Gå til innhold
Arkivverket

Skilsmisse på 1700-talet?


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

Ane Eriksdtr Hatleli (Lien) gifte seg i 1723 med Torgjer Ivarson Simlenes og flytte til Borlaug i Feios.

https://media.digitalarkivet.no/view/11564/154

(Sjå også neste side i kyrkjeboka)

Dei fekk 4 born mellom 1722 og 1735.

Men i 1743 gifter ho seg med enkjemannen Jacob Hansson Bøtun og får to døtre i 1743 og 1745. Første kona hans Synneva Simonsdtr Veum frå Arland døydde også i 1743.

https://media.digitalarkivet.no/view/11565/48

Giftarmålet i 1743 der ho framleis brukar etternamnet Hatlelien

https://media.digitalarkivet.no/view/11565/49

 

Den forrige mannen Torgjer gifte seg på nytt med Dorte Berntsdtr i 1748 og flytte til Balestrand.

Kan dette vera to søstre med same namn?  Berre ein brukar i Hatleli som heitte Erik Botolvson (1661-1739) og der finn vi dottera Anne truleg fødd rundt 1703. Andre søsken var Ola f 1689, Nils fødd 1696, Randi, Johannes, Mari fødd 1709 og Anna fødd truleg rundt 1703. Første kona Mari døydde i 1706 og han gifte seg att med  Unni Johannesdtr  Drege (1673-1741) i 1707. Kan dei ha fått ei dotter Anna etter 1707? 

Litt rart at Anna ved 2 giftarmålet framleis brukte Hatlelien som etternamn. Og var det verkeleg nokon som skilde seg på den tida?

 

Jacob Hansson og Anna og dei to døtrene Synneva og  Unni blir vekke mellom 1747 og 1763 då det var komme ein ny bygslar på Bøtun. Døde eller flytte?

 

Anne Marie Bøtun Øyri

Lenke til kommentar
Del på andre sider

No er ikkje eg så flink til å lesa så gammal skrift, men eg meiner det står noko om Torgjer Ivarson Simlenes? (som skulle vera gift med Anna i 1723) 

Er det to døtre med namn Anna, ei gift med Torgjer og ei ugift?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 Gårdsnavn den gang var ikke noe etternavn, men adressen hvor personen bodde.

Kvinner beholdt sitt farsnavn hele livet - enten de forble ugifte eller giftet seg. Tok altså aldri sin ektemanns navn

Den første norske navneloven kom i 1923. Men gradvis mot 1900-tallet endret den tradisjonelle måten / tradisjonen når det gjaldt navn og vi kan se at f eks Hans Olsen sin kone og barn alle ble hetende Olsen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Har sjekka litt meir og det er systera Randi som vart gift i 1723 med Torgjer Ivarson Simlenes. Systera Anna var ugift fram til ho gifte seg i 1743. Så presten har nok forveksla namna på dei to, og gift vekk Anna to gonger!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.