Gå til innhold
Arkivverket

Niels Knudsen Hjelle sine forfedre


HelgeHånes
 Del

Recommended Posts

Eg har kome opp i eit problem når det gjeld forfedrene til Niels Knudsen Hjelle sine foreldre. Ifylgje Ørskogboka kom Niels frå Hatlen i Ørskog i 1700 og var son til Knut Jonson Hatlen f. Gjære i Ørskog og kona hans Eli Nilsdatter f. Hatlen. Nils gifte seg med Kari Larsdatter f. Hjelle. Ho var også fødd rundt 1700 og var dotter til Laurits Knutson Hjelle og Magnhild Larsdatter. Dei flytte til Hjelle i Ørskog og overtok brn. 1 etter Kari sine foreldre.

 

https://www.nb.no/nbsok/nb/9c1510625198889cb2da00975b67be6a?lang=no#147

https://www.nb.no/nbsok/nb/9c1510625198889cb2da00975b67be6a?lang=no#174

 

Dette såg heilt greitt ut heilt til eg sjekka den oppgjevne faren, Knut Jonson f. Gjære. Han skal vere fødd i 1724, altså 24 år seinare enn sonen. Mora skulle ha vore Eli Nilsdatter f. Hatlen, dotter til Nils Nilsson Hatlen og fødd 1736. Faren Nils Nilsson er ifølgje boka fødd i 1707. 

Eli Nielsdatter Hatlen døde 5. mars 1772 :  http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070831620053.jpg 

Etter å ha sjekka skifteprotokollen etter Eli Nilsdatter Hatlen frå 1772, http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090126690561.jpg   finn eg at ho hadde ein son med namnet Nils Knudsen Hatlen, som er 14 år, altså fødd ikring 1758. Men han kan umogeleg ha vore gift med Kari Larsdatter, som døde i 1755 og var fødd rundt 1700. Så her må det vere gjort ei feiltolking der to personar med same namnet er ombytte.

Spørsmålet mitt er no: Kven var dei rette foreldra til Niels KnudsenHjelle f. Hatlen, fødd i 1700 og gift med Kari Larsdatter Hjelle (Jelle) og gravlagt 27. september 1772  Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070831620055.jpg  Her er skiftet etter han:  Permanent bildelenke:  http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-sk20090126690607.jpg 

Kan nokon hjelpe meg med dette?

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Det er nokre opplagde ting du bør (ha) sjekka her....

 

Kva veit du om Nils Knutson Hjelle? (eigentleg, utanom bygdeboka)

Kvar kjem opplysninga om Hatlen frå? Fødselsår?

 

Dersom du kan knyte honom til Hatlen, fødselåret nokolunde rett, og patronymet rett, må det vere ein Knut der i tida mellom fødsel og vigsel.

 

I manntalet 1701 er det ein Knut på Ytre Hatlen. Han skal vere 75 år (tru det om du vil...) og har to søner Knut (6 år) og Ole (4).

Ein Nils kan vere fødd i 1701 eller litt seinare.

Det er kanskje denne Knut som er nr. 19 på s. 145 i bygdeboka

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Eg har ingenting som knyter Nils til Hatlen anna enn det som står i bygdeboka. Men eg har funne han omtala mange gonger i kyrkjebøkene. Første kona hans: Kari Larsdatter er gravlagt  23. juni 1754. Kjelde: Ministerialbok Protokollnr./tidsromnr. 522A02/1743 – 1773 Ørskog prgj. Side 846. Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070831610616   Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070831610616.jpg    Den 27. juni 1756 gifte Nils seg oppatt med Kari Jørgensdatter Valbø, f. 1733.  Kjelde: Ministerialbok Protokollnr./tidsromnr. 522A02/1743 – 1773 Ørskog prgj. Side 896. Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070831610641 Permanent bildelenke: http://urn.digitalarkivet.no/URN:NBN:no-a1450-kb20070831610641.jpg   Nils Knutson døde i 1772, og vart gravlagt 27. september 1772. Kjelde: Ministerialbok 522A02/1743 – 1773, Ørskog prestegjeld, side 1155. Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070831620055

