Gå til innhold
Arkivverket
Reidar Olav Meling

Oline Nilsdatter, Jevnaker, f. 1850

Recommended Posts

Reidar Olav Meling

For eit par år sidan fekk eg mykje god hjelp på brukarforumet til å finna opplysningar om mi oldemor på Jevnaker, Oline Olsdatter (1848-1929). Oline var gift med Ole Nilsen Braakerud (1839-1914, etterkommarane kalla seg berre Ruud). No er eg på jakt etter opplysningar om sysken til Ole, i dette tilfellet systera Oline Nilsdatter, fødd i 1850. Eg finn henne i folketeljingane i 1865 og 1875. Ho blei gift med ein Jens Petter Kristiansen i 1870. I ft 1875 står Oline og Jens Petter oppførte med 3 barn, Nikolai, Karl Gustaf og Ludvig. Deretter finn eg ingenting, verken om Oline eller andre i familien. Randi Bjørsvik skriv ein heil del både om Ole og Oline Olsdatter, og om Hans Nilsen (1836-1908), broren til Ole og Oline Nilsdtr. Men altså, - kor blei det av Oline Nilsdatter og familien hennar??

Til orientering heiter foreldra til Ole, Hans og Oline, - Nils Hansen (1804-90) og Karen Olsdatter (1809-90). Dei hadde og ei dotter ved namn Kjestine eller Kirstine (ugift, 1834-90) og ein son Andreas f. 1846 (veit heller ikkje kor det blei av han).

 

Med julehelsing frå Reidar Olav Meling

Endret av Reidar Olav Meling

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Mor til Oline Nielsdatter og Ole Nilsen?

 

Karen Olsdatter Bergereie,80 Aar,døde 27 mars 1890.

Etterlot seg Enkemanden,husmand Niels Hansen og 5 myndige Børn,hvoraf de 3 i Amerika.

https://media.digitalarkivet.no/view/78671/36

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Husmand,enkemand Nils Hansen Bergereie,86 Aar,døde 15 sept 1890.

 

"5 myndige Børn,hvoraf 3 i Amerika,samt 1 umyndig sønnedatter."

Høyre side

Nr 56

https://media.digitalarkivet.no/view/78671/37

Endret av Ann-Mary Engum

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jostein Stokke

Nikolai født 22.10 1872 – nr 65:

SAH, Jevnaker prestekontor, Ministerialbok nr. 7, 1858-1876, s. 74

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070205640259

 

Her dør Nikolai – nr 4 – da skriver faren seg for Jens Aasen

SAH, Jevnaker prestekontor, Ministerialbok nr. 8, 1877-1890, s. 302

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070117330627

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jostein Stokke

Her er Karl Gustav – født på julaften i 1873 – døpt 18. jan 1874 – nr 4:

SAH, Jevnaker prestekontor, Ministerialbok nr. 7, 1858-1876, s. 79

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070205640264

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jostein Stokke
2 hours ago, Reidar Olav Meling said:

Ho blei gift med ein Jens Petter Kristiansen i 1870.

Her er vielsen - 7. aug 1872:

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000140765

 

Her fra Ministerialboken - nr 13:

SAH, Jevnaker prestekontor, Ministerialbok nr. 7, 1858-1876, s. 201
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070205640379

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Reidar Olav Meling

Hallo alle og god juletid!

Dette var jo strålande jobba! (Kvifor greidde eg ikkje å finne dette sjølv?)

