Jump to content
Arkivverket

Kari Olsdotter Eide (1832-1896) frå Luster til Bergen og gift med John Johnsen frå Nordfjord (1831-1886) - kvar vart det av alle sønene deira? - New York?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Denne huslyden som eg arbeidde første gongen med på 1980-talet, har vore og er framleis ei stor utfordring.  Det gjeld både opphavet til John i Nordfjord og ikkje minst lagnadane til dei mange sønene som synest ha hamna i New York eller andre stader i Amerika?

 

Men er det mogeleg å finna fleire detaljar om dei?

 

Her følgjer eit oppdatert manuskript for denne huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Kari Olsdotter {Eide}, f. {i Luster} 22.2.1832,

Kari Olsdotter Eide flytte til Bergen der ho 7.9.1856 gifte seg med John Johnson frå Levdal i Davik, i Bergen kjend som John Johnsen.  Han var son av gardbrukar John Martinusson på Hjelle i Davik, opphavleg frå

 

##### (opphavet hans? - sjekka med Levdal?)

 

og kona Anna Johannesdotter frå

 

##### (opphavet hennar?)

 

og f. i Davik 26.9.1831.  John Johnsen var fiskar og sidan fiskestuar i Bergen, og dei budde i Nøstegaten i Bergen, men John miste livet ved eit ulukkeshende på Byfjorden 31.10.1886.  Kari Johnsen d. i Bergen 9.12.1896.  Dei fekk sju born i lag:

 

##### (sjekka at dei ikkje hadde fleire?)

 

a. Berent Johan, kjend som Johan B. Johnsen (1856‑1939), snikkar, voks visst opp her i Hamni under Eide, men vart sidan busett på Skjolden under Bolstad (s.d.).

b. Oluf Andreas Johnsen, f. i Bergen 15.5.1858, utvandra til Amerika

 

     ##### (mønstra av i New York i 1878 - budde Amerika 1896 - oppl.?)

 

c. Karl Martin Johnsen, f. i Bergen 28.6.1861, utvandra til Amerika i 1881,

 

     ##### (sjekka utvandringi hans? - budde i Amerika i 1896 - oppl.?)

 

d. Ole Johnsen, f. i Bergen 3.4.1864, d. i Bergen

 

     ##### (dødsdatoen hans? - kort etter fødsli!)

 

e. Nicolai August Johnsen, f. i Bergen 15.7.1865, utvandra til Amerika i 1883,

 

     ##### (rømte frå båt i New York - budde i Amerika 1896 - oppl.?)

 

f. Marius Johnsen, f. i Bergen 5.10.1868,

 

     ##### (til England 1894 - d. barnlaus før 1896! - oppl.?)

 

g. Anne Martine Johnsen, f. i Bergen 11.2.1872, d. i Bergen 8.12.1953.  Ho gifte seg i Bergen 23.4.1893 med Edvard Bernhard Hansen frå Bergen, f. i Bergen 8.1.1870.  Han d. i Bergen 19.11.1941.  Edvard var ei tid stuert, men vart sidan transportformann og meklar.  Dei budde i Bergen og fekk seks born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Eg vonar at nokon kan hjelpa meg litt på veg og takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Link to post
Share on other sites

Nicolay August i census 1900?

Name: Nicholos Johnson
Event Type: Census
Event Year: 1900
Event Place: Precinct 4 Los Angeles city Ward 1, Los Angeles, California, United States
Gender: Male
Age: 35
Marital Status: Married
Race: White
Race: W
Relationship to Head of Household: Head
Relationship to Head of Household: Head
Years Married: 10
Birth Date: Jul 1865
Birthplace: Norway
Marriage Year (Estimated): 1890
Immigration Year: 1882
Father's Birthplace: Norway
Mother's Birthplace: Norway

 

HouseholdRoleSexAgeBirthplace

Nicholos JohnsonHeadM35Norway

Josephine JohnsonWifeF32Sweden

Arthur JohnsonSonM8California

Agnes JohnsonDaughterF5California


https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DCJQ-GHB?i=11&cc=1325221&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AM9PF-HVQ

 

Viet 11/11 1890

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939N-8PQW-63?i=628&cc=1804002&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AXLZP-Z9C

 

Andre gang i 1905

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-893H-4NSV?i=462&cc=1804002&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AK8DN-M61

 

Død i 1909

https://www.findagrave.com/memorial/139901827

Kan brother O.A. Johnson være Oluf Andreas

Link to post
Share on other sites

Kan det være Oluf Andreas som blir viet i 1886 med Pauline Beck?

