Gå til innhold
Arkivverket

Peter Peterson Urnes - drept av lynnedslag kring 1887 - truleg i Norman Co, MN - let det eg gjera finna ein dato og stad for denne hendingi - kva med fødsli kring 1851 - ei ny kjempeutfordring?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette er ein person som eg i mange år har freista finna fleire oppysningar om lagnaden til.  Kanskje det no er nokon som kan greia dette?  Eg attgjev frå manuskriptet mitt:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Peter P. Urness, f. i Dane Co., Wis. kring 1851,

 

##### (fødselsdato? - foreldre Peder Pederson og Kirsti Sjursdotter - båe utvandra frå Luster i 1849)

 

vart drepen av eit lynnedslag kring 1887, truleg i Norman C., Minn. 

 

##### (dødsdato og dødsstad?)

 

Han gifte seg i Fargo, N.D. 26.1.1886 med Julianna Johannesdotter frå Trondheim, i Amerika kjend som Julia Olson.  Ho var dotter av tømmermann Johannes Olsen i Trondheim, opphavleg frå Reiershaugen under Skogen (Rulland øvre) i Nord-Fron, og kona Andrea Pedersdotter frå Rørum i Leinstrand, Melhus og f. i Trondheim 29.5.1861, men utvandra til Amerika med mor si i 1883.  Ho d. i Moorhead, Minn. 5.6.1913.  Som enkje gifte Julianna seg 25.10.1888 att i Fargo, N.D. med Johan Johannesson frå Askeeiet i Nes, Hedmark, i Amerika kjend som John L. Ask.  Han var son av husmann Johannes Larsson i Askeeiet, opphavleg frå Kiseeiet, og kona Agnetha Johannesdotter fra Askeeiet og f. i Nes 9.11.1848, men utvandra til Amerika med foreldri sine i 1868.  Han d. i Fargo, N.D. 13.4.1940.  Peter og Julianna slo seg ned som farmarar i Flom township, Norman Co., Minn., og denne farmen tok John Ask over då han i 1888 gifte seg med enkja, etter at han før hadde butt i Spring Green, Sauk Co., Wis.  Men i 1908 flytte John og Julianna til Fargo, Cass Co., N.D. der John sidan livnærte seg som snikkar («carpenter»).  Julianna fekk i alt tre born; av dei var ei dotter frå første ekteskapet med Peter Urness.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg ville vorte kjempeglad om nokon kan hjelpa meg løysa denne kjempeutfordringi - kan henda kyrkjebøker eller avisoppslag?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 år senere...

@Lars E. Øyane

 

Finner denne, men året for dødsfallet passer ikke hvis det stemmer at Julianna Johannesdatter var enke i 1888.

 

https://www.newspapers.com/clip/88691185/peter-peterson/

https://www.newspapers.com/clip/88691828/peter-peterson2/

 

Her er det oppgitt at Peter Peterson var singel https://www.newspapers.com/clip/88692001/peter-peterson3/

Endret av Sven Hjortland
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #3:

 

Hjarteleg takk til Sven for siste innlegget, som eg oppdaga nettopp no.  (Referansemeldingi di kom aldri fram til meg...!)

 

Det høyrest jo ut som du har finne rett person, men eitt eller anna synest ikkje å stemma med omsyn til ekteskapet hans...  Eg må sjå litt meir på dette...!

 

Men ein ny kjempetakk for hjelpi!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Innlegg #4:

 

Hei igjen, Sven, eg har no sett litt nærare på denne utfordringi og ser følgjande:

 

* Vigsli til Peder P. Urnes og Juliane Olson i Fargo, ND 26.1.1886: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/60722/images/41742_314435-00596?treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx27374&_phstart=successSource&pId=1667004

 

* Vigsli til enkja Juliane Urnes i Fargo, ND 25.10.1888: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/60722/images/41742_314435-00598?treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx27374&_phstart=successSource&pId=1667004

 

* Her er so Julia og John Ask i FT1900 for Flom township, Norman Co., MN - gifte i 12 år - tre born, alle i live, eldste født 1887: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/7602/images/4120294_00399?usePUB=true&pId=26786855

 

* Her er huslyden i FT1910, då busette i Fargo, Cass Co., ND - gifte i 22 år - første ekteskap for båe(!): https://www.ancestry.com/discoveryui-content/view/170081244:7884

 

* Her er dåpen til dotteri Clarie Agnes (Urnes), f. 26.10.1886: https://www.ancestry.com/imageviewer/collections/60722/images/41742_314242-00046?treeid=&personid=&usePUB=true&_phsrc=Nzx27379&_phstart=successSource&pId=962333

 

Eg kan ikkje sjå at nokon av liktalane som Sven har henta fram, nemner noko om at Peter Peterson skulle ha noki tilknytting til Norman Co., MN, berre at han budde i Doland, Spink Co., SD.  Eg finn heller ikkje nokon alder, berre at han var ugift...

 

Det som kan synest underleg, at Juliana både i FT1900 og FT1910 vert oppgjevi gift i 1888, og FT1910 seier det var første ekteskapet hennar!  Kan det tenkjast at Peder og Juliana vart skilde etter kort tid, og at Peter då var «ugift» i 1889?  Men kvifor står ho då som enkje ved andre vigsli i 1888?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.