Bernsdotter og f. 1772!!))

 

 

Jørgen Jonassen livnærte seg for det meste som dikselmann og dagarbeidar og budde i Bergen levetidi ut.  Han d. i Bergen 10.8.1833, medan Elisabeth d. som enkje og almisselem i Bergen 15.9.1842.

 

 

##### (born? - inkl.:

       * Jeremias Anders, f. KK, Bergen 28.8.1807 - n. 1815)

 

~~~~~~~~~

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

15 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Jørgen gifte seg so fjerde gongen i Domkyrkja i Bergen 22.8.1830 med enkja Elisabeth Paulsdotter, opphavleg frå Bergen,

##### (fødd KK 1781 - far Paul Paulsen - ved dødsfallet kalla Bernsdotter og f. 1772!!))

 

15 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Elisabeth d. som enkje og almisselem i Bergen 15.9.1842.

 

I dødsfallsprotokollen står hun som Elisabeth Rasmusdatter! 

Bergen fylke, Bergen, Dødsfallsprotokoll nr. 1 (1821-1847), Skifteprotokollside, Side 301b-302a
https://media.digitalarkivet.no/view/27883/303

 

Bergen fylke, Domkirken i Domkirken, Ministerialbok nr. A 12 (1821-1840), Viede 1830, Side 422
https://media.digitalarkivet.no/view/8643/424

 

Bergen fylke, Domkirken i Domkirken, Ministerialbok nr. E 1 (1841-1853), Døde og begravede 1842, Side 108
https://media.digitalarkivet.no/view/8334/102814/12

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe for eit spennande innlegg!

 

Det skal tydelegvis ikkje vera so enkelt å finna opphavet til denne Elisabeth, med tre alternative farsnamn...  Kanskje med skulle freista finna ut kven ho hadde vore gift med før?

 

Elles er eg kanskje spesielt interessert i tredje kona Christine Hansdotter Sandvig.  Ho kan ha vore frå indre Sogn...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne kjempeutfordringi som har lege urøyrd dei siste tre vekene.

 

Det er verkeleg eit stort mysterium kven desse konene til Jørgen Jonasson kan ha vore, og eg vonar i det lengste på at ein eller annan kan hjelpa meg finna ut av det!

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips, og Godt Nytt År til alle!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.