Gå til innhold
Arkivverket

Jonas Gustav Ahlstrøm - styrmann med svensk opphav - gift kring 1825 med Anne Sophie Nilsdotter Dreyer frå Bergen - handelsmann Skjolden i Luster - flytte til Kinn - opphavet hans og lagnaden til denne huslyden?


Lars E. Øyane
 Del

Recommended Posts

3 minutter siden, Lars Waaltorp skrev:

Og til slutt fant jeg også skifteoppgjøret etter Jonas Gustaf:

 

SAB, Sunnfjord Sorenskrivararkiv - IV Skifte, D, 1855-1861, s. 304b-305a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081127660307

 

 

For å sitere vår skiløper Heidi Weng: JEG BØYER MEG I HATTEN!

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg deler reaksjonen til Grethe og bøyer meg likeins i hatten for desse fine opplysningane frå Lars W!

 

Eg sit etter dette med ei kjensle av at Jonas Gustav og sonen Jonas Peter KAN vera avlidne i same forliset våren 1858, for då skal dei båe vera avlidne, og dessutan: Skiftet etter Jonas Peter nemner ikkje faren med eit ord, og heller ikkje er Jonas Peter nemnd i skiftet etter faren.  Men er det mogeleg å finna den nøyaktige datoen for desse dødsfalli, og kvar det skjedde?

 

Elles er eg ikkje medlem av Myheritage, so dødsdatoen til Rasmus Mathias Simonson i 1929 får eg ikkje fram.

 

Men her følgjer eit nytt manuskript som erstattar manuskriptet frå innlegg #70 på føregåande side:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Jonas, kjend som Jonas Gustav Jonasson Ahlstrøm, opphavleg frå Eskelhem på Gotland i Sverige, var son av kronobåtsmann Jonas Persson Beting i Eskelhem, opphavleg frå Öland, og kona Catharina Christophersdotter frå Klinte på Gotland og f. i Atlingbo på Gotland 12.4.1796.  Han gifte seg i Skåre, Haugesund 26.4.1825 med Anna Sophia Nilsdotter Dreyer frå Bergen.  Ho var dotter av skippar og kjøpmann Nils Winding Casparson Dreyer i Bergen, opphavleg frå Torvestad, og kona Christina Henrikka Mogensdotter Bøschen frå Bergen og f. i Bergen 6.12.1804.

Jonas Ahlstrøm var sjømann og sidan styrmann og flytte til Bergen på 1820-talet, og derifrå flytte han og Anna  kring 1829 til Kinn.

Men 11.8.1830 fekk Jonas Ahlstrøm skøyte på gjestgjevariet på Skjolden, og han og Anna budde her fram til 1833.

Jonas Ahlstrøm ser ikkje ut til å ha vore mykje til handelsmann eller gjestgjevar, for han gjekk i 1833 attende til styrmannsyrket og busette seg same året på Hopeteigen i Kinn.  Jonas Ahlstrøm d. som skippar

 

##### (dato og stad for dødsfallet hans? - våren 1858)

 

medan Anna Nilsdotter d. som kårenkje på Høivik i Kinn 19.6.1886.  Dei fekk ni born i lag:

a. Jonas Peter Jonasson Ahlstrøm f. i Bergen 16.3.1826, reiste i ung alder til sjøs og var styrmann, men miste livet

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? - skifteregistrering 13.2.1858!)

