Jump to content
Arkivverket
Terje Hatvik

Osel Severin Olsen Dahl, f.1886 i Barbu, Arendal, d. 1944 i mineeksplosjon, då b. Os, Hordaland. Død kvar? Korleis?

Recommended Posts

Terje Hatvik
Posted (edited)

I mi nitide leiting etter folk frå Os (osingar) som omkom av krigsrelaterte hendingar og/eller under krigstilknytte omstende i åra 1939 - 1945 kom eg over ein kar som synte seg å vera ei nøtt for meg. Men kanskje ein eller ei her kan hjelpa meg no når eg står fast?

 

Dette gjeld følgjande kar:

Gift mann Osel Severin Olsen Dahl, f. 13. september 1886 i Barbu, Arendal, Aust-Agder, son av arbeider Wilhelm Olsen Dahl; d. den 6. november 1944 i ein mineeksplosjon.

Då var han busett på Moberg (Osøyri) i Os, Hordaland; men blei gravlagt i Bergen. Men kvar fann no denne mineulykka/ eksplosjonen stad? Truleg i Hordaland ein stad, javel - men kvar? Og korleis??

 

Døde i Os 1885 - 1973:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=OS1885

 

FT 1900 for Bergen:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037335012909

 

FT 1910 for Stavanger:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036615019669

 

Borgerlig vigsel i Bergen i 1923 (ikkje 1922):

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001491586

 

Osel Severin Dahl var løsarbeidar og sjømann. Og for ordens skuld: Han er ikkje nemnt i storverket "Våre Falne", Centraltrykkeriet, Oslo, 1949 - 1951.

Edited by Terje Hatvik
Språkrensk og presisering

Share this post


Link to post
Share on other sites
Terje Hatvik

Formidabelt Egil. - Heilt suverent!

Her får vi svart på kvitt enno ein gong eit bevis på at det (dessverre) er ein del hól og manglar i det elles flotte oppslagsverket "Våre Falne". Ei ny brikke i det store puslespelet er på plass. Mange takk 🙂

Share this post


Link to post
Share on other sites
Terje Hatvik
Posted (edited)

Men kor hen reint konkret i Bergen- og omegn var no dette landminefeltet som Osel Severin Dahl omkom i den 6. november 1944? (- Det fann eg ikkje ut av ut frå Egil sin lenke). Låg då minefeltet t.d. rundt ein fangeleir som Espeland i Arna eller Ulven i Os? Eller kan hende rundt ein tysk militær installasjon som eit kystfort, ei luftvernstilling, eit kanonbatteri, ein ubåtbase eller liknande??

Edited by Terje Hatvik

Share this post


Link to post
Share on other sites
Jostein Stokke
Posted (edited)

Landminer (i Norge) var ikkje noko ein skreiv om i Bergens Tidende under krigen.

Nokre få tilfelle finn ein i BT sine arkiv - det meste handlar om Russland.

Edited by Jostein Stokke

Share this post


Link to post
Share on other sites

Create an account or sign in to comment

You need to be a member in order to leave a comment

Create an account

Sign up for a new account in our community. It's easy!

Register a new account

Sign in

Already have an account? Sign in here.

Sign In Now

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.