Gå til innhold
Arkivverket

Skøyte Øyri 1728


Anne Marie Bøtun Øyri
 Del

Recommended Posts

https://media.digitalarkivet.no/view/12442/27?indexing=

 

Har eg forstått det rett at dette er eit sal av garden Øyri frå Knut Larson til presten Samuel Bugge? 

 

Kjenner ein Knut Anderson som var brukar iallfall i 1723, og Peder Mattisson som var eigr på byrjinga av 1700-talet. Men Lnut Larson er eit nytt namn for meg.

 

 

 

Anne Marie B Øyri

Endret av Anne Marie Bøtun Øyri
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, det ser sånn ut.

- dvs. så langt eg kan sjå, stend det ikkje her at Samuel Bugge er prest.

det er "Een half løb Smør" i "Øhren" for "Rede Penge Tredive og Sex Rixdr."

Seljaren er kalla "Knud Larsøn" i innleiinga og "Knud Larsøn Øren" i underskrifta.

Datert 20. nov. 1727.

 

I margen står det "udj Ting-Protocollen andraget fol. 252";

det kan vere at det står fleire opplysningar i tingboka (t.d. kva tid Knut kjøpte bruket)

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

ja... tilsynelatande ikkje noko nytt der.

Men det er to innførsler rett etter kvarandre, det eine datert 20 No 1727,

det andre "Samme Datt. ovenstaaende Dok."

Begge gjeld skøyte frå Knud Larsøn til Samuel Bugge på 1/2 laup Smør i "Øren".

 

Dateringa av den andre, med tilvising til den første, tyder på at det ikkje er først dobbelt ved ein feil

- men eg kan ikkje sjå meir enn eitt dokument i panteboka...

Lenke til kommentar
Del på andre sider

48 minutes ago, Anne Marie Bøtun Øyri said:

Her er matrikkelen i 1723, og det står vel noko om skattleggjing, men om dette kan samanliknast med 1/2 laup smør?

 

Please forgive me for replying in English - I can read Norwegian, but not write it.

 

Yes. 1 pd = 24 mrk, and 1 laup = 72 mrk; therefore 1 pd 12 mrk (which is what Peder owned in 1723, see fourth column) = 36 mrk = 1/2 laup smør

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for oppklaringa, då var det heile garden som blei selt til Samuel Bugge.

 

Det som undrar meg er at Samuel Bugge var prest på Leikanger og såleis sannsynleg at han nytta høvet til å kjøpa sidan prestane eigde mykje av gardane i Fresvik. Men Samuel Bugge døydde i 1718 og sonen Samuel var fødd i 1712 og såleis berre 15 år i 1727.

Andre som heitte Samuel Bugge finn eg ikkje. Kan garden likevel ha blitt selt til den 15 år gamle sonen?

Kona til presten heitte Anne Sophie Randulf men om ho overtok så hadde vel namnet hennar stått?

Veit ikkje dødsår på henne.

 

I 1728 skulle Øyri høyra til prestegodset som Ivar Ivarson Leganger hadde etter at mora Ane Finde døydde i 1727. Ivar Ivarson var gift i 1708 med eldste dottera til Samuel Bugge, så her kan sjølvsagt vera ei overtaking, sal eller gåve frå Samuel Bugge til Ivar Ivarson i 1727 eller 1728 utan at eg har funne noko meir om det.

 

Eller er det den avdøde presten Samuel Bugge som er kjøpar og så er garden straks overlevert til arvingar (svigerson Ivar Ivarson Leganger og eldste dottera Mette Dorothea Samuelsdtr)?

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Skøytet seier svært lite om kjøparen, utanom namnet og at han har betalt. Til dømes signerer ikkje kjøparen skøytet - det er det seljaren som gjer (og to vitne).

Det er vel ikkje noko i vegen for at kjøparen er 15 år (eller 1 år). Det ville vere ein formyndar som stod for kjøpet - men det er ei sak som ikkje treng kome fram i skøytet.

På den andre sida ville det vere vanleg skikk å omtale ein prest som "Hr." - og ein avdød (om døde kan stå som kjøpar) som "Sal."

 

Elles... "prestegods" er vel helst gods som ligg til embetet (kalla mensalgods, prestebordsgods, benefisert godst, ....) I dette tilfellet meiner du

vel godset til presten som privatperson.

 

For å finne eigedomsoverføring, må du nesten finlese alle referata frå Tjugum i tingboka.  Er det ein streng og ryddig sorenskrivar, kjem alle eigedomssaker

samla for kvar tingsamling.  Men dei kan kome spreidde over heile tingsamlinga, innimellom kunngjeringar, sivilsaker, straffesaker, skatterestansar osv.

Endret av Ivar S. Ertesvåg
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja eg meinte presten som privatperson.  Er det det som ofte blir kalla prestebolet?

 

Då meiner du det er mest sannsynleg at det er sonen til presten som er ny eigar?

 

I tilfelle så har vel systera og mannen Ivar Ivarson overteke på eitt eller anna tidspunkt. Eg har lese (Soga um Fresvikgodset) at Ivar Ivarson fekk skøyta i 1728 etter mora Ane Finde og eigde 18 bruk i Fresvik. Men no ser det ut som det er gjennom svigerbroren han har fått Øyri og kanskje etter 1728.

 

Samuel Bugge var sorenskrivar i Finnmark, men kva tid han flytte frå Leikanger veit eg ikkje.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

"prestebol" er eit anna ord for "mensalgods" osv. Kan opphaveleg vere ei mistyding av "prestebord"  ("mensalis" = bord)

 

Ja, mest truleg Samuel d.y.   Det kan hende han hadde arva pengar; og eigedom var den tryggaste "banken" å setje dei i.

Det var ikkje alle eigedomsoverdragingar som vart tinglyste. Det kan t.d. ha vore eit makeskifte mellom vérbrørne, og då

var det ikkje sikkert dei tok seg bryet/utgifta med tinglysing, sidan skøytet framleis var innafor familien.

Endret av Ivar S. Ertesvåg
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.