Gå til innhold
Arkivverket

Svanhild Miranda Forthun (Johannesen) - fødd i Bergen 4.3.1921 - kvar er denne fødsli innført?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet er ei oppfølgjing av dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/204845-tre-fødsler-i-bergen-1919-1924-kvar-er-dei/?tab=comments#comment-1726877

 

Eg syner til denne innførsli i FT1922 for Bergen:

 

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01065522088519

 

Svanhild Miranda vart aldri adoptert av Haugland,  Mor hennar var Anna Kristiansdotter Forthun (1894-1941), busett på Meland i Alversund.  Faren er ukjend.

 

** Er det mogeleg å finna dåpen hennar og kven som er oppgjeven som barnefar?

 

Svanhild flytte i 1946 til England og

 

* gifte seg første gongen i Reading, Berkshire i 3. kvartal 1947 med Anthony H. Parkin

 

* gifte seg andre  gongen i Reading, Berkshire i 4. kvartal 1952 med Roy D. Murtagh

 

** Er det mogeleg å finna fleire detaljar om desse ekteskapane hennar og lagnaden til Svanhild?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Anne og Grethe for kjappe svar.

 

Då er dåpen komen til rette, men når ikkje barnefaren er oppgjeven ved dåpen, er det vel små sjansar for at han kan vera oppgjeven i andre kjelder?  Eller kanskje er det nokon som har andre syn på dette`?

 

Elles er eg framleis svært interessert i vigslene hennar frå England, men dei opplysningane er tydeleg vanskelege å få tak i??

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Ann-Mary for nye interessante innlegg.  Dei to «offisielle» vigselsdokumenti frå England er grunnlaget for opplysningane mine frå innlegg #1, og igjen lyt eg seia det irriterer meg grenselaust at dei britiske registeri er so «snaue» når det gjeld datoar!  Og det finst vel heller ikkje aviskjelder der ein kan leita etter vitale data.  Finst det obituaries i England?

 

Ein annan tanke som fell meg inn, er at fødsli til Svanhild Miranda òg burde vera nemnd i fødselsregisterert for Fødestiftelsen i Bergen, men der finst ho ikkje!

 

Eg har ei kjensle av å stå ganske so «fast» i denne saki, men det er lov å vona, og rettar ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

29 minutes ago, Lars E. Øyane said:

Dei to «offisielle» vigselsdokumenti frå England er grunnlaget for opplysningane mine frå innlegg #1, og igjen lyt eg seia det irriterer meg grenselaust at dei britiske registeri er so «snaue» når det gjeld datoar

 

The reason this information is not revealed is because the UK government actually charges you a fee to obtain this information. If you want the details from the marriage certificate, you need to order the certificate from the General Register Office (GRO) and pay £9.25. See https://www.gov.uk/order-copy-birth-death-marriage-certificate. See also the explanation at https://search.findmypast.com/search-world-Records/england-and-wales-marriages-1837-2005.

 

Yet another reason to love Norway - you make doing genealogy so easy!

 

 

  • Liker 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Lars: Kvar kjem navnet Johannesen frå, som Svanhild brukar i FT 1922 ?

 

Rådar deg til å senda ein e-post til Arkivverket / eit spyrsmål i dette forum til Arkivet, ang 51/1922 som nevnt av Grethe i # 3.

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 timer siden, Jon Sværen skrev:

Lars: Kvar kjem navnet Johannesen frå, som Svanhild brukar i FT 1922 ?

 

Rådar deg til å senda ein e-post til Arkivverket / eit spyrsmål i dette forum til Arkivet, ang 51/1922 som nevnt av Grethe i # 3.

 

 

 

 

Det står også noe foran tallene - kan det være "cfr. Jour. Nr. 51/1922"?? Men hva slags journalnummer dette i så fall er, må undersøkes nærmere, slik Jon S skriver. Det står også ved dåpen at verken mors og fars oppholdssted er kjent. Ser også at Kristian og Martha samt Helene Haugland er tre av fire faddere ved dåpen. Du skriver Lars at Svanhild Miranda aldri ble adoptert av ekteparet Haugland. Men hvordan kom hun til den familien? Svanhild var født i mars 1921 og dåpen var i mai 1922.

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Carl-Henry, Jon og Grethe for siste innleggi.

 

Eg kom òg fram til same konklusjon og sende alt for to dagar sidan eit spørsmål til Arkivverket om dette.  Den første meldingi gjekk til feil stad, men i går fekk eg sendt ei ny og greidde å unngå å måtte oppgje «Bank-ID»(!) (kva i all verdi gjer Bank-ID hjå arkivverket?)

 

So får me sjå kva svar eg får...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å oppklara denne gåta!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 år senere...

Hi Lars, my name is Kizzi. I am svanhilds granddaughter. I don't speak Norwegian but I would love to get in contact. My phone number, I am on WhatsApp is 07754210253. My email address is therapywithkizzi@gmail.com 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 9.1.2019 den 10.55, Lars E. Øyane skrev:

(kva i all verdi gjer Bank-ID hjå arkivverket?)

 

Det er for at folk skal legitimere seg hvis de søker om innsyn i opplysninger/arkiver som gjelder dem selv og som er underlagt taushetsplikt. Da skal de benytte skjemaer for innsyn for personlige formål: https://www.arkivverket.no/tjenester/sok-innsyn-til-personlige-formal

Endret av Grethe Flood
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dear Kizzi!

 

Thank you very much, Kizzi, for contacting me in this matter!  I just sent you an e-mail regardsing my project and hope to hear from you again soon!

 

Very sincerely yours,

 

Lars E. Oyane

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.