 

     ugift.

b. Christina Henrikka Jonasdotter Ahlstrøm, f. i Bergen 27.6.1828, d. på sjukehuset i Bergen 8.8.1864.  Christina var ei tid pasient ved Reknes sanatorium i Molde, men var sidan tenestejente i Bergen.  Ho var ugift, men fekk ein son.

c. Nils Dreyer Jonasson Ahlstrøm, f. i Kinn 6.4.1830, d. som legdelem i Høivikbotnen i Kinn 25.1.1915.  Nils var visstnok òg ei tid pasient ved Reknes sanatorium i Molde, men kom heim att og var sidan postførar og lausarbeidar på Hopeteigen og sidan på Høivikbotnen i Kinn.  Han var ugift.

d. Anna Cathrine Jonasdotter Ahlstrøm, f. i Luster 19.1.1832, d. som dagarbeidar i Kinn 6.6.1904, ugift.

e. Johanna Margretha, kjend som Hanna Jonasdotter Ahlstrøm, f. i Kinn 21.7.1833, d. som kårenkje på Høivik i Kinn 4.8.1915.  Hanna gifte seg i Kinn 10.6.1857 med Rødrik Mikael Torstenson Monsen frå Bergen, f. i Bergen 2.7.1830.  Han d. som husmann på Høivik i Kinn 14.6.1904.  Rødrik var skreddar og sidan målar.  Dei busette seg som plassfolk på Holmesund under Høivik i Kinn og fekk tre born i lag.

f. Olina Sophia Jonasdotter Ahlstrøm, f. i Kinn 21.3.1835, d. som kårkone på Høivik i Kinn 8.9.1919.  Olina gifte seg i Kinn 13.7.1860 med Rasmus Mathias Simonson frå Høivik i Kinn, f. i Kinn 29.3.1835.  Han d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? - e. 1910)

 

     1929.  Dei var gardbrukarar på Høivik i Kinn og fekk

 

     ##### (talet på søner og døtrer? - inkl.:

            * Katrine Marie Rasmusdotter, f. Kinn 20.5.1860 - n. 1875/1891 - gift med Johan Erikson Loftesnes

            * Henrik Gustav Rasmusson, f. Kinn 21.6.1861 - n. 1875 - 1900 gardbrukar på Høivik - gift og born

            * Rise Bolette Rasmusdotter, f. Kinn 28.3.1864, d. i Kinn 30.8.1865

            * Jørgen Christopher Rasmusson, f. Kinn 9.7.1866 - n. 1875 -1910 manufakturhandl. Høivik - gift og born

            * Jonas Rasmussen, f. Kinn 10.9.1872 - n. 1875/1891/1910 som gardbrukar på Høivik!

            * Lars Berthin Rasmusson, f. Kinn 11.6.1875 - n. 1875/1891 - seinare sokneprest Ringerike

            * Bolette Sofie Rasmusdotter, f. Kinn 9.5.1878 - n. 1891)

 

g. Maren Elisabeth Jonasdotter Ahlstrøm, f. i Kinn 28.1.1837, d. ugift på Hopeteigen i Kinn 20.6.1857.

h. Gurina Carolina Jonasdotter Ahlstrøm, f. i Kinn 2.9.1839, d. som enkje i Bergen 9.8.1896.  Gurina gifte seg i Krosskyrkja i Bergen 26.12.1866 med Jacob Andreas Olson frå Berget under Horne i Naustdal, i Bergen kjend som Jacob Olsen.  Han var f. i Førde 25,4,1826 og d.

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans?)

 

     Jacob var bøkkarsvein og sidan jekteskippar, og han og Gurina budde i Sandviken i Bergen.  Dei fekk sju born i lag.

i. Peter Andreas Jonasson Ahlstrøm, f. i Kinn 26.8.1842, d. i Bergen 21.4.1924.  Peter gifte seg i Domkyrkja i Bergen 17.11.1872 med Inger Malene Pedersdotter frå Hjertenes i Selje.  Ho var f. i Selje 19.11.1853 og d. i Bergen 29.8.1927.  Peter Ahlstrøm var bøkker, og dei budde i Skuteviken i Bergen.  Dei fekk elleve born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med kartleggjing av denne huslyden!

