Gå til innhold
Arkivverket
Lars E. Øyane

Ole Eriksen Prestegard frå Hafslo (1828-1903) gift med Anna Cathrine Jensdotter Bugge (1837-1885) og huslyden deira i Bergen?

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Ivar Moe har i eit anna tema kome inn på denne huslyden frå Hafslo (som ikkje har noki tilknytting til emnet der det vart presentert):

https://forum.arkivverket.no/topic/229352-ole-qvam-eller-kvam-skippar-frå-hafslo-med-bustad-i-bergen-men-opphald-i-trondheim-kring-1860-kven-var-denne-mannen-og-kven-var-«sambuaren» hans-caroline-kolberg/

 

Men på grunn av manglande detaljar vil eg gjerne leggja saki ut her som eige tema.

 

Utfordringane gjeld i første rekke dødsfalli til borni Amalia og Olaf.

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Etter nye interessante opplysningar er dette manusriptet no erstatta av eit nytt i innlegg #9 under!

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips til løysing av desse utfordringane!

Endret av Lars E. Øyane

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Jon Sværen

Lars !

 

BT har skanna alt attende til 1868. Dog ikkje 1884-1914 (fyrebils ??).

 

i BT 20 februar 1956, s 11, er ho nevnt som død:

«Min kjære søster Amalie Eriksen sovnet stille inn i dag, 85 år gammel.

Bergen, 17 februar 1956: Edvard Eriksen. 

Gravlagd på Møllendal: Onsdag 22 febr kl 11.30»

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood
6 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

e. Olaf Andreas Olson Eriksen, f. i Bergen 29.10.1877,

     ##### (lagnaden hans? - d. i Bergen i ung alder?)

 

 

En Olaf Andreas Eriksen, født 1877, finnes i fattigmanntallet for Bergen: 

https://www.digitalarkivet.no/view/51/pc00000000035164

https://www.digitalarkivet.no/view/50/oc00000000032418

 

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bgfatt270&sideid=1&storleik=

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bgfatt270&sideid=60&innhaldid=1&storleik=

 

Denne Olaf Andreas var hos Andreas Nilsen Birkeland i Manger. Se merknaden som er gjort helt til høyre i protokollen. 

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Jon og Grethe for interessante og utfordrande innlegg.

 

Ingen tvil om at Amalie ei kommi til rette, men Olaf Andreas er eg ikkje so sikker på...  Finst det kanskje opplysningar hjå fattigvesenet som kan identifisera guten som var utsell på Manger?

 

Eg lyt nok attende i «tenkjeboksen» når det gjeld denne utfordringi!

 

Men ei ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Jeg finner fyrbøter, enkemann Ole Eriksen i fattigmanntallet for Bergen to ganger, og navnene på barna stemmer overens med huslyden din:

 

https://www.digitalarkivet.no/view/50/oc00000000044122

https://www.digitalarkivet.no/view/50/oc00000000044123

https://www.digitalarkivet.no/view/50/oc00000000044124

https://www.digitalarkivet.no/view/50/oc00000000044125

 

Selve protokollen - legg merke til hva som står i parentes på yngste sønn Olaf Andreas:

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bgfatt276&sideid=160&storleik=200

 

-------------------------------------------------------------------

 

https://www.digitalarkivet.no/view/50/oc00000000049784

https://www.digitalarkivet.no/view/50/oc00000000049785

 

Selve protokollen - samme står også her i parentes på sønnen Olaf Andreas:

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebBok.exe?slag=lesside&bokid=bgfatt279&sideid=79&storleik=

 

Det står Johan Olsen på Olaf. Ellers står det faktisk det samme om denne Olaf Andreas som i merknaden om Olaf Andreas, som bodde i Manger (aandssvag). Det ser ut som de siste registreringen for Ole og sønnen i fattigprotokollen er i 1887, mens opplysningene om Olaf Andreas i Manger ser ut til å være fra 1894(?). 

 

 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Jeg ser ved dødsfallet til Jens Samuel Bugge Eriksen at søsteren Amalie og broren Edvard står som arvinger:

SAB, Byfogd og Byskriver i Bergen, 06/06Na/L0017: Dødsfallsjournaler, 1931-1934, s. 122
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090611350935 

 


 

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Grethe Flood

Ved dødsfallet til Ole Eriksen i 1903 står det at han har nytt fattigunderstøttelse v/sjømann Edvard Eriksen:

SAB, Byfogd og Byskriver i Bergen, 06/06Na/L0007: Dødsfallsjournaler, 1898-1904, s. 212b-213a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090615350215 

 

De tre eldste barna bor sammen ved folketellingen 1922 for Bergen i Lyder Sagens gate 10:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01065522035015

Endret av Grethe Flood

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for nye interessante innlegg!

