Jump to content
Arkivverket

Johannes Larsson (1772-1810) - frå Hafslo til husmannsplass på Stenetræet (Træ under Stend) i Fana - kona Agatha Crispinusdotter gift tre gongar - fleire opplysningar om denne huslyden? - bygdebokoppslag?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Kenneth Bratland har i dag sendt meg ei svært hyggeleg melding.  Han kom over eit skifte frå Fana frå 1810 som synte seg gjelda ein utflyttar frå Hafslo som hadde gift seg til Fana, og dette er ein person eg ikkje visste so mykje om frå før!  Han var innom tukthuset i Bergen og tente i Bergen i 1804, men so var han «borte vekk»!  Hjarteleg takk til Kenneth for kjempefine opplysningar!

 

På bakgrunn av skiftet og dei digitaliserte kyrkjebøkene for Fana har eg no sett opp følgjande manuskript for denne huslyden, men som ein ser, manglar eg ein del detaljar, særleg om foreldri til Agatha og om ektemakane hennar:

 

~~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye informative innlegg frå Lars J. er dette manuskriptet no erstatta av eit nytt i innlegg $5 under!

 

Eg vil i utgongspunktet tru at bygdebøkene for Fana vil vera til stor hjelp for å finna svar på mange av dei òpne spørsmåli, og eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to comment
Share on other sites

1 time siden, Lars E. Øyane skrev:

Crispinus Zakariasson på Træ under Stend, opphavleg frå

 

 

 

##### (kvar fødd og oppvaksen? - kalla S. Hjellestad ved vigsli i Fana 16.11.1766 - døypt Gjesdal, Jølster 7.4.1743?)

Fanaboka oppgir som du er inne på at Krispinus var født 1743 i Gjesdal. Faren, Sakkarias Danielsen Gjesdal (1709 - 1771), født i Jølster, var pakter før Krispinus.

Link to comment
Share on other sites

2 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Anders Monsson frå

 

 

 

##### (kvar oppvaksen? - Tosse?)

 

 

 

##### (foreldri?)

 

 

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? - 1770?)

Ifølge fanaboka: Anders Monsen Tysse, f. 1766 i Samnanger, d. 1810, hadde plassen fra 1793.

Finner en Anders Monsen Tysse døpt 09.02.1771, foreldre Mons Johannessen og Siri Olsdtr. https://media.digitalarkivet.no/view/11620/53

Edited by Lars Johannessen
Link to comment
Share on other sites

4 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

Jens Jensson frå

 

 

 

##### (kvar oppvaksen?)

 

 

 

##### (foreldri?)

 

 

 

##### (dato og stad for fødsli/dåpen hans? - 1785?)

 

 

 

##### (yrke og bustad? - 1816: enkjemann på Fanahammaren)

Jens Jensen er såvidt omtalt under Fanahammeren, foreldre Jens Olsen Hordnes (1750 - 1815) og Anne Jensdtr. (1750 - 1816). Det står bare at Jens Jensen bodde en tid i Stendatræet. Broren Ola Jensen (1790 - 1846) var gift med Kristi Krispinusdtr. Stendatræet (1773 - 1846).

 

Jens ble døpt 01.05.1785 https://media.digitalarkivet.no/view/8799/86

Edited by Lars Johannessen
Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Lars J. for spennande og nyttige innlegg som oppklarar mykje av denne huslyden.

 

Eg har no utifrå dei nye opplysningane oppdatert manuskriptet mitt slik - til erstatning for manuskriptet i innlegg #1:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Johannes Larsson {Beum}, døypt {i Hafslo} 12.3.1772,

Johannes Beum flytte i ung alder til Bergen og sat visstnok ei tid som tukthusfange, men var i 1804 i teneste hjå ein kjøpmann Schnelle i Bergen.  Han gifte seg i Fana 25.6.1809 med enkja Agatha Crispinusdotter frå Stend i Fana.  Ho var dotter av husmann Crispinus Zakariasson på Træ under Stend og kona Synneva Olsdotter frå

 

##### (opphavet hennar? - kalla Steen ved vigsli!)

 

og vart døypt i Fana 1.2.1767.  Agatha gifte seg første gongen i Fana 23.6.1793 med Anders Monsson frå Tysse i Samnanger.  Han var son av

 

##### (gardbrukar?)

 

Mons Johannesson på Tysse, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? - kalla Indre Tysse ved vigsli 24.6.1761)

 

og kona Siri Olsdotter frå

 

##### (opphavet hennar? - kalla Hou ved vigsli 24.6.1761)

 

og vart døypt i Samnanger, Os 9.2.1771.  Anders tok over som husmann på Træ under Stend etter foreldri hennar, men vart gravlagd frå Træ alt 14.8.1808.  Johannes tok over som husmann på Træ under Stend då han i 1809 gifte seg med enkja, men vart gravlagd frå Træ alt 28.3.1810, og Agatha gifte seg tredje gongen i Fana 9.6.1816 med enkjemannen Jens Jensson frå Fana prestegard.  Han var son av husmann Jens Olson på Hammaren under Fana prestegard, opphavleg frå Hordnes

 

##### (gard eller plass?)

 

og kona Anna Jensdotter frå

 

##### (opphavet hennar? - båe er kalla Fanahammaren ved vigsli 7.4.1785)

 

og vart døypt i Fana 1.5.1785. 

