Jump to content
Arkivverket
Helge Hånes

Jørgen Jørgenson Flo sine forfedre

Recommended Posts

Helge Hånes

Jørgen Jørgenson Flo vart fødd i 1743 på Flo i Stryn. Han gifte seg med Berte Larsdatter Lille-Fylling, f. 1749. Dei fekk sonen Jørgen, f. 1778 i Kassneset, Lille Fylling, gift med Marte Knudsdatter Indre Ekroll, ny brukar på Jørngarden, død 1853, og døtrene: Ragnhild, døypt 29.03. 1772, død på Leite, Stette i 1838; Kristine, døypt 27.05. 1775; og Christi, døypt 24.05. 1781

Kona til Jørgen var dotter til Lars Olson Ulvestad Lille-Fylling. Han kom først til Kassneset, Lille-Fylling. Det fortelst at han saman med to brør vandra ut frå Jørntunet på Flo. Den eine slo seg ned i Eidsvika i Tennfjord, den andre på Krogset på Grytastranda. Om korleis Jørgen kom til Ekroll fortel tradisjonen slik: Han var i eit julelag saman med husbonden frå Jørngaren, bruket hadde nok ikkje det namnet den gongen. Jørgen gramma seg for at jorda i Kassneset var så steinut og tungvint å arbeide med. Mannen på Ekroll let ille over at der fanst lite eller ingen skog hos han, men jorda på bruket sitt tykte han godt om. Såleis vart dei vel tiltalte av fordelane på kvarandre sine bruk, og dermed vart dei samde om å byte gardar. 

Marte Knudsdatter døde i 1783, og i 1784 gifte Jørgen seg oppatt med Kari Larsdatter Store-Fylling. Med henne fekk han dottera Berethe, døypt 29.08. 1784..

Jørgen brukte 1 våg i 1802 og sådde 3 tønner havre, 1/2 tønne blandkorn og hausta 6 foll. Garden fora 10 kyr, 20 småkveg og 1 hest. Garden mangla skog og brenneved og hadde dårleg sommarhamn i heimegjerda utmark, men det var betre på setra. Kornavlinga var årviss. Fem vaksne arbeidsfolk budde på bruket. I 1808 fora dei på bruket 1 hest, 5 kyr, 3 ungdyr, 12 sauer og 10 geiter.

Jørgen døde i 1814. Når Kari, andre kona hans døde er uvisst.

 

Dette er avskrift frå Bygdeboka for Skodje s. 670 - 671. Jørgen Jørgenson Flo kom så vidt eg forstår frå Jørgengarden på Nedre Flo i Oppstryn. Han tok over bygselen av Jørngarden på Indre Ekroll i Skodje rundt 1800. Kan Jørgen vere son til Store-Jørgen på Nedre Flo, som døde i 1795. Eg har prøvd å finne skiftet etter han, men forgjeves. Tanken var at i eit skifte ville det vere opplysningar om slekta. I Nordfjord fraa gamle dagar til no  Del 2.3.1 side 182 er det eit oversyn over brukarane på Jørgengarden, Nedre Flo, men det som står der er svært knapt og vanskeleg å finne ut av. Er Store-Jørgen på Jørgengarden, død 1795, 85 år gammal, brukar på garden i 1745, far til Jørgen Jørgensen Ekroll?

 

Etter Nordfjordboka var Store-Jørgen son til Jørgen Lasseson Bolstad og kona hans, Helga Jørgensdatter Bolstad, enkja etter Ola, førre brukaren på Jørgengarden på Nedre Flo. Han vart skoten på Bolstad i 1726.  Eller er det snakk om ei anna enkje med same namnet?  For under Bolstad s. 195 er det sagt at Hugleik Øysteinson Flo er gift med enkja etter den drepne Ola Salveson.

Er Jørgen Lasseson Flo den same som er nemnd som brukar på Benediktbruket i 1674, og som flytte til Bolstad?  Under Bolstad, Jobruket er nemnd Jørgen Lasseson Nedre Flo, brukar 1680, gift med ei Anne Klausdatter. Desse er vel den same personen. Men den Jørgen Lasseson Bolstad som er brukar på Jørgenbruket, Nedre Flo i 1730, som er gift med enkja Helga og har ein son Ola busett på Fosnes, må vel vere ein annan Jørgen Lasseson enn den før nemnde? Kan han vere ein soneson?

 

Og kven er dei to brørne til Jørgen Jørgenson Flo på Indre Ekroll vere? Eg finn dei ikkje på Krokset og i Eidsvika i Vatne. Ein Knut Knutson Vollset, gift med Brite,  dotter til Rasmus Rasmusson Flo på Larsbruket på Flo, flytte til Krokset i 1837, men han var inngift på Flo og hadde ingenting med Jørngarden å gjere. Kven kan desse to vere?

Share this post


Link to post
Share on other sites
Inge Nygård

Eg trur du må ha tolka bygdeboka for Stryn feil, Jørgen-bruket er vel bruk nr. 6 på Øvre-Flo. Jørgen Olsen og kona Christi Lassesdtr. heldt skifte medan dei var live i 1783. Skiftet nemner m.a. sonen "Jørgen Jørgensen gift og boende paa gaarden Lille Fyllingen paa Sundmør": https://www.digitalarkivet.no/sk20081201630274

 

Jørgen Olsen er vel ein son frå Helga Jørgensdtr. sitt første ekteskap med Ole Salvesen.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Helge Hånes

Hei Inge. Takk for svar. Du har heilt rett. Det er Jørgenbruket, nr. 6 på Øvre-Flo det er snakk om. Det er litt vanskeleg å tolke bygdeboka rett. Ettersom eg forstår det som står der, er Jørgen "Store-Jørgen" son til Jørgen Lasseson Bolstad. Men det kan han sjølvsagt ikkje vere sidan han er skriven Jørgen Olsen i skiftet. Han er med andre ord son til Ole Salvesen og Helga Jørgensdatter Bolstad. Ole er den same som vart skoten på Bolstad i 1727, og enkja, Helga gifte seg oppatt med Hugleik Øysteinson Flo ifylgje det som står under Jogarden, Bolstad 1. 

