Gå til innhold
Arkivverket

Osel Severin Olsen Dahl, f.1886 i Barbu, Arendal, d. 1944 i mineeksplosjon, då b. Os, Hordaland. Død kvar? Korleis?


Terje Hatvik
 Del

Recommended Posts

I mi nitide leiting etter folk frå Os (osingar) som omkom av krigsrelaterte hendingar og/eller under krigstilknytte omstende i åra 1939 - 1945 kom eg over ein kar som synte seg å vera ei nøtt for meg. Men kanskje ein eller ei her kan hjelpa meg no når eg står fast?

 

Dette gjeld følgjande kar:

Gift mann Osel Severin Olsen Dahl, f. 13. september 1886 i Barbu, Arendal, Aust-Agder, son av arbeider Wilhelm Olsen Dahl; d. den 6. november 1944 i ein mineeksplosjon.

Då var han busett på Moberg (Osøyri) i Os, Hordaland; men blei gravlagt i Bergen. Men kvar fann no denne mineulykka/ eksplosjonen stad? Truleg i Hordaland ein stad, javel - men kvar? Og korleis??

 

Døde i Os 1885 - 1973:

http://gda.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&filnamn=OS1885

 

FT 1900 for Bergen:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037335012909

 

FT 1910 for Stavanger:

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036615019669

 

Borgerlig vigsel i Bergen i 1923 (ikkje 1922):

https://www.digitalarkivet.no/view/327/pv00000001491586

 

Osel Severin Dahl var løsarbeidar og sjømann. Og for ordens skuld: Han er ikkje nemnt i storverket "Våre Falne", Centraltrykkeriet, Oslo, 1949 - 1951.

Endret av Terje Hatvik
Språkrensk og presisering
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Formidabelt Egil. - Heilt suverent!

Her får vi svart på kvitt enno ein gong eit bevis på at det (dessverre) er ein del hól og manglar i det elles flotte oppslagsverket "Våre Falne". Ei ny brikke i det store puslespelet er på plass. Mange takk 🙂

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Men kor hen reint konkret i Bergen- og omegn var no dette landminefeltet som Osel Severin Dahl omkom i den 6. november 1944? (- Det fann eg ikkje ut av ut frå Egil sin lenke). Låg då minefeltet t.d. rundt ein fangeleir som Espeland i Arna eller Ulven i Os? Eller kan hende rundt ein tysk militær installasjon som eit kystfort, ei luftvernstilling, eit kanonbatteri, ein ubåtbase eller liknande??

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Landminer (i Norge) var ikkje noko ein skreiv om i Bergens Tidende under krigen.

Nokre få tilfelle finn ein i BT sine arkiv - det meste handlar om Russland.

Endret av Jostein Stokke
  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

Her er den borgarlege vigslen til (Osel) Severin Dahl, den 24. november 1923 i Bergen. Då er han anleggsarbeidar og fengselsfugl:

 

https://media.digitalarkivet.no/view/37633/61?indexing=

 

Kona Kristofa Margrethe Olsen, f. 17. februar 1884 i Bergen, er kokke av yrke.

(Osel) Severin Dahl var som ein ser født 13. september 1944 i Barbu, Arendal.

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 uker senere...

I følgje ei nærverande og nolevande kjelde - vedkomande var 13-14 år gml. hausten 1944, så skjedde denne tragiske mineulykka ikkje så langt frå Osøyro (Osøren), i eit minefelt som då omkransa ein tysk kanonstilling (dvs. eit luftvernbatteri, antiluftskyts). Så då veit vi dét. 🙂

Endret av Terje Hatvik
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 11 måneder senere...

Ei lita oppdatering her:

 

Dette minefeltet i Os som løsarbeider (Osel) Severin Dahl omkom i den 6. november 1944, låg i utmarka til Haugegardane i Os, oppom bygdesenteret Osøyro og Solstrand Fjord Hotel.

 

I følgje ei nolevande kjelde her i Os så hadde ekteparet Dahl hund, og då dei gjekk tur med hunden sin så sprang denne inn i minefeltet. Dahl prøvde då å redda den firbeinte, men både han og hunden omkom.

 

Saka er løyst og eg takkar alle for god hjelp 🙂

Endret av Terje Hatvik
  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Begravelsen fra BT 15.11.1944 ref. post #2:

 

Capture.JPG.ff3c7f06b01b6289bec10a3b1057f16a.JPG

 

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

På 13.4.2019 den 13.49, Terje Hatvik skrev:

 

 

Tusen takk til gode Frank Marton for deling av endå meir fin info.

 

Saka er no som alt nemnt løyst, men eg veit ikkje heilt korleis eg kan få markert nett dét i overskrifta til dette emnet.

Endret av Terje Hatvik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • Anita Riise - Arkivverket locked this emne
Gjest
Dette emnet er stengt for flere svar.
 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.