Gå til innhold
Arkivverket

Signalstyrar Veibel på kysttelegrafen – kor kom han frå?


Atle Weibell
 Del

Recommended Posts

Eg prøver å finna opphavet til Andreas Johannesen Veibel, som var signalstyrar på klaffetelegrafen på Hiskjo i Bremnes (Bømlo) 1807-1814.

I Bygdebok for Bremnes står det berre at han kom som til Hiskjo som signalstyrar.

Han gifte seg i 1811 inn i Olrich-familien som dreiv handel på Hiskholmen. I den transkriberte versjonen står det "Bosted: Veibel" men det er nok ein feil i transkriberinga. Veibel var etternamnet hans.

 

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000000408929

 

I "Sjeleregister Finnås 1815" står han oppført som 30 år gamal, sjå vedlegg. I ei vernepliktsliste frå 1814 er han oppført med fødselsår 1784.

 

Torleif Meling har engasjert seg mykje i historia om kysttelegrafen, stått bak ein rekonstruksjon av den som sto på Sønstabøvågen og skrive eit stykke i Årbok for Sunnhordland folkemuseum 2007, om "Kysttelegrafen i Sunnhordland under krigen 1807-14". Der har han skrive om signalstyrarane, men om AJV har han ikkje funne noko meir enn det som står i bygdeboka.

 

Eg har reist til Statsarkivet i Bergen to gonger og funne litt nyare ting, men ikkje opphavet til AJV. Etter tips leita eg gjennom attestar som var samla i arkivet etter soknepresten i Finnås, utan å finna nokon attest for han. Slo òg opp i eit register over militære offiserar (eit verk i to bind, trur eg, som sto i hylla på lesesalen) utan å finna han der.

 

Eg var så heldig å treffa Yngve Nedrebø på lesesalen. Han var sjølvsagt travel, men meinte det var sannsynleg at han kom frå Danmark eller Tyskland, truleg via København. Han meinte det kunne finnast noko på Riksarkivet i Oslo. Kva kjelder skal eg i tilfelle leita i der? Nedrebø nemnde ein forfattar som hadde skrive noko om kystvern/marine eller noko i den retninga, og som hadde brukt kjelder i Oslo, men eg har ikkje greidd å finna bøkene/forfattaren, og har diverre mista lappen eg noterte namnet på. ☹️

 

Eg har òg kontakta Rigsarkivet i København. Dei svarer:

Der findes ikke særlige registre over de officerer, der blev overført til Norge.

og

Når det gælder slægtsforskning og slægtsforskningsspørgsmål, så ligger såden uden for den service som Spørg arkivaren yder.

 

Eg er takksam for alle tips til kjelder! 🙂

 

Eg har funne nokre personar i Danmark som KAN vera relevante, men har ingen sikre haldepunkt for om dei faktisk er det:

Andreas, son av Johannes, fødd 1782

Johannes Weibel's bo

Offiser Feibel i Hirsch' kartotek over danske og norske offiserer

 

// atle

1815_finnaas_sjeleregister_crop.jpg

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Då skal du allereie ha fått melding frå Nedrebø om spørsmålet som gjaldt han. ( Forfattaren var H.J.Barstad).

Om du vil avtale lesesalsbesøk hjå riksarkivet kan du gjere det via denne eposten: lesesal.oslo@arkivverket.no

Om du vil bestille oppslag i kjelder gjer du det her:

https://www.arkivverket.no/tjenester/bestill-en-enkeltopplysning

Elles så flyttar eg spørsmålet ditt over til brukarforum i tilfelle der er andre som kan hjelpe.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

i folketellingen 1787 i Danmark er det en Andreas Johannesen Weibel f. ca. 1782 i Randers, sønn av grovsmed Johannes Joh. Weibel. Se: https://www.danishfamilysearch.dk/cid771462

 

Faren Johannes Weibel døde i 1816, nr. 8: https://www.sa.dk/ao-soegesider/da/billedviser?epid=17125720#167710,28153947

 

Jeg finner ikke familien i folketellingen 1801 og heller ikke noe skifte etter Johannes Weibel i 1816.

Endret av Ola Teige
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du hadde allerede dåpen til Andreas i Randers 1782 i denne familien over: https://www.sa.dk/ao-soegesider/da/billedviser?epid=17125716#167702,28152589

 

Hvis vi ser på Nygaards sedler, med personalhistorisk informasjon fra Jylland. så kan vi finne ut mer om denne familien. 

