Jump to content
Arkivverket
Sigurd Eliassen

Stuert Fredrik A. Fredriksen - 50 år Tromsø kom vekk i Vesterisen på D/S Heim påska 1917

Recommended Posts

Sigurd Eliassen

Ei av dei seks skutene som kom vekk med alle 74 mann i orkanen i Vesterisen påska 1917 var D/S Heim.

På D/S Heim kom det vekk 13 mann.

 

Eg har kontroll på familiene til 12 av mannskapet, men eg slit med å identifisere den siste.

Alt eg veit om han er følgjande:

 

Skute: D/S Heim

Reiar: Mikael Knutsen, Ålesund

Namn: Fredrik A. Fredriksen
Yrke: Stuert
Alder ved forliset i 1917: 50 år
Heimstad ved forliset: Tromsø

 

Familiene til 68 av mannskapet på dei seks skutene er identifiserte - dvs. foreldre, syskjen, ektefelle/partnar og born. Aldersopplysningane har vore forbausande korrekte.
Difor trur eg at 50 år her er nær det rette - men kan ikkje vite det sikkert.

 

Her er nokre lekkjer til informasjon om katastrofa: 

 

Trondhjems Adresseavis 20de september 1917 
https://www.nb.no/items/6e60518e82f79b144efa698f3db5f3eb?page=3

 

Trondhjems Folkeblad 22de september 1917 
www.nb.no/items/577b631f48f764982858cb5073cd7370?page=1

 

Vestfold Arbeiderblad 7. september 1917
https://www.nb.no/items/b55d94dd40c04defec0c4a66a41d369a?page=1&searchText=Ceres

 

Ishavsskutenes historie III av Odd Magnus Hansen: 
www.nb.no/items/f73c71d7ed2bcada505588244d05e3ee?page=51

 

Ishavsskuter av Johan Ottesen: 
https://www.nb.no/items/a6983e17e8481e334f59a09a50a84cf6?page=64

  

Polhav: om personligheter i skruisen av Leo Oterhals 
https://www.nb.no/items/6c03c24524f844cfa910443c480c5453?page=168

 

Isflaket. Polarmagasin frå Ishavsmuseet. Nr. 1-2017: 
https://www.ishavsmuseet.no/polarmagasin?command=article.getAttachment &articleId=145176&file=isflaket_1-2017.pdf 

Skutekatalogen til Ishavsmuseet Aarvak i Brandal: https://www.ishavsmuseet.no/skutekatalog

 

Nokre av dei som kom vekk i forlisa, er lista opp i kyrkjebøkene på heimstaden, men slett ikkje alle. 

 

Eg kjenner til desse innføringane: 
Ålesund: https://www.digitalarkivet.no/kb20070328650687
Hareid: https://www.digitalarkivet.no/kb10041107070180
Ulstein: https://www.digitalarkivet.no/kb20050418030689
Sande: https://www.digitalarkivet.no/kb20060523070165
Vanylven: https://www.digitalarkivet.no/kb20060127020050
Strinda: https://www.digitalarkivet.no/kb20051024030748
Stordal: https://www.digitalarkivet.no/kb20050613050282
Hjørundfjord: https://www.digitalarkivet.no/kb10051107121176
Skjerstad: https://www.digitalarkivet.no/kb10051208072153
Ørsta: https://www.digitalarkivet.no/kb20050418020707

 

Mange av dei som kom vekk frå Romsdal og Sunnmøre, er opplista soknvis i boka: 
Folk ved havet: fiskarsoge for Sunnmøre og Romsdal. Band III. 1983: https://www.nb.no/items/146078288a545548b15e06c38c5d93e5?page=327

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sigurd Eliassen

Eg har gjort den tabba å leite etter ein stuert. Det er klart at ein bakarsvein kan vere ein god stuert. Då få vi sjå kvar vi endar. 

 

Ei lita stuerthistorie. Ein konfirmant her frå bygda på 1950-talet vart sett til å vere stuert på ei ishavsskute fordi den verkelege stuerten ikkje møtte opp eller var på fylla. Han hadde aldri kokt før og ein av dei første middagane var fersk makrell.

 

Ut på dagen spurde skipperen korleis det gjekk, og fekk til svar at det gjekk fint. Makrellen stod og putra og kokte på byssa. Skipperen måtte i land og kjøpe ny middag. Makrellen hadde naturlegvis kokt fullstendig sund og likna meir på graut. Den unge guten vart seinare maskinist.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

anton.jpg

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

Vielse nummer 3 i 1889

 

Nord-Trøndelag fylke, Steinkjer i Steinkjer, Ministerialbok nr. 739A03 (1881-1895), Viede 1889, Side 162
Permanent bilde-ID: kb20060925090334
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20060925090334
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20060925090334.jpg
 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sigurd Eliassen
Posted (edited)

Fantastisk Sven. Du har løyst mysteriet på eit par minutt. Imponerande.