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:939Z-BNVZ-3?i=98&cc=1804002&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AXL71-65C

Ved vielsen til Nicolay August i 1890 er det et vitne mrs Pauline Johnson

 

Census 1910 med feil fødselsår?

Name: O A Johnson
Event Type: Census
Event Date: 1910
Event Place: Los Angeles Assembly District 74, Los Angeles, California, United States
Gender: Male
Age: 48
Marital Status: Married
Race: White
Race: White
Relationship to Head of Household: Head
Relationship to Head of Household: Head
Birth Year (Estimated): 1862
Birthplace: Norway
Immigration Year: 1882
Father's Birthplace: Norway
Mother's Birthplace: Norway
Sheet Letter: B
Sheet Number: 4

HouseholdRoleSexAgeBirthplace

O A JohnsonHeadM48Norway

Pauline JohnsonWifeF48Switzerland

Adele R P JohnsonDaughterF18California

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33SQ-GRVM-QRM?i=7&cc=1727033&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AMVLS-CZY

Edited by Anne Tonby
Link to post
Share on other sites

Oluf Andreas død i 1914?

Name: Olaf A Johnson
Event Type: Death
Event Date: 22 Sep 1914
Event Place: , Los Angeles, California, United States
Gender: Unknown
Age: 56
Birth Year (Estimated): 1858
Certificate Number: 27136

GS Film Number: 001686045
Digital Folder Number: 005240839
Image Number: 00648
 

Citing this Record
"California Death Index, 1905-1939," database with images, FamilySearch (https://familysearch.org/ark:/61903/1:1:QK91-RQ3Z : 8 November 2017), Olaf A Johnson, 22 Sep 1914; citing 27136, Department of Health Services, Vital Statistics Department, Sacramento; FHL microfilm 1,686,045.

Link to post
Share on other sites

Charles M Johnson viet i 1899 med Carolina C Carlson. vitner O A Johnson og Pauline Johnson

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:33S7-9R9G-N2Y?i=136&cc=1804002&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AK8DQ-KG8

 

Census 1900 bor de samme sted som Nicolay August

Name: Charles M Johnson
Event Type: Census
Event Year: 1900
Event Place: Precinct 4 Los Angeles city Ward 1, Los Angeles, California, United States
Gender: Male
Age: 37
Marital Status: Married
Race: White
Race: W
Relationship to Head of Household: Head
Relationship to Head of Household: Head
Years Married: 0
Birth Date: Jun 1863
Birthplace: Norway
Marriage Year (Estimated): 1900
Immigration Year: 1881
Father's Birthplace: Norway
Mother's Birthplace: Norway

HouseholdRoleSexAgeBirthplace

Charles M JohnsonHeadM37Norway

Carolina JohnsonWifeF36Sweden

Ellen V JohnsonDaughterF0California

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:S3HT-DCJQ-GHB?i=11&cc=1325221&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AM9PF-HVD

 

Charles M Johnson døde i 1908

Name: Charles N Johnson
Event Type: Death
Event Date: 26 May 1908
Event Place: Los Angeles, California, United States
Event Place: Los Angeles, California, United States
Gender: Male
Age: 46
Birth Year (Estimated): 1862
Father's Name: John Johnson
Mother's Name: Karen Eidi
https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QS7-L9SV-Z59L?i=496&cc=2001287&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AQGK2-4N8F

 

Ifølge et tre på Ancestry er det også en datter Lillian Chalotte født 1903


 

Link to post
Share on other sites
Harald L. Bakke

Eg har ikkje noko om sønene deira, men ser du etterlyser i manuset ditt opplysningar om foreldra til John Johnsen.

