Gå til innhold
Arkivverket

Paul Baardson frå Gaupne (1723-1787) - høkar og skinnkræmmar i Bergen - kven var kona hans og kvar vart det av borni deira?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ivar Moe presenterte i dag ei skikkeleg spennande opplysning om ein ung lustring som tok borgarskap i Bergen i 1759 som høkar:

 

13 juli 1758

image.png.242c0f267ca3391cc250dbeff7a8b344.png

 

Dette er ein person som eg ikkje har finne nemnd i nokon kjelder frå Luster, men når me veit han var frå Gaupne, MÅ han vera son av Baard Johnson frå Gaupne som i mange år var husmann på Skjolden under Bolstad i Luster.  Paul må dels ha vokse opp hjå skyldfolk i Gaupne, men er ikkje konfirmert i Luster!  Kanskje vart han konfirmert i Hafslo der me manglar konfirmantlister for den perioden...

 

Ut ifrå dei mange fine opplysningane som Grethe har presentert i hitt emnet, sjå innlegg #364: https://forum.arkivverket.no/topic/221524-til-lars-øyane/?page=15&tab=comments#comment-1944444

 

har eg no sett opp følgjande manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #5 under!

 

Det var ei stor overrasking å motta opplysningar om Paul Baardson, og eg eg takkar so mykje på førehand for alle tilleggsopplysningar som måtte dukka opp!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars,

 

Om så en bok (som forøvrig verken er opplyst med tittel, forfatter eller utgivelsesår) har en navneform "Paul Baarsen" (da vel etter en kilde fra 1758), hvorfor skal så denne person i et moderne manus fra 2018 bibeholde arkaiske og i hovedsak overdrevent danskspråklige navneformer, da i et ellers flott dialektbasert språk?

 

Hvorfor skulle ikke denne "Paul", heller fremstå som "Pål Bårdsson", og den presumptive faren "Baard Johnson" (se debattråden https://forum.arkivverket.no/topic/221524-til-lars-øyane/?page=15 innlegg 363 og 365) som Bård Jonsson? (samtdig, i parentes bemerket: Hva er det egentlig med denne hangen til å benytte John fremfor Jon? Er det en lydelig kvalitet i Lusterdialekten jeg ikke ser, som gir distinkt forskjellig uttale av John i forhold til Jon?).

 

Er det slik å forstå at du ønsker å holde fast ved mest mulig dansk i Lusterdialekten (gitt jeg har oppfattet rett opphav på dialekten) eller er det et standpunkt om å konsekvent og kategorisk ikke røre noen eldre kildeformer av navn? Med andre ord, hvorfor finnes det tilsynelatende ikke noe aktivt forhold til navnenormalisering, mens fremstillingsspråket ellers er befriende dialektisk og dynamisk?

 

Dette håper jeg du vil tenke litt på, samt komme med noen refleksjoner til. Grunnen til at jeg tar dette opp, ligger samtidig i den store innflytelse du gjennom mange år har hatt, og fortsatt har, som trendsetter for hvilke og hvor mange diskusjoner om det sentrale Vestland som skal foregå på dette forum.

 

Vennlig hilsen

 

Are

 

Endret av Are S. Gustavsen
Korrektur
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ivar, Rune og Are for interessante og utfordrande innlegg!

 

Eg har nytta den gamle databasen for avlidne i Bergen og meiner eg har «plukka ut» dei som kunne vera aktuelle som born av Paul og Bertha Cathrine, men kan sjølvsagt ha oversett noko.  Eg har òg saumfare konfirmantlistene for Nykyrkja, som diverre ikkje er databaseregistrerte, men eg fann berre to av borni, Nils Fredrik i 1779 og Bertha (Johanne) i 1791.

 

Ivar fann vigsli og lagnaden til Bertha Johanna, og sjølv har eg no finne vigsli til Nils Fredrik og dåpen for dei fire eldste borni hans, men huslyden ser ut til å forsvinna frå Bergen kort før 1800...?  Eg fann òg det som eg meiner må vera dåpen til Lars Mikkelson Strand, men ei bygdebok for Kvam (Øystese) er truleg naudsynt for å stadfesta dette...

