Gå til innhold
Arkivverket

Ole Ankerson (1705-1794) og kona Kari Hansdotter (1708-1783) - gardbrukarar Sandvik i Luster og innerstfolk Alme i Hafslo - til Bergen kring 1752 - kvar vart det av denne huslyden? - ei kjempeutfordring!


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet er ei oppfølgjing av tema #35761 frå det gamle Brukarforum: https://forum.arkivverket.no/topic/121286-35761-ole-ankersen-og-kari-hansdotter-1752-frå-luster-til-bergen-borni-deira/?tab=comments#comment-990484

 

men har lege som ei uløyst gåte hjå meg sidan 1980-talet.  Kanskje er no tidi kommi for å finna ei løysing?  Kanskje har eg no sjølv oppdaga lagnaden til ein av sønene?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Ankerson Sandvig, frå

 

     ##### (opphavet hans? - kan henda frå Bergen??)

 

     var visstnok f. kring 1705 og gifte seg i Hafslo 31.5.1733 med Kari Hansdotter frå Alme i Hafslo, f. i Hafslo kring 1708.  Ole Ankerson fekk 7.4.1734 bygsel på dette bruket i Sandviki, og han og Kari dreiv bruket til dei av økonomiske grunnar laut gå frå i 1744.  Sidan budde dei nokre år i Hafslo, truleg som innerstfolk på Alme.

Men kring 1752 flytte Ole Ankersen og kona Karen til Bergen.  Dei busette seg på Nordnes i Bergen, visstnok i Claus Ockenssmuget, men Ole arbeidde som vektar på torget i Bergen.  Karen d. i Bergen 5.9.1783, medan Ole d. same staden 12.10.1794.  Me kjenner til åtte born etter dei:

 

##### (hadde dei òg ei dotter Martha Olsdotter?)

 

a. Anna Olsdotter (1733-1735), f. i Hafslo og d. i Sandviki.

b. Hans Olsen, døypt i Luster 6.12.1735,

 

     ##### (lagnaden hans? - flytt til Bergen eller kan henda gift på Leikanger?)

 

c. Anders Olsen, døypt i Hafslo 21.9.1738,

 

     ##### (lagnaden hans? - flytt til Bergen?)

 

d. Anna Olsdotter, døypt i Luster 11.11.1741,

 

     ##### (lagnaden hennar? - flytt til Bergen?)

 

e. Lars Olsen, døypt i Hafslo 9.5.1745,

 

     ##### (lagnaden hans? - flytt til Bergen?)

 

f. Peder Olsen, døypt i Hafslo 18.2.1748,

 

     ##### (lagnaden hans? - flytt til Bergen?)

 

g. Henrik Olsen, døypt i Hafslo 15.3.1750,

 

     ##### (lagnaden hans? - flytt til Bergen?)

 

h. Ole Olsen, døypt i Bergen 4.8.1754,

 

     ##### (lagnaden hans?)

 

~~~~~~~~~~~~~~~

 

Når det gjeld eldste sonen Hans Olson har eg i det siste børja fatta mistanke om det kan vera han som i 1765 gifte seg med Synneva Rasmusdotter på Leikanger og som soleis vart ein del av huslyden drøfta i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/226866-synneva-rasmusdotter-frå-marifjøra-i-hafslo-fødd-1735-fekk-ei-dotter-på-leikanger-i-1757-kvar-vart-det-av-synneva-og-dotteri-ei-kjempeutfordring-synneva-kan-henda-gift-på-leikanger-1765-med-hans-olson-husebø/

Denne Hans Olson synest ikkje vera fødd på Leikanger og kan godt ha flytt dit frå indre Sogn, på same vis som Synneva!  Dessutan hadde eldste dotteri til Synneva og Hans namnet Anna som KAN vera oppkalling etter mori hans...!?

 

Ikkje godt å vita sikkert.  Ole Ankerson sin son Hans var fødd i 1735 og var meir eller mindre vaksen då foreldri flytte til Bergen, og han kan godt ha vorte att i Sogn - på eige hand...

 

Elles er det so mange born i huslyden til Ole Ankerson at i alle fall nokre av dei bør ha levd opp og kanskje gift seg i Bergen!?

 

Eg har sett litt på ulike alternativ, og i augi mine fall denne:

 

Lars Olson, dikselsmann - gift med Alida Eriksdotter - fekk desse borni i Nykyrkja i Bergen:

 

* Erik Olai, døypt 18.12.1771 (ein av fadrane heitte Henrik Olson): https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005656830

 

* Anne Karine, døypt 27.11.1774 (ein av fadrane heitte Ole Olson): https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005658743

 

* Helene, døypt 18.12.1778 (ein av fadrane heitte Anna Margrethe Olsdotter): https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000005627646

 

* Karen, døypt 24.1.1781: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/29

 

* Karen, døypt 4.12.1785: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/55

 

* Henrikke Oline, døypt 2.11.1788: https://media.digitalarkivet.no/view/8719/75

 

Det hadde vore kjempeflott om det let seg gjera spora opp denne huslyden, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Eg vil i kveld gjerne få henta fram att denne kjempeutfordringi som har lege urøyrd dei siste tre vekene.

 

Det er verkeleg eit stort mysterium kvar det vart av denne store barneflokken, og eg vonar i det lengste på at ein eller annan kan hjelpa meg finna ut kvar det vart av dei!

 

Ein ny kjempetakk for alle gode tips, og Godt Nytt År til alle!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.