 

Faren Jon Martinussen (1792-1872) var fødd på Lefdalshjelle i Davik  og mora Anne Johannesdtr.  (1799-1861) var fødd på Lefdal i Davik.

Dei var gardbrukarar på Lefdalshjelle i Davik br. nr. 1 ( no i Eid kommune) 

Dei hadde 8 søner og 3 døttre.

 

 

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Anne og Harald for spennande og nyttige innlegg!  Eg ser at innlegget som eg skreiv i går for å takka Anne for dei fantastiske oppdagingane, som ho hadde gjort i Los Angeles, CA av dei tre gutane i denne huslyden frå Bergen, ikkje er komme inn i Brukarforum, uvisst av kva grunn!  Men det er all grunn til kjemperos.  Eg hadde ikkje venta å finna dei att på vestkysten!

 

Eg har i dag freista finna ut litt meir om denne huslyden og kan no syna fram eit oppdatert manuskript:

 

~~~~~~~~~~~~~ NB: Nye flotte opplysningar er no komne til, og eit nytt manuskript er lagt inn i innlegg #10 under!

 

Eg lyt leggja til at eg har lagt ut eigne tema for å finna dei svenske opphavi til konene til Nicholas og Charles Johnson.  Elles manglar me no lagnaden til Marius (1868), men den vert truleg vanskeleg å finna...

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Grethe Flood
4 minutter siden, Lars E. Øyane skrev:

Carolena Charlotte Carlson,

 

     ##### (fødd i Kvibille, Hallands län 6.12.1864 - foreldri Karl Magnus Johannesson and Bengta Andersdtr - utvandra 1891?)

 

Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Grethe for siste innlegget!

 

Eg har hatt stor success med utleggjing av spørsmåli kring dei svenske ektemakane til sønene i denne huslyden, og det er ei stor glede for meg i dag å syna fram eit oppdatert manuskript for heile huslyden:

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Kari Olsdotter {Eide},  f.{i Luster} 22.2.1832,

Kari Olsdotter Eide flytte til Bergen der ho 7.9.1856 gifte seg med John Johnson frå Lefdalshjelle i Davik, i Bergen kjend som John Johnsen.  Han var son av gardbrukar John Martinusson på Lefdalshjelle og kona Anna Johannesdotter frå Lefdal og f. i Davik 26.9.1831.  John Johnsen var fiskar og sidan fiskestuar i Bergen, og dei budde i Nøstegaten i Bergen, men John miste livet ved eit ulukkeshende på Byfjorden 31.10.1886.  Kari Johnsen d. i Bergen 9.12.1896.  Dei fekk sju born i lag:

a. Berent Johan, kjend som Johan B. Johnsen (1856‑1939), snikkar, voks visst opp her i Hamni under Eide, men vart sidan busett på Skjolden under Bolstad (s.d.).

b. Oluf Andreas, kjend som Olaf A. Johnson, f. i Bergen 15.5.1858, utvandra til Amerika då han mønstra av frå ein båt i 1878 og gifte seg i Los Angeles, Cal. 6.7.1886 med Pauline

 

     ##### (full name? - parents?)

 

     Beck, f. i Soloturn, Sveits

 

     ##### (father Joseph Beck! - exact date of her birth? - death cert. says Dec. 14, 1854!)

 

     .12.1862, men utvandra til Amerika i 1885. 

 

     ##### (verify emigration year?)

 

     Olaf var dagarbeidar og sidan jarnbanearbeidar («day laborer and railroad machinist helper»), og han og Pauline budde i Los Angeles, Los Angeles Co., Cal.  der Olaf d. 22.9.1914.  Pauline Johnson d. som enkje ved eit ulukkeshende i Alhambra, Cal. 11.2.1938.  Dei fekk to born i lag.

 

     ##### (children:

            * Roy C. Johnson, born CA Oct. 1887

            * Adele R. P. Johnson, born CA Mar. 1892)

 