 

Når det gjeld innlegget til Are, har språkformi mi vore drøfta i Brukarforum før, men berre for nok ein gong kort å gjera greie for dette:  For å unngå tonnevis av ulike stavemåter av namn, har eg sett ein viss standard på alle personnamn nytta før 1850 slik namni stort sett vart skrivne den gongen.  Dette er mellom anna til stor hjelp for amerikanarar som ikkje er so kjende med språkutviklingi i Noreg dei siste 150 åri...  Denne språkformi vart vedteke i Luster for 40 år sidan, og eg ser ingen grunn til å endra på dette no.

 

Her følgjer ein oppdatert versjon av manuskriptet mitt for huslyden til Paul Baardson, som erstattar manuskriptet i innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Paul Baardson {Skjolden}, f. {i Luster} kring 1723,

Paul ser ut til å vera oppvaksen i Gaupne, men flytte tidleg til Bergen der han 26.2.1758 gifte seg i Nykyrkja med Bertha Cathrine Johannesdotter frå

 

##### (opphavet hennar? - foreldri?)

 

##### (dato og stad for fødsli hennar? - 1733?)

 

Paul fekk 13.7.1758 borgarskap i Bergen som høkar og livnærte seg som skinnhandlar, men er kalla dagarbeidar då han vart gravlagd i Bergen 15.6.1787.  Bertha vart gravlagd same staden 1.4.1789.  Dei fekk ni born i lag:

a. Berendt Paulson, døypt i Bergen 16.5.1759, vart gravlagd i Bergen 10.7.1762.

b. Nils Fredrik Paulson, døypt i Bergen 13.1.1762, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? - konfirmert NK, Bergen 1779)

 

     Nils gifte seg i Domkyrkja i Bergen 5.8.1792 med Elen Gurine Olsdotter Bar

 

     ##### (oppl.?)

 

     ##### (yrke og bustad? - matros Bergen)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? - inkl.:

            * Nicoline Tobia, f. DK, Bergen 18.1..1792: https://media.digitalarkivet.no/view/8636/33

            * Berthe Cathrine, f. DK, Bergen 24.8.1795: https://media.digitalarkivet.no/view/8636/73

            * Paul Olai, f. DK, Bergen 12.5.1798: https://media.digitalarkivet.no/view/8636/102

            * Jochumine Margrethe, f. DK, Bergen 12.5.1798: https://media.digitalarkivet.no/view/8636/102

 

c. Johannes Paulson, døypt i Bergen 17.2.1764,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

d. Guri Paulsdotter, døypt i Bergen 14.3.1766,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

e. Karen Paulsdotter, døypt i Bergen 29.7.1767, vart gravlagd i Bergen 1.6.1771.

f. Baard Paulson, døypt i Bergen 1.1.1770, vart gravlagd i Bergen 24.9.1771.

g. Karen Paulsdotter, døypt i Bergen 19.7.1772,

 

     ##### (lagnaden hennar?)

 

h. Bertha Johanne Paulsdotter, døypt i Bergen 28.2.1775, d. som tømmermannskone i Bergen 31.7.1820.  Ho gifte seg i Nykyrkja i Bergen 22.3.1801 med Lars Mikkelson frå Strand i

 

     ##### (Hardanger!)

 

     i Bergen kjend som Lars Strand.  Han vart døypt i

 

     ##### (dato og stad for dåpen hans? - ein Lars Mikkelson vart døypt på Stranden i Kvam (Øystese) 20.12.1774 - kan det vera han?)

 

     1774.  Han d. som tømmermann i Bergen 25.12.1830.  Lars var tømmermann, og han og Bertha budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk sju born i lag.

i. Paul Paulson, døypt i Bergen 11.7.1779, vart gravlagd i Bergen 1.4.1783.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komletter denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ein forseinka, men like hjarteleg takk til Rune for siste innlegget om denne huslyden!

