Jump to content
Arkivverket

Salmøy Johnnesdatter Standal Førde / Kinn f. ca 1838

Daniel Fosstvedt

Recommended Posts

21 timer siden, Eli Tyvold skrev:

Hei - jeg jobber litt med familier i Øvre Standal (tiligare Kinn, No Flora Kommune) nå og her bur Salmøy med familien til datteren Lydia Nilsdattter.

Jeg ser at Salmøy også fekk sonen Karl - i 1863.  (halvbror til Lydia) 

Lurer på kor det blei av han? 

Hei Eli, jeg har jobbet mye med Karl, og etterhvert funnet ut ganske mye. Han dro nordover som fisker, og han har etterkommere både i Trøndelag og i Bodø.

Siste spor jeg har funnet om Karl i Kinn er i 1878 da han ble konfirmert: https://www.digitalarkivet.no/kb20070115310162.

På et tidspunkt etter dette må han ha dratt nordover som fisker.

I mai 1889 er Karl oppgitt som far til Jenny Othelie Tharaldsen (født Standal) i Nærøy i Trøndelag: https://www.digitalarkivet.no/kb20050330010017. De var ikke gift.

I oktober 1889 gifter han seg med Ovidie Thomine Nilsen (født Karlsdatter) i Bodø: https://www.digitalarkivet.no/kb20060828040126

I mars 1890 får de sønnen Sigurd i Bodø: https://www.digitalarkivet.no/kb20060828030555

Folketelling 1891 for Bodø: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01053142002414

I mars 1892 får de sønnen Valdemar: https://www.digitalarkivet.no/kb20060828030580

I september 1893 får de sønnen Konrad: https://www.digitalarkivet.no/kb20060828030598

I april 1894 dør kona Ovidie: https://www.digitalarkivet.no/kb20060828040200

I juli 1897 var han gift Anotenette Maria Christine Nilsen (født Johansdatter), har ikke vigselsreferanse, og de fikk sønnen Oskar: https://www.digitalarkivet.no/kb20060828040033

Familien i FT 1900: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01037502004958

Karl og Antonette fikk ytterligere 4 sønner og 1 datter, alle født i Bodø.

Familien i FT 1910: https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01036895005901

Her er gravsteinen til Karl, han døde i mars 1951: http://www.disnorge.no/gravminner/bilde.php?id=4778233

Karl har mange nålevende etterkommere i Bodø, og også mange i Vikna i Trøndelag (blant annet min kone).

Link to comment
Share on other sites

Meir om Salmøy.

Dette er eit arbeidsdokuement - så det kan vere feil her. Eg blir glad for rettingar.

Dette er GNR 103 Bnr 9 i Flora 

Eiegdommen har namnet "Haldor-stova" etter Haldor. 

Haldor og Birte Lovise (arbeidsdokument)

1849-1875

Haldor Larsen vart fødd i 1819. Han gifta seg med Birte Lovise Olsdatter Gjelsvik den 28.10.1849 i Vevring. Birte var dotter av Ole Olsen Gjelsvik Hegrenes[1] og Lydia Karlsdatter Selvik. Dei fekk barna:

Henrik Olai Haldorsen, fødd 6.5.1850 i Øvre Standal og død 1.2.1858.  

Nils Martinus Haldorsen, fødd 16.8.1852 i Øvre Standal

Berte Lovise dør den 23.7.1859 og Haldor blir enkjemann.

Salmøy Johannesdatter flyttar inn i «Haldor-stova»

Haldor som hadde blitt enkjemann budde no på eigedomen saman med sonen Nils Martinus som var blitt 7 år gamal. Haldor hadde nok bruk for ei tenestejente og det var nok da Salmøy flytta inn.

Salmøy hadde familie i området, og via dei fekk ho sikkert vite om at Haldor trengte hjelp.  

Etter det vi kjenner til hadde Salmøy ei søster som tente i Kinn. Ho hette Ida Anne Marie Johannesdatter fødd 23.4.1828 som tente i Kinn. Ho vart spedalsk og døde på pleiestiftelsen i Bergen den 7.8.1869.  

Ei anna søster hette Lovise Johannesdotter[2] som fekk to barn på Apnaset. Det er nok her frå Apnaset at forbindelsen til Øvre Standal var. Lovise var tenestejente på bruksnummer 5 og herfra kom også Anna Olina som var fødd i 1829. Anna Oline vart gift med Anders Olsen i Øvre Standal og flytta dit i 1852. Anders og Anna Oline budde på eigedommen «Ola-stova» også kalla Sørbøen[3]

Salmøy Johannesdatter hadde sitt slektsopphav i Gaupne i Luster men var fødd i Førde våren 1838. Familien hennar budde da som strandsittere på Skei i Førde. Foreldra hennes var Johannes Nilsen frå Hjelle i Førde og Brita Simonsdatter fødd 28.11.1801 i Gaular.