 

##### (Jens Jensson gift 1.g. i Fana 15.8.1813 med Kari Rasmusdotter Søre Jellestad!)

 

Jens flytte visstnok inn på Træ då han gifte seg med Agatha, men er kalla husmann på Fanahammaren då han 31.3.1822 drukna i sjøen.  Agatha Crispinusdotter d. som husmannsenkje på Rå i Fana 28.12.1847.  Ho fekk i alt fem born, som alle var frå første ekteskapet:

 

##### (borni hennar:

       * Mons Andersson, døypt Fana 1.9.1793

       * Crispinus Andersson, døypt Fana 6.4.1796

       * Synneva Andersdotter, døypt Fana 1.12.1799

       * Ole Andersson, døypt Fana 25.12.1803

       * Serine Andersdotter, døypt Fana 7.6.1807)

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

15 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

* Synneva Andersdotter, døypt Fana 1.12.1799

 

Konfirmasjonen til Synneva:

https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000758666

 

15 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

* Mons Andersson, døypt Fana 1.9.1793

 

Konfirmasjonen:

https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000758283

Gift 1817: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000514893

 

15 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

* Crispinus Andersson, døypt Fana 6.4.1796

 

Konfirmasjonen:

https://www.digitalarkivet.no/view/279/pk00000000758435

Gift 1822: https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000515097

 

 

15 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

* Ole Andersson, døypt Fana 25.12.1803

 

Konfirmasjonen:

https://media.digitalarkivet.no/view/8801/42811/15

 

15 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

* Serine Andersdotter, døypt Fana 7.6.1807)

 

Konfirmasjonen i 1823: 

https://media.digitalarkivet.no/view/8801/42811/27

"Forsømt i Ungdommen, men nu af maadelig Kundskab og god Opførsel.". 

 

 

Edited by Grethe Flood
Link to comment
Share on other sites

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget om denne huslyden som syner at alle dei fem borni til Agatha Crispinusdotter nådde vaksen alder.

 

Men sidan dette ikkje var born av Johannes Larsson, er det ikkje naudsynt å følgja dei vidare fram i tid.  Eg ønskte i første omgong å henta fram eit oversyn over kor mange born Agatha fekk.

 

For mitt føremål er det viktigare å finna svar på dei andre spørsmåli som gjeld ektemakane til Agatha Crispinusdotter, jmf. innlegg #5.

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to comment
Share on other sites

På 14.12.2018 den 18.57, Lars E. Øyane skrev:

enkjemannen Jens Jensson frå Fana prestegard.  Han var son av husmann Jens Olson på Hammaren under Fana prestegard, opphavleg frå Hordnes

 

##### (gard eller plass?)

 

og kona Anna Jensdotter frå

 

##### (opphavet hennar? - båe er kalla Fanahammaren ved vigsli 7.4.1785)

 

og vart døypt i Fana 1.5.1785. 

 

##### (Jens Jensson gift 1.g. i Fana 15.8.1813 med Kari Rasmusdotter Søre Jellestad!)

 

I 1801 bor Jens på Fana prestegård sammen med foreldrene Jens Olsen Hanerven og Anne Jensdatter samt lillebroren Ole:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058383000040

 

Jens, 1785

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003301800 - en Ole Olsen Hornæs er fadder - kan det være Hordnes?

 

Ragnilla, 1788

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003302295 

Død 1794: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000287265

 

Ole, 1790

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000003302757

 

Jens Olsen er født (beregnet) 1750 og Anne Jensdatter er født (beregnet) 1755. 

 

Et ektepar Ole Olsen og Gjertrud Jensdatter på Skibenes har sønnen Jens til dåpen i Fana i 1750:

https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000287265

Lille Jens døde i 1751: https://www.digitalarkivet.no/view/267/pg00000000073311

 

De har en ny sønn Jens til dåpen i 1751 - nå bosatt på Fana:

https://www.digitalarkivet.no/view/255/pd00000000222870

 

Ole og Gjertrud ble trolovet 21.10.1747 - øverst høyre side:

Hordaland fylke, Fana, Birkeland i Fana, Ministerialbok nr. A 3 (1736-1757), Kronologisk liste 1747, Side 114
https://media.digitalarkivet.no/view/8797/107

 

Her er vielsen:

https://media.digitalarkivet.no/view/8797/108 (12.11.1747) 

 

 

Link to comment
Share on other sites

Familien er kort nevnt i en av Yngve Nedrebøs artikler om utflyttede jølstringer, men det gir vel ikke noe særlig nytt til din biografi: 

"Sakkarias Danielsen (ca. 1709 Gjesdal – 1771 Stend, Fana) giftet seg i Jølster i 1739 med Agate Crispinusdatter Vassenden (som døde i Jølster). Som enkemann giftet han seg i Jølster i 1752 med Brite Knutsdatter Fugle. To sønner fra første ekteskap, og en datter fra andre vokste opp, og fulgte faren til Fana:

Crispinus Sakkariassen (1743 Gjesdal – 1803 Stend, Fana), Daniel Sakkariassen (1746 Gjesdal – 1800 Sperrevik, Os), som giftet seg i Fana i 1774, og som enkemann ble gjengift i Os i 1777. Agate Sakkariasdatter (ca. 1754 – 18..) giftet seg i Fana i 1780, og bosatte seg i Møllendal i Årstad sokn. I 1801 bodde hun på Årstad hovedgård, 47 år gammel."

Artikkelen finnes f.eks. her: http://www.riksarkivet.no/bergen/publikasjoner/artiklar/slektgard/jolster2.html

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.