Gå til innhold
Arkivverket

Åsnes/Hedmark: Opphavet til Jertrud Olsdatter fødd ca 1712 død 1772, gift 1745 med Ola Pålsson Sønsterud i Åsnes.


Per S. Nestande
 Del

Recommended Posts

Eg søker informasjon om opphavet til Jertrud Olsdotter som er nemnt Sønsterud da ho blir gift 27. des. 1745, Åsnes (Hof, kronologisk liste 1745, side 460) med Ola Pålsson Sønsterud. Eg har ikkje funne registrert noko truloving for dei to. Ho døyr 22. jul. 1772, 60 år gamal og blir gravlagt 26. jul (Hof, kronologisk liste 1772, side 474). Det vil seie ho skal vere fødd ca 1712.

 

Åsnesboka (band 1, side 302) seier at ho var dotter til Ola Eriksson og Ingrid Olsdotter på Sønsterudhaugen, men så vidt eg kan sjå døyper ikkje dei noko dotter med dette namnet og Jertrud er helle ikkje nemnt som arving på skifte etter dei i 1762.

 

Ola og Jertud skifta i levende live i 1766 (Solør og Odal skifteprotokoll 1765-1768, side 309b), men eg kan i farten ikkje sjå noko som gjev informasjon om opphavet til Jertrud der.

 

Jertrud og Ola fekk 4 born:

 

1.    Olea Olsdatter Sønsterud dpt.26.1.1746 (Hof, kronologisk liste 1746 side 461). Fadderane var Ola Busk, Pål Pålsson Sønsterud, Kirsti Mikkelsdotter Busk, Mari Mikkelsdotter Hof, Gunhild Sakrisdotter Saaset),

2.     Ola Olsson Sønsterud dpt.5.2.1748 (Hof, kronologisk liste 1748, side 501). Fadderane var: Ola Olsson Hof, Jon Eriksson Hof, Ola Tostensson Hof, Kari Olsdatter Kornstad, Gunhild Amundsdotter Hof. Han vart gravlagt 30. jun. 1748, Åsnes.

3.    Pål Olsson Sønsterud dpt.31.5.1752 (Hof, kronologisk liste 1752, side 44). Fadderane var: Nils Baltebøl, Thomes Olsson Sparby, Ole Arnesson Toterud, Kirsti Torkjellsdotter Telle og Anne Larsdotter Sønsterud. Han vart gravlagt 9. mar. 1755. 

4.    Pernille Olsdotter Sønsterud dpt.12.4.1755 (Hof, kronologisk liste 1755, side 112). Fadderane var Petter Fransson Ommestad, Peder Nilsson Sønsterud, Kari Halvorsdotter Kokkin, Mari Olsdotter Borg og Kirsti Olsdotter Børke) 

 

Eg har ikkje førebels ikkje funne noko som knyter fadderane til nokon av dei jentene som er døypt Jertrud i Hof og Grue i det aktuelle tidsrommet:

 

I Hof er det registrert døypt 5 jenter med namn Jertud Olsdotter mellom 1701 og 1720:

 

1.    Jertrud Olsdotter Toverud– døypt på Maris bodskapsdag (25. mar.) 1705 (Hof, kronologisk liste 1705, side 117. FarOla Toverud. (Ola Persson Toverud som ble gift 6. jan. 1702 Marte Amunsdotter Livgard)

2.    Jertrud Olsdotter Børke– 2. pinsedag (5. juni) 1713 (Hof, kronologisk liste 1713, side 294). Far var Ole Børke. I følgje bygdebok for Hof (band III side 32) hadde Ola Persson og Kari Olsdotter på Nordre Børke dottera Jertrud fødd 1713 som var gift 1740 med Per Persson på vestre Beitnes i Hof.

3.    Jertrud Olsdotter Tornby– 11 post trinit (12. Aug) 1714 (Hof, kronologisk liste 1714, side 320) Far Ola Tornby.  Det var skifte etter faren Ola Brynildssoni 1734 og skifte etter moraSiri Persdatter 7. mai 1745 og Jertrud er ugift på begge skifta.

4.    Jertrud Olsdotter– 10. feb. 1715 i Hof – tvilling med Per (Hof, kronologisk liste 1715, side 328). Foreldra som ikkje var gift var Ola Persson Såset og Anne Tostensdotter Keiserud

5.    Jertrud Olsdotter Melby– 10 post trinit (25. aug) 1715 Hof (Hof, kronologisk liste 1715, side 336)– Ole Tostensson Melby. Det var skifte etter Ola i 1739og Jertrud er i alle fall ikkje nemnt på skiftekortet.