Det er skifte etter Niels Knudsen Hjelle 3. januar 1773. Han har då desse arvingane: Enkja Kari Jørgensdatter og sønene Ole med 3 børn ( Haaver Olsen, Knud Olsen og Kari Olsdatter) , Knud og døtrene Anne, gift med Knud Iverson Akselvold, dottera Magnille, gift med Knud Endreson Kloch og dottera Kari, alle frå første ekteskap, og frå andre ekteskapet: Niels (15 år), Jørgen (12 år) og Peder (5 år). Dei andre 4 borna frå første og 2 frå andre ekteskap er truleg døde sidan dei ikkje er nemnde i skiftet. Kjelde: Sunnmøre sorenskriveri, 3/3A/L0024: Skifteprotokoll 16B, 1770-1773, s. 602b-603a : Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20090126690607

 

Formyndarar til sonen Ole sine born er: Knud Iversen Akselvoll, gift med eldste dottera Anne; Knud Endresen Kloch, gift med dottera Magnhild. Formyndar for sonen Nils frå andre ekteskap med Kari Jørgensdatter, er Tore Toreson Hatlen, truleg nr. 24 i bygdeboka og ein av husmennene på garden. Formyndar for sonen Jørgen frå andre ekteskap er Ole Olsen Løset. Formyndaren til sonen Peder  frå andre ekteskap er Jakob Pedersen Reite. Desse to siste kan kanskje ha forbindelse til andrekona.  

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Jakob Pedersen Reite er notert i bygdeboka på Reite 15/Hatlen 36. Om han er frå Reite eller Hatlen er vanskeleg å seie utifrå det som bygdeboka seier. 

Ole Olsen Løset veit eg ikkje kvar er ifrå, kanskje frå Søvikdalen i Sykkylven. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Niels Knudsen Jelle må vere fødd rundt 1700 i og med at kyrkjeboka seier han var 72 år då han døde. Alderen er vel ikkje alltid å rette seg etter, men sånn noko lunde med litt slingringsmonn.

Niels trulova seg med Kari Larsdatter 4. juli 1726. Kjelde:  Ministerialbok Protokollnr./tidsromnr. 522A01/1720 - 1743 Ørskog prgj. Side 187.  Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070831610281     Giftarmålet gjekk av stabelen 1. januar 1727. Kjelde:  Ministerialbok Protokollnr./tidsromnr. 522A01/1720 - 1743 Ørskog prgj. Side 200.  Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070831610288  Ved trulovinga er det nemnt to forlovarar. Den eine av dei er ein Hatlen såvidt eg greier å tyde, og førenamnet kan vere Brigt, men patronymet og namnet på den andre greier eg ikkje å tyde.    Kan det vere snakk om Ingebrigt Olsen Hatlen som er nemnt i bygdeboka side 145 nr. 13? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

På side 201 i kyrkjeboka for 1727 er innskriven dåpen til Kari, dotter til Jetmund Jelle. Her er Nils Jelle fadder, sameleis ein Hatlen (kan det vere Nils Nilssen Hatlen?) og Siri Larsdatter Jelle, som er syster til Kari, Nils si kone. Det ser ut til at det er nære band mellom Hjelle og Hatlen

Lenke til kommentar
Del på andre sider

5 timer siden, Helge Hånes skrev:

 Ved trulovinga er det nemnt to forlovarar. Den eine av dei er ein Hatlen såvidt eg greier å tyde, og førenamnet kan vere Brigt, men patronymet og namnet på den andre greier eg ikkje å tyde.    Kan det vere snakk om Ingebrigt Olsen Hatlen som er nemnt i bygdeboka side 145 nr. 13? 

