Gå til innhold
Arkivverket

Furuly Helseheim, Stord - kan nokon fortelje meir?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

Vi har ein del gamle brev liggande, og der framgår det mellom anna at ein av grandonklane mine var på Furuly helseheim i ein periode på 1920-talet. Vi har kvitteringar for betalt opphald i 1922, men breva viser at han også var der i 1924 og kanskje har vore der heile mellomtida. 

 

Eg finn korte brokker om denne institusjonen når eg søkjer på nettet, men ikkje nok til å kunne få svar på spørsmåla mine. 

 

Kva slags behandling fekk dei der? Og mot kva sjukdommar? Kvitteringane viser at opphaldet var svært dyrt.

 

Er det nokon som sit med informasjon om dette, vil det vere svært fint. Kan det tenkjast at det finst pasientarkiv derifrå?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Aase,

 

eg har skrive ein artikkel om Ole Olvik (han var teosof), og dermed også ein god del om Furuly (i boka Skjult visdom - universelt brorskap. Teosofi i Norge, red. Ingvild S. Gilhus og Lisbeth Mikaelsson, 1998). Om behandlinga ved Furuly kan du lesa i tidsskriftet Olvik ga ut, Naturlægen, og bøkene hans, særleg Min hjemmekur etter naturlægemetoden (fleire og stadig meir utvida utgåver). Agnar Skeidsvoll skreiv boka Naturlækjar O. Olvik, her står det mye om Furuly. Pasientlister finn du neppe. Ein av mine grandonklar hadde også opphald ved Furuly, og (kanske) ei av søstrene hans.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var mykje nyttig informasjon! Veit du noko om kor lange opphold som var vanleg? Vi veit som sagt at han var der både i 1922 og 1924, men ikkje noko meir konkret. Kvitteringane frå 1922 viser at dette var spinndyre greier, det er snakk om 12 kroner dag på ei tid då han i eit tidlegare brev skriv at han har 70 øre timen i løn på eit skipsbyggeri.

 

Veit du kva slektningane dine blei behandla for?

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

i tilfellet grandonkelen min kan det ha vore nervøst samanbrot etter total økonomisk kollaps (åra etter første verdskrigen), i tilfellet grandtanta mi veit eg ikkje. Eg veit at grandonkelen min og andre i familien følgde Olviks kosthaldsråd, som var ein viktig del av kurane hans (han ga ut si eiga oppskriftsbok/matlære, Naturlægens kokebok), dét og vatnbad og sol. (Arne Garborg hadde forresten også eit opphald ved Furuly.) Kor lenge ophalda kunne vare har eg ikkje sikker  kunnskap om, trur det kunne vera nede i eit par veker til noen få månader, men tviler på (ut frå det eg har sett) at det kunne vera snakk om år, heller fleire kortare opphald enn så lange. Viktig poeng for Olvik var nok også at ein skulle kunne helbreda seg sjølv gjennom betre livsførsel (kosthald, frisk luft m.v.), ikkje gjennom medisiner. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Framleis takk for interessante opplysningar. Ja, rimeleg at det må ha vore fleire korte opphold ja; 12 kr dagen over lang tid ville vel bli altfor dyrt for ein vanleg arbeidar.

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det var vel slik at det var ein profesjonsstrid mellom naturlegane og dei "verkelege" legane som hadde legeutdanning. Dersom det skjedde noko med pasientane og dei ikkje hadde fått tilsyn av (skikkeleg) lege kunne dei bli saksøkte. Olsvik var i ei slik rettsak, men eg meiner at han vart frifunnen.

 

Helga Bekker var lege hos Olvik. Hans Edv. Andersen i Florø. Ho interesserte seg for naturlegerørsla, men hadde også utdanning som lege. Ho var bergensar, men mora kom frå Haugland i Flekke i Sunnfjord. Helga var dessutan redaktør for tidsskriftet "Naturlægen", som Olvik starta.

https://www.allkunne.no/framside/biografiar/helga-bekker/1898/78235/

(Opplysninga i fylkesleksikonet om at ho vaks opp på nabogarden her på Haugland meiner eg må vere feil, men ho var nok hos mormor og tante på Haugland i feriane).

