Jump to content
Arkivverket

LØYST: Josefine Albertine Benson - fødd i Sverige kring 1866/1868 - utvandra kring 1886 - kan det svenske opphavet hennar finnast?


Lars E. Øyane

Recommended Posts

Lars E. Øyane

Josefine Albertine Benson, oppgjeven fødd i Sverige kring 1866/1868 (FT1900  seier August 1868), utvandra kring 1886 og gifte seg i San Bernardino, CA 11.11.1890 med Nicholas A. Johnson frå Bergen, omskriven i dette emnet: https://forum.arkivverket.no/topic/236795-kari-olsdotter-eide-1832-1896-frå-luster-til-bergen-og-gift-med-john-johnsen-frå-nordfjord-1831-1886-kvar-vart-det-av-alle-sønene-deira-new-york/

 

Josefine Johnson døydde i Los Angeles, CA 1.4.1904 med alder oppgjeven til 37 år og 7 månader:

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G9SF-XJ5J?i=207&cc=2001287&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AQG5C-1B14

 

Er det mogeleg ut ifrå desse opplysningane å identifisera Josefine?

 

* Fullt namn?

 

* Dato og stad for fødsli hennar?

 

* Utvandringsåret hennar?

 

* Fulle namn på foreldri hennar med bustad, yrke til far og opphav til båe?

 

Eg takkar so mykje på førehand for alle gode tips!

Edited by Lars E. Øyane
Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

Utskrift fra EmiWeb/Emigranter registrert i svenske kirkebøker

Fornavn: Josefina Albertina   Utflyttingsdato: 1886-08-30
Etternavn: Bengtsdotter   Utflyttingssted: Lundåkra
Fødselsdato: 1866-08-07   Utflyttingssogn: Kvibille
Gårdsnavn:     Utflyttingslän: Halland
Født sted:     Destinasjon sted:  
Født sogn:     Destinasjon land: Amerika
Født län:     Landskode:  
Født sted (utenfor Sverige):     Enslig/Familie: E
Født land (utenfor Sverige):     Filnr: 15
Yrke:     Kilde:  
Alder: 20   Side i Husforhør/Församlingsbok: 172
Kjønn: K   Nr. i utflyttingsliste:  
Sivilstatus: O  
 
Innflyttingsår:     Husforhørsbind:  
Innflyttingssted:     Utflyttingsbind:  
Innflyttingssogn:     Merknader i utflyttingsliste:  
Innflyttingslän:     Merknad om gjeninnvandring:  
Innflyttingsland:     Gjeninnvandringsdato:  
Fars navn:     Merknad om arbeidsattest:  
Fars yrke:  
Mors navn:  
Mors yrke:  
Ektemakes navn:  
Ektemakes yrke:  
 
Sist oppdatert: 2008-07-23 00:00:00.0
Arkiveiere: Svenska Emigrantinstitutet
E-post: emigrationsforskning@kulturparkensmaland.se
Telefon: +46 470 70 42 00
  • Like 1
Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

Sveriges Befolkning 1880

 

Post 1880-13-29-567

Persson, Bengt
Jordbrukare

f. 1826 i Holm (Hallands län, Halland)

Gift man, far i familjen

Lundåkra
Kvibille (Hallands län, Halland)

Registrerad födelseort: Holm Hallands län

 

 

 

Post 1880-13-29-568

Kristiansdotter, Greta

f. 1828 i Söndrum (Hallands län, Halland)

H.
Gift kvinna, mor i familjen

Lundåkra
Kvibille (Hallands län, Halland)

Registrerad födelseort: Söndrum Hallands län
 

  • Like 1
Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

Sveriges Dödbok 1860-2016

 

18260428

Persson, Bengt
fd Hemmansägare

no 167 D Staden

Död 16/12 1888.

Kyrkobokförd i Halmstad (Hallands län, Halland).

Född 28/4 1826 i Holm (Hallands län, Halland).

Gift man (15/6 1860).
--------------
Motsvarande folkbokföringsförsamling(ar) 1/1 2017:
Halmstad, Halmstads kn (Hallands län, Halland)

Födelseförsamling i källan:
Holm (Hallands län)

Källor:
DB, HFL (sida: 448)

Post-ID:
SDB7_12357376

  • Like 1
Link to post
Share on other sites
Sven Hjortland

Dette er trolig moren til Josefina Albertina 

 

https://www.familysearch.org/ark:/61903/3:1:3QSQ-G9SV-MF1D?i=575&cc=2001287&personaUrl=%2Fark%3A%2F61903%2F1%3A1%3AQPSL-9DJG

 

Her er Greta i census 1900 med datteren Emma

https://www.familysearch.org/ark:/61903/1:1:M9PN-ZB3

Edited by Sven Hjortland
  • Like 1
Link to post
Share on other sites
Lars E. Øyane

Hjarteleg takk til Sven og Grethe for kjappe svar med full løysing på denne utfordringi!

 

Eg har no oppdatert manuskriptet for Nicholas Johnson og dei to konene hans, og resultatet ser slik ut:

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Nicolai August, kjend som Nicholas A. Johnson, f. i Bergen 15.7.1865, utvandra til Amerika då han rømte frå ein båt i 1883.  Han gifte seg første gongen i San Bernardino, Cal. 11.11.1890 med Josefina Albertina Bengtsdotter frå Kvibille i Hallands län, Sverige, i Amerika kjend som Josephine A. Benson.  Ho var dotter av gardbrukar Bengt Persson på Lundåkra i Hallands län, opphavleg frå Föregården i Holm, Hallands län, og kona Gretha Christensdotter frå Erlandsgård i Söndrum, Hallands län og f. i Kvibille 7.8.1866.  Ho utvandra til Amerika i 1886, men d. i Los Angeles, Cal. alt 1.4.1904.  Nicholas gifte seg att i Los Angeles, Cal. 14.8.1905 med Anna Mathilda Andersdotter Söderberg frå Hammar i Örebro län i Sverige, i Amerika kjend som Anna M. Soderberg.  Ho var dotter av husmann Anders Pettersson Söderberg på Lilla Gruvfallet, Alsnäs i Hammar, opphavleg frå Hulta i Hammar, og kona Johanna Augusta Jansdotter frå Nedre Knalla i Hammar og f. i Hammar, Örebro län, Sverige 31.1.1870.  Ho utvandra til Amerika i 1896.  Nicholas var jarnbanearbeidar («railroad engine hostler») og budde i Los Angeles, Los Angeles Co., Cal. der han d. 7.6.1909.  Anna Johnson d. same staden 1.4.1959.  Nicholas fekk fire born, som alle var frå første ekteskapet, men berre to av dei voks opp.  Andre kona Anna fostra opp desse borni og ogso dei to borni som levde att etter broren Charles.

 

~~~~~~~~~~~~~

 

Problemet er løyst, og eg takkar på ny for framifrå bistand!

Link to post
Share on other sites

Join the conversation

You can post now and register later. If you have an account, sign in now to post with your account.

Guest
Reply to this topic...

×   Pasted as rich text.   Paste as plain text instead

  Only 75 emoji are allowed.

×   Your link has been automatically embedded.   Display as a link instead

×   Your previous content has been restored.   Clear editor

×   You cannot paste images directly. Upload or insert images from URL.

  • Recently Browsing   0 members

    No registered users viewing this page.

×
×
  • Create New...

Important Information

We have placed cookies on your device to help make this website better. You can adjust your cookie settings, otherwise we'll assume you're okay to continue.