 

I 1797 er det i Randers skoles disippelprotokoll notert at A. Weibel var en elev uten håp, og at han hadde forlatt skolen. http://www.ddd.dda.dk/nygaard/visning_billed.asp?id=399349&sort=e

 

Om faren:

Johannes Johannesen Weybel av Horsens ble gift 1771 med Karen Michelsdatter i Hylke sogn: http://www.ddd.dda.dk/nygaard/visning_billed.asp?id=399383&sort=e

En sønn døpt der 1772:  http://www.ddd.dda.dk/nygaard/visning_billed.asp?id=399379&sort=e

Johannes Johannesen Weibell tok borgserskap som grovsmed i Randers 1777: http://www.ddd.dda.dk/nygaard/visning_billed.asp?id=399386&sort=e

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for svar, @Ola Teige! Namn og alder stemmer jo bra med sonen til smeden her, men det hadde vore kjekt å hatt noko meir handfast prov på at det er same person.

 

Kva med han som droppa ut av skulen? I 1797 var han som vart fødd i 1782 15 år gamal, det var kanskje litt vel seint å droppa ut av skulen på den tida? Er det sannsynleg at ein som droppar ut av skulen "uden håb" endar opp som offiser(?) i teneste for Kongen?  I dag ville det sikkert vera mogleg å ta vidaregåande i seinare tid og få seg både utdanning og jobb sjølv om ein ikkje fullførte grunnskulen, men korleis var det på 17-1800-talet?

 

Kva er normen innan slektsforsking for å rekna slike relasjonar for sannsynleg?

 

Kjenner stadig at eg kjem til kort på historiekunnskap når eg driv og leitar etter spor av forfedre. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eit anna spørsmål er kor sannsynleg det er at ein Staldmester i Frederichsværn frivillige Korps ender opp som signalstyrar ved ein telegrafstasjon på Bømlo? Det er eit stort sprang frå eit ryttarkorps/ kavalleriet til signal- og samband, vennleg helsing den tidlegare sambandsmannen og signalisten Terje 🙂

 

P.S. Hadde han hest ute på Hiskjo? 😄

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 minutter siden, Terje Hatvik skrev:

Eit anna spørsmål er kor sannsynleg det er at ein Staldmester i Frederichsværn frivillige Korps ender opp som signalstyrar ved ein telegrafstasjon på Bømlo? Det er eit stort sprang frå eit ryttarkorps/ kavalleriet til signal- og samband, vennleg helsing den tidlegare sambandsmannen og signalisten Terje 🙂

 

P.S. Hadde han hest ute på Hiskjo? 😄

Høyrest ikkje veldig sannsynleg ut, nei, men kor har du det frå, at han var Staldmester i Frederichsværn frivillige Korps? Det er meir enn eg har fått med meg!

 

Om han hadde hest på signalstasjonen veit eg ikkje noko om, men eg ser ikkje bort frå at svigerfaren hadde hest på Hiskholmen, utan at eg veit det sikkert.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

19 minutter siden, Atle Weibell skrev:

Høyrest ikkje veldig sannsynleg ut, nei, men kor har du det frå, at han var Staldmester i Frederichsværn frivillige Korps? Det er meir enn eg har fått med meg!

 

Om han hadde hest på signalstasjonen veit eg ikkje noko om, men eg ser ikkje bort frå at svigerfaren hadde hest på Hiskholmen, utan at eg veit det sikkert.

 

Den opplysninga stod i den siste lenka du la inn i det første innlegget her i denne tråden, om Offiser Feibel i Hirsch' kartotek:

https://www.sa.dk/ao-soegesider/da/billedviser?epid=17202077#198704,37654055

 

Der framgår det òg at dette korpset vart oppløyst/ nedlagt i 1807 fordi det var ubrukelig, "Korpset ophævd ved resol. af 20/11 1807 fordi det har vist, at det ikke forstaar at forsvare sig og altsaa er umuligt som Militairt Korps." 🙂

 

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

12 minutter siden, Terje Hatvik skrev:

 

Den opplysninga stod i den siste lenka du la inn i det første innlegget her i denne tråden, om Offiser Feibel i Hirsch' kartotek:

 

Ah... 🙂 Den tok eg eigentleg berre med for å visa det næraste treffet eg fann i Hirsch' kartotek. Mtp. at Andreas, f 1782, var son av ein grovsmed, som nok laga hestesko til folk i området, er det jo ikkje usannsynleg at han kunne enda opp som stallgut. Viss han gjorde det bra kunne han kanskje bli stallmeister. Men derifrå til å bli signalist er nok ikkje ein sannsynleg karriereveg, nei.

 

Der framgår det òg at dette korpset vart oppløyst/ nedlagt i 1807 fordi det var ubrukelig, "Korpset ophævd ved res. af 20/11 1807 fordi det har vist, at det ikke forstaar at forsvare sig og altsaa er umuligt som Militairt Korps." 🙂

 

Hehe... det kan jo samanfalla med at stallmeisteren vart rekna for å vera "uden håb". Årstalet passar jo bra, då, men at ein udugeleg stallmeister blei vel neppe signalstyrar på kort tid.

 

Endret av Atle Weibell
  • Haha 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.