Altså: Foreldra, mine tippoldeforeldre Ni(e)ls Hansen (1804-90) og Karen Olsdatter (1809-90), det visste eg jo. Og så sjølvsagt det eine barnet deira, min oldefar Ole Braakerud (1839-1914). Men så er det desse syskena til Ole:

1. Kirstine (Kjestine?), 1834-90 (døyr omlag samstundes som mora, av kva..?)

2. Hans, 1836-1908

3. Ole, 1839-1914, min oldefar

4. Andreas, f. 1846, og

5. Oline, f. 1850

 

Dette må jo vera dei 5 som blir omtalt ved deira foreldres død i 1890. Min oldefar Ole levde heile sitt liv på Jevnaker, det same gjorde broren Hans og den ugifte Kirstine. Men 3 av barna skulle vera emigrerte?? Her er det jo noko som ikkje stemmer. Kan det vera eitt barn som me ikkje har funne, og som i så tilfelle, har emigrert? Kan det vera at Kirstine ikkje er blant dei 5 som er nemnde (fordi ho døydde same året som foreldra), og at det var eit barn nr. 6?

 

Det var jo sørgeleg å sjå at 2 av barna til Oline døydde så unge. Må studera dette litt nærare. Og når emigrerte så dei 3 barna til Nils og Karen? Og kven er den sonedottera som Nils og Karen etterlot seg? Er det dotter til Andreas (barna til Ole har eg fullt oversyn over!). Hans og kona levde jo på dette tidspunktet, så det er jo rart om det skulle vera dotter hans. Eller kan det vera dotter til eit barn nr. 6?

 

R.O.M.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jostein Stokke

Her er Jens Peter født – Eiker – nr 29 -

født 10. des 1844 – døpt 9. febr 1845.

Foreldre Christian Pedersen Kniveeie og (morsnavmnet får du tolke selv)

SAKO, Eiker kirkebøker, F/Fa/L0013a: Ministerialbok nr. 13A, 1832-1845, s. 233

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20051121010610

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jostein Stokke

Oline Nilsdatter – født 1. februar 1850 – døpt 31. mars 1850 – nr 19:

SAH, Jevnaker prestekontor, Ministerialbok nr. 6, 1837-1857, s. 49

Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070205630576

 

(Men dette visste du sjølvsagt – og kvifor eg skriv bokmål til deg når eg elles nyttar nynorsk, er ufatteleg sjølv for meg. God jol!)

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Reidar Olav Meling

Ja hei, både Ann-Mary og Jostein. 

Så levde iallfall det eine barnet til Oline (Nilsdatter) så seint som 1888, - det var no greit å sjå. Blei Karl Gustav med mora Oline til USA, mon tru?

 

Så har Ann-Mary funne "the missing link", - det var altså ein ekstra, Iver, - fødd i 1842. Nils og Karen er mine tippoldeforeldre, og dei har etter dette truleg fått 6 barn, alle levde opp. Iver vert altså konfirmert i 1857. Så går eg ut ifrå at Iver, Andreas og Oline emigrerte, medan Ole, Hans og Kirstine blei verande att. Det er sjølvsagt framleis mange spørsmål, men så langt har de gjort eit kjempeflott arbeid. Eg må jo seia at dette er eit av dei mange spørsmåla eg skulle ha stilt til mi mor (Dagny Henschien Meling, død i 1993, mest 90 år gml.) då ho levde, - kva visste ho om alt dette? Ho var altså barnebarnet til Ole Braakerud og kona Oline (Olsdatter).

I desse tider er det mange over heile verda som let seg DNA-teste og fleire av oss får treff med to tvillingar i USA, dei har aner på Jevnaker, og ut ifrå styrken på treffet kan dei godt vera våre firmenningar.  Eg har difor lurt på om dei kan vera etterkommarar etter sysken av vår oldefar Ole Braakerud (Oline Olsdatter var einebarn). No har eg altså fått greie på at 3 av Ole sine sysken emigrerte, - ein hypotese om at tvillingane er etterkommarar etter ein av desse er dermed ikkje svekt.

 

Igjen, mange takk for flott arbeid begge to, og god jol!

 

R.O.M.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jostein Stokke

Her er Oline (Lena) - død 3. april 1920 i St. Croix County.