 

Det var også helseheimar andre stader, som f. eks. i Florø.

https://www.allkunne.no/framside/biografiar/hans-edvard-andersen/1898/76970/

 

Redigert: Eg hugsar nok litt feil her. Saka eg tenkjer på gjalt nok Andersen og helseheimen i Florø, og er omtalt i fleire aviser på 20-talet.

https://www.nb.no/items/1d0642ae5371a73b428b3a29627ca9a0?page=1&searchText="helga bekker"

https://www.nb.no/items/2de0fdecb443342a9abb6b7863ccb219?page=0&searchText="helga bekker"

Endret av Torbjørn Igelkjøn
  • Liker 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

4 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Redigert: Eg hugsar nok litt feil her. Saka eg tenkjer på gjalt nok Andersen og helseheimen i Florø

 

Kanskje litt feil men også litt rett, for også Olvik kom i rettsak, skulda for å ha forsøkt å helbreda tuberkulose og sikta etter "kvakksalvarlova". Han blei frikjend. Dette var i Haugesund og før han grunnla Furuly helseheim på Stord (1908). Han hadde også lege tilknytta helseheimen, først Hans Haavik (grunnla Vikersund kurbad), seinare kom Helga Bekker.

  • Liker 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

https://digitaltmuseum.no/011012844214/furuly-helseheim-stord 

Arne Garborg var på Furuly, og skrev litt om det i dagboken. https://www.aasentunet.no/filestore/Ivar_Aasen-tunet/Litteratur/Forfattarar_GI/Garborgs_dagbker/gadagb6.pdf 
De drev visst ikke bare med helsekost. Badebehandling var en del av det. (Høres litt ut som Kneipps kurer.)

 I 1934 drev de forsøksvis med førstegradsforbrenninger som behandlingsform. https://tidsskriftet.no/2012/08/tidligere-i-tidsskriftet/brennhet-behandling

Om vaksinasjonsmotstand:

http://www.haugalandmuseene.no/wp-content/uploads/downloads/2012/02/Selvbestemmelsretten-over-egne-legemer-av-Ole-Dalhaug.pdf

Runeberg om Ole Olvik http://runeberg.org/hvemerhvem/1912/0208.html
Men historisk sett er det interessant å se at dette visstnok var spiren til Modum bad/Vikersund bad/rehabiliteringssenter.

  • Liker 3
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Dette var eineståande interessant. Vi veit at vår mann var der både i 1922 og 1924, så denne dagboka frå 1923 er heilt sikkert representativ for det han møtte på sine opphald og.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

22 timer siden, Richard Johan Natvig skrev:

 

Kanskje litt feil men også litt rett, for også Olvik kom i rettsak, skulda for å ha forsøkt å helbreda tuberkulose og sikta etter "kvakksalvarlova". Han blei frikjend. Dette var i Haugesund og før han grunnla Furuly helseheim på Stord (1908). Han hadde også lege tilknytta helseheimen, først Hans Haavik (grunnla Vikersund kurbad), seinare kom Helga Bekker.

 

Om eg ikkje tek heilt feil så kom doktor Hans J. Haavik - som i juni 1918 skipa det vidgjetne Vikersund Kurbad i Modum - frå garden Håvik i Strandvikjo i Fusa, Strandvik sokn i Fusa prestegjeld; på austsida av Bjørnafjorden. Hans Haavik var òg farfar til den nyss avdøde mangeårige redaktøren i bladet "Se & Hør", Knut Haavik (1943 - 2019); som òg i ei årrekkje var styreleiar ved Vikersund Kurbad. Dr. Hans J. Haavik f.1875 i Fusa, var då far til Olaf som så vart far til Knut Haavik. 🙂

Endret av Terje Hatvik
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...

Jeg kan se at Jan Greve som nyutdannet lege rundt 1937 var kandidatlege på Furuly. Han spesialiserte seg senere i nevrologi og psykiatri og ble senere kjent som en psykiater som blant annet brukte LSD og cannabis i sin behandling og ble i 1966 ekskludert fra legeforeningen for sitt syn rundt marihuana. Han ble i 1972 for brudd på narkotika og legemiddelloven fradømt sin legetittel i 2 år, og idømt 18 måneders fengsel hvorav halve tiden var ubetinget.  

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.