Salmøy tente i Standal og døydde der den 20.7.1924.

Salmøy si historie

Etter å ha budd ei tid hos Haldor viste det seg at Salmøy skulle ha barn. Ho fekk sonen Karl Johan Nilsen den 16.3.1863 med Niels Salamonsen Apneset[4] Niels var fødd på Apnaset i 1840 og utflytt som soldat til Kristiansand i 1861. Han måtte ha vært heime ein tur til Apnaset sommaren 1862.

Haldor var ein av fadrane på Karl. Dei andre fadrane var også frå Standalen.  

Salmøy og vesle Karl blei buande i «Haldor-stova» saman med Haldor og sonen Nils. Ved folketeljinga 1865 står det at vesle Karl som nå var 3 år gammal var legslem på garden, medan Salmøy fortsatt var tenestepike.   

Salmøy blir værande i familien og den 14.8.1870 får ho dottera Lydia Marie med ungkar Nils Haldorsen Standal. Nils er da 18 år gammal. I 1875 skøyter Haldor Larsen garden over til sonen Nils og familien består nå av Nils som er ugift husfar, gardbrukar, fiskar og sjølveigar. Her bor også dotter hans Lydia, faren Haldor som er enkjemann og føderådsmann. Salmøy bur her også, som tenar og det er ho som ordnar med husholdninga. Sonen hennes Karl har nå flytta[5]   

Nils gifter seg med Marianne

Nils Haldorsen, fødd 16.8.1852 gifter seg med Marianne Andersdatter den 11.11.1879. Marianne Andersdatter var fødd i Nedre Standal den 25.4.1855. Nils og Marianne får fleire barn i Øvre Standal, men buset seg etterkvart på gården som Marianne kom frå. Barna deira blir lista under Nedre Standal.    

Salmøy flytter

Da Nils gifta seg med Marianne blei det nok litt trøblete for Salmøy å bu i «Haldor-stova» Ho flytta da til Lyder og Birte på «Bølsletten Indre» Gnr.103 Bnr 8. Her budde ho ei tid som einsleg losjerende.  

Da dottera Lydia gifta seg i 1897 Med Mads Henrik Larsen flytter Salmøy til dei på ein liten plass kalla «Bakken» under «Søre-bøen» Gnr.103 Bnr.6. Her finn vi ho ved folketeljinga 1900.

Da Nils og Marianne etter kvart flytter ned til Nedre Standal med familien sin flytter Lydia tilbake til Haldor-stova med mannen Mads Henrik og barna. Vi finn dei der ved folketeljinga i 1910.

Mads Henrik og Lydia med barna Anton, Lars, Harald og Laura. Her bur også Salmøy Johannesdatter, med oppgitt fødselsdato 27.12.1838.

Salmøy Johannesdatter Standal bur i Øvre Standal til ho dør 20.7.1924.

[1] Askvoll Bygdebok band III side 121

[2] Sjå Naustdal bygdebok band I side 117 under Bnr. 5 og side 122 under andre familiar på Apnaset

[3] Sjå Øvre Standal Gnr. 103 Bnr. 6.

[4] Sjå Naustdal bygdebok band I side 108 – Nils Andreas, fødd 1841 utflytt til Kristiansand i 1861.

[5] Sjå under «Klubben» på Tyvold (må sjekke denne) 

Link to comment
Share on other sites

På 7.6.2019 den 20.52, Eli Tyvold skrev:

image.thumb.png.7b0bf44ea5c4cfd80df02161d86dab66.png

Dette vert litt utanfor tema, men det er interessant å sjå at teljingskretsen inneheld gardar på begge sider av Førdefjorden. Vågane og gardane på sørsida av fjorden ligg i dag i Askvoll kommune, medan resten av Kinn prestegjeld (minus Bremanger utskilt på 1860-talet) stort sett samsvarar med dagens Flora kommune. 

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

9 timer siden, Eli Tyvold skrev:

Hei Eli.

Jeg ser du ikke skriver mye om Karl Johan her. Skyldes det at du bare har fulgt dem som ble boende i Kinn? Som du vel så endte Karl Johan opp i Bødø hvor han var gift 2 ganger og fikk 10 barn i de to ekteskapene.