Og masse info om familien.

https://www.findagrave.com/memorial/102497978/oline-nilsdtr-christianson

 

Louis - døypt Ludvig i 1877  - nr 83

SAH, Jevnaker prestekontor, Ministerialbok nr. 8, 1877-1890, s. 4
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070117330402

 

Nick (døypt Nikolai) her - nr 31:

SAH, Jevnaker prestekontor, Ministerialbok nr. 8, 1877-1890, s. 45
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070117330444

 

Otto - døypt her - nr 4

SAH, Jevnaker prestekontor, Ministerialbok nr. 8, 1877-1890, s. 70
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070117330469

 

Karen Maria - døypt her - nr 47:

SAH, Jevnaker prestekontor, Ministerialbok nr. 8, 1877-1890, s. 94
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070117330493

 

Cora var fødd i St. Croix i nov 1891

Inga var fødd i St. Croix i desember 1893

Thora var fødd i St. Croix i oktober 1896

 

Og nå får nokon som kan slikt, finna all info om dei til og i USA.

 

God jol igjen!

Endret av Jostein Stokke

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Reidar Olav Meling

Hallo Jostein. Dette var jo fantastisk! Her er det rekna opp 8 barn frå Jens Petter og Oline. Men i tillegg kjem Nikolai, fødd 1872 og Ludvig, f. 1875,  som begge døydde som små. Så då vert det totalt 10 barn. Det var jo voldsomt. Og så fann du altså broren til Oline, Andreas, som sikkert blei gift "over there" og truleg har etterkommarar i USA. Men her står det at Andreas var fødd i slutten av 1847. Men dette årstalet må vera feil, me finn Andreas fødd og døypt i kyrkjeboka for Jevnaker hausten 1846. Det gjekk jo litt over stokk og stein med årstala i gamle dagar, både i kyrkjebøker og i folketeljingar. Om mi oldemor, Oline Olsdatter (svigerinna til førnemnde Oline Nilsdtr.) står det fleire stader at ho er fødd hausten 1849. Til og med på gravsteinen hennar som eg fotograferte på Jevnaker i 1991, stod årstalet 1849. Men ut ifrå kyrkjeboka for Jevnaker ser me at ho blei fødd hausten 1848.

 

R.O.M.

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jostein Stokke
12 minutes ago, Reidar Olav Meling said:

Men her står det at Andreas var fødd i slutten av 1847. Men dette årstalet må vera feil, me finn Andreas fødd og døypt i kyrkjeboka for Jevnaker hausten 1846.

 

Ja - det er nok årstalet på gravsteinen som er feil - her er dåpen hans - nr 79 - fødd 13 (?). okt 1846:

SAH, Jevnaker prestekontor, Ministerialbok nr. 6, 1837-1857, s. 35
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070205630562

 

Elles ser vi at Andreas var gift med Ingeborg Christiansdatter fødd 24. febr 1859 i Gran - død 12. sept 1948.

Ho var tydelegvis oppattgift med Ole Torgrimson 1855 - 1940 - fødd i Jevnaker ( Jevnaker?).

Ingen born er nemnde her.......

 

Her er 2 som heiter Ingeborg Christiansdatter - fødd 1859 i Gran i FT1865:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038071008701

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038071009345

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Reidar Olav Meling

Noko som er litt rart, er at eg ikkje finn verken Iver, Andreas eller Oline som emigrantar. Iver veit eg elles svært lite om, Ann-Mary fann dåp og konfirmasjon for Iver. Men han må vel vera blant dei som emigrerte. Då foreldra Nils (Hansen) og Karen (Olsdtr.) døydde i 1890, blei det nemnd at av 5 attlevande barn var 3 i USA. Men når drog dei?

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Ann-Mary Engum

Så av dåpen at Andreas Nilsen var født 13 okt,og døpt 22 nov 1846.

 

Fant Andrew Berger f okt 1847.

Bodde i Pelican Rapids,village,Otter tail,Minnesota,i Census 1900.

Gift med Inga,44.

Vielsesår 1880.

Immigrasjonsår 1881.

En datter,Clara Berger,19,født i Nord-Dakota.

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M93H-4KR

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.