Bente Borgen Posted August 8, 2019 Share Posted August 8, 2019 Ifølge konfirmerte i Lærdal i 1836 er Henrik Olai Olsen Lysne født i Bergen i 1920. Han er nr 1. Er det noen som kan hjelpe meg med å finne hvor han ble født i Bergen? Stemmer det at hans far kun er innført som sergeant Lysne i konfirmasjonen ? mvh Bente Borgen Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Lars E. Øyane Posted August 8, 2019 Share Posted August 8, 2019 Heisan! Denne huslyden har eg sjølv jobba ein del med sidan mor til Henrik Olai har røtene sine frå Luster. Morfar til Henrik Olai, Haagen Torstenson Næs, var den første registrerte emigranten frå Luster til Amerika i 1845. Her følgjer eit utdrag av manuskriptet mitt for Randi(ne) Haagensdotter og Ole Thomasson Lysne: ~~~~~~~~~~~~~~ Randi Haagensdotter {Næs}, f. i Lærdal 25.11.1804, Randine Haagensdotter budde vel neppe nokon gong i Luster, men gifte seg i Sogndal 8.3.1826 med Ole Thomasson frå Ljøsne nedre i Lærdal. Han var son av gardbrukar Thomas Tollefson på Ljøsne nedre, opphavleg frå Voll nedre, og kona Metta Knutsdotter frå Bø øvre og f. i Lærdal 5.9.1797. Ole var furer og sidan sersjant ved Lærdalske kompani, medan Randine kring 1827/1828 gjekk jordmorskulen i Christiania (Oslo) og fekk titel som «examineret jordemoder». Ho og Ole budde dels på Ljøsne og dels på Bø i Lærdal, men Randine d. på Ljøsne nedre i Lærdal alt 13.3.1834, og 28.5.1846 gifte Ole seg att med enkja etter broren, gardbrukar Knut Thomasson på Ljøsne nedre (1784-1838), Anna Jansdotter, opphavleg frå Seltun i Lærdal. Ho var dotter av husmann Jan Jensson på Sæltøygarden under Seltun, opphavleg frå Skjær, og kona Britha Pedersdotter frå Bjørkum og f. i Lærdal 5.4.1809. Knut hadde teke over heimebruket på Ljøsne nedre etter foreldri, og dette bruket fekk Ole hand om då han gifte seg med enkja Anna. Dei dreiv bruklet til dei i 1856 utvandra til Amerika med åtte born som dei hadde i lag. Dei farma ei tid ved Spring Prairie, Dane Co., Wis., men flytte 1861 til ein farm nær New Ulm, Brown Co., Minn. Etter indianaropprøret i 1862, der eine sonen vart drepen, flytte huslyden til ein farm i Warsaw township, Goodhue Co., Minn. der Ole Lysne d. 23.3.1878. Anna Lysne d. same staden 26.3.1887. I første ekteskapet med Randine Haagensdotter fekk Ole desse seks borni: a. Henrik Olai Olson, f. i Bergen 30.11.1820, gifte seg i Lærdal 12.12.1844 med Kirsti Eivindsdotter frå Mo i Lærdal, ##### (sjekka dette opphavet?) f. i Lærdal 6.12.1824. Henrik var militærkorporal, og han og Kirsti budde som innerstfolk på Ljøsne nedre i Lærdal til dei i 1854 utvandra til Amerika. Under namni Henry og Kirsti Lysne finn me dei att som farmarar i Amherst township, Portage Co., Wis. der dei budde levetidi ut. Kirsti d. i Portage Co.,Wis. 24.1.1890, medan Henry Lysne d. same staden 8.10.1901. Dei fekk åtte born i lag. b. Thomas Olson, f. i Lærdal 21.8.1826, d. på Bø i Lærdal 1.4.1828. c. Anna Olsdotter, f. i Christiania 6.3.1828, gifte seg i Lærdal 11.4.1854 med David Hansson frå Prestøygarden, Rikheim i Lærdal, f. i Lærdal 28.12.1826. David og Anna var i mange år gardbrukarar på Prestøygarden, Rikheim i Lærdal, men utvandra til Amerika i 1882. Under namni David og Anna Odegard finn me dei att som farmarar i Witenberg township, Shawano Co., Wis., men kort etter hundreårsskiftet flytte dei inn hjå ei dotter i Havana township, Steele Co., Minn. der Anna d. 29.12.1913. David Odegard d. same staden 18.2.1916. Dei fekk seks born i lag, som alle var fødde i Lærdal. d. Metta Olsdotter, f. i Lærdal 9.5.1829, d. på Bø i Lærdal 12.2.1830. e. Thomas Olson, f. i Lærdal 27.1.1831, ##### (lagnaden hans? – finn ikkje konf. Lærdal!) f. Haagen Olson, f. i Lærdal 10.2.1833, d. i Lærdal 1.6.1833. ~~~~~~~~~~~~~~ Om du eller andre kan fylla ut manglande detaljar om Kirsti Eivindsdotter og/eller Thomas Olson, ville eg setja stor pris på det! Stammar du kanskje frå denne ætti? Bente Borgen 1 Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Bente Borgen Posted August 8, 2019 Author Share Posted August 8, 2019 Hei og takk for det interessante materialet du sendte meg. Har du dåpsdatoen for Henrik i Bergen i 1820? Randine må da ha vært 17 år da hun fikk ham og hun giftet seg ikke før i 1826 med Ole Thomasson fra Ljøsne ? Jeg stusser litt her...... Nei, jeg er ikke i slekt med disse, men via far til en i egen slekt er etterkommer etter Henrik og Kirsti i USA. mvh Bente Borgen Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Ann-Mary Engum Posted August 8, 2019 Share Posted August 8, 2019 (edited) Henrick Olaj Olesen Norway Baptisms, 1634-1927 Name: Henrick Olaj Olesen Gender: Male Christening Date: 10 Dec 1820 Christening Place: Bergen, Bergen, Norway Father's Name: Ole Thomasen Liusne Mother's Name: Berentine Randine Haagensdatter https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:NWVP-F7X Nr 4 https://media.digitalarkivet.no/view/8642/8 Edited August 8, 2019 by Ann-Mary Engum Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Bente Borgen Posted August 8, 2019 Author Share Posted August 8, 2019 Takker, det er riktig.... Ann-Mary Engum 1 Quote Link to comment Share on other sites More sharing options...
Recommended Posts
Join the conversation
You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.