Gå til innhold
Arkivverket

Tyding av bygningsskatt 1639/40


Ole Christian Risdal
 Del

Recommended Posts

Eg les Jonn Rydall, men dersom nokon slik gard ikkje er kjent, er Risdall eit godt alternativ. I så fall skulle eg gjerne sett eit anna namn med s i, for å sjekke om s-en kan få slik form i denne skrifta. s i Rasmus tyder ikkje på det ...

 

Endret av Knut Skorpen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei og takk for svar! Viss du er sikker på at det er R fyrst, så tydar alt på at det skal vere Risdal. Einaste liknande gardsnamn i Fron frå den tida, er Frydal. Men eg skal sjekke dette nærmare.

 

Mvh Ole Chr.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg les det som "Fydall" . Det kan hende det er gøymt ein r før y, men han er i så fall godt gøymd.

Då reknar eg med at namnet over er "Syltte", og at dette viser korleis y-ane til denne skrivaren ser ut, likens "Byrre" (1. og 2. sp. t.h.)

Førstebokstaven er den same som i "Fosse" (2. sp t.v. 4.linje og 1.sp. t.h 10. linja), "Flaatte" (2.sp.tv.v. 11. linja nedanfrå), "Frodstad" (2.sp. t.h. 12. linja) mfl.

 

R-ar finn vi i "Rasmus", "Rudj", "Refflingsuold", m.fl.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for det! Da er eg temmeleg sikker på at det er Frydall. Eg såg på skattematrikkelen for 1647, og da står det også oppført ein John Frydal. Rett under står det Asbjørn Massing, og det gjer det vel i bygningsskatten óg? Men da lurer eg på kvifor ikkje Risdal er nemnt korkje i 1640 eller matrikkelen for 1647. Eg fann jo ein Olle Risdal i ein eller skatt i 1633. Kan det tyde på at garden har vore meir eller mindre fråflytta ei stund, for ein finn nemleg ein Amund Risdal i 1658 og likeeins i skattematrikkelen for 1668.  Mvh Ole Chr.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Noko slikt;  "Mosang" , "Masang", "Mosong", kanskje "Moseng" - det er ikkje så lett å skilje (men det er ingen -i- her).

 

Det er fleire grunnar til at ein gard kan mangel i ei eller fleire skattelister:

 - ikkje busett ein periode

 - garden rekna saman med ein større grannegard og ikkje nemnd særskilt.

 - brukaren hadde lita skatteevne og fekk fritak; evt. det var så lite å hente at det ikkje var bryet verd å krevje inn

 - brukaren kunne/ville ikkje betale - då kan han finnast att som restansesak på tinget (i tingboka)

 - futen stakk pengane i eiga lomme

 -  ...

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ok, takk for det! Det var interessant! Det er logiske forklaringar, fordi Risdal var ein "Ødegaard" fram til 1668. PS! Det kan godt vere Maseng. Mvh Ole Chr.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Naturlegvis er det ein F fremst i namnet. Storbokstaver er ofte vanskelege når handskrifta er framand, men denne burde eg sett. Dette illustrerer at mi evne til å lese gotisk held til heimleg bruk (kjende gardsnamn), men kjem til kort på andre sida av fjella.

Endret av Knut Skorpen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.