Gå til innhold
Arkivverket

Lasse Øren fekk tvillingar i 1720, kvar vart det av dei?


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

I kyrkjeboka for Leikanger finn eg ein Lasse Øren som fekk tvillingane Ingeleiv og Brite i 1720. Ser ut som dei er døypte på Vangsnes.

https://media.digitalarkivet.no/view/11564/144

 

Kven var denne Lasse Øren og finn ein att familien seinare?

 

Var dette på Øyri i Fresvik eller kan det vera på Øyri i Vik? 

 

Anne Marie B Øyri

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg mener det står"døbte Tvillinger af Fresvig" i kirkeboken. Navnene deres ser ut til å være Ingelev og Brite. Og hvis jeg ikke tar feil handler denne tråden på Dis om de samme http://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?t=90291 

Rettelse: Navnet Øren og Ingelev går igjen, men alderen passer ikke helt. Men at det er slektninger er vel svært sannsynlig.

Endret av Inger Hohler
Feil generasjon
Lenke til kommentar
Del på andre sider

10 timer siden, Inger Hohler skrev:

Jeg mener det står"døbte Tvillinger af Fresvig" i kirkeboken. Navnene deres ser ut til å være Ingelev og Brite. Og hvis jeg ikke tar feil handler denne tråden på Dis om de samme http://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?t=90291 

Rettelse: Navnet Øren og Ingelev går igjen, men alderen passer ikke helt. Men at det er slektninger er vel svært sannsynlig.

 

Tråden i Slektsformum gjeld folk i Romsdal, og "Øren" er nok Øyra i Kleive sokn, den gongen i Bolsøy prestegjeld, no i Molde kommune.

"Øren" /Øyri som Anne Marie er interessert i, er i Fresvik sokn i Sogn og Fjordane.  Slektskap er teoretisk mogeleg, men ikkje særleg sannsynleg...

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

11 timer siden, Anne Marie Bøtun Øyri skrev:

I kyrkjeboka for Leikanger finn eg ein Lasse Øren som fekk tvillingane Ingeleiv og Brite i 1720. Ser ut som dei er døypte på Vangsnes.

https://media.digitalarkivet.no/view/11564/144

 

Kven var denne Lasse Øren og finn ein att familien seinare?

 

Var dette på Øyri i Fresvik eller kan det vera på Øyri i Vik?

Innførsla les eg sånn

"Pridie Dcæ III p. Epif [dagen før 3. sundag etter openberring] - p. Wangsnæs - introducert post puerpiur [innleiing etter barnefødsel] Jon

Mittuns Qvinde,   graffestet

2 Com.           døbte Tvillinger af Fresvig sc. Lasse Ørens

        Ingelev oc Brite"

 

Lasse er altså frå Øyri i Fresvik, og handlingane er på Vangsnes.

 

Det står ikkje namn på faddrar til tvillingane, jf. dei neste innførslene. Ei mogeleg tolking er at det er tvillingane som er gravfesta. Ei anna tolking er at tvillingane

er døypte (og at presten gløymde å føre inn namnet på den døde).

 

Normalt vart folk gravlagde der dei høyrde til, og det hasta ikkje så mykje med å få kasta jord på liket. Såleis er det lite truleg at ein førte eit par døde born frå Fresvik til Vangsnes.

Derimot var det ein frist (8 dagar) for å døype borna. Då reiste ein til den kyrkja der det var gudsteneste (evt. til prestegarden); til dømes frå Fresvik til Vangsnes.

 

  • Liker 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Må berre leita vidare i kyrkjeboka då for å sjå om Lasse Øren er nemd fleire gonger. Han er ein av dei (mange) som ikkje er med i ættesoga. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.