"Erick Thorss. Hatlen, Thore Perss. Vaxvig"

 

4 timer siden, Helge Hånes skrev:

På side 201 i kyrkjeboka for 1727 er innskriven dåpen til Kari, dotter til Jetmund Jelle. Her er Nils Jelle fadder, sameleis ein Hatlen (kan det vere Nils Nilssen Hatlen?) og Siri Larsdatter Jelle, som er syster til Kari, Nils si kone. Det ser ut til at det er nære band mellom Hjelle og Hatlen

"fadd. Niels Jelle, Niels Nielss. Hatlen, Gyri Viset, Anna Knudtsd. Vaxvig, Siri Larsd. Jelle".

Det treng ikkje ligge meir bak enn at det vanlegvis var grannar som var faddrar.

 

6 timer siden, Helge Hånes skrev:

Jakob Pedersen Reite er notert i bygdeboka på Reite 15/Hatlen 36. Om han er frå Reite eller Hatlen er vanskeleg å seie utifrå det som bygdeboka seier. 

Ole Olsen Løset veit eg ikkje kvar er ifrå, kanskje frå Søvikdalen i Sykkylven. 

Alternativa er vel Løset i Søvikdalen, Løset i Ramstaddalen og Løset i Stordal.

 

Du kjenner altså ikkje til kjelda som knyter Nils til Hatlen.

 

Det kan vere eit spor i trulovinga: Kari er kalla "t", venteleg "tøs" - i motsetnad til "p" - "pige". Det kan tyde at ho har fått eit barn.

I så fall kan det finnast ei dåpsinnførsle og/eller avløysing i kyrkjeboka - og ei innførsle i tingboka.

 

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Ja, dei fekk sine pass påskrivne i den tida... Då er det vel berre å finlese kyrkjeboka for å finne fleire spor...  Såvidt eg forstår går kyrkjeboka for Ørskog ikkje lenger tilbake enn 1720.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Her er truleg beviset på at Niels Knudsen var frå Hatlen. Kjelde: Ministerialbok Protokollnr./tidsromnr. 522A01/1720 - 1743 Ørskog prgj. Side 183. Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/kb20070831610279  Her er innført dåp av uekte barn Anna etter gudstenesta 16. mai 1726. Barnet er avla av soldat Niels Knudsen Hatlen og Kari Larsdatter Jelle. Fadderane greier eg ikkje å tyde skikkeleg, men det er ein Knudsen Hatlen, kanskje bror til Niels, ei Anna Jelle og syster til Kari, Siri Larsdatter Jelle. 

Eg finn ikkje at nokon av dei er offetleg "absolveret" for leiermål, kanskje fordi dei hadde lova å gifte seg med kvarandre? Eg veit ikkje kva reglar som var gjeldande for slikt. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Noko prov er det ikkje åleine, men saman med andre opplysningar kan det verte noko.

 

Faddrane er "Lars Øfre Viset, Thore Knudss. Hatlen, Anna Jelle, Siri Larsd ibid.

 

Kristian Vs lov (6-13-1):

"...Men dersom de egte hver andre, da betale hand til Bøder halv femte Lod Sølv og hun halv saa meget, og være frj for Skriftemaal. "

Det kan tyde på at dei gifta seg.

Det vil nok vere ei innførsle (dom) i tingboka og i futerekneskapen (innkravd bot), som kan stadfeste at dei gifta seg.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

At dei gifte seg er stadfest i kyrkjeboka. Om det finst innførsle i tingboka, veit eg ikkje. Eg har sett på det som ligg på nettet av tingbøker, men dei er tettskrivne og vanskelege å finne fram i med skrift som oftast er veldig vond å tyde, så der melder eg pass. Fogderekneskapen ser ut til å gå berre til og med 1718, i alle fall det materialet som er på digitalarkivet.