 

I Grue er det så vidt eg kan sjå berre døypt ei jente med dette namnet mellom 1711 og 1748:

6.    Jertrud Olsdotter Torderud døypt 4. post trinit (9. juli) 1713 (Grue, kronologisk liste 1713 side 14) med foreldra Ola Olsson og Kari Knutsdatter. Så vidt eg kan sjå er ikkje Jertrud registrert gift i Grue.

 

Av desse 6 kandidatane synes altså 2 og 5 vere uaktuelle. 1 er kanskje i eldste laget og 4 er kanskje lite sannsynleg ut i frå sosial bakgrunn, men er det nokon som veit meir om 1, 3, 4 og 6 som gjer at dei kan eliminerast eller eventuelt plasserast som den som vart gift til Sønsterud? Eller er det andre kandidatar frå andre bygder?

 

Med venleg helsing

 

Per S. Nestande

Endret av Per S. Nestande
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ikke så mye hjelp, men paret ble trolovet 14.10.1745 med forloverne Arne Pedersen Kotje og Arne Halvorsen Holmen.

 

Aldri si aldri, men som du skriver var 1 i eldste laget - 50 år ved siste fødsel.

 

På skiftet etter Ola Pålsson nevnes det at han i 1756 ble verge for Ola Håkonsson Røynes datter Sigrid Olsdatter. En rask sjekk i Hofboka sa meg ingenting, men kanskje en nærmere undersøkelse kan si noe.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for dette Arild.

 

Det er interessant at Ola Pålsson var verge for Sigrid Olsdatter på Røyne i 1756. Eg ser heller ikkje umiddelbart kor Jertrud eventuelt kan plasserast inn i familien. Eg reknar med at det i utgangspunktet er i familien til Ola Håkonsson (og ikkje slekta til kona hans) eit samband må liggje? I Hof bygdebok b. I side 484 (Vestre Røyne) kjem det fra at Ola Håkonsson (ca 1708-56) var son til Håkon Olsson fødd på Vestre Røyne, men brukar på Utneset i Åsnes og gift med Marte Olsdatter (ca 1679-1757). Dei har ingen barn som kan vere foreldre til Jertrud. Bygdeboka har ikkje informasjon om opphavet til Marte. Håkon Olsson er son til Ola Håkonsson Røyne og Siri Olsdotter Sparby. Ho var gift tre gonger, men ingen av barne hennar heiter Ola eller er gift med ein Ola.  Det kan derfor kanskje eventuelt gjennom Marte Olsdotter sambandet er?

 

Ola Håkonsson var elles gift med Berte Knutsdotter Holstad (ca 1714-96), jf. Hof I side 440. Ho var dotter til Knut Gundersson Holstad (ca 1656-1743) og Tore Persdotter (ca 1678-1756). Knut var son til Gunder Bentsson (ca 1624-76) og Berte Knutsdotter. Dei hadde 3 døtre som bygdeboka ikkje har ytterlegare informasjon om. Tore var syster til Anne Persdotter som var gift med Ola Larsson søndre Røyne (Hof I side 457). Hofsboka nemner ikkje noko dotter med namn Jertrud etter Anne og Ola Larsson. Den andre systera til Tore var Marte Persdotter (ca 1674-1740) som fyrst var gift med Bent Andersson på søndre Sætre og deretter med Ola Petersen (ca 1671-1745), jf. Hof III side 190. Bygdeboka nemner berre 1 dotter (Berte) i dette andre ekteskapet.

 

Eg ser elles at Åsnesboka (band 1 side 302) påstår at Jertrud hadde fleire sysken - "Anne, Jens og Håkon" og at Jens vart gift 1746 med Marte Persdatter Bjørneby. Det kjem ikkje fram kva som er kjelde for dette. Jens Olsen Sønsterud vart gift 20. nov. 1746, Hof 1746 side 474 med Marte. Eg ser ingen med dette namnet som er døypt i Hof.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jertru Olsdatter Toverud ble gift i oktober 1728, 22 p. trinit, kirkebok side 62, med Samuel Samuelsen Peistorpet av den finske slekta Piesainen.  Litt kronglede og overstrøket skrift nederst på sida. Trolovet 2. juledag 1727, side 54, hvor det framkommer at Jertru var fra Toverud. Så hun kan du vel eliminere.

 

Hilsen Odd

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Fant et notat som jeg tolker som at Marte Olsdatter gift med Håkon Olsson på Utneset var datter av Ola Amundsson på Synsterud.

