Gå til innhold
Arkivverket

Folketeljing Bergen 1922 - Nivåfordeling


Torbjørn Igelkjøn
 Del

Recommended Posts

Det ser ut som at personane i ein del av folketeljinga har fått feil datoformat. Følgjande person står som fødd 07.03.1888, medan det rette skal vere 1888-03-07. (Og ho var dessutan ikkje fødd i 1888, men derimot i 1885). Dette legg eg inn korrektur på.

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01065522095922

 

Men så har eg eit spørsmål til nivåa i denne teljinga. For denne personen er det slik:

Tellingskrets: 1* Bergen*

Bosted by: 005* Nygaardsgaten 4

Leilighet: 010*

 

Men dersom eg går inn på teljingskrets 1 og blar nedover til bustad nr. 005 kjem eg hit:

0005* Aad Gjelles Gate 14

 

Skal ikkje dette bustadnummeret vere unikt innanfor ein teljingskrets?

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

1. Den kommunale folketellingen 1922 for Bergen har ikke tellingskretser på samme måte som de nasjonale tellingene. Det er bare 3 kretser nå, Bergen, Årstad og Gyldenpris. Den er alfabetisert på gatenavn. Vi vurderte om vi skulle bruke gatenavn som "tellingskrets", men kom til at det ville presse dataene inn i en form som passer dårlig.  

 

2. Nygårdsgaten 2 til Nykirkesmittet 4 ble ved en feil hoppet over i første registreringsrunde, og ble lagt til seinere. De har bostednummer 001* til 120* i Bergen, mens resten av Bergen har nummer 0001* til 4991*. Dette nummeret er et rent løpenummer, og har ikke noe med selve tellingen å gjøre. Det er denne feilen du har oppdaget. Tror ikke jeg retter den, det er uansett ikke noe reelt nummer, og i og med at disse bostedene er kommet til seinere, blir det et feil i løpenummer uansett.

 

3. Fødselsdatoene i Nygårdsgaten 2 til Nykirkesmittet 4 er faktisk alle på feil format. Det var jo ikke bra, og det må jeg rette. Da tar jeg å retter en del andre småfeil i datoene som jeg ser eller også. 

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jeg har rettet det opp, men folketellingen må lastes inn på nytt, og det kan ta et par dager før den er på plass.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

No ser det ut som at rettingane er på plass. Men no eg er litt forvirra. Eg har i dag fått epost om at følgjande er godkjende som merknader:

https://digitalarkivet.no/pf01065522054460

https://digitalarkivet.no/pf01065522083461

https://digitalarkivet.no/pf01065522095922

 

Medan følgjande er godkjend som retting:

https://digitalarkivet.no/pf01065522003649

 

3/4 fekk eg epost om nøyaktig dei same korrekturane, men i følgje epostane skulle alle då vere godkjende som rettingar.

 

Dersom eg går inn på "rapporter" for å lese korrekturen blir eg ikkje nødvendigvis så mykje klokare. Når det gjeld nummer 3 står det kva som er blitt gjort, og det er bra. Når det gjeld nummer 2 (som eg trur er ei retting) står det ikkje noko om kva som er blitt gjort, og den opprinnelege korrekturmeldinga mi framstår som litt meiningslaus. Tilsvarande burde det ha stått i nummer 1 at fødselsåret faktisk er blitt retta. Når det gjeld korrektur nummer 4 står korrekturmeldinga mi på eigne bein, men det burde kanskje også ha stått her at teljinga faktisk er retta.

 

Eg har ikkje fått nokon ny epost om følgjande, som vart godkjend som merknad 3/4:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01065522032038

 

Men også her burde det ha stått kva som er gjort, dvs. at original er sjekka og at avskrifta er rett.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Den meldinga som gjeld Mau ser grei ut no. (Sjørv om eg tykkjer at det er merkeleg at det står det i originalen).

Dei andre meldingane er framleis synlege hos meg, men det tek vel kanskje litt tid før dette vert oppdatert?

 

(Elles håpar eg at innlegget mitt kan bidra til at det ved seinare høve vil gå tydelegare fram korleis korrekturmeldingar har blitt behandla).

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Eg har omsider lagt merke til at dei korrekturane som er retta står med eit eittal på ein raud prikk, medan korrekturen som blei merknad står med eittal på ein grå prikk. Så om ein er klar over dette er det mogeleg å sjå det på den måten.

 

På 12.4.2019 den 15.25, Tone Merete Bruvik skrev:

De som er rettet nå, skal være skult nå

 

Men alle meldingane er framleis like synlege, utan noko forklaring på kva som er gjort.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 1 måned senere...

Jeg har sett gjennom alle korrekturmeldingene for denne tellingen på nytt nå. Noen av dem stod som synlige, selv om de var rettet. Disse har jeg satt som skult nå, og noen andre har jeg gjort om til merknader der det ikke er foretatt rettelser, men merknaden kan forklare noe som ser litt rart ut.

 

Se du på dine korrekturmeldinger en gang til? Hvis det fremdeles er noe som skurrer må du bare gi beskjed, så skal jeg se om jeg kan få rettet det. Denne kilden er blitt en test på behandling av korrekturmeldinger, nettopp fordi du har vært så flink å mase på oss når vi roter det til, så tusen takk! Veldig godt å ha brukere som følger med.

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Av dei 5 lenkene i innlegg #6 er #3 og #5 greie, medan #1, #2 og #4 framleis er like synlege som dei har vore. Spesielt korrektur #2 ("Fødselsåret må vere feil") gjev lita meining etter at dette er retta.

 

Så har eg også lært litt av dette sjølv. Når ein som brukar legg inn korrekturmelding er det ein fordel om ein legg inn ein litt fyldigare beskrivelse både av kva som er feil og kva som evt. er rett, slik at korrekturen også gjev meining etter at feilen evt. er retta. Elles gjekk det som nemnt over ei stund før eg vart merksam på at raud prikk betyr korrektur og grå prikk betyr merknad, og når ein fyrst er klar over den skilnaden fell litt av kritikken min ovanfor vekk. (Her kunne utviklarane med fordel ha lagt inn litt hjelpetekst om at raudt=korrektur, grått=merknad).

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

... f. eks. eitt eller anna som liknar på dette:

 

 

Uten navn.jpg

 

Eg har laga ein tråd i forumet for tekniske tilbakemeldingar:

 

https://forum.arkivverket.no/topic/234724-ynskje-om-hjelpetekst-som-forklarar-skilnaden-på-korrekturretting-raud-prikk-og-merknad-grå-prikk/

Endret av Torbjørn Igelkjøn
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er bare du som ser korrekturmeldingene dine nå tror jeg, andre ser dem ikke. Du kan sjekke om det stemmer ved å logge deg ut, er de synlige da?

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.