Gå til innhold
Arkivverket

LØYST: Ole Johannesson og Martina Olsdotter - vigde på Ørlandet 1824 - kven var dei, og kvar vart det av dei?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Ole Johannesson, 33 år gamal, fiskar, busett Rødstenen

Martina Olsdotter, 23 år gamal, busett Rødstenen

gifte seg på Ørlandet 17.10.1824: https://media.digitalarkivet.no/view/2446/127

 

Dei fekk i alle fall desse borni som delvis var fødde på Værnæs på Ørlandet (nemnd husmann der 1835!)

 

* Anna Margrethe Olsdotter, fødd Ørlandet 3.8.1824, døypt 7.11.1824: https://media.digitalarkivet.no/view/2446/82

 

* Benjamin Olson, fødd Ørlandet 15.9.1826, døypt 29.4.1827: https://media.digitalarkivet.no/view/2447/14

 

* Elisabeth Olsdotter, fødd Ørlandet 28.6.1829, døypt 27.9.1829: https://media.digitalarkivet.no/view/2447/38

 

* Johan Arnt, fødd Ørlandet 24.11.1831, døypt 3.6.1832: https://media.digitalarkivet.no/view/2447/67

 

* Olaus, fødd Ørlandet 28.8.1834, døypt 31.5.1835: https://media.digitalarkivet.no/view/2447/98

 

Mellom fadrane til Benjamin i 1826 var ei Olava Johannesdotter, som eg mistenker for å vera søster til Ole.  Denne Olava var fødd i Sparbu i 1784 og gifte seg med husmann Henrik Andersson på Sagplassen under Tysbotn i Bjugn, Ørlandet, og ho hadde ein bror Ole Johannesson som vart døypt i Åfjord 23.10.1792.

 

Huslyden er elles omskriven i følgjande tema: https://forum.arkivverket.no/topic/201566-johannes-ellefson-1737-1803-frå-luster-til-alvdal-og-vidare-til-åfjord-huslyden-hans/?tab=comments#comment-1891098

 

No vonar eg å finna nokon som er lokalkjende på Ørlandet og som kan fortelja meg meir om Ole Johannesson og Martina Olsdotter, plassfolk under Værnæs?  Kven var dei, og kvar vart det av dei?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven og Randi Elisabeth for spennande og interessante innlegg og Godt Nytt År til dykk båe!

 

Eg har god tru på at de har finne rett Martina Olsdotter, men når det gjeld Ole Johannesson og eit mogeleg andre ekteskap, er eg meir i tvil.  Han budde rett nok på Rødsten på 1820-talet, men var vel «etablert» på Værnæs på 1830-talet...  Og alderen stemmer jo heller ikkje med alderen frå 1824...  Og siste innlegget til Sven med oppdagingi av Ole Johannesson Brekstad som gift innerst og barnefar i 1851, og med same bustad som ved vigsli til eldste dotteri i 1850, talar vel òg imot eit ekteskap nr. #2, eller er eg heilt på jordet?

 

Finst det kan henda ei bygdebok for Ørlandet som omtalar denne huslyden?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å oppklara denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Vielse nummer 23 Benjamin Olsen

 

Møre og Romsdal fylke, Aure i Aure, Ministerialbok nr. 578A03 (1836-1858), Viede 1857, Side 306
Permanent bilde-ID: kb20070913640202
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070913640202
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070913640202.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Benjamin Olsen, nummer 23

 

Møre og Romsdal fylke, Aure i Aure, Klokkerbok nr. 578C03 (1900-1921), Døde og begravede 1908, Side 258
Permanent bilde-ID: kb20070308620395
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070308620395
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070308620395.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ole Johannessen, nummer 9

 

Sør-Trøndelag fylke, Ørland i Ørland, Ministerialbok nr. 659A09 (1879-1893), Døde og begravede 1883, Side 268
Permanent bilde-ID: kb20050511030636
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20050511030636
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20050511030636.jpg
 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

#7

 

Rødsten og Værnes ligger i nåværende Agdenes kommune på den andre siden av fjorden for Ørlandet, og det arbeides så vidt jeg vet med bygdebok for området, men den er ikke utgitt ennå. Ellers foreligger Ørlandsboka av Inge Rian, hvor Brekstad gjenfinnes i bind 2, men ved en rask konsultasjon fant jeg ikke noe om Ole Johannessen Brekstad. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Sven og Marius for mange nye interessante innlegg om denne huslyden!

 

Det skal tydelegvis ikkje vera so enkelt å identifisera denne Ole Johannesson, men nokre element er no komna fram, som eg meiner det er vel verd å sjå nærare på:

 

* Dødsfallet til Ole Johannesson frå 1883 (jmf. innlegg #14) seier at Ole var fødd på Rødsten i 1794.

 

* FT1875 (jmf. innlegg #9) seier Ole var fødd i Værnes sokn i 1797.

 

* Dersom det var «vår» Ole Johannesson som gifte seg att som enkjemann i 1842 (jmf. innlegg #4), so var han fødd på Rødsten i 1798 som son av Johannes Olson.

 

Innlegget til Marius synes å seia at Rødsten og Værnes er nabogardar «på hi sida av fjorden», og no er det at augi mine fell på denne huslyden som i 1801 budde på Rødsten: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01058437002449

 

Denne Ole er fødd kring 1793, og faren heiter Johannes Olson; mori er Elisabeth (som òg er namnet til ei av døtrene til Ole og Martina!), og Ole har mellom anna ein bror Benjamin.  Noki søster Olava ser eg ikkje, men ho kan vera fødd seinare, eller ho høyrde ikkje til denne huslyden i det heile...

 

Ut i frå dei opplysningane som no ligg «på bordet», er eg etter kvart ganske so sikker på det IKKJE kan ha vore denne Ole Johannesson som var fødd i Åfjord i 1792, so då lyt nok leitingi etter Ole frå Åfjord halda fram...

 

Men eg takkar på ny for framifrå bistand i freistnadane på å identifisera Ole Johannesson på Ørlandet!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.