  • Takk 1
Lenke til kommentar
Del på andre sider

12 hours ago, Lars E. Øyane said:

 

 

f. Olina Sophia Jonasdotter Ahlstrøm, f. i Kinn 21.3.1835, d. som kårkone på Høivik i Kinn 8.9.1919.  Olina gifte seg i Kinn 13.7.1860 med Rasmus Mathias Simonson frå Høivik i Kinn, f. i Kinn 29.3.1835.  Han d.

 

 

 

     ##### (dato og stad for dødsfallet hans? - e. 1910)

 

 

 

     1929.  Dei var gardbrukarar på Høivik i Kinn og fekk

 

 

 

     ##### (talet på søner og døtrer? - inkl.:

 

            * Katrine Marie Rasmusdotter, f. Kinn 20.5.1860 - n. 1875/1891 - gift med Johan Erikson Loftesnes

 

            * Henrik Gustav Rasmusson, f. Kinn 21.6.1861 - n. 1875 - 1900 gardbrukar på Høivik - gift og born

 

            * Rise Bolette Rasmusdotter, f. Kinn 28.3.1864, d. i Kinn 30.8.1865

 

            * Jørgen Christopher Rasmusson, f. Kinn 9.7.1866 - n. 1875 -1910 manufakturhandl. Høivik - gift og born

 

            * Jonas Rasmussen, f. Kinn 10.9.1872 - n. 1875/1891/1910 som gardbrukar på Høivik!

 

            * Lars Berthin Rasmusson, f. Kinn 11.6.1875 - n. 1875/1891 - seinare sokneprest Ringerike

 

            * Bolette Sofie Rasmusdotter, f. Kinn 9.5.1878 - n. 1891)

 

 

 

Hei Lars

Eg er temmeleg sikker på at dette paret ikkje fekk fleire barn enn dei som er lista opp her.

Torodd

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hjarteleg takk til Torodd og Lars W. for dei siste innleggi om denne huslyden.

 

Eg trur du har rett, Torodd, med omsyn til borni til Oline og Rasmus, til tross for den lange avstanden mellom Jørgen og Jonas.  Kanskje hadde dei eitt barn som var dødfødt?

 

Alt i innlegg #5 på første side nemner Lars J. eit family tree på Myheritage som oppgjev dødsåret til Jonas Gustav til 1854, so kanskje det er årstalet me lyt leita etter gravferdi eller dødsfallet hans?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand med denne huslyden!

Lenke til kommentar
Del på andre sider

  • 3 år senere...

Hei! Jeg hopper inn i diskusjonen selv om det er flere år etterpå, fordi jeg har noe tilleggsinformasjon som noen kanskje har glede av. Jeg er fersk slektsforsker, men ble med her for litt siden og søkte opp mitt eget navn, og fant da denne tråden som jeg har lest gjennom.

 

Jonas Gustav Ahlstrøm er min tipptippoldefar, hans datter Oline Sofie Ahlstrøm er min tippoldemor, hennes sønn Lars Berthin Høivik er min oldefar. I tenårene fikk jeg diverse slektsnedtegnelser av min farmor, inkludert en kopi av et brev skrevet av Jonas Gustav til sin nevø, se vedlagte fil. Det nevner noen navn i egen familie, som kan hjelpe med å identifisere ham. Og så høres han ut som en trivelig fyr.

ETA: Å nei. Jeg ser nå at den trivelige slektsgranskeren Lars E. Øyane som startet diskusjonen og stilte spørsmålene gikk bort i sommer. 😞 Mine kondolanser til alle som kjente ham!
 

brev fra jonas gustav ahlstrøm.docx

Endret av Laila P Høivik
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Hei Laila, jeg har ingenting med denne tråden å gjøre, men vil takke deg for at du bringer liv i en gammel tråd, med dette herlige brevet. Det hender fra tid til annen at tråder som også er mye eldre enn denne, plutselig vekkes opp igjen, og det viser andre brukere hvor viktig det er å søke fram gammel informasjon, før man prøver å finne opp hjulet på nytt sjøl! En dato, et navn, og så er man igang igjen...

  • Liker 2
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.