Gå til innhold
Arkivverket

Nils Andersson frå Urnes i Hafslo - døydde i Aurdal, Valdres i 1713 - 106 år gamal - var gift med Britha Monsdotter frå Skjær i Lærdal - opplysningar som knyttar denne huslyden til Aurdal?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Kyrkjeboki for Aurdal syner dette: https://media.digitalarkivet.no/view/9360/407

 

Nils Andersson frå Urnes i Hafslo vart gravlagd 26.2.1713, 106 år gamal!

 

Denne Nils var gift med Brtha Monsdotter, dotter av sorenskrivar Mons Nilsson på Skjær i Lærdal, og dei ser ut til å ha drive eitt av bruki på Urnes fram til kring 1680.  Dei hadde minst to born i lag:

 

* Arne Nilsson, fødd kring 1661, gifte seg kring 1686 med Siri Dyresdotter frå Kroken i Luster, fødd kring 1659,  Ho hadde før vore gift med ein Anders i Øvrelid i Hafslo (d. 1685),  Arne og Siri var brukarar på Opheimshaug i Hafslo og derette på Øyjorden i Hafslo, men flytte frå bygdi kort etter 1700 - kan henda til Aurdal? - Ingen kjende born.

 

* Metta Nilsdotter (1682-1732) - gift to gongar og budde levetidi ut på Melheim i Hafslo.

 

Det var litt flytting mellom Hafslo og Aurdal sist på 1600-talet, og eg er svært intereesert i alle opplysningar som knytter denne huslyden til Aurdal.  Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Endret av Lars E. Øyane
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg vil gjerne få leggja til:

 

I 1701 finn me under Skjær i Lærdal ein husmann med namn:

 

* Nils Andersson, 66 år : https://www.digitalarkivet.no/view/206/pc00000000630480

 

Alderen høver nok dårleg med Nils Andersson Urnes, men kona var frå Skjær, og dei ser ikkje ut til å ha butt særleg lenge under denne garden(?).  Kanskje finn me ei forklaring i tingboki frå 1683.  Det vart 18.10.1683 (pag. 43b) halde ting på Bø i Lærdal der det kjem at Johan Teiste stemnde  Nils Andersen «til forne boende paa Urnes» for betrod skifte penge(?),  Kona til Nils vert kalla «Biatte» Monsdatter og var dotter av sorenskrivar Mons Nilsen på Skjær.  Videre i tingboki står det at futen fordra Nils Urnes si kone for resterande skatt siden den tidi han budde på Urnes.  Huslyden var soleis flytt frå Urnes før 1683.

 

Kan det tenkjast at Nils og kona Britha flytte til Aurdal og då følgde med sonen Arne og svigerdotteri Siri?

 

Eg takkar på ny for alle gode tips om denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 4 uker senere...

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.