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Thore Knudsen Hatlen vart trulova i 1731 med ei enke på Eidem i Sykkylven: https://www.digitalarkivet.no/kb20070831610341

Dei vart gifte 1.1.1732: https://www.digitalarkivet.no/kb20070831610346

 

Skiftet etter Thore i 1743 nemner som arvingar broren Niels Knudsen Jelle og systera Siri Knudsdtr.: https://www.digitalarkivet.no/sk20090126640071

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Takk for opplysningane Inge!

Det vil då seie at faren truleg er den Knud som er nemnd i 1701-manntalet på Ytre Hatlen og som i Ørskogboka er nemnd som nr. 10, side 144. Han har sønene Knut (1695), Ole (1697) og Tore (1697), som er gift som du nemner med ei enkje på Eidem i Sykkylven, og som døde i 1743. Då veit vi namna på to fleire av borna til denne Knud Knudsen Hatlen: Niels og Siri. Ingen av syskjena er nemnde i skiftet etter Niels, men Niels var nok den av dei som levde lengst.

 

Kyrkjeboka for Ørskog går berre attende til 1720, så det er umogeleg å få ut fleire opplysningar derifrå om denne familien. Om faren Knud Knudsen var 75 år i 1701, så tyder det at han må vere fødd rundt 1626. Kanskje er det råd å finne skiftet etter han. Han har nok ikkje levd så lenge etter 1701.

 

Kanskje er det eit slektsforhold til Øvre Viset, i og med at Lars Øvre Viset er fadder i dåpen til det uektefødde barnet til Niels Knudsen Jelle. Knut Haldorsen Hatlen, nemnd i Ørskogboka som nr. 19, side 145. Han er gift med ei Ragnhild Toresdatter Øvre Viset. 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

32 minutter siden, Helge Hånes skrev:

Takk for opplysningane Inge!

Det vil då seie at faren truleg er den Knud som er nemnd i 1701-manntalet på Ytre Hatlen og som i Ørskogboka er nemnd som nr. 10, side 144. Han har sønene Knut (1695), Ole (1697) og Tore (1697), som er gift som du nemner med ei enkje på Eidem i Sykkylven, og som døde i 1743. Då veit vi namna på to fleire av borna til denne Knud Knudsen Hatlen: Niels og Siri. Ingen av syskjena er nemnde i skiftet etter Niels, men Niels var nok den av dei som levde lengst.

 

bi litt no.... 

1701-manntalet har ingen Tore på Hatlen/Y. Hatlen, og Knut (d.e.) har ikkje farsnamn.

Alderen 75 år kan vere "unøyaktig" - så han kan ha levd ei god stund etterpå.

I 1666 skulle han vere om lag 35 år. I prestemanntalet er det ein Knut Knutson 30 på Nedre Hatlen; med "son" (steson?) Jon Olson 6;

(elles: Jetmund Olson 50 på Ytre Hatlen; og Tore Jonsen 56 på Indre Hatlen)

 

I 1711 (skoskatten) er det ein Knut Knutsen på Ytre Hatlen; han betalar skatt for kone og 1 barn (og 1 tenestetaus). Ingen aldersoppgåver eller namn på andre enn brukaren.

Men i 1724 (matrikkelutkastet) er der ingen Knut på Hatlen (ikkje oppdelt); då er brukarane Jakob, Nils og Erik.

...

Nils hadde eigne born, som var arvingar. Då er sysken normalt ikkje nemnde (anna enn som formyndarar, om det er aktuelt).

Tore hadde ikkje eigne born, og syskena hans var arvingar.

....

Fadderskap for grannar treng ikkje seie noko om slektskap.

 

 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Du har rett, Ivar. Det er lett å ta av. Men her er det ingen beinvegar og lette løysingar.

Har leita i skiftemeldingane frå 1700 og utover, men finn ingen Knud Knudsen Hatlen der. Kvar ein ellers kan leite veit eg ikkje, kanskje i alle skattemanntala før og etter 1701? Kanskje tinglysingsprotokollane kan gje opplysningar? Dei måtte vel tinglyse bygslesetlane sine? 

Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.