I det som står om drapet på Bolstad i 1727 går det fram at Helga Jørgensdatter, kona til Ole Salvesen, den drepne, er dotter til Jørgen Lassesen Bolstad. Den enkja, Helga, som han er gift med må altså vere ei anna enkje og ikkje enkja etter Ola Salvesen.

 

For å oppsummere: Jørgen Olsen (Store-Jørgen) er son til Ole Salvesen og Helga Jørgensdatter Bolstad. Helga er dotter til Jørgen Lasseson Bolstad. Ole Salvesen må då vere son til Salve Olsson, gift med Brite Torsdatter Rise, utan at det går fram kvar dei to kjem frå. Kvar Jørgen Lasseson Bolstad kjem frå er heller ikkje klart, men han er vel truleg den same Jørgen Lasseson som er nemnd som brukar på Nedre Flo, brnr. 1 i 1674, og som flytte til Bolstad.

 

Utifrå skiftet av 1783, som du viser til, hadde Jørgen Olsen (Store-Jørgen) og Kristi Lassedatter Hjelle 6 søner, Ole busett på Fosnes; Lasse, boende på garden Breche; Jørgen, gift på Lille Fyllingen, Sunnmøre; Rasmus, gift og busett på Sætre; Fridrich, ugift; og Thore også ugift. Dei hadde også 3 døtre: Anne, gift med Ole Erichsen Grot; Helga, gift med Ole Anthonsen Hilde; Marie, gift med Lars Olsen Sætten; og Marie, 28 år og ugift.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Helge Hånes

Skiftet etter Helge eller Helga Jørgensdatter frå 1745 kastar meir lys over dei aktuelle personane: https://www.digitalarkivet.no/sk20081128630272

Her er lista opp borna Helga Jørgensdatter hadde med Ole Salvesen: Salve Olsen; Jørgen Olsen Øvre Flo; Rasmus Olsen, Ane Olsdatter og Mallene Olsdatter.

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen
22 timer siden, Helge Hånes skrev:

 

I det som står om drapet på Bolstad i 1727 går det fram at Helga Jørgensdatter, kona til Ole Salvesen, den drepne, er dotter til Jørgen Lassesen Bolstad. Den enkja, Helga, som han er gift med må altså vere ei anna enkje og ikkje enkja etter Ola Salvesen.

 

Det som står under Flo er feil; Jørgen Lasseson var ikkje gift med noka enkje Helga. Så vidt eg kan sjå, har Aaland rota litt med opplysningane på desse to bruka på Flo/Bolstad.

 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Helge Hånes

Takk for opplysninga Aase. Er det då råd å finne ut noko om kven Jørgen Lasseson var gift med? 

Eit anna spørsmål eg har stilt meg er kvar det godset som dei to svograne var usamde om i bryllaupet på Bolstad, det som vart kalla Sundalsgodset, kom frå? Det er nemnt i skiftet etter Helga Jørgensdatter i 1745, og må då tydelegvis ha kome frå hennar ætt eller første mannen, Ole, han som vart drepen. 

Share this post


Link to post
Share on other sites
Aase R Sæther - Gloppen
Posted (edited)

Han overtok bruket på Bolstad etter Klaus Olsson, og det er rimeleg å tru at han var gift med ei dotter av Klaus. Det blir tippa på Anne, sidan eldste kjende dottera til Helga heiter det, men eg har ikkje funne noko om det. 

 

Sunndalsgodset:  I bygdeboka står det under Sunndal at to av Bolstad-mennene åtte 6 mk kvar i garden allereie før midten av 1600-talet, så då skal det vel vere denne ukjende Klaus-dottera som er formidlar av det. 

 

 

Edited by Aase R Sæther - Gloppen

Share this post


Link to post
Share on other sites
Helge Hånes

Ifylgje bygdeboka om Hjelle, var Ola Lasseson Hjelle, han som drap svogeren sin, gift med Anne Jørgensdatter Bolstad. Søstera hennar, Helga, var gift med Ole Salveson Bolstad, han som vart drepen. under Sundalen står det at Jørgen Lasseson Bolstad åtte 6 merker smør i Sundal, brnr. 1. Dette bruket vart så godt som lagt øyde av ei fonn i 1718. Kan Jørgen Lasseson ha vore ein slektning av kona til Paul Sjurson Sundal, Ingeb. Jørgensdatter, som omkom i fonna i 1718? Eg berre spør utan å ha noko anna å bygge på enn  farsnamnet Jørgen. Eller hadde Jørgen Lasseson noko anna samband med Sundalsgarden? Kvar kom Jørgen Lasseson Bolstad frå?

 

Kva så med dei tre brørne, som ifylgje Skodjeboka om Indre Ekroll skal ha flytta frå Jørngarden på Flo til Sunnmøre? Den eine var Jørgen Jørgenson, men kven var dei to andre. Eg finn, som før sagt, ingen korkje på Krokset eller i Eidsvik i Borgund. Men Aaland skriv i Nordfjord fraa gamle dagar til no  Del 2.3.1 side 182, at broren til Jørgen, Tore, flytte frå Jørngarden til Hurla på Sunnmøre. Så då er vel han den andre broren som flytte frå Jørngarden. Kven er så den tredje? Det må då vere Fridrich, som var ugift ved skiftet av buet til foreldra i 1783.,

Share this post


Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.


  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.