Gå til innhold
Arkivverket

Anders Christensen, borgarmeister i Bergen frå 1568 - danske av opphav, men kven var han? - og kven var «ettermannen» hans i ekteskap, Henrik Mund?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

Dette emnet er henta ut frå eit større emne om Teiste-ætti: https://forum.arkivverket.no/topic/171242-teiste-ætti-på-kroken-i-hafslo-1500-1600-talet-hjelp-til-korrekte-opplysningar/

 

 

Anders CHRISTENSEN, fødd i Danmark, truleg kring 1535(?), kom kring 1560 som slottsskrivar til Bergenhus og vart 19.2.1568 utnemnd til ny borgarmeister i Bergen!  Han gifte seg kring 1561 med Kari Johnsdotter TEISTE, fødd i Hafslo kring 1540 som dotter av John Teiste og Anna Kruckow.  Dei budde i Bergen, men i 1585 kjøpte dei garden Iden på Herdla og flytte dit(?).

 

Anders døydde kring 1587, og Kari Teiste gifte seg kring 1588 att med ein annan danske, adelsmannen:

 

Henrik MUND, som me ikkje veit noko om i det heile.  Han flytte visstnok inn hjå Kari på Iden på Herdla, der dei båe skal vera avlidne kring 1600.

 

Eg sit her med følgjande utfordringar:

 

* Kvar i Danmark hadde Anders Christensen opphavet sitt ifrå?  Foreldre og fødselsår?

 

* Kvar i Danmark hadde Henrik Mund opphavet sitt ifrå?  Foreldre og fødselsår?

 

* Kva yrke hadde Henrik Mund?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

 

57 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

* Kvar i Danmark hadde Henrik Mund opphavet sitt ifrå?  Foreldre og fødselsår?

 

?

De norske stænder : bidrag til oplysning om folkets deltagelse i statsanliggender fra reformationen til enevældet (1537-1661), side 123 - Forfatter Johnsen, Oscar Albert

https://urn.nb.no/URN:NBN:no-nb_digibok_2013092507065

De norske stænder - bidrag til oplysning om folkets deltagelse i statsanliggender fra reformationen til enevældet (1537-1661), side 123.jpg

Endret av Egil Johannessen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Egil for eit svært interessant innlegg!

 

Men eg har ei aldri so liti ny utfordring her:

 

** Henrik Mund er oppgjeven vera skipssjef i 1505.  Her må det vel vera ein feil i årstalet?

 

** Glambeck synest vera ein «borg» på Fehmarn, men kvar er garden Lenidslev?

 

Er denne huslyden meir omskriven i DAA - Danmarks Adels Aarbog?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Grethe og Tore for interessante og avklarande innlegg!

 

Då er med eitt geografien med omsyn til Iden «på plass», og heile problematikken kring Henrik Mund og opphavet hans likeins!  Han må forresten ha vore ein god del yngre enn kona si, kan henda fødd på 1550-talet...

 

Den einaste utfordringi som no står att her, er:

 

* Opphavet til Anders Christensen?  Kvar på Fyn kan han ha vore ifrå?  Kven var foreldri hans, og (om lag) kva år var han fødd?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand til kartleggjing av denne utfordrande huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.