 

Eg har studert denne Bertha Cathrine Johannesdotter frå 1733 litt nærare, og eg er etter kvart ganske so overtydd om at du har fionne den «rette» jenta.  Me har fleire opplysningar som underbyggjer dette:

 

Då Berent vart døypt i 1759, finn me mellom fadrane Johannes Iversen og likeins ei Esther Johannesdotter: https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000006059928

 

* Far hennar heitte Johannes Iversen

 

* Ho hadde òg ei yngre søster som heitte Esther

 

* Og sist, men ikkje minst, alderen hennar høver «på ein prikk»

 

Elles ar eg oppdaga at Nils Fredrik Paulsen er nemnd mellom matrosar i Bergen, og her står det at han døydde i 1799: http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=matr1754&gardpostnr=591&merk=591#ovre

 

Framleis slit eg med lagnadane til fleire av borni i denne huslyden, Guri 1766 og Karen 1772, men elles er det i første rekke desse to «utfordringane» som eg vonar det kan lata seg gjera noko med:

 

** Lagnaden til Nils Fredrik Paulsen (kvar og under kva omstende døydde han?), og kvar vart av kona og dei fire borni deira?

 

** Opphavet til Lars Mikkelson Strand frå Hardanger, som eg mistenker for å vera døypt i Øystese (Kvam) 20.12.1774?

 

Her følgjer so siste versjonen av dette manuskriptet:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye spennande opplysningar er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #11 under!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

b. Nils Fredrik Paulson, døypt i Bergen 13.1.1762, d.

 

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? - matroslista seier han døydde i 1799!)

 

 

 

     Nils gifte seg i Domkyrkja i Bergen 5.8.1792 med Elen Gurine Olsdotter Bar

 

 

 

     ##### (oppl.?)

 

 

 

     ##### (yrke og bustad? - matros Bergen)

 

 

 

     ##### (talet på søner og døtrer? - inkl.:

 

            * Nicoline Tobia, f. DK, Bergen 18.1.1792: https://media.digitalarkivet.no/view/8636/33

 

            * Berthe Cathrine, f. DK, Bergen 24.8.1795: https://media.digitalarkivet.no/view/8636/73

 

            * Paul Olai, f. DK, Bergen 12.5.1798: https://media.digitalarkivet.no/view/8636/102

 

            * Jochumine Margrethe, f. DK, Bergen 12.5.1798: https://media.digitalarkivet.no/view/8636/102

Legger til ett barn: Birthe Cathrine, født 6.4.1794. http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=dp12011668&gardpostnr=29594&personpostnr=87027&merk=87027#ovre.

 

Den andre Berthe Cathrine er vel hun som døde 27.11.1811, 16 år gammel http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=1&filnamn=bedo1668&gardpostnr=62677&merk=62677#ovre

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Lars J. og Jon for kjempefine og spennande innlegg!  Eg er imponert over kva de finn!

 

Det kan vel ikkje vera mykje tvil om at du Lars har finne den rette Elen Paulsen som enkje i 1801, og at namnet til dotteri er vorte litt «vridd».  Dotteri Bertha Cathrine må ha vokse opp hjå fosterforeldre, og kanskje er det òg tilfelle med tvillingane fødde i 1798.

 

Og so får me vita at Karen Paulsdotter framleis levde då mori Bertha Cathrine døydde i 1789.

 

Med desse fakta i bakhovudet har eg søkt etter alternative Karen Paulsdotter som gifte seg i Bergen 1788-1810, og eg har finne fem «mogelege», og det kan vel i teorien ha vore kven som helst av dei... (sjå den nye manuskriptsversjonen under)

 

Eg har òg tenkt tanken at Elen Gurine Olsdotter kan ha gift seg att i Bergen, og det syner seg at namnet er heller uvanleg.  Eg finn berre eitt alternativ i vigselslistene og eitt i dødsfallslistene for Bergen som høver so nokolunde med alder... (sjå den nye manuskriptversjonen under), men om eg har treft «blink», er eg usikker på.  I so fall er andre mann hennar John Gunderson frå Skjelbred i Gaular, og kanskje har den bygdeboki noko å by på av ekstraopplysningar?

 

Men det er framleis ei stor gåte kvar Elen Gurine Olsdotter kan vera kommi ifrå?