Pantebok Solør-Østerdalen 1725 fol. 159b - Amon Olsen Holmen på egen vegne, og min avdøde søster Rønnoug Olsdaatters vegne, Ole Joensen Bye på min hustru Maren Olsdaatters vegne, Marthe Olsdaatter Udnæseth på egen vegne, Lars Amonsen Østbye og Søren Povelsen Hoelstad som fødte verger for de to jentene Ragnild og Karen Olsdaatter. De er berettiget til 4 2/3 skinn i Søndsterud som Michel Andersen bor på. Solgt til Michel.

 

Ola Pålsson og Ola Håkonsson skulle da bli søskenbarn.

 

Håkon Olsson Utneset var forresten først trolovet 24.05.1706 med Else Utneset, men hun døde kort tid etter og ble begravd Cantate 1707.

 

Jens Olsen du nevner ble døpt 22.02.1722 som sønn av Ole Synsterud. (Våler?, Åsnes?). Denne Jens var det skifte etter i 1773, da på en plass under Synsterud i Våler.

 

Endret av Arild Kompelien
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Tusen takk for dette Odd og Arild!

 

Eg ser at sambandet mellom Utneset og Sønsterud også er peikt på i ein artikkel til Magne Ivar Mellem (Sønsterud i Åsnes (3)) i Slækt og Slekt nr 4-2007. 

Endret av Per S. Nestande
Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 2 uker senere...

Jeg vet ikke om dette blir veiledende eller villedende:   ved en tilfeldighet kom jeg over Hungjer Olsen Komperud i Hof, gift med Gjertrud Olsdatter fra Grue. Hof bygdebok bd I side 312. Hungjer og Gjertrud ble gift i Grue kirke 17.10.1737, side 345. Men jeg har ikke klart å finne trolovelsen verken i Grue eller Hof, så hennes herkomst kan jeg ikke fastslå. Så kan vi også se i Grue kirkebok side 342 at Gjertrud og Hungjer fikk døpt en sønn Johannes allerede 7. post trinit. i  august 1737.

 

I Hof bygdebok bd  I I I side 642 finner vi igjen Gjertrud og Hungjer på Austad som innerster. Derav kan vi finne at Gjertrud døde 20.4.1777, 71 år gammel. Etter det skulle hun være født

ca 1706.  Det er jo litt stor avstand til "din" Jertrud født i 1713.  

 

Jeg finner ikke noe støtte i Grue bygdebok om Jertrud  under Torderud. Du får vurdere om du kan eliminere Jertrud ut fra dette.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk til innlegget frå Odd 1. mai.

 

Eg har kikka litt meir på kandidaten Jertrud frå Tornby. Fordeldra hennar var Ola Brynildsson Tornby (skifte 1724) som vart gift 26. oktober 1713, Våler med Siri Persdotter Åsnes (skifte 1745). Dei hadde fire born ved da dei døydde:

1.    Jertrud født 1714, ugift i 1745.

2.    Brynild født ca 1720, død ca 1747 (skifte 1747), gift 28. des. 1744 med med Johanne Olsdotter Vestre Eid. Dei fekk 2 søner som begge heitte Ola (født 1745 og 1746). Ingen av fadderane deira har tilknyting til Sønsterud og ved skifte etter Brynild i 1747 har vergen som borna får ikkje tilknyting til Sønsterud.

3.    Per født ca 1724 vart gift 8. jun. 1746 med Marte Persdotter Bredalen fødd ca 1721. (Dei vart trulova 29. mar 1746 med forlovararane Nils Syversen Solberg og Brynild Andersson Ous). Eg har funne døypt 5 born. Det eldste frå Nordby under Tornby i 1747 og dei fire neste frå Knøsmoen 1754, 1757, 1763, 1764. Ingen av fadderane har tilknyting til Sønsterud. (Eg kan ha oversett eit barn eller to kring 1750?)

4.    Eli født ca 1727 vart gift 29. okt. 1753 med Berger Perssson Trongarden (Dei vart trulova 17. aug. 1753 med Halvor Engebretsen og Peder Halvorsen Åsnes som forlovarar). Dei døyper 7 barn mellom 1754 og 1769, men ingen av fadderane er frå Sønsterud. (Ein liten detalj er at Thomes Olsson Sparby er fadder for sonen Christian i 1767også er fadder for Pål Olsson på Sønsterud i 1752.)

Samla gir altså ikkje denne gjennomgangen noko som kan knyte Jertrud frå Tornby til Sønsterud utan at det sjølvsagt provar det motsette heller.

  • Liker 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.