Gå til innhold
Arkivverket

Korn, fisk og [...] ? (i skifte, 1690)


Knut Skorpen
 Del

Recommended Posts

image.png.071c3040efced9990ce46afda093a1f3.png

Skifteprotokoll 1, 1686-1696, s. 135b-136a  https://www.digitalarkivet.no/sk20090220620744

 

Eg les: Korn

44 tr à 5 ort 54 [rdl] 2 [ort] [Reknestykket stemmer ikkje, men det får vere]

2 ???  6 rdl 2 ort 16 sk
1 td ny  ???  13 rdl
fisch och lysse 7 rdl 10 sk

Det er altså teksten på to av linene eg gjerne skulle hatt hjelp til å tyde ...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fisk og Lyse under overskrifta "Korn" ....

 

eg trur linje 2 er 

"2 Dæger ..... "

 

dvs dekader = 10arar

Skinn, t.d. av kalv, geit, bukk m.m. vart talde i dekader, buntar på 10.

Det som følgjer kan vere "st bocsch" - kanskje store bukkeskinn, men det er meir gissing enn tyding.

 

Du kan evt. sjå om du finn verdisetjing for slike skinn i samtida og sjå om det stemmer.

Eg trur... at 1 bukkeskinn hadde same verdi som 2 geiteskinn (og 1 geiteskinn var lik 4 kalveskinn, iallfall tidleg på 1600-talet).

 

.........

 

tillegg...: eg ser at skinn kjem litt nedanfor, og at verdien ikkje stemmer dersom det skulle vere  1 bukkeskinn = 8 kalvskinn.

Eg reknar med at (bukke)lêr var meir verd enn eit skinn.

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du les nok rett. På neste side står det 1 dæger buch schind, og 1 dæger buch sch., ved fordelinga. Samt tallig, som vel er talg.

Det er noko gale med matematikken din. Kalveskinn var vel meir verd enn geiteskinn?

Og dersom 4 geiteskinn blir lik 1 kalveskinn vil vel 2 bukkeskinn være lik 1 kalveskinn?

Og eg er samd med at det høver dårleg med at 12 kalveskinn kostar ei ort. Men tolkinga er ei anna utfordring -- eg trur lesinga di er rett!

Endret av Knut Skorpen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

11 minutter siden, Knut Skorpen skrev:

Det er noko gale med matematikken din. Kalveskinn var vel meir verd enn geiteskinn?

Og dersom 4 geiteskinn blir lik 1 kalveskinn vil vel 2 bukkeskinn være lik 1 kalveskinn?

Og eg er samd med at det høver dårleg med at 12 kalveskinn kostar ei ort. Men tolkinga er ei anna utfordring -- eg trur lesinga di er rett!

 

trur eg held orden på matematikken....

Tala har eg frå Sunnmøre tidleg på 1600-talet.  4 kalveskinn = 1 geiteskinn, 2 geiteskinn = 1 bukkeskinn (som altså = 8 kalveskinn).

Og ja, kalveskinn er minst verde.

Det stemmer med https://lokalhistoriewiki.no/wiki/Leksikon:Hudlag sjølv om verdiehøvet har variert noko med tid og stad.

 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har mykje å lære, forstår eg. Og så blir samanhengen grei. Bukkeskinna kostar om lag 1 ort 9 stilling per stk. 12 kalveskinn kostar ei ort. Det stemmer jo ikkje heilt med tilhøvet 1 på 8, men dette var store skinn, og buntene med skinn kan ha hatt ein salskvalitet. Dette må jo ha vore innkjøpte hudar som er bearbeidde, han slakta neppe tjue bukkar på garden.

Du får orsake kommentaren min ...

 

Endret av Knut Skorpen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.