Gå til innhold
Arkivverket

SF - Bruland, Utvik - kven var konene til Rasmus Erikson, f.ca 1668, død 1751?


Aase R Sæther - Gloppen
 Del

Recommended Posts

I samband med ein annan tråd om Bruland har eg teke oppatt denne nøtta som eg har streva med tidlegare. Om nokon har bidrag til kabalen, vil det vere fint! 

 

Det finst ein del informasjon i bygdebøkene, men dessverre er det ikkje oppgjeve kjelder til opplysningane, og vidare er der opplysningar som ikkje stemmer. Eg "kjøper" ikkje informasjon som eg ikkje har sett kjelder til, og det eg veit så langt, er følgjande:

 

Rasmus har vore gift 3 gonger. 

 

Den tredje kona har vi skifte etter i 1744 - Helga Larsdtr. Ho var barnlaus, og blir arva av brørne Lars Larsson Damsgaard og Lars Larsson Espeland, og systrene Malene Larsdtr Aasen og Malene Larsdtr Aasen (ja, to ulike) i Sunnfjord. Eg har ikkje fått bekrefta kven ho er.

 

Sjølv om ho er barnlaus får vi vite namna på alle borna til Rasmus, sidan dei fordrar morsarven sin i buet. Det er sønene Erik, Mikkel og Ola, og døtrene Anne, Sigrid og Gjertrud. 

 

SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 04/04a/L0009: Skifteprotokollar, 1744-1747, s. 59b-60a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081128630059
 

Den eldste dottera, Anne, døyr ugift, og det er skifte etter henne i 1764. Av dette skiftet framgår det at Ola, Sigrid og Gjertrud er halvsyskena hennar, og dermed har vi dokumentert ei andre-kone og, men noko namn har ho ikkje fått. Eg har ein teori om at ho kan ha heitt Gjertrud; grunnen til det er 1.Sigrid kallar eldste dottera si Gjertrud, og det er ikkje etter farmora - og 2.Gjertrud er fødd ca 1726, og det er muleg mora har døydd i samband med fødselen, og då fekk ofte barnet mora sitt namn - men dette er berre ein teori.

 

SAB, Nordfjord Sorenskriveri, 04/04a/L0014: Skifteprotokollar, 1762-1766, s. 372b-373a
Brukslenke for sidevisning: https://www.digitalarkivet.no/sk20081128670376

 

Skiljet mellom fyrste og andre barnekull ligg rundt 1719. Bygdeboka oppgjev eit namn på den fyrste kona (Sigrid Larsdtr Bjørnarheim), men eg har ikkje fått bekrefta det med noka kjelde. At ho har heitt Sigrid er høgst rimeleg, sidan fyrste barnet i neste ekteskap får det namnet.

 

Ved hjelp av ein ikkje publisert formyndarprotokoll for Nordfjord får vi vite at det også er eit skifte i familien i 1726; alle dei 6 borna er nemnde, så eg reknar med at det er kone nr 2 som har døydd då; sjølve skiftet eksisterer ikkje. Rasmus er formyndar for Erik og Anne, medan ein Nils Valaker er formyndar for Mikkel. Peder Pederson Sunde er formyndar for Ola, Hans Faleide for Sigrid, og Tore Steffenson Myklebust for Gjertrud. Kanskje kan formyndarane gje ein leietråd om kven mora var, men eg har ikkje funne noko endå. Gjertrud er også nemnt i 1733 - då er formyndaren Tor Steffenson død (på det tidspunktet kalla TS Bjørkelo), og midlane går tilbake til faren Rasmus. Det bør nemnast at dei to formyndarane Peder P Sunde og Hans Faleide er halvbrør, og Tor S Bjørkelo er syskenbarn til Peder P Sunde. Eg tykkjer det bør indikere at den andre kona til Rasmus høyrer til i denne slektskrinsen.

 

Er det nokon som kan bidra her? Eg er altså ute etter dokumenterte kjelder, ikkje kva bygdebøkene seier.

 

 

 


 

 

 

Endret av Aase R Sæther - Gloppen
Lenke til kommentar
Del på andre sider

Join the conversation

Du kan poste nå og registrere deg senere. If you have an account, sign in now to post with your account.

Gjest
Skriv svar til emnet...

×   Du har limt inn tekst med formatering.   Fjern formatering

  Only 75 emoji are allowed.

×   Lenken din har blitt bygget inn på siden automatisk.   Vis som en ordinær lenke i stedet

×   Ditt forrige innhold har blitt gjenopprettet .   Tøm tekstverktøy

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

 Del

  • Hvem er aktive   0 medlemmer

    • Ingen innloggede medlemmer aktive
×
×
  • Opprett ny...

Viktig Informasjon

Arkivverket bruker cookies (informasjonskapsler) på sine nettsider for å levere en bedre tjeneste. De brukes til bl.a. skjemaoppdateringer og innlogging. Bruk siden som normalt, eller lukk informasjonsboksen for å akseptere bruk av cookies.