c. Karl Martin, kjend som Charles M. Johnson, f. i Bergen 28.6.1861, utvandra til Amerika i 1881 og gifte seg i Los Angeles, Cal. 23.9.1899 med Carolina Charlotte Carlsdotter frå Kvibille i Hallands län, Sverige, i Amerika kjend som Carolena Carlson.  Ho var dotter av husmann Carl Magnus Johansson på Nytäppet i Kvibille, opphavleg frå Sutarebo i Färgaryd, Hallands län, og kona Bengta Andersdotter frå Mared i Slättåkra, Hallands län og f. i Kvibille, Hallands län, Sverige 16.12.1864.  Ho utvandra til Amerika i 1891.  Charles var jarnbanearbeidar («railroad fireshaker»), og han og Carolena budde i Los Angeles, Los Angeles Co., Cal. der Charles d. 26.5.1908.  Carolena d. same staden 1.6.1908.  Dei fekk to døtrer i lag, og dessutan hadde Carolena ei dotter frå før.

 

     ##### (children:

            * Anna Wilhelmina, born Kvibille Oct. 2, 1888

            * Ellen V. Johnson, born CA May 1900

            * Lillian Charlotte Johnson, born CA 1903)

 

d. Ole Johnsen, f. i Bergen 3.4.1864, d. i Bergen 17.4.1864.

e. Nicolai August, kjend som Nicholas A. Johnson, f. i Bergen 15.7.1865, utvandra til Amerika då han rømte frå ein båt i 1883.  Han gifte seg første gongen i San Bernardino, Cal. 11.11.1890 med Josefina Albertina Bengtsdotter frå Kvibille i Hallands län, Sverige, i Amerika kjend som Josephine A. Benson.  Ho var dotter av gardbrukar Bengt Persson på Lundåkra i Hallands län, opphavleg frå Föregården i Holm, Hallands län, og kona Gretha Christensdotter frå Erlandsgård i Söndrum, Hallands län og f. i Kvibille 7.8.1866.  Ho utvandra til Amerika i 1886, men d. i Los Angeles, Cal. alt 1.4.1904.  Nicholas gifte seg att i Los Angeles, Cal. 14.8.1905 med Anna Mathilda Andersdotter Söderberg frå Hammar i Örebro län i Sverige, i Amerika kjend som Anna M. Soderberg.  Ho var dotter av husmann Anders Pettersson Söderberg på Lilla Gruvfallet, Alsnäs i Hammar, opphavleg frå Hulta i Hammar, og kona Johanna Augusta Jansdotter frå Nedre Knalla i Hammar og f. i Hammar, Örebro län, Sverige 31.1.1870.  Ho utvandra til Amerika i 1896.  Nicholas var jarnbanearbeidar («railroad engine hostler») og budde i Los Angeles, Los Angeles Co., Cal. der han d. 7.6.1909.  Anna Johnson d. same staden 1.4.1959.  Nicholas fekk fire born, som alle var frå første ekteskapet, men berre to av dei voks opp.  Andre kona Anna fostra opp desse borni og ogso dei to borni som levde att etter broren Charles.

 

     ##### (children only two were alive 1900/1909:

            * Arthur Johnson, born CA Oct. 1892

            * Agnes Johnson, born CA Nov. 7, 1895

 

f. Marius Johnsen, f. i Bergen 5.10.1868,

 

     ##### (til England 1894 - d. barnlaus før 1896! - oppl.?)

 

g. Anne Martine Johnsen, f. i Bergen 11.2.1872, d. i Bergen 8.12.1953.  Ho gifte seg i Bergen 23.4.1893 med Edvard Bernhard Hansen frå Bergen, f. i Bergen 8.1.1870.  Han d. i Bergen 19.11.1941.  Edvard var ei tid stuert, men vart sidan transportformann og meklar.  Dei budde i Bergen og fekk seks born i lag.

 

~~~~~~~~~~~~~~

 

Det som står att som utfordringar her no, er:

 

** Opphavet til Pauline Beck i Kanton Solothurn i Sveits?

 

** Lagnaden til Marius Johnsen, fødd 1868, død mellom 1894 og 1896?

 

Ein ny kjempetakk for framifrå bistand i freistnadane på å komplettera denne biografien!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.