 

Eg har to namngjeven personar til eg står fast på.

 

Dei har eg etterlyst her:

Carl J. Henriksen 27 år frå Hammerfest

https://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?t=151619

 

og 

Stuert Georg Johanson frå Sverige

https://www.disnorge.no/slektsforum/viewtopic.php?t=151700

 

 

Edited by Sigurd Eliassen
Feilstaving av namn.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Vibeke Lund Åhling

Indaröd er vrient. Linderöd i Skåne? Men jeg fant ham ikke födt der hos ddss.nu . Men han må jo ikke vaere födt der, bare bosatt...

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sigurd Eliassen
Posted (edited)

Då har eg stort sett alt av den næraste slekta til stuert Fredrik Anton Fredriksen - men eg manglar endelikta til to halvsyskjen.

 

Det gjeld
1. Oluf Karensius Ane/Oleson Sotaaen fødd 5.10.1853 i Tromsø.

 

Fødsel i Tromsø nr. 295: https://www.digitalarkivet.no/kb20050307020092
FT 1865 i Tromsø feilaktig tolking av etternamnet til Jotaaen??: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038387000681
Konfirmasjon i Tromsø 19.4.1868: https://www.digitalarkivet.no/kb20050307020792

 

Eg har gått gjennom dødslistene for Tromsø alle åra mellom 1868 og FT 1875 utan å finne han. Men kom han vekk på sjøen, treng han ikkje stå der.
Eg finn han ikkje i FT 1875.

 

2. Oline Richarda Ole/Anesdotter Sotaaen fødd 28.12.1855 i Tromsø.

 

Fødsel jenter nr. 5: https://www.digitalarkivet.no/kb20050307020399
FT 1865 feilaktig tolking av etternamnet ti Jotaaen??: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01038387000680
Konfirmasjon i Tromsø 25.6.1871: https://www.digitalarkivet.no/kb20050307020813
FT1875 på Birkelund nedre i Tana: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052469001006

 

Mora og stefaren flytta til Grytten ca. 1873 og er registrerte der:

FT1875: http://www.rhd.uit.no/folketellinger/ftliste.aspx?ft=1875&knr=1539&kenr=004&bnr=0018&lnr=00
FT1900: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037395000455
FT1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036774000104

Edited by Sigurd Eliassen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland
Posted (edited)

Nummer 15 Lina Saaton, døde 16. oktober 1885 i barselseng

 

Finnmark fylke, Tana i Tana, Klokkerbok nr. 3 (1878-1890), Døde og begravede 1885
Permanent bilde-ID: kb20070227670084
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070227670084
Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070227670084.jpg
 

Edited by Sven Hjortland

Share this post


Link to post
Share on other sites
Sigurd Eliassen
Posted (edited)

Her er det eg har notert om stuerten og den næraste slekta:

 

Fredrik Anton Fredriksen fødd 27.9.1867 og døypt 28.9.1868 i Tromsø. Han vart konfirmert 7.10.1883 i Grytten. I folketeljinga 31.12.1875 budde familien på Veblungsnes i noverande Rauma. Fredrik vart registrert i folketeljinga 1885 i Ålesund og var bakarsvein.

 

Han var stuert i 1917 på D/S Heim. 

 

Fredrik gifta seg 24.4.1889 på Steinkjer med Jørgine Elisabet Kristian/Paulinesdotter Sneve (2.5.1863 – 14.11.1947).

Dei vart registrerte i folketeljinga 1.1.1891 på Tinglum i Beitstad og 3.12.1900 på Oscar Malmo's bageri på Steinkjer, og Fredrik var bakar i begge teljingane. I folketeljinga 1.12.1910 budde dei i Sverresgate på Steinkjer, og då var han stuert på dampskip. 

 

Born:
Astrid Fredrikke (8.7.1888 – 3.12.1973)
Arild Paul (12.9.1890 – 12.7.1968)
Sverre (30.1.1895 – 24.12.1955)
Valborg (11.9.1902 – 9.7.1968)

 

Foreldre:
Fredrik Ingeborg/Madsson Veblungsnes (10.3.1834 – 26.5.1913)
Ane Nicoline Peder/Olavasdotter Kvande (7.4.1825 – 6.11.1885)

 

Halvsyskjen med felles mor og far Ole Randi/Arneson Sotaaen (17.4.1818 – 19.11.1863):
Oline Richarda (4.1848 – 29.7.1848)
Anne Margrete (19.10.1851 – 8.9.1935)
Oluf Karensius (5.10.1853 – ukjend dødsdato)
Oline Richarda (28.12.1855 – 16.10.1885)

Edited by Sigurd Eliassen

Share this post


Link to post
Share on other sites

Create an account or sign in to comment

You need to be a member in order to leave a comment

Create an account

Sign up for a new account in our community. It's easy!

Register a new account

Sign in

Already have an account? Sign in here.

Sign In Now

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.