Link to comment
Share on other sites

9 timer siden, Torbjørn Igelkjøn skrev:

Dette vert litt utanfor tema, men det er interessant å sjå at teljingskretsen inneheld gardar på begge sider av Førdefjorden. Vågane og gardane på sørsida av fjorden ligg i dag i Askvoll kommune, medan resten av Kinn prestegjeld (minus Bremanger utskilt på 1860-talet) stort sett samsvarar med dagens Flora kommune. 

Ja - det stemmer det. Det var jo slik før at båten og sjøen var transportåra. Eg er godt kjend med gardane på Kinn sida, litt mindre på Askvoll sida. 

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

2 timer siden, Rune Thorstensen skrev:

Hei Eli.

Jeg ser du ikke skriver mye om Karl Johan her. Skyldes det at du bare har fulgt dem som ble boende i Kinn? Som du vel så endte Karl Johan opp i Bødø hvor han var gift 2 ganger og fikk 10 barn i de to ekteskapene.

Eg skal skrive eit par avsnitt om Karl også, men det er slik som du skriv, eg kjem til å følge de som blir, ellers blir det alt for mykje. 

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

5 timer siden, Eli Tyvold skrev:

Eg skal skrive eit par avsnitt om Karl også, men det er slik som du skriv, eg kjem til å følge de som blir, ellers blir det alt for mykje. 

Blir det bygdebok av dette?

Link to comment
Share on other sites

Foreldrene var: Johannes Nilsen Hjelle døpt 30.11.1802 - uvisst når død. Gift 13.11.1825 i Førde med Britha Simonsdtr. Råheim 28.011.1801 Råheim i Gaular - død 10.03.1802 Grimeland, Førde.

Barn.

Anne Sophie Johannesdtr. f. 05.07.1826 på Hjelle , død 26.01.1907 på Nedre Vik, Vestnes, Møre og Romsdal 5 barn i to forhold.

Ida Anne Marie Johannesdtr. født 23.04.1828 på Hjelle - død 07.08.1869 i Bergen

Lovise Johannesdtr. født 11.10.1830 på Hjelle - død etter 1865 i Kinn (Standal?)

Anna Oline Johannesdtr. født 08.07.1835 på Hjelle - død 03.03.1914 på Schei i Førde

Salmøy Johannesdtr. født 1838 på Hjelle - død 20.07.1924 Standal, Kinn

Nils Johannessen født 28.12.1840 på Hjelle - død ?

Severine Johannesdtr. født 24.05.1843 på Hjelle - død 07.02.1910 Claus Fastingsgt. nr.7, Bergen.

Link to comment
Share on other sites

I Naustdals Bygdebok band I finn vi litt om denne familien.

Apnaset GNR 23 BNR 3B side 113.

Kristine Maria fødd 1830 på Apnaset og død 1871.  Foreldra hennes var Ola Kornelius Olsen 1790-1860 og Dorte Maria Rasmusdatter 1794-1873. Kristine Maria gifta seg i 1856 med Arne Johannesen Kvellestad . Bustad Stokkebekk.

Kvellestad GNR 21 BNR 5 side 77.

Arne fødd 1828 på Kvellestad og død 1911 i Stokkebekk.  Foreldra hans var Johannes Zakariassen Kvellestad 1788-1851 og Anna Massi Knutsdatter  Horne 1794-1876. 

Før dei flytta til Stokkebekk so har familien budd på Svortevikholm, der dei fire eldste barna er fødd, og her levde dei ved folketeljinga i 1865.                           

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

3 minutter siden, Eli Tyvold skrev:

Usikker på Nils Johannesen her. Leng siden eg jobba med den der nå.

må sjekke

Ja, det samme her. Jeg hjalp en venn av meg for en god del år siden som stammer fra Anne Sophie 1826-1907. Og brukte nok ikke så mye tid på å sjekke hvor det ble av Nils. Og personlig synes jeg det er vanskeligere å finne folk i det nye Digitalarkivet. Det var langt flere muligheter med søke i de gamle databasene.

Og det er langt fra alt som er tilgjengelig nå som det gamle Digitalarkivet er stengt ned.

  • Like 1
Link to comment
Share on other sites

5 timer siden, Rune Thorstensen skrev:

Ja, det samme her. Jeg hjalp en venn av meg for en god del år siden som stammer fra Anne Sophie 1826-1907. Og brukte nok ikke så mye tid på å sjekke hvor det ble av Nils. Og personlig synes jeg det er vanskeligere å finne folk i det nye Digitalarkivet. Det var langt flere muligheter med søke i de gamle databasene.

Og det er langt fra alt som er tilgjengelig nå som det gamle Digitalarkivet er stengt ned.