 

Eg har nettopp sjølv gjort ein interessant observasjon:

 

* Den Olaf Andreas Eriksen som i 1934 er nemnd i valmanntalet for Bergen budde i Møhlenprisbakken 1 i Bergen, og denne eigedomen var i bruk som mentalsjukehus for mannlege pasientar:

http://marcus.uib.no/instance/spatialthing/f6147394-6799-4c62-bcf2-e0256105daf7

 

Eg er med denne kunnskapen i bakhand ganske so overtydd om at det verkeleg var «vår» Olaf Andreas Eriksen som budde der i 1934!  Merkeleg er det då at han ikkje er nemnd som erving etter broren Jens i 1932, men kanskje var Olaf «avskriven» som erving?

 

Her følgjer ei oppdatert manuskript sojm erstattar manuskriptet i innlegg #1 over:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ole Erikson {Prestegaard}, f. {i Hafslo} 13.7.1828, gifte seg 29.12.1863 med Anna Cathrine Jensdotter Bugge frå Urnes, f. {i Hafslo} 6.7.1837.

Ole og Anna Cathrine flytte straks til Bergen der Ole livnærte seg som fyrbøtar og sidan som maskinist til sjøs.  Sidan fekk Ole arbeid i land som maskinist på ein mekanisk verkstad.  Parfolket budde ulike stader i Bergen, m.a. i Nedre Hamburgersmug der Anna Cathrine d. 11.11.1885.  Ole Eriksen d. i Schrøderveien i Bergen 29.8.1903.  Dei fekk fem born i lag:

a. Anna Harbo Frimann Daae Olsdotter Eriksen, f. i Bergen 28.12.1868, d. i Bergen 27.9.1873.

b. Amalie Edvardine Olsdotter Eriksen, f. i Bergen 31.1.1871, d. i Bergen 17.2.1956.  Amalie var fabrikkarbeidar og budde i Bergen levetidi ut.  Ho var ugift.

c. Edvard Olson Eriksen, f. i Bergen 31.1.1873, d. i Bergen 5.6.1963.  Edvard var fyrbøtar og budde i Bergen levetidi ut, ugift.

d. Jens Samuel Bugge Olson Eriksen, f. i Bergen 20.12.1874, d. i Bergen 20.8.1932.  Jens var maskinist og budde òg i Bergen, likeins ugift.

e. Olaf Andreas Olson Eriksen, f. i Bergen 29.10.1877, var sjukeleg og voks delvis opp på Birkeland i Manger, men budde sidan på ein sjukeheim i Bergen der han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? - e. 1934 - budde då på Fastingsminde mentalsjukehus i Bergen!)

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars Waaltorp
8 timer siden, Lars E. Øyane skrev:

e. Olaf Andreas Olson Eriksen, f. i Bergen 29.10.1877, var sjukeleg og voks delvis opp på Birkeland i Manger, men budde sidan på ein sjukeheim i Bergen der han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? - e. 1934 - budde då på Fastingsminde mentalsjukehus i Bergen!)

 

Fant denne i Bergens Tidende hvor navn og alder stemmer. Jeg har lett gjennom alle gravlagte i Bergen for 1936, men har ikke klart å finne begravelsen.

 

1000330901_Skjermbilde2019-01-12kl_21_55_44.png.9a28e4a96bca7389ab0163ee31009290.png

1286306108_Skjermbilde2019-01-12kl_21_56_10.png.692537820e8ff709c88e932cfe92b490.png

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Lars W. for siste innlegget om Olaf Andreas Eriksen.

 

Eg ser denne Olav Andreas Eriksen er nemnd i dødsmeldingsregisteret for Bergen med dødsdato 3.6.1936 og har i dag sendt ein forspørsel til Statsarkivet for å sjekka dødsmeldingi...  Eg er bra optimistisk!

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Del dette innlegget


Lenke til innlegg
Del på andre sider

Opprett en konto eller logg inn for å kommentere

Du må være et medlem for å kunne skrive en kommentar

Opprett konto

Det er enkelt å melde seg inn for å starte en ny konto!

Start en konto

Logg inn

Har du allerede en konto? Logg inn her.

Logg inn nå

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    Ingen innloggede medlemmer aktive

×

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.