 

Her følgjer ein ny versjon av manuskriptet som erstattar manuskriptet i innlegg #7 over:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Paul Baardson, f. kring 1723,

Paul ser ut til å vera oppvaksen i Gaupne, men flytte tidleg til Bergen der han 26.2.1758 gifte seg i Nykyrkja med Bertha Cathrine Johannesdotter frå Bergen.  Ho var dotter av arbeidsmann Johannes Iversen i Bergen og kona Femme Nilsdotter

 

##### (opphavi deira? - vigde i NK, Bergen 12.4.1722)

 

og vart døypt i Bergen 10.5.1733.  Paul fekk 13.7.1758 borgarskap i Bergen som høkar og livnærte seg som skinnhandlar, men er kalla dagarbeidar då han vart gravlagd i Bergen 15.6.1787.  Bertha vart gravlagd same staden 1.4.1789.  Dei fekk ni born i lag:

a. Berendt Paulson, døypt i Bergen 16.5.1759, vart gravlagd i Bergen 10.7.1762.

b. Nils Fredrik Paulson, døypt i Bergen 13.1.1762, d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? - matroslista seier han døydde i 1799!)

 

     Nils gifte seg i Domkyrkja i Bergen 5.8.1792 med Elen Gurine Olsdotter Bar frå

 

     ##### (opphavet hennar?)

 

     ##### (dato og stad for fødsli/dåpen hennar?)

 

     ##### (kan det vera ho som døydde «af Byen» på Hospitalet St. Jørgen 11.6.1826 - 65 år? - truleg gift som enkje i DK, Bergen 7.4.1811 med vektar og dagarbeidar - då enkjemann John Gunderson (Schielbred) - fødd i Gaular 1764 (dato?) - budde i Bergen 1815! - han døydde truleg som almisselem frå fattighuset på Nøstet 24.6.1828 - 69 år?)

 

     ##### (yrke og bustad? - matros Bergen - Elen Paulsen enkje i Bergen 1801)

 

     ##### (talet på søner og døtrer? - inkl.:

            * Nicoline Tobia, f. DK, Bergen 18.1.1792: https://media.digitalarkivet.no/view/8636/33

            * Berthe Cathrine, f. DK, Bergen 6.4.1794

            * Berthe Cathrine, f. DK, Bergen 24.8.1795: https://media.digitalarkivet.no/view/8636/73

               døydde Bergen 27.11.1811

            * Paul Olai, f. DK, Bergen 12.5.1798: https://media.digitalarkivet.no/view/8636/102

            * Jochumine Margrethe, f. DK, Bergen 12.5.1798: https://media.digitalarkivet.no/view/8636/102

 

c. Johannes Paulson, døypt i Bergen 17.2.1764, vart gravlagd i Bergen 16.5.1768.

d. Guri Paulsdotter, døypt i Bergen 14.3.1766, d. kort etter fødsli.

e. Karen Paulsdotter, døypt i Bergen 29.7.1767, vart gravlagd i Bergen 1.6.1771.

f. Baard Paulson, døypt i Bergen 1.1.1770, vart gravlagd i Bergen 24.9.1771.

g. Karen Paulsdotter, døypt i Bergen 19.7.1772,

 

     ##### (levde i Bergen 1789 - lagnaden hennar? - ei av desse brudene frå Bergen?

            * gift DK 14.4.1799 med gardeigar Niels Nielsen

            * gift DK 8.6.1800 med enkjemann og matros Ole Christensen

            * gift KK 3.6.1792 med matros Johannes Erikson Lindal - https://media.digitalarkivet.no/view/8681/104

            * gift KK 10.12.1798 med skipper Carl Dahl

            * gift NK 14.10.1789 med matros Peter Larsen - https://media.digitalarkivet.no/view/8736/19

 

h. Bertha Johanne Paulsdotter, døypt i Bergen 28.2.1775, d. som tømmermannskone i Bergen 31.7.1820.  Ho gifte seg i Nykyrkja i Bergen 22.3.1801 med Lars Mikkelson frå Strand i

 

     ##### (Hardanger!)

 

     i Bergen kjend som Lars Strand.  Han vart døypt i

 

     ##### (dato og stad for dåpen hans? - ein Lars Mikkelson vart døypt på Stranden i Kvam (Øystese) 20.12.1774 - kan det vera han?)

 

     1774.  Han d. som tømmermann i Bergen 25.12.1830.  Lars var tømmermann, og han og Bertha budde i Bergen levetidi ut.  Dei fekk sju born i lag.

i. Paul Paulson, døypt i Bergen 11.7.1779, vart gravlagd i Bergen 1.4.1783.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.