Eg burde vel ikkje nemne det her, men det ligg ein gammal versjon av "gamle" Digitalarkivet på same stad som "Bokhylla", som heller ikkje er stengd. Ein må rekne med at dette er ei forgløyming, men det varer vel iallefall til over helga.

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/WebMeta.exe

  • Like 2
Link to comment
Share on other sites

Jeg undres på om det kan være Nils Johannessen som gifter seg her i Årstad, Bergen 29.08.1869 med Marie Sophie Johnsen fra Trondheim.

Faren er oppført som Johannes Nilsen Skeie. Jeg vet at familien bodde i en periode på Førde Prestegård/Skeie.

https://media.digitalarkivet.no/view/7187/81331/56

Her i 1875, nederst på siden. Du finner også tre barn litt spredt, oppført som barn av nr. 19 og 20.

https://www.digitalarkivet.no/census/person/pf01052293000080

Og da er det kanskje han som dør her 21.07.1915, selv om fødselsåret er oppgitt til 1842.

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=58&filnamn=gr12801915&gardpostnr=62&personpostnr=93&merk=93#ovre

Link to comment
Share on other sites

Dersom det var rett Nils Johannessen jeg fant så ble han enkemann rundt 1884 og giftet seg på nytt i Årstad Kirke 11.06.1892 med Berthe Olsen f. 1852 i Fjell, Hordaland.

Se vielse nr.14.

https://media.digitalarkivet.no/view/1973/68529/15

Hans første kone døde under tragiske omstendigheter ved en dynamitteksplosjon 12.11.1883.

http://da3.arkivverket.no/cgi-win/webcens.exe?slag=visbase&sidenr=9&filnamn=1301begr&gardpostnr=44533&merk=44533#ovre

Edited by Rune Thorstensen
Link to comment
Share on other sites

  • 1 year later...

Meir om Salmøy sin sønn Karl Johan Nilsen Standal. 

Har skrevet litt om det, men fortsatt litt uklart. 

Noen som kjenner til etterkommere etter han i Bodø området i dag ?

Salmøy Johannesdatter Standal blir buande i Øvre Standal til ho dør 20.7.1924.  

Karl Johan Nilsen Standal

Bur i Standal 1863-1878

Sonen til Salmøy blir i området fram til han blir konfirmert. Ved folketeljinga i 1875 finn vi han som legdslem på «Klubben» i Nedre Standal hos Gunder Olsen. Det er registert at han bur i Nedre Standal da han vart konfirmert, den 22.9.1878. Etter dette reiser han nordover langs kysten på fiske, som så mange andre frå området her.

Trøndelagskysten

1888-1889

I Trøndelag fekk Karl Johan eit barn med Anna Christine Nilsdatter Klungset, fødd 1861. Anna og Karl Johan møttes i Namdalen i 1888. De fekk dottera Jenny Othilie den 5.5.1889 på Klungset, Strand i Namdalen. Jenny møtte aldri faren sin. Det einaste ho visste om han var at han var jekteskipper. Jenny gifta seg med Martin Theodor Edvinson Tharaldsen i 1909 i Værøy, og dei fekk barna Gudrun og Åsmund.

Helgeland og Salten.

1889-1894

Karl Johan reiste så vidare frå Trøndelag og slo seg ned i Bodø. Han gifta seg den 13.10.1889 med Ovidie Thomine Karlsdatter Saltnes. Ho var fødd 5.3.1857 på Saltnes, Rognan i Saltdal. De fekk tre barn saman: Sigurd Bernard Wiliam, fødd 4.3.1890, Valdemar Kornelius Arnt, fødd 12.3.1892 og Konrad Aleksander Marelius, fødd 30.9.1893. Alle barna var fødd i Bodø. Ovidie døydde i Bodø den 7.4.1894 med dødsårsak strupetæring.

Karl Johan gifter seg på ny

Bodø 1896

Karl Johan gifter seg på ny den 15.5.1896 med Antonette Maria Christina Johansdatter Øynes. Ho var fødd i Beiarn i Nordland den 16.6.1867. De fekk fire barn saman: Oskar Kristian Johan, fødd 6.7.1897, Alfred Kristian Jørge, fødd 10.9.1901, Ingvald Herman Jentoft, fødd 31.1.1903 og Karl Johan Asbjørn, fødd 26.12.1904. Anonette døydde den 15.6.1939. Karl Johan levde fram til 1951.  

Hjalmar, fødd 29.4.1908?

+ jente ?

Link to comment
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    